«Og så kom helgenen fram»
Mitt aller første møte med fjernsynet trur eg må ha skjedd i 1961. Ein radioforhandlar inne i gata stilte ut eit slikt teknisk vidunder i eit kjellarlokale, og utanfor sto køa, fleire meter djup og glodde på dei svartkvite vidundera som flimra på skjermen.
– Bilda kjem gjennom lufta og går inn i antenna, sa Perlen, som sto ved sida av meg, tett inntil glaset. I haustmørket bøygde eg nakken bakover og stirde opp mot den stjerneklåre nattehimmelen i håp om å sjå biletstrålen som kom frå det store inkjevetta og vart omskapt til Eddie Calvert, ein lydlaus trompet og ei stum songarinne på fjernsynskjermen til radioforhandlaren.
– Ja, det hadde vore kjekt å ha fjerensyn, sa far min, som hadde stått og sett på Eddie Calvert. Etterpå vandra vi saman ut i gata og heim. Eg heldt han i handa og skravla opprømt i veg om kor flott det hadde vore viss og dersom vi hadde hatt fjernsyn.
Trompetaren Edddie Calvert, han med «Oh, mein Papa» på Ønskekonserten, ga meg mi første musikkoppleving på fjernsyn. Han hadde blank dress, spisse sko med høge hælar og pomadisert hår og sto og spelte eit eller anna innne i fjernsynet til radioforhandlaren, medan born og vaksne sto som fjetra utanfor utstillingsvindauget og naut synet. For det var kun synet vi fekk nyte. Fjernsynet sto jo inne i butikken og det var ikkje lagt ut nokon høgtalar. Det var derfor ein relativ smålåten Eddie Calvert som forlysta folket med sin gyldne trompet. At vi nokon sinne kunne bli så rike at vi sjølve fekk noko slikt inn i heimen, var imidlertid nesten meir enn vi våga håpe på.
– Dei kostar på tusenvis, sa Gundersen til far min, og summar som «tusenvis» var så mykje at dei langt oversteig vår fatteevne. Det meste eg nokonsinne hadde sett var ein femhundrelapp, eit digert papirflak som låg inne i kråskapet i stova og som far min skulle ta med i banken neste dag. Den hadde eg fått lov å halde i, ein ufatteleg pengesum. Og eg visste at det diverre trengtes mange slike før ein nådde opp i «tusenvis». Så fjernsyn var berre ein vag framtidsdraum der vi sto som bergtekne og kikka på den lydlause trompetspelaren som etter kvart fekk med seg ei songarinne inni apparatet. Ho var sikkert stum, for heller ikkje henne gjekk det an å høyre, berre sjå.
– Men dei kostar på tusenvis, sa far min. Ein ungkar far min kjende hadde arva nokre pengar då mora for, som han sa. Ikkje visste eg kor ho hadde fare hen, men pengane hadde fyren brukt på etter mitt syn fornuftig vis og fått installert eit fjernsyn i heimen. Far min stakk av og til innom, og bror min og eg vart meir enn gjerne med på besøk i håp om å få sjå Televimsen eller Familie Flint, eller for den saks skuld pausegullfiskane. Det var underhaldning i dei òg, tykte vi. 1963 måtte ha vore eit godt år for far min, som var lausarbeidar og ei uavhengig sjel med varierande inntekter. Ikkje berre var heimen bygd om så vi fekk større plass, men ein dag utpå hausten kom han heim med ei diger pappøskje. Han hadde kjøpt fjernsyn! Antenna var festa på takmønet, klar til å ta imot signal frå Gulen fjernsynssendar. Det var høgtid i heimen då radioforhandlaren dreiv og finstilte antenna for å få slutt på snø- stormen, og etter ei tid var det såpass klart at vi kunne så prøvebildet. «Televerket» sto det inni ein rundinga, og radioforhandlaren, som forresten ikkje var heilt edru, keik på bildet, vippa fram avanserte skrutrekkarar og andre remedier frå utallege lommar i ein grå lagerfrakk som det sto «Siemens» på, men som elles likna på den sløydlæraren hadde, skrudde og stilte på bildet til det var klart. – Glaschlart! konstaterte radioforhandlaren, synleg stolt over å ha fått vekk snøkaven på skjermen til fordel for prøvebildet frå Gulen fjernsynsendar. Det vart lange timar å vente på at sendinga skulle begynne, men eg var rundt omkring og henta vener og kjentfolk og skrytte av fjernsynet vi hadde fått. Dei møtte fram i hopetal, svartsjuke og nyfikne for å sjå på vidunderet som tronte i hjørnet av stua.
Om kvelden var det Dagsrevy som opna med ein jordklode som snurra rundt medan ein haug trompetar blæs fanfare. Så dukka det opp ein alvorstung kar med hornbriller som las telegram og viste filmar om det som skjedde ute i den store verda. Etterpå var det eit program om kyr og grisar, og også husdyra våre fekk full merksemd og konsentrasjon. Den einaste i huset som ikkje sette pris på fjernsynsunderhaldninga var katten min. Den vart nervøs og gøymde seg på kjøkkenet. Men katta fekk gjere som den ville. Det var fredag, og høgdepunktet som vi hadde sett fram til heilt sidan apparatet kom i hus, var Detektimen. I stova var det svart av folk og mor mi bar ein uendeleg straum av kaffikoppar og småkaker til gjestane, innbedne så vel som ubedne. Vi ungane måtte ligge på golvet framfor fjernsynet, for i sofaen sat dei vaksne tett som torskerogn og glodde. Om nokon opna kjeften, vart dei umiddelbart hysja ned, for ingenting skulle øydeleggje konsentrasjonen og spenninga medan Simon Templar, Helgenen, ulasteleg kledd i kvit smokingjakke, rulla opp ein skummel forbrytarliga på Rivieraen. Du all verda for ein kveld. Deretter kom hallodama fram. Ho hadde permanenthår og kritkvite tenner, takka for i kveld og fortalde om alle dei vakre opplevingane vi hadde i vente på skjermen neste dag. Og vi ungane skålte i brus medan dei vaksne feira fjernsynsalderen med ein pikkande liten hivert.
– Det er nok verd pengane, konstaterte far min og kika bort på fjernsynsapparatet som sto i hjørnet, – men billig var det ikkje. Det kosta på tusenvis!
Det var av teak og hadde fire føter. På toppen var eit lite lok, og under det var det knappar og tastar der ein kunnes stille lys og lyd. Dei hadde vi fått streng beskjed om ikkje å tukla med, for finelektronikk for «tusenvis» var ikkje noko for ungar. Og medan far min fekk dei siste instruksane frå den ikkje heilt edrue radioforhandlaren, heldt mor mi på å omarrangere møblementet slik at familien kunne samlast framfor skjermen når kvelden kom. Og sjølv om det var mange timar til sending gjorde det ikkje så mykje, for folk sat som hypniotiserte og glodde på prøvebildet og ei klokke det sto NRK Marienlyst på.
Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2014.