2014-13 - Oddvar Isene - «Bebbien» på bua – ein del av byen si historie

«Bebbien» på bua 

EIN DEL AV BYEN SI HISTORIE

No er han også gått bort. Sigbjørn «Bebbien» Stenseth vart ikkje med inn i året 2014. Han døydde 31. desember 2013, i heimen i Kinnvegen, etter at han hadde kjempa mot sjukdom ei tid. Han var fødd 13. mars 1934, og kallenamnet «Bebbien» fekk han fordi det tok lang tid før foreldra kom fram til namnet Sigbjørn. Då hadde storesøskena innarbeidd «Bebbien» som sidan, heile livet, kom til å bli brukt i daglegtale. Sigbjørn «Bebbien» Stenseth var ein ekte Florø-gut, det som på den tida vart kalla ein «Innibyner». Utover frå 50–60-talet, og resten av hundreåret, vart han ein markant person som sette sitt preg på bymiljøet i Florø. Det er ei historie som femnar vidt, og grip inn i både kulturliv, handelsliv og byregulering – om «Florøsjela» har eit konkret innhald, må han vere ein del av denne. Bebbien 19 år gamal. Foto: Horne 1953. Bildet utlånt frå familien.

Hans starta Stenseth Fiskemat, saman med kona Solveig. Fiskematbutikken låg den gongen i Stenseth-huset. Då Kinns Sparebank i 1962 bygde nytt på tomta der trelasthandelen låg, flytta butikken inn i austre ende av bankbygget. Fiskematkjøkkenet som hadde starta opp på bua, der fiskekakene vart steikte på to store panner med parafindrivne primusar under, vart no tidsmessig oppgradert og automatisert. Hans Stenseth døydde i 1964, og «Bebbien» tok over drifta av Stenseth Fiskemat. Butikken i Strandgata 43 vart lagt ned i 1989, men fiskematproduksjonen heldt fram i Stensethbua til ut på 2000-talet, då etter kvart i mindre omfang. Dei siste 10 åra vart det meir berre ein hobby i pensjonistlivet til «Bebbien», ikkje minst for å halde kontakt med buamiljøet og dei mange som stakk innom for ein prat.

Frå 1937 hadde foreldra til Bebbien, Solveig og Hans Stenseth, drive fiskematkjøkken og butikk i Florø. Men det heile starta lenge før, med Peder Stenseth, bestefar til «Bebbien», som tidleg på 1900-talet bygde opp ein trelasthandel i Florø, og bestemora Marie (Sletteland) Stenseth, som starta kolonialbutikk. Dei kom til Florø på 1890talet, frå Dale i Sunnfjord, og Peder som var utdanna offiser, var i nokre år tilsett som den første politibetjenten i Florø. I 1907 kjøpte dei Strandgata 41 A, som seinare vart kalla Stenseth-huset. Her heldt også Fjordenes Kreditbank til, fram til 1924, og her låg kolonialhandelen til Marie. Trelasthandelen dreiv Peder frå eit skur på austsida, der Strandgata 43 ligg i dag, og i Stenseth-bua som han hadde kjøpt nokre år før. Peder Stenseth døydde i 1921, og enkja Marie tok over heile forretningsdrifta. Seinare overtok sønene Per og Hans. Per heldt fram med kolonialforretninga, og

Stenseth Trio først på 1960-talet frå ein karnevalsfest i Fram. Frå venstre Arne Fredheim, Asbjørn Lammethun og Sigbjørn «Bebbien» Stenseth. Bildet er utlånt frå familien Stenseth.

HORNMUSIKK, DANSEBAND OG FOTBALL

Dei som er gamle nok, kan sikkert hente fram frå minnet den tida «Stenseths Trio» farta rundt i fylket med «Bebbien» sin bil, og spelte til dans på ungdomshus og forsamlingshus. Også i bryllaup var trioen populært innslag. Medlemmane i Stenseths Trio var dei tre venene Arne Fredheim på gitar, Peter Hammerseth på kontrabass, og Sigbjørn «Bebbien» Stenseth som trakterte både trekkspel, blåseinstrument og munnspel. Også

Odd Sande og Asbjørn Lammetun var tidvis innom trioen. Repertoaret var svært allsidig, frå reinlender og vals, til swing og lett jazz. Heilt frå tidlege ungdomsår hadde musikken vore sentral for «Bebbien». I Florø Hornmusikk spelte han både trompet og basun fast, i omlag 15 år, frå 1950. Då han i 1953/54 avtente militærtenesta i Kystartilleriet på Herdla, trefte han den kjente pianisten og Sæverudtolkaren Jan Henrik Kayser som samstundes var i militærteneste der.

22. august Store samenstøt De store troppesammenstøt er begyndt paa Vestfronten. Der kjæmpes nu hver dag og paa mange steder langs hele linjen like fra Brussel. Paa den nordligste del av krigsskuepladsen har tyskerne hatt fremgang ved Luttich og rykket ind i Belgias hovedstad. Til sjøs er der intet større sammenstød, men en mængde handelsskibe er kapret.

Det gav nok ein ekstra inspirasjon til seinare å utvikle musikken som ein viktig og kjær hobby.

dag, og gifte seg to år seinare, fredag 13. februar kl. 13.30. Sjølv hadde han bursdag 13. mars. Talet 13 var såleis eit «lukketal» som gjekk igjen i familien. Til alt overmål hadde motorsykkelen kjenneteiknet S 1314.

Han var også interessert i sport. På 50- og 60-talet var han aktiv, både som keeper og banespelar på FSK sitt fotballag. Seinare heldt han fram denne aktiviteten i «Old boys», saman med ein fast gjeng, der mellom andre både Rolf («Tullen») Seljeseth og Jan Andreas Olsen (Politi Olsen) deltok.

Om bridge ikkje direkte kan reknast som sport, så var i alle høve bridgekveldane med kompisane Magne Olsen, Otto Vassbotn og Jan Helmers, god avkopling i mange år.

UNGDOMSTID, KRIG OG KJÆRLEIK «Bebbien» var 11 år då krigen tok slutt. Den dagen freden kom, stod han i potetåkeren på Stenseth-garden i Dale. Han og storebror Hans Jørgen, var ofte der inne i sommarferiane gjennom krigsåra. Denne dagen vart dobbelt gledeleg, også fordi han slapp å sette meir poteter då fredsmeldinga kom. Krigen hadde nok sett sine spor hos ein liten gut. Han visste om alle gøymestadar og bomberom som fanst i Florø. Ein gong sa han til familien at han trudde han var den som sprang aller fortast når flyalarmen gjekk. Under dei store sildeåra på 50-talet var det vanleg for ungdomane i Florø å ta på seg lossejobbar på sildebåtane. Her var det gode pengar å tene. «Bebbien» sparde til motorsykkel, og då han kom heim frå militærtenesta, kjøpte han ein Zundapp, 800 cm3, med sidevogn og maskingeværfeste. Det siste var nok ein leivning frå krigen, tydelegvis hadde sykkelen tilhøyrd okkupasjonsmakta. Med oppsparte bensinrasjoneringsmerke og fulle jerrykanner i sidevogna, reiste han seinare landet rundt på svingete grusvegar med sin Erna bakpå. Frå han var 15 år hadde han og Erna halde saman, og det skulle bli eit livslangt kompaniskap. Dei trulova seg 13. april i 1957, på Erna sin burs-

