2014-10 - Anita Øygard - Reksten felleseige – frå beiteregulering til sildesalteri

Reksten felleseige

FRÅ BEITEREGULERING TIL SILDESALTERI

Denne artikkelen er bygt på ei semesteroppgåve som artikkelforfattaren laga i samband med eit deltidsstudium i lokalhistorie på HSF Sogndal i 1995/96 – om «Gaarden Rextens fælles udmark 1853 – 1988». I denne artikkelen har eg konsentrert meg om den første tida til Reksten felleseige, frå 1853 til 1875. Dei viktigaste kjeldene er protokollane til felleseiget, panteregister, pantebøker, jordskifte, folketeljingar, forlikskommisjonen, «Fiskarsoga» i fylket og «Vårsildfisket» av A. Færøyvik.

Reksten felleseige eller «Gaarden Rextens felles utmark», som den blei omtala som på 1860talet, omfattar utmarka som bøndene på Reksta eig og har eigd i fellesskap. Grunneigarane på Reksta var tidleg opptatt av bruken av dei felles naturressursane som dei forvalta. Dette var fjell, lynghei, myrar og strandlinjer i tillegg til holmar og skjer. Midt på 1800-talet, då sildefisket var som best, var strandlinjene rundt øya attraktive, og samtidig som det kunne gje god inntekt å leige vekk grunn til salteri- og losjihus, var det samtidig ein kime til konfliktar.

SJØLVEIGANDE, LEIGLENDINGAR OG HUSMENN I fylgje teljinga frå 1865 var det på gardane Ytre og Indre Reksta 11 sjølveigande gardbrukarar, 4 leiglendingar, 1 husmann med jord og 9 husmenn utan jord og 1 losjerande fiskarfamilie. I tillegg var der eit stort tal husmenn utan jord i Rognaldsvåg. Desse var registrerte som fiskarar eller handverkarar av ymse slag. Her var òg ein del losjerande som er registrerte i felles husstand med dei andre familiane. Beitetalet er kvoteregulert utifrå matrikkelskuld. Matrikkelskulda er verditaksten på garden – og var utlikningsgrunnlaget for skatt. På Reksta var den gamle matrikkelskulda etter smør og fisk. Då denne vart endra til mynteining, var den samla matrikkelskulda på 336 skuldmark.

DYRETALET SVINGAR MED FISKERIA Ein husmann kjenner vi tradisjonelt som ein som må jobbe for gardeigaren. Slik er det ikkje på Reksta. Husmennene her eig ikkje grunnen under husa sