2014-20 - Torleif Reksten - Kinn – Informasjonsskilt og merking av turstiar

Kinn

Informasjonsskilt og merking av turstiar

Foto: Oddvar Isene.

Mange menneske besøker Kinn kvart år. Kinna- spelet og Fjordkysten bruker eigne guidar på øya. Blant dei over 2000 tilskodarane til Kinnaspelet kvart år, er det og mange som tar turen rundt Kinn eller opp i Kinnakova på eiga hand. Skuleklassar, pilegrimar og turgåarar kjem til øya på eiga hand. Flora Historielag ønskjer å gje alle desse eit enno meir interessant og hyggeleg opphald på Kinn. Laget har derfor tatt initiativ til og gjennomført merking av turstiar og oppsetting av informasjonstavler rundt på øya. Det startar med ei informasjonstavle på kaia som gir ein generell informasjon på engelsk, tysk og fransk i tillegg til norsk. Her finn du og kart med stadnamn, turstiar og kor du finn kulturminne på øya. Følgjer du skiltet «Sunnivaleia» ved kaia, kjem du inn på merka tursti rundt Kinn. Langs stien vil du først finne ei informasjonstavle om fornminna i området og seinare små merkestikker, der du via QR-kodar får vite meir om kva som skjuler seg under grastorvene. I tillegg er det laga skilt og merkestikker til Kinnafjellet og Søre Stauren, den høgste fjelltoppen til Kinnaklova. Historielaget har tatt intiativ til og utarbeidd denne informasjonen om Kinn. Vi takkar for godt samarbeidd med grunneigarane på Kinn, fylkeskulturkontoret, Flora kommune, Sunnivaleia, Fjordkysten, Kinnaspelet, Riksantikvaren og Gjensidigestiftelsen som har støtta opp om prosjektet økonomisk. Ei stor og flott samling av stadnamn i fylket vårt finn du på www.fylkesarkiv.no/stadnamn. Via linkane til www.kinn.florahistorielag.no og www. digitaltfortalt.no vil du finne interessante artiklar om Kinn. I tillegg kjem det snart ein mobil-app som heiter Knappen som vil vise kulturminne i nærområdet og ein som har generell turisinformasjon om Kinn. Har du stoff og bilde om Kinn som du trur kunne vere interessant, ta kontakt med historielaget.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2014.