FISKE OG FAMILIELIV Til Naustdal reiste han ofte med familien og slo opp det oransje teltet sitt på garden til Ola Strand. Her landa han mange «glade» laksar medan familien koste seg med campinglivet. Ofte fiska han om natta, og køyre til Florø grytidleg om morgonen for å opne fiskebutikken. Utanom laksefisket i Naustdal, var han mykje på sjøen etter torsk, sei, hyse og annan matfisk, ofte saman med familien. Etter kvart var det få holmar, vikar og sund i skjergarden som var ukjende for familien Stenseth. Midt på 70-talet kjøpte «Bebbien» hytte på Tansøy. Her hadde han funne sitt fiskeeldorado, ut mot opne havet, og med Stavfjorden som næraste nabo. For dei fire borna, Heidi, Hans Erik, Tina og Sigbjørn jr. vart det somrar fulle av minnerike opplevingar ombord i familiebåten «Tjoffen», her ute mellom holmar og skjer. Det er minne som sit spikra for livet, niser som song til munnspelet hans, klapping av sovande brugde, og skarpsegling med gamlefæringen i Tansøyosen, der «Bebbien» og junior spjerra seglet. Tidleg fekk alle barna stor fridom til å meistre sjølivet på eiga hand, så sant redningsvesten var på. Jobben på fiskematkjøkkenet var ikkje ein 9 til 4 jobb. Her var «Bebbien» både seint og tidleg. Røykelaks og nubbesild, fiskepudding og fiskekaker var dei mest kjende produkta. Det finns mange historier om «Bebbien» på Bua. Ein av desse var den gongen ein mann kom innom og skrytte vilt og uhemma av fiskekakene som var servert til pasientane på Florø sjukehus. Dei var mykje betre enn «Bebbien» sine, sa han. Men «Bebbien» sa ingen ting. Lite visste mannen om at

26. august Pavens død Fra London telegraferes, at det meldes fra Rom, at Pave Pius X’s død i virkeligheten skyldes sorgen og græmmelsen over verdenskrigen. Det store internationale ulykke har smertet Paven paa det dypeste og foranlediget en sjælelig depression og en legemlig svaghet, saa hans modstrandkraft var fuldkommen nedbrudt.

Bebbien siste gong han er på bua og ser utover hamna frå buadøra. Bildet er teke i oktober 2013 av sonen Sigbjørn Stenseth jr.

det var Stenseth Fiskemat som leverte fiskekakene til sjukehuset. Det gjekk også mykje i fiskepuddingar, så mykje at dei på ein måte vart familien sin eigen valuta. Barna lærde å telje pengar i fiskepuddingar. Skulle ein kjøpe sykkel, blei denne omrekna i fiskepuddingar. Barna måtte tidleg lære å hjelpe til, både på bua og i butikken. Hadde dei gjort ein innsats og teke eit tak, så vanka det og løn for strevet.

DEN ELDSTE SJØBUA I FLORØ «Bebbien» var stolt over å eige den eldste sjøbua i byen, og som var verna av fylkeskulturavde-

linga. Ein gamal branntakst viser at deler av bua var sett opp før 1854, og tilhøyrde Nedre Florø Gård. Han var levande interessert i heile det gamle sjøhusmiljøet i Florø, og at det skulle bli teke vare på. «Bebbien» var ein mann av få ord, men når han først ytra seg offentleg, var det vel gjennomtenkt og viktig å få formidla. På 80-talet vedtok bystyret å setje i gang utfylling av hamna for bygging av hovudtrafikkåre framfor sjøbuene. Då engasjerte «Bebbien» seg med ytring i Firdaposten. Han omtalte det som skjedde som «GSG-metoden» (Går det, så går det), og han kalte det eit overgrep. Han var svært frustrert over korleis nokre tok seg til rette, og øydela den gamle kystkulturen, og fellesarven til Florø by. Innsatsen hans denne gongen, var nok med til å berge den karakteristiske strandlina i hamna. På den tida teikna dottera Tina, mange morosame karikaturteikningar av «Bebbien» i Firdaposten. I mange år deltok han i det lokale brannvernet, og det hende han berre måtte springe frå den uferdige fiskefarsen på buakjøkkenet når brannalarmen gjekk, og han vart utkalla. Ei natt som sette spor hos han, var då det brann i eit av nabobygga, og gnistregnet sto opp under tak og kledning på Stensethbua. «Bebbien» hadde eit stort og varmt hjarte for nærmiljøet sitt. Stensethbua var open for alle. Han skilde ikkje mellom «Kong Salomon og Jørgen Hattemaker». Her møtte karar frå alle samfunnslag til ein prat om store og små problem, både lokalt og globalt. Her var det full ytringsfridom. Både Ludvig Eikås og Toralf Maurstad var innom Stensethbua, og vart møtt med same helsing som alle andre, «Hei Ludvig», «Hei Toralf». Dersom «Bebbien» på bua vart spurt om lån av ein femtilapp; var svaret «Ja, du skal få låne, men betalar du ikkje tilbake, treng du ikkje spørje meir». Han fekk alltid betalt tilbake. Var det nokon som ikkje hadde pengar til mat, fekk dei med seg ei varm

