Hermetikken
«Hermetikken», sa folk, anten den heitte Florø Conservesfabrikk, USF, Gottebergs eller Bjelland.
Eg veit ikkje anna enn at ho arbeider på hermetikken, var svar ein kunne få. Hermetikkfabrikken var starta for over hundre år sidan, og vart byens største arbeidsplass fram til Ankerløkken overtok den rolla fram på 1950talet. Begge låg i Hesteneset som vart sjølve arbeidarstroket i den tettbygde kystbyen. Hermetikken vart ein svært viktig industri og arbeidsplass. Den nytta kysten og dei nære fjordane sitt råstoff; brisling og mussa som riksla og glitra i solskinet der fiskarane håva i skjeppemål sommarstid. Særleg brislingen med den ru, rispande bukranda var ettertrakta. Tolags i den finaste olivenolje; den smelta på tunga – ei nyting nesten syndig i si vellyst. Hermetikken var først og fremst ein kvinne- arbeidsplass. I 1910, to år etter starten, var det registrert 50 kvinner og 18 menn som arbeidarar ved fabrikken. Karane dreiv mest med sjauing og grovarbeid, og paste på at maskinene gjekk. Men til å legge dei små fiskane i øskjer, måtte det nette kvinnehender til. I alle fall om det skulle ligge fint og gå unna. Å jobbe på hermetikkfabrikk var hardt arbeid i kjølege, for ikkje å seie kalde lokale, oftast på akkord. «Det kostar ei krone å gå på do», heitte det seg i den tid ei krone var ei krone. Nokre hadde det i fingrane og det gjekk rasande fort. Men å legge brisling i øskjer var eit statisk arbeid, uendeleg repeterande rørsler som leita på armar og skuldrar der dei sat eller stod langs leggeborda og banda. Større og mindre føringsskøyter kom sigande inn til fabrkken tidleg om morgonane i brisling-sesongen. «Dunk, dunk, dunk», sa Heinane og Rubbane og og Bolindrane og hosta blå røykringar når føraren vreid på regulatoren og bakka opp. Skjeppekassane med nyhåva råstoff stodstabla i tirar på dekk, det som ikkje gjekk i rommet. Måsen hang i skyer over. Fersk mussa og brisling rett frå stenget var sværaste råstoffet. Kortreist var best, då som no, men særleg før fryseteknikken vart teken i bruk. Ferdig røykt, lagt og hermetisert frå opptak til lager same dagen, det var eit uslåeleg produkt. Hermetikken var nesten som ein levande organisme. I mange år gjekk store deler av produksjonsprosessen med handemakt, og det trongst mykje folk til dei mange arbeidsoperasjonane. Størst var leggesalen, men også intern transport, produksjon av emballasje, drift av røykomnar og enklave, sending og utskiping, kravde mange henders verk. På det meste i høgsesongane kunne over hundre og femti menneske ha sitt utkomme på hermetikken. Det var 12–13 prosent prosent av folketalet i den vesle byen under første verdskrigen. Sjølv ikkje Ankerløkken på topp, eller basen i dag kan måle seg i relativ sysselsetting. Det ville svare til ei produksjonsverksemd med 1 200–1 500 tilsette. Det heile starta ein vårdag i 1908. Då steig hermetikkgrunderen Einar Hausvik i land frå eit dampskip, og vart møtte av skipsreiar Elias Olsen i Florø. Dei to hadde nok sondert lendet tidlegare, og alt same sommaren vart Olsen sine sjøhus i Hesteneset ombygde til fabrikk-lokale under namnet A/S Florø Conservesfabrik. I tillegg til buene, vart det reist eit nytt maskinhus i mur. Det inneheldt 16 røykomnar, ein kolfyrt dampkraftsentral som dreiv maskinene i fabrikken – og ikkje minst eit elektrisk lysanlegg to år før slikt vidunder fanst i byen. Der tende sjølv handelsborgarane parafinlamper til opplysning når skyminga fall på – medan fabrikken i stille haust- og vintranetter låg og spegla seg som eit lysande og pustande vesen på hi sida av Florevika. På den tid kunne Hermetikken produsere rundt 40 000 øskjer sardin kvar dag. I tillegg kom krabbe, hummar, fiskebollar og anna hermetikk. Seks–sju år etter starten hadde produksjonen auka til det doble. I 1910 fusjonerte Florø Conserves med det store akjeselskapet United Sardine Factory. (USF) og auka produksjonen sterkt av alle sortar fiskehermetikk. Det vart knapt med råstoff, men i 1911 fekk Hurtigruta fast stopp i Florø og hermetikken fekk tilført fisk like frå Nord-Noreg. Mjølka kom i store mengder frå Ålesund Meieri; seinare frå Manger Meieri i Nordhordland. Lokale tilførsler vart for smått til all denne fiskematen som for ein stor del vart eksportert. Meieridrifta var heller ikkje godt nok organisert i vårt distrikt. Florø fekk t.d. ikkje meieri før i 1926, og det var eit privat føretak.

