2014-15 - Eldbjørg Stegane Engebø og Idar Stegane - Ungar på sjukehus hausten 1945

Ungar på sjukehus hausten 1945 – minne ved to av dei

Idar (t.v.), Eldbjørg og Joar. I bakgrunnen, huset vi vaks opp i, og kornåkeren framfor det. Foto: Arvid Vasset.

ikkje rakk alt i tide. Dei visste ikkje å vinne på alle vitjingane, og det heitte at dei ikkje tok ut «berre for kregda». Det var heller ikkje alltid bilkøyrande vegar fram til gardane. Og det fanst ikkje telefonsamband sørover i bygda frå Eikefjord sentrum til Vasset. Den morgonen då han Torgeir var død om natta, fór grannen vår, Leiv Vasset, til fots eller med hest og vogn til talestasjonen i sentrum og ringde etter dokter. Meldinga han gav var at no må her kome dokter til dei sjuke borna, for «ett e dødt, og ett e nesten dødt». Sistnemnde var Eldbjørg. Den som så kom bilande om kvelden, var Gunnar Skaug som var assisterande distriktslækjar i Kinn 1945–1946. Han fann at Torgeir var død av hjernebetennelse, og at Joar, Idar og Eldbjørg måtte på sjukehuset, som var Fylkessjukehuset på Flora. Kjartan hadde øyrebetennelsen så lett at han fekk vere heime, og ho mor vart instruert om korleis ho skulle reinse øyro hans. Det var far som reiste med oss i bil, og vi trur vi fekk vere med i bilen til dr. Skaug. Eldbjørg hugsar at ho sat framme inntulla i eit teppe i fanget til far og sovna og

slengde med hovudet bort i bildøra eit par gonger. Ved sjukehuset kom det to lyskledde damer ut på trappa. «Desse systrene kjem'e te å vere snillje med deg,» sa far til meg (Eldbjørg) før han måtte levere oss frå seg. Så bar det rett i badekaret, endå så sjuke vi var. Far fekk overnatte i kjellaren på sjukehuset, men han fekk ikkje ha meir kontakt med borna sine den kvelden, eller om morgonen før han reiste heim. Mor var att heime og skulle overnatte åleine med eit dødt barn og ein liten gut. Men Valborg Andersen, ho Valborg i Hòlene (Vassethola), var ei omtenksam kvinne, og ho kom og baud seg til å vere der, så ho mor slapp å vere åleine den natta. Joar vart ikkje så lenge på sjukehuset. Han trudde at vi berre skulle til undersøking, ikkje innleggjast. Han reagerte sterkt då det gjekk opp for han, og han gret både om kvelden og sidan då mor kom; «ho følte seg pressa til å ta meg med heim, men det måtte vere på eige ansvar, sa dokteren, for han ville ha hatt meg der lengre,» fortel han. Joar hugsar òg at då mor henta han, sat dei på med Jarl, det vil seie at dei fekk sitje i styrehuset med Jarl Havn i lastebilen hans. Jarl var ein av dei fyrste som hadde lastebil i Eikefjord, ein mann folk kjende og sette pris på. Han køyrde mor og Joar heilt heim, og Joar hugsar enno at det var mørkt og svært glatt på den smale vegen til Vasset. Joar var komen heim då det var jordferd for Torgeir. Han hugsar ikkje så mykje av denne hendinga. Men ho mor fortalde om det til Eldbjørg seinare. Det var framleis skikken at jordferda tok til med ei samling heime, og folk vart bedne direkte, som i dette tilfellet, ikkje gjennom avisene. Novembervêret var svært dårleg, med regn og vind, og mor hadde sagt til far: «Her kjem ikkje te å komme et menneskje.» Men dei kom alle som var bedne, og det var ei stor trøyst. Grannar og slektningar stod over den opne kista og lét tårene renne. På den tida var ikkje penicillinen teken fullt i bruk her i landet. Oline Stavang kom til sjukehuset som sjukepleieelev i 1943 og var der i 50 år, og ho hugsar i jubileumsavisa at eit engelsk fly droppa den fyrste penicillinen «i ein pose i Storevatnet», og at «førstemann som fekk den nye medisinen, var ein soldat som hadde fått avskoten eine foten under opprydding i Storeåsen like etter krigen.» Eldbjørg fekk likevel ikkje penicillin, ho vart operert i halsen, dit øyrebetennelsen hadde sett seg ned. Vi låg på same rommet, Joar òg så lenge han var der. Derifrå hugsar vi ei nattevakt som var tverr og streng med oss. Det kom også ein større gut or Svardalen som vart lagd på same rommet. Han var eldre enn vi, og vi såg opp til han og trudde alt han sa. Eldbjørg fortalde ein morgon at litt sjokolade ho hadde under hovudputa, var kome bort om natta, og drops var kome i staden. Svardalsguten kunne forklare dette slik: «Veit ikkje du da, Eldbjørg, att'e når du lèt'e sjokoladen ligge onde haueputa yve natta, so vert 'anj te drops?» Det var kjekt for oss mindre å treffe ein svardøling som vi kjende, der på sjukehuset. Han var gammal nok til å lengte litt meir alvorleg heim enn vi. Han dreiv og keik ut glaset og såg etter Håsteinen, og han fortalde at om den hadde vore borte, så kunne han ha sett heim! Då vi var vortne smittefrie, vart vi plasserte på «barnestua» (nr. 54). Der var vi saman med fleire andre ungar, og vi fekk vel fleire vaksne å ha med å gjere òg. Vi vart friskare og fekk det meir kjekt etter kvart. Eldbjørg hugsar med glede «tante Klara» (Klara Grønevik). Ho kom på besøk til Solveig Wederhus som låg med broten arm i strekk i ei talje som hang frå taket. Men som det sosiale mennesket Klara var, delte ho ut noko godt til alle som låg der. Slik vart det naturleg at vi også sa tante Klara om og til henne. Og så vart vi jo framfor alt kjende med andre ungar. Somme hugsar vi lite anna enn namnet på, men somme står klårare i minnet. Ein heitte Trygve og ein Leif Apnaset, ein var Andreas og ei var Nora. Knut vart vi meir kjende med. Han var son til Annas i Sundalen og dermed tremenning med mor. Ei lita grannejente frå Osa, ho Oddlaug (3½ år), var òg innom. Ho hadde fått heit suppe over seg og var litt brend. Ho kalla Idar berre for Joar. Sjukesystrene som vi kjem i hug med namn var syster Jenny, syster Ingebjørg og syster Lina. Oversyster heitte berre Oversyster. Den tverre nattevakta såg vi vel ikkje noko meir til, men det førekom streng handsaming frå dei som stelte med oss om dagane òg. Eldbjørg var ute for det dei kalla «ris på handa» fordi ho grov seg i nasa, medan ho framleis var svært sjuk. Ho vart òg lagd fast i noko som likna på «tvangstrøye», to papprullar om armane, slik at ho ikkje fekk bøye dei. Eldbjørg reagerte mest med forundring, for det var aldri nokon som hadde gitt henne «ris» før. For ein fire års gut som gjorde i senga nokre gonger, vanka det slag på baken. Det gjorde sterkt inntrykk.

