Distriktslege Tobias M. Gedde-Dahl
Han Anders på Tùå (Tùene var øvste bruket i Sunnarvika) skulle hente oss med hest og slede. Han var ikkje komen, så vi tok til å gå. Mor tok Eldbjørg på ryggen, og vi gjekk vel bortimot ein kilometer før vi trefte Anders i Hellesvingen. Så vart det sledeferd heim til jul. Far kom og møtte oss då vi var nesten komne fram. Heime kom Joar og Kjartan ut i gangen og ropte med glade røyster: «Dar kjem 'anj Idar, og dar kjem 'o Eldbjørg.» Korleis jula vart, hugsar vi ikkje. Det var nok både glede og sorg i huset. Torbjørg på Stegå (Torbjørg Tonheim), syskenbarnet vårt, synest hugse at ho og syskena og foreldra, tante Jorunn og onkel Ansgar, var på besøk, og at vi gjekk om juletre og song. Trass enkelte mindre kjekke hendinga på sjukehuset, var det dei gode røynslene og opplevingane som fylgde oss vidare. Framover vinteren vart det leika mykje sjukehus. Han Kjartan som ikkje var med, vart godt kjend med det vi hadde opplevt, og det gav oss eit nytt herme etter han. Han tok på seg å vere dokter, og ho Eldbjørg skulle vere pasient. Ho ville ikkje underkaste seg, så «dokteren» måtte snakke til henne: «Ligg i ro Eldbjørg, so eg får opione deg!» kommanderte han. Då Idar nokre år seinare kom i storeskulen og skulle skrive stil, hadde ein av fyrste stilane tittelen «Då eg var sjuk». Idar skreiv med stor entusiasme ein «lang» stil om sjukehusopphaldet. Stileboka er dessverre komen bort, og med den sikkert opplysningar om hendingar og fenomen som ingen av oss hugsar lenger. Trass i at det meste vi opplevde nok er borte frå minnet, ville vi gjerne drage fram dette vi har skrive her som eit bilete frå nær historie i distriktet vårt. Sjukehuset vart på ein måte kjært og nær for heile huslyden. Trass i at det var langt på Flora den gongen, vart det noko vi hadde eit godt forhold til vidare òg. Overlækjar Leif Sire (1901–1982) var ved sjukehuset berre 1945–1946 Han reiste til ny jobb ved Tromsø kysthospital sommaren 1946. Vi har alltid tenkt og snakka med glede om den suverene måten dr. Sire brukte når han lét Idar, som var frisk, vente på den yngre systra til dess ho òg var klar til å fare heim att. Truleg spurde han ingen overordna styremakter om dette, men gjorde noko han etter sitt eige skjøn meinte var best, uavhengig av om det fanst ei dekkjande forskrift for slikt.
5. september Bad paa sykehuset hver fredag saafremt 6 melder sig inden torsdag aften.
5. september Ei dugande gjentavant med fjøsstell kan frå flyttetid faa plass hjaa Amtskogmeister Nybø, Florø
9. september Krigens gang I Frankrige har tyskerne vundet en stor seier ved Reims. Der deltog 350 000 franske og 400 000 tyske soldater. Tyskerne tok Reims og gjorde en hel del fanger. Senere er meldt at festningen Manhenge er faldt for tyskernes svær skyts. 40 000 mand og 400 kanoner var utbyttet. Den franske hær er både numerisk og moralsk i stærk tilbakegang. Til det moralske er selvfølgelig regjæringens flukt fra Paris bidraget i høi grad. Englænderne forsøker at erstatte avgangen av franske soldater. Nyligen hørte vi om 25 000 mand fra Indien. Nu er den anden engelske arme paa 100 000 mand klar til at overføres, og flere tropper ventes fra Kanada, Australien og Afrika. I Østpreussen har det været stillere de siste dage efter Hindenburgs store seier over russerne hvor han tok 90 000 til fange.
Tobias Müller Gedde-Dahl var fødd den 03.06. 1903 i Sandsvær nær Kongsberg. Berre to år gammal vart han råka av poliomyelitt, og vart lam i eine foten, noko som kom til å hemme han resten av livet. Dessutan var han plaga av astma. Særleg reagerte han på kattar.