Dei fire åra under første verdskrigen vart ei jobbetid nesten utan like for nøytrale Noreg. Millionhærane i skyttargravene på Kontinentet trong mat, mykje mat – og mat som heldt seg. Her
16. september Bak flatbrød I disse dage da det gjælder at utnytte hvert brødkorn mest mulig til menneskeføde, vil det være heldig om man ogsaa nu gjenopdaget den gamle kunst at bake flatbrød. Til flatbrød brukes som bekjent havre- eller bygmel og poteter – næringsstoffe som vi selv produserer og som der forhaabentlig ikke vil bli nogen mangel paa – og man er ikke avhengig av gjær.
16. september Hundeforspand I Belgien benyttes hunde som trækdyr i langt høiere grad end i noget andet land. Kjøretøier forspent med hunde sees baade i byene og paa landet. Ogsaa i den belgiske hær anvendes hunde, nemlig til at trække maskingeværer og lette befordringer.
Det følgde no ei lang rekke forsøk på gjelds- sanering, men for mange sitt vedkommande ende det med tvangsauksjon og konkurs. Fiskarane og dei som handla med fisk var blant dei første som fekk kjenne omslaget. Tidleg på 1920-talet gjekk Batalden Havfiskeselskap konkurs. Abraham Haave som var byens største og rikaste forretningsmann, gjekk konkurs si 1928 og byen miste to av dei siste fiskedampskipa sine («Havørnen» og «Nesodden»). Det var ikkje stort likare med industrien. Saftfabrikken gav seg i 1929, sildoljefabrikken ved Årebrotsvågen gjekk konkurs alt i 1920, og på Kanalen vart drifta innstilt to–tre år etter. For Hermetikken gjekk det litt betre, då dei hadde fleire bein å stå på. Blant anna produserte dei fiskebollar og fiskekaker av kvitfisk som torsk og hyse. Dei heldt det gåande i minkande omfang utover på 1920-talet, under hard konkurranse i ein industri som var blitt for stor til det marknaden kunne konsumere eller betale for. I 1933 innførde styresmaktene streng regulering med kvotar på sardinproduksjonen, og USF la etter kvart ned drifta i Florø. Fabrikken stod no i fleire år fram til Johan Gotteberg frå Måløy i 1937 kjøpte og fekk i gang ny drift. Under andre verdskrigen var det atter rop etter mat og hermetikken var driven for fullt. Då Johan døydde på 1950-talet, tok arvingane over og dreiv vidare med Jakob Gotteberg som disponent. Ei tid var også brørne Einar og Ingolf Kaarbø inne på eigarsida og dreiv nokre år under namnet Florø Hermetikkfabrikk. I 1965/66 kjøpte hermetikkgiganten Bjelland & Co., eigedommen i Florø. Den fekk fabrikknummer 7 i systemet og var i god drift fram til storbrannen 10. august 1969. Det var ein bakande varm sommarettermiddag. Rundt om på holmane låg folk og bada og kosa seg, då dei la merke til at svart røyk tok til å stige opp i sentrum. Folk strøymde til, og ikkje lenge etter kunne alle sjå at fabrikken stod i full fyr. Hos Myklebustfamilien i Torggata 4 var det selskap, og Kr. Fr. Myklebust gjekk ut på balkongen i andre etasje for å svale seg. Som vanleg hadde han eit smalfilmkamera for handa, og ville ta eit bildesveip over heimbyen. Då såg han også røyksøyla, og stilte skarpt på det brennande objektet i Hesteneset. Men då var filmen slutt...