29. august Til landets forsvar I denne alvorlige tid da krigen raser i Europa og man ser, at ogsaa smaastater nødtvungent blir trukket ind krigshvirvelen, gjælder det ogsaa for vort land at være beredt. Der er mange der har anledning til at avse 5 øre til Forsvarsmærket og 10 øre til Forsvarskortet som sælges til indtægt for landets sanitet.

fiskekake i handa. Livsfilosofien hans var at mange småproblem kunne løysast med ei varm fiskekake. «Bebbien» hadde ein særleg omtanke for dei som hadde minst å hjelpe seg med.

Teikning av Tina Stenseth 1988. Eit apropos til utbygging av Snorre Senter (Amfibygget) på nabotomta.

HEIMEKJÆR BESTEFAR Som den Florø-patrioten «Bebbien» var, likte han seg best heime i Florø. Berre tre gonger dei siste 10 åra var han på reise, utanom naudsynte reiser til sjukehus. Det var på konfirmasjonsfest til barnebarna i Sogndal. Yndlingsreplikken hans var. «Ein kjem dit ein skal, jamvel om ein sit heime». Han var stolt av at han aldri hadde vore i utlandet. Han fekk oppleve å få 8 barnebarn. Den eldste var 24 år då «Bebbien» døydde. Han stortreivst i bestefarrolla, og hadde eigne små ritualar for kvar og ein, når dei kom på besøk. Den eldste fekk ikkje sove utan at morfaren hadde spelt «Moffasangen» («Drømmen om Elin») på trekkspel. For dei andre var det alt frå lommedropsa til Besten, fotballkamp på verandaen, stolheis på fanget, til fisketurar bak Rota. Bua var eit eldorado for barnebarna. Der fekk dei smake varme fiskekaker, hjelpe til med sal av sjømat, vere i snikkarbua og spikke, eller fiske pal i Buadøra, det meste var lov hos bestefar på bua. Om dei var riktig heldige fekk dei plukke med seg 50-øringar eller einkroningar frå fiskepuddingforma ved vindauget, nok til å kjøpe ein tyggis eller bolle. Fisketurane med «Tjoffen» var også eit fint minne for dei eldste barnebarna.

bakkane opp til Linken, eller på sykkel til og frå Bua. Han var glad i livet og i familien. På Bua var han dagleg. Det var rekreasjon for han. Framleis ordna han med røyklaks, nubbesild og fiskekaker. Og mange var dei som stakk innom også i desse åra, for å slå av ein prat og få med seg ein godbit heim.

Etter at «Bebbien» gjekk gjennom ein stor hjarteoperasjon ti år før han døydde, tok han godt vare på det «nye» livet. Han mosjonerte og trena kroppen. Mange turglade Florøfolk møtte han i

Kjelder: Minneord om Sigbjørn «Bebbien» Stenseth, skrive av borna. Intervju med Sigbjørn Stenseth jr. Harald J. Stavang: FLORA. Kulturhistorisk vegvisar: Selja Forlag 1999.

29. august Bruk sildemel Landbruksdepartementet opfordrer til forøkt bruk av sildemel, idet det i kommende vinter tør bli yderst knap tilgang paa kraftfor.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2014.