Faren var prest, og familien var difor stadig på flyttefot. Etter folkeskule tok guten middelskole og gymnas med latinlinja. Som artianar synte han eit veldig overskot. Han var aktiv i lagsarbeid, formann i gymnassamfunnet, redaktør av skuleavisa og russeformann. Etter vellukka eksamen byrja han å studere medisin, og som kandidat drog han vidt omkring. Var t.d. i Tromsø, Bergen og Oslo. Då han vart distriktslækjar i Gravdal, gifte han seg med ungdoms- kjærasten sin, Dagny Holst Grimsgaard (1905– 1983). Etter Lofoten fekk han eit vikariat i Talvik med ansvar for tuberkuloseheimen der I arbeidet sitt blei han forferda over kor lite som var gjort i kampen mot folkesjukdom nr. 1, tuberkulosen. Han fann å ville vie lækjargjerninga si på dette feltet. Frå Finnmark søkte han seg difor til Vardåsen Sanatorium, og deretter til Lyster Sanatorium. Kongstanken til Gedde-Dahl var at ein måtte påvise smittekjeldene, få desse isolerte og tekne under handsaming. Det gjorde ein ikkje med å behandle dei som allereie var sjuke. No ville han ut mellom folket og kjempe mot tuberkulosen der. Han såg over statistikken, og fann at ein av dei verste kommunane når det galdt folkesjukdomen, var Kinn. Distriktslækjarstillinga var ledig, og han søkte og fekk denne. Vi var no komne til sommaren 1936. Dei hadde fått tre barn, Truls, Tobias og Lajla. Kona, Dagny, var svanger med det fjerde, som vart fødd i Florø i mars 1937. Han fekk namnet Dagfinn. Tobias Gedde-Dahl hadde budd seg godt før han kom til Florø. For eiga rekning kjøpte han seg røntgen-apparat, og betalte sjølv ei sjukesøster som straks drog til Florø for å gjere førebuande arbeid med Tuberkulose-matrikkelen, det vil seie å få kartlagt alle innbyggarane i Flora for kven som var smitta av tuberkulose. Dette vart gjort med den enkle pirquet-prøva. Gedde-Dahl kom til eit stort og vanskeleg distrikt. Om vintrane var her vêrhardt, med mange folkesette øyer ute i havgapet, og lange og tronge fjordar. At han blei sterkt hemma av ein mest lam fot, gjorde ikkje saka betre. For å gjere det lettare, kjøpte han seg ein 50 kubikks «Tempo» motorsykkel. Denne var til ei enorm hjelp når han t.d. skulle inn i Grøndalen eller øvst i Ramsdalen. Men også på nokre av øyane kom han til god nytte. Eldste sonen Truls hugsar godt kor spanande det var å få vere med faren på sjukevitjingar, med opplevingar med motorsykkel, hesteskyss og anna. Gedde-Dahl sette straks i gang med ei storstila pirquet-gransking, der alle innbyggarar i området prøvde å påverke Gedde-Dahl til å støtte overlækjaren. Då dette ikkje gjekk, og Evang visste kva resultatet ville bli, bøygde han av og støtta GeddeDahl i eit brev til foreininga. Evang sat i styret. Dermed var Tobias Gedde-Dahl si tid som distriktslækjar i Kinn over i 1946. Gedde Dahl fekk ferdig doktorgradsarbeidet sitt. Det vart godkjent, og han hadde prøveforelesing og disputerte. Dermed kunne han med rette kalle seg doktor. Som generalsekretær i «Nasjonalforeininga for Folkehelsa» skulle han kome til å gjere ein veldig innsats, der han synte initiativ, arbeidshug og evna til å få ting gjort. Særskilt var det helsa til eldre som han no arbeidde for. Viktig for han var det at helsetilbodet på grunnplanet var sterkast mogleg. Igjen kom han i opposisjon til Helsedirektoratet og Evang. Denne meinte at store sentralsjukehus var det rette. Om dette seier Gedde-Dahl: «Dette ville bety at de små lokale sjukehus ofte måtte nedlegges. Dette betød at det ble mye lenger avstand til sykehuset, og befolkningen følte derfor mindre trygghet… Det ble ikke lagt nok vekt på forpostenes betydning i helsearbeidet.» Han seier vidare at det i dag er svært viktig at ein raskt kjem til sjukdomstilfella, og gjev handsaming. Då må det offentlege samarbeide med folket frivillig, ikkje med tvang. Gedde-Dahl foreslo at for å fremje det generelle helsearbeidet skulle det kome helsetun(lokalsjukehus) alle sentrale stader, også på landsbygda. Tobias Gedde-Dahl gjorde ein fantastisk innsats for folket i Flora. Tuberkulosen hadde vore ei snikande sjukdom som alle fekk eit forhold til. Anten vart nokon i familien sjuk, eller ein hadde slekt eller kjenningar som blei ramma. Før GeddeDahl kom, hadde folk ei fatalistisk innstilling til tuberkulosen. Vart ein sjuk, var det ingenting å gjere. Det er ikkje for lite å seie at Gedde-Dahl utrydda denne folkesjukdomen i Flora, og at vi difor skal minnast han med den aller største takksemd og respekt.

Bileta er frå 1942 og 1947. Krigen med Tyskland var nett slutt, og det var mangel på mange varer. Foreldra våre hadde foto-apparat, men hadde ikkje lukkast i å få tak i film. Difor finst det ingen bilete av oss frå 1945.
Borna til Dagny og Tobias Gedde-Dahl frå venstre: Dagfinn, Tobias, Lajla og Truls. Eldre Florøfolk hugsar med glede desse borna.

Han døydde 23. oktober 1994.