var hermetiske produkt midt i blinken, for å nytte eit litt makabert uttrykk der unge menn i hopetal låg i gjørmegravene og skaut på kvarandre. England hadde på den tid eigen konsul i Florø, med kontor i Strandgata 21 (Trovikeigedommane). Viktigaste oppgåva skal ha vore å å kjøpe fisk og sild (og hermetikk kan vi gå ut frå) i konkurranse med andre krigførande makter. Hermetikkindustrien ekspanderte langs heile kysten, og fabrikken i Florø var no blant dei større. I 1915 arbeidde kvar sjette byborgar over 15 år i hermetikken (!) Trebygningane vart rivne i ein fart og ein stor murbygning i to og ein halv etasje kom opp på rekordtid. Det vart også bygt nytt dampkraftanlegg og skaffa nye maskiner. Dampkraftsentralen dreiv ein stor generator som igjen dreiv dei elektriske maskinene i fabrikken – som no fekk den form vi kjende fram til storbrannen i august 1969. Dei aller fleste arbeidarane budde i Florø og på Florelandet elles. I grålysninga kom dei ut i skaut og kåper (karane gjerne i kjeledressar) frå mursteinsgardane i Hestenesgata/Skridsholgata. Der skulle ein Rudolf Nilsen (han som skreiv «Jeg hadde tenkt» og «Nr. 13») for å skildre dette tette miljøet. Dei kom roande frå Gaddevågen/Havikbotnen, gåande frå Kleiva/Prestholmen/Båtevika, frå Havreneset, Stranda, i Myrane, bak Åsen – og sjølvsagt frå sentrum. Der var det berre rett over Skudalsfjæra, så var dei inne i pustinga frå dampsentralen og lyset frå dei elektriske lampene. Fann plassane sine, på med forkle eller olja ty, veksla blikk og nikk og siste dags sladder. Det var eit tett og fysisk arbeidsmiljø og ein tidvis røff tone med frisk påkantenhumor, kar og kvinnfolk om ein annan. Sistnemnde kunne vere dei ramaste i kjeften. I skuggane og gangane kunne nok ein leiken arm finne ei mjuk midje. Dei eldre kvinnfolka registrerte den minste detalj i ganglag og blussane smil, og kommentarane var deretter. Og karane på si vis om den langarma. Det var arbeid, strev, til dels slit, men stadig liv og leven. På den tid var du vaksen når du runda 15 år, og lærekurva kunne vere bratt. Etter verdskrigen følgje 1920-talet som vart starten på ei lang nedgangstid. Mange hadde investert tungt i fiskebåtar, reiskap, fabrikkar – heile tida til raskt stigande prisar. Då krigen tok slutt, fall prisane dramatisk, men gjelda heldt seg.
Norway Foods, og ei rekke fabrikkar vart nedlagde. I Florø vart det forsøkt å legge hermetikk etter ein ny metode, utvikla i Skottland, men dei lukkast ikkje. Etter mange kampar og stort engasjement frå bl.a. fagforeninga der Olga Knutsen var leiar, vedtok styret å legge ned fabrikken i 1987. Eige- dommen vart året etter selt til Domsteinkonsernet i Måløy som i 1989 starta Florø Fiskeindustri for å slakte og pakke laks. Verksemda er seinare kjøpt attende av lokale interesser med Ole Eilertsen i spissen. Den er i dag i full drift som lakseslakteri – 106 år etter at Hausvik og Elias Olsen starta hermetikkfabrikken i Hesteneset.
Det var stilt vêr, den svarte røykskya stod høgt til vers og var synleg milevis. Hermetikken har sjø på tre av fire sider, og det var vanskeleg å komme til med effektiv sløkking. På eit par timar brann heile fabrikk ned, så berre murane stod att. Same kvelden kom det folk i sjøfly frå Stavanger for å sjå på skaden som var total. Bjelland bestemte seg fort å å bygge oppatt. Branntomta vart sanert og ein heilt ny fabrikk stod ferdig sommaren 1972 – den mest moderne i landet. Men ei ny tid var på gang. Noreg var utover på 1970-talet blitt oljeland (av eit anna slag enn den i sardinøskjer). Innalands industri fekk store kostnadsproblem, først og fremst den som kravde mange hender, slik som t.d. hermetikkindustrien. I 1982 vart all norsk hermetikkindustri samla i
Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2014.