2014-14 - Bjarte Sindre - Gullsmed J. Angell-Jacobsen

Gullsmed J. Angell-Jacobsen

Jubinal Angell-Jacobsen starta med gullsmed- forretning i Ålesund i 1893. Etter den store brannen i byen i 1905, mista han verkstaden og forretninga. Han bestemte seg for å starte på nytt i Florø, der det var stor vokster på denne tida.

Her kom han i gang med lokale i Rådhuset den 15. mai 1906. Han opparbeidde forretninga til å bli ei av dei mest kjende i landet, og vann utmerkingar både på verdsutstillingane i Chicago og Paris. På landsbasis vart han ein omtykt leverandør av premiar, særskilt til skyttarstemne.

Dette kortet må vere tatt i 1924, det året fotograf Gjelsvik døydde. Gullsmeden står midt i biletet, til venstre finn vi læreguten Alfred Edvardsen, sittande i midten Johan Angell-Jacobsen og til høgre Mindor Angell-Jacobsen. Begge dei siste var søner av gullsmeden.

Johan (1895 – 1959) var liksom faren utdanna gullsmed, og tok over forretninga då faren døydde

i 1934. Han dreiv den vidare på framifrå vis. Han var liksom faren kulturinteressert og ein dugande songar. Til høgre finn vi Mindor (1897 – 1930). Då han var ferdig utdanna gullsmed, sette han med hjelp av faren i gang med gullsmedforretning i Måløy. Diverre døydde han av tuberkulose berre 33 år gammal. Kona Thea prøvde å drive forretninga vidare, men gav seg etter kort tid. Læreguten til venstre er Alfred Edvardsen (1892 – 1975). Han slutta med gullsmedfaget, og fekk seg handelsutdanning. I 1921 starta han opp med frukt- og tobakksforretning. Han hadde fleire bein å stå på, m.a. hadde han mange agentur, og var ekspeditør for Mørebåtane som la til ved Kolkaia, like nedafor der han hadde forretninga. Edvardsen var ein dugande idrettsmann, og var aktiv i FT&IF. Til laget skaffa han flotte premiar frå leverandørane sine.

UNGAR PÅ SJUKEHUS HAUSTEN 1945

MINNE VED TO AV DEI

Av Eldbjørg Stegane Engebø og Idar Stegane

Hausten 1945 var det eit nærast epidemiaktig utbrot av sjukdommen kregda i Eikefjord-området. Kregda var det vanlege ordet for den virussjukdommen som fagfolk for det meste kallar meslingane. Med kregda fylgjer ofte ettersjukdommar som øyre-, hjerne-, hjernehinne- og lungebetennelse, og ettersjukdommane var særleg kraftige i mange hus den hausten. Mange måtte innleggjast på Fylkessjukehuset i Florø for kortare eller lengre tid. Opplysningar om Fylkessjukehuset finst særleg i jubileumsavisa Kystsjukehuset – 60 år i kysten si teneste. Fylkessjukehuset i Florø på vakt for liv og helse (1993). Jf og Bjarte Sindre: Sjukehuset i Florø 1867–1933, Floraminne 2013.

Sjukehuset hadde opna i 1933. Det avløyste det «gamle» sjukehuset som Raudekrossen og Vårsildfondet hadde drive nokre år i lag. Fylkessjukehuset var eit blanda sjukehus med 60 senger, men pasienttalet kunne vere opp til 80 – 100. I 1944 og 1945 var presset så stort at tilsette tenkte på å seie opp. Overlækjar Johan Yttri hadde til tider berre ein assistent, og betre var det vel ikkje for Leif Sire som var overlækjar 1945–1946. – Yttri tok til att og heldt fram til han gjekk av i 1954.

Vi som skriv dette, budde saman med foreldra og syskena våre på det eine av to bruk på Vasset i sørdelen av dåverande Eikefjord herad. Det var mor Astrid, fødd Grov 1916 og oppvaksen på Vasset, og far Alv, fødd 1908 på Stegane ved Sunnarvika. Og så var vi fem sysken: Joar åtte år, fødd 1937; Idar snart seks år, fødd 1940; Eldbjørg fire år, fødd 1941; Kjartan 2½ år fødd 1943; og Torgeir fødd 1945, ni månader. To yngre brør vart

fødde seinare. I slutten av oktober 1945 fekk vi kregda den eine etter den andre. Berre far, som hadde hatt sjukdomen før, slapp unna. Medan vi var sjukast låg vi alle i største rommet i huset, som var inste staua. Vi kan særleg hugse at han far vaska barneklede og hengde dei til turk på spilene som han hadde montert til det bruk under taket kring omnen. Det var ikkje vanleg at fedre gjorde slik atbeid. Fleire av oss fekk øyrebetennelse som ettersjukdom. Mor trudde Idar var i ferd med å verte døv. Også Kjartan høyrde nokså tungt. Det vanlegaste svaret frå han var ei tid jamt «ka seia?» Litjebroren, han Torgeir, døydde frå oss. Den natta han fór, låg Idar på lemmen att. Eg hugsar ho mor kom opp og sa at eg måtte vere flink gut og kle på meg og kome ned, og så sa ho dette: «Han Torgeir e dø i natt.» Nett denne setninga hugsar eg klårt. Dette var natta til 30. oktober. Det var svært vanskeleg å fa tak i dokter denne seinhausten. Det var så mange sjuke at dokterane

29. august Sprængt I luften av miner i Nordsjøen er en islands fiskedamper og en Haugesundsdamper. Flere mennesker omkom.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2014.