29. august Vi berettet i forrige nr. at tyskerne hadde tilføiet franskmændene og englænderne et alvorlig nederlag, og at disse hadde trukket sig tilbake. Nu beretter de sidste telegrammer at tyskerne har fullstendig slaat den fransk-engelsk-belgiske hær på hele linjen, og at de er i fuldt tilbaketog i r3tning av Paris og Marne.

Eldbjørg og Kjartan på Rabbane. Nett etter krigen fekk vi klespakkar frå Amerika. Kjolen til Eldbjørg kom frå ein slik pakke. Dressen til Kjartan har mor spøta av heimespunnen tråd som ho hadde farga sjølv. Foto: Johan Leirvåg.

Så vi hadde ein del reglar å fylgje på barnestua. Om vi miste leiker og ting på golvet når vi låg, måtte vi ikkje gå fram og plukke dei opp. Det var ikkje lov å gå fram på golvet før vi hadde lov å stå opp. Foreldre hadde ikkje rett til å kome inn til oss. Ho mor gav seg ikkje og fekk seg unntak frå reglane. Men ho formana oss om at vi ikkje måtte skrike (gråte) når ho gjekk. Ein gong sovna Eldbjørg medan mor var der. Då ho vakna att, gret ho fordi mamma var reist, så då far kom seinare ein dag, fekk ikkje han kome inn, men måtte berre levere det han hadde til oss, i vakta. «No ser du før da du skreik!» sa Idar til Eldbjørg då. Men seinare kom mor seg inn til oss att. Eldbjørg hugsar at Idar sa ein morgon: «Kjem ikkje ho mamma snart ut te oss?» Og så var gleda stor då ho faktisk kom same dagen. Det var stor stas den dagen vi fekk stå opp. Eldbjørg laut vente lengst på det. Men då vart det spennande å gå i gangane, og til dels inn på andre rom. Særleg likte eg (Eldbjørg) å gå inn på nr. 56 og snakke med dei vaksne damene som låg der. Vi fekk nye kunnskapar. Elektrisk lys og vassklosett hadde vi knapt sett før. I bakken nedanfor sjukehuset rende ungeflokkar på rattkjelkar og spark. Slike doningar var òg nye for oss. Ei særleg glede hadde vi av samvær med to heilt friske gutar. Overlækjar Leif Sire var far til to smågutar. Dei var stundom med far sin på sjukehuset, og vi leika med dei. Jan var noko over eitt år. Han kunne alt gå, og ikkje berre det, han sprang som eit lyn på dei små føtene sine. Svein var noko eldre enn Idar, og dei to karane tok seg ikring på sjukehuset, køyrde mellom anna ofte opp og ned med heisen. Om dei hadde lov til det, står det ingenting i minnet om no. Desse brørne snakka vi sidan om som han Svein og han Jan på Sjukehusa. Den blide humørkaren Jan hadde vi gleda av å treffe att som studentar i Bergen ein del år seinare.

Vi opplevde også ei anna omtenksam side ved

opphaldet som vi reknar med at Sire hadde an- svaret for. Vi var på sjukehuset heile november og fram til jul. Det var Eldbjørg som trong det. Idar var då frisk og kunne vore henta heim fleire veker før. Men dokteren bestemte at han skulle vente på Eldbjørg så ho ikkje vart sjukare av å vere att åleine. Det vitnar vel om ein type omtanke og omsut for eit barn som ein ikkje rekna med på eit sjukehus verken då eller seinare. Men endeleg vart det heimreis. Mor kom og henta oss 22. desember, dagen før litjejulaftan. Vi fór med buss for fyrste gong, inn i Eikefjorden.

5. september Nye kart Nogen mener at krigen vil vare i maaneder, andre mener i aar. Alle er klar over at naar den er over vil Europa være forandret. Vi maa til at lære geografi om igjen. De gamle Europakart fra sommeren 1914 vil være historie.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2014.