Thor Solberg
SJUKEHUSTRANSPORT MED FLY
Då Thor Solberg kom seg til hektene att etter den dramatiske styrten i Hardanger i 1936, skipa han «Thor Solbergs Flyveselskap» i Bergen den 19.11. 1938. Men det vart vanskeleg då verdskrigen starta den 03.09. 1939. Det vart sterke restriksjonar på bensin, og all sivil lufttrafikk stogga opp. Men Solberg fekk nokre dispensasjonar og hadde oppdrag for marinen. Hausten 1939 fann han endå ein fot å stå på. Han bygde om eit Cessnafly for å kunne transportere sjuke, og fekk bensin til slike oppdrag. Som den PR-mannen han var, klarte han å få store oppslag i avisene, slik at ordninga vart kjend. Solberg gjorde det klart at sjuketransport med fly ikkje vart dyrare enn vanleg transport, og at det sjølvsagt gjekk mykje raskare. Med fly til Bergen tok det 35 minutt frå Haugesund og Balholm, og frå Stavanger eller Florø 50 minutt. Vi reknar med at Solberg må ha vore ein av dei første som starta opp med flytransport av sjuke i Noreg. Til å hjelpe seg med truverdige fotografi, fekk han sjukesøstera som hadde pleia han på Haukeland sjukehus, søster Margit Mossige, til å stille opp ved fotografering. Etter oppslaga i Bergens-avisene vart søster Margit kalla inn til oversøster, og fekk seg ei alvorleg skrape. Det var heilt forbode for ei sjuksøster å stille seg til disposisjon for fremjing av private næringsinteresser.
Bileta er tekne først i oktober 1939

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2014.