Laura Sundal Skorpen
KJENDE FLORAFOLK
Laura Sundal Skorpen er kjent som «Solbakkens mor». Ho var drivkrafta bak etableringa av Solbakken arbeids- og sjukeheim i 1960, den første institusjonen for psykisk utviklingshemma i Sogn og Fjordane. I åra etter krigen var ho i det heile ein aktiv samfunnsaktør i kommunen, og hadde ein finger med i etableringa av fleire velferdstiltak som vi i dag tar for gitt.
Laura med eit av dei første barna ho tok imot. Foto: Privat.
LAURA VILLE BLI JORDMOR
Høydal fekk tilsendt plan for jordmorskulen. Han var ein av dei få som var innvigd i planane. Laura fekk hjelp til å skrive søknad av læraren, og ho fekk og støtte og hjelp av distrikslege Skridshol, fortel ho. Han var svært ivrig etter å få den henne avstad på jordmorskulen. Ho tok utdanninga si som jordmor i Bergen. På den tida herja spanskesyka. Laura blei og ramma, men klarte seg og fullførte utdanninga si i 1919, 21 år gammal.
SOLBAKKENS MOR
Det låg ikkje akkurat i dagen at vesle Laura skulle bli jordmor, då ho blei fødd i Sundal i Norddalsfjorden i 1898. På den tida skulle jenter stelle seg slik at dei blei godt gifte, og elles ikkje stikke seg fram. Utdanning utover folkeskulen var for dei få, og sjeldan for jenter. Men Laura likte seg godt på skulen og ville bli jordmor. Ho fekk støtte i familien, men planane måtte dei halde for seg sjølv. Kom desse for ein dag, ville ho bli halden for narr i bygda. Ho skreiv etter plan for skulen, og dei som kom med posten lurte nok på kvifor kyrkjesongar
I arbeidet sitt som jordmor kom Laura inn i mange heimar, og såg korleis barn som var annleis blei gøymde vekk på loft og i uthus. Det var på den tida ei skam å få eit «abnormt» barn, og det var ofte ei tung bør for familien. Dette gjorde til at Laura engasjerte seg gjennom Kinn Sanitetsforening for å spreie opplysning om «dei åndsvake». Ho ville løfte dei fram i lyset og gje dei og familiane deira eit betre liv. Ho var med på å danne Sogn og

saman tok ho som jordmor imot om lag 2 000 barn I liten båt kunne ho ofte vere redd, spesielt då krigen kom og dei måtte ha ein mann i baugen som såg etter miner. Ho engasjerte seg i motstandsarbeidet, og arbeidet hennar gjorde det naturleg å ferdast mellom øyene. Ho kunne då bringe med seg mat og meldingar til dei som heldt seg i skjul. Nokre gonger gøymde ho i eige hus folk som måtte flykte til England. Ho og Bernt budde då med barna sine i Bernt sin barndomsheim. Der budde dei saman med svigerforeldra og søskena til Bernt. Flytningane blei gøymde i eit kott, og ikkje alle i huset visste om dei. Om nokon blei teken, var det best å ikkje vite noko, ein snakka ikkje om slikt. Flyktningane kunne difor i det heile ikke vise seg utanfor kottet. Mat måtte inn til dei i skjul, og dobøtter tømmast. Laura gjorde dette i all løynd. For innsatsen sin fekk ho Heime- vernet sin fortenestemedalje etter krigen.
Fjordane Sanitetsforening i 1949, og ei av sakene laget arbeidde med var å etablere ein «åndssvakeheim» i Sogn og Fjordane. I 1960 sto Solbakken ferdig, og 32 born frå heile fylket kunne flytte inn. I heile denne tida var Laura leiar i fylkeslaget. For innsatsen sin blei Laura utnemnt til æresmedlem i Norske Kvinners Sanitetsforening.
LAURA SOM SAMFUNNSAKTØR OG VENSTREKVINNE
EIN TØFF ARBEIDSPLASS
Etter to års praksis blei Laura distriktsjordmor i Kinn. Distriktet hennar var stort, og det var mange øyer ho skulle nå over i all allslags vêr. Til
Sjølv om det var arbeidet i Saniteten som engasjerte henne mest, blei Laura tidleg aktiv i politikken. Ho valde det sosialliberalistiske Venstre som sitt parti, og blei kjent som ei uredd talskvinne for det ho trudde på. Ho meinte at fleire kvin-
Laura som representant frå hovudstyret i Norske Kvinners Sanitetsforening på Nordland krets sitt årsmøte. Foto: Privat.


Laura heime på Skorpa. Foto: Privat.
noko som førte til Gunhild sitt 20-årige engasjement som kommunalpolitikar for Venstre. Langt ut i pensjonsalderen var Laura ein aktiv samfunnsaktør. Då aldersenteret Havglytt blei opna i 1977 med pengar frå Hilmar Rekstens Al- mennyttige Fond, hadde Laura spela ei aktiv rolle. Mange var turane hennar til Hilmar Reksten i Bergen i denne saka. Ho klarte og å få han til å komme til Florø til opninga, han deltok elles i liten grad på slike tilstelningar. Laura var ei uredd og myndig dame. Då Solbakken blei bygd, såg entreprenøren at anbodet ikkje kom til å halde. Han ba byggherren, Florø Sanitetsforening, om å få auka byggesummen. Men Laura som på det tidspunkt var leiar av foreininga, gav klar beskjed om at noko vidare løyving ikkje kom på tale, han måtte halde seg til det som var avtala. Slik blei det. Men Laura var òg hjartevarm og imøtekommande. Ho hadde lett for å bli kjent med folk, og fekk mange vener. Sjølv om ho hadde det travelt som aktiv yrkes- og organisasjonskvinne, blei gjester alltid tatt godt imot med kaffi og mat. Ho sa sjølv at det viktigaste for henne var å vere medmenneske; å trøyste, oppmuntre og hjelpe menneske som hadde det vondt. Gjennom arbeidet ho la ned som jordmor, sanitetskvinne og ventrepolitikar, lukkast ho godt med det. Ho døydde i 1990, 92 år gammal.
Kjelder: Trykte kjelder: Sogn og Fjordane Fylkesleksikon. Digital kjelder: Floraskulen.no, intervju ved Olav Solheim. Munnlege kjelder: Kolbjørn Løken, Gunhild Bjelland, Bjørg Skorpen.Andre kjelder: Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane, jubileumsprosjekt i høve stemmerettsjubileet i 2013.
ner måtte bli med i det politiske arbeidet for å kunne påverke styringa av samfunnet rett veg. Ho såg at få kvinner våga å hevde politiske meiningar i fora der menn dominerte. Laura engasjerte seg sterkt i Norges Venstrekvinnelag både sentralt, på fylkesnivå og lokalt. Venstrekvinnelaget lokalt skulle vere eit lågterskeltilbod for kvinner som sette pris på å treffe medsøstrer med meiningar om lokale saker og samfunnet sitt ansvar for desse. Alle kjente Laura som jordmor, sanitetskvinne og frå andre område. Ho var derfor ein effektiv medlemssankar. I 1972 inviterte ho for eksempel Gunhild Bjelland til eit møte på Høgskuleheimen,
19. august Krigens gang. Der har nu vært ført flere store troppemasse frem til grænserne fra alle sider. I Belgien der nu er blit hovedkrigsskuleplads paa Vestfronten, antages der snart at 1,5 millioner tyskere og 1,2 millioner av de forende hære, franskmænd, belgiere og engelskmænd, staar imot hinanden. Slagene vil neppe arte sig som før i tiden. Da støtte de samlede hære samen og slaget varte en dag eller to med avgjort nederlag for en av partene. De kommende slag vil ikke vere avgjort paa mange dage for nogen av partene naar det kæmpes paa mange steder langs hele Tysklands vestgrense over en linie på 100-200 km. Den ene part kan seire et stend og tabe paa et andet. Saaledes vil kampene kunne trækk ut i et længre tidsrum før der vil foreligge et endelig resultat, fremgang eller retræt.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2014.