Då dei tyske okkupantane kom til Florø, vart etter kort tid politimeister Grønn og fleire av betjentane på kammeret arresterte av tyskarane. Gedde-Dahl gjekk straks til okkupasjonsmakta og sa at politimeisteren hadde alvorleg tuberkulose, og var farleg for omgjevnadene. Han vart sluppen fri, men vart erstatta av den nazistisk politimeisteren Boye-Jensen. Eit resultat av okkupasjonen var at alle radioapparat vart kverrsette. Det var strengt forbode å høyre på dei allierte sendingane frå London. Men for Gedde-Dahl vart det utveg. Ute i distrikta var det mange som ingen visste om hadde radioar, og mottakarane gøymde dei bort, vanlegvis i løene sine. Kvar gong han var på sjukebesøk i t.d. Ramsdalen, fekk han høyre på sendingane frå London. Ein gong fortalte dei at der var stor trong for lækjarar og sjukesøster i England. Både Gedde-Dahl og sjukesøstrene forsøkte ved ulike høve å kome seg over til England, men måtte gje opp for skuld storm og styggevêr. Svolt vart det ikkje i Florø på grunn av godt fiske under krigen, men som alle andre som hadde ein litt større hage, byrja dei å dyrke kål og poteter. Dessutan heldt dei høns og kaninar. Desse var det borna som tok seg av. I tida si som distriktslækjar var han over alt i kommunen og vitja mest alle familiar i distrikta. Her fann han mykje å rette på når det galdt hygiene, og gav gode råd om korleis dei skulle ordne seg på beste vis. Særleg omsut viste han for gamle som ofte ikkje hadde det enkelt. Det veldige registrerings- og kartleggingsarbeidet Gedde-Dahl hadde utført her i Florø med isolering av smittekjelder og handsaming av sjuke, ville han lage ei doktoravhandling av. Dette hadde han hatt planar om frå første stund. Når han også kunne vise til svært positive resultat av metoden sin med isolasjon, var eit doktorgradsarbeid ei naturleg avslutning av det heile. Dermed ville arbeidet hans bli vide kjend, og ein kunne få ein effektiv metode mot spreiinga av denne folkesjukdomen. Men for å sluttføre arbeidet trong han å vere i nærleiken av andre kjelder, og desse var i Oslo. Samstundes var borna byrja bli så gamle at dei skulle ha vidare utdanning, noko dei ikkje kunne få i Florø. Samstundes fekk han tilbod om å søke stillinga som leiar for «Nasjonalforeininga for Folkehelsa». Med den veldige innsatsen Gedde-Dahl hadde gjort for fokehelsa, meinte dei at han måtte vere rette mannen. Dette var eit arbeid som sterkt interesserte han, og stillinga freista. Gedde-Dahl hadde lita tru på masevaksinering. Han meinte dette ville gjere det vanskeleg å finne dei som verkeleg var smitta av sjukdomen. Dessutan visste han godt at der alltid var skadeverknader med vaksinering. Heller ikkje vart han trygg på langtidsverknaden. Etter krigen kom også antibiotika som effektivt kunne kurere tuberkulosen. Helsedirektoratet med den mektige helsedirektøren Karl Evang, hadde lite til overs for Gedde-Dahl sitt syn. Dei sverja til massevaksinering, og har gjort det sidan, jamvel om dei har spakna litt etter katastrofen med vaksineringa mot svineinfluensa. Helsedirektør Karl Evang ville difor ha sin mann inn i denne stillinga som generalsekretær Nasjonalforeininga, ein overlege i Helsedirektoratet. Han kalla inn Gedde-Dahl og sin mann, og for det noverande Flora vart rispa. Dei som var tuberkel-positive, fekk eit utslag i rispet. Desse vart straks tekne inn til røntgen-gransking. Ved å undersøke alle positive, kunne han fastslå kven som hadde opparbeidd immun-respons, og kven som hadde fått sjukdomen og var blitt smitteberarar. Desse vart straks isolerte og tekne under handsaming. Ein som fekk påvist tuberkulose, var politimeister Kristian Fredrik Grønn. Han nekta å dra frå byen, og det vart til at Gedde-Dahl handsama han i heimen. Men han måtte også opererast, og det gjorde Gedde-Dahl på sjukehuset der dokter Yttri stilte operasjonssalen til disposisjon. Inngrepet var vellukka, og politimeisteren vart frisk. Då krigen kom, låg der tre marinefartøy her, MTB-ane HMS «Snøgg» og HMS «Trygg». Dessutan U3. Gedde-Dahl var forferda over at ikkje kapteinane straks gjekk til England med båtane, og heldt fram kampen der. Han sa det rett ut til dei då dei var saman på ein liten fest, men dei berre drog på skuldene og sa at krigen var slutt. Krigsskipa vart sjølvsagt tatt av tyskarane, og vart ein del av den tyske krigsmakta.
Ps.: Eg er Truls W Gedde-Dahl stor takk skuldig for all hjelp til denne artikkelen.
Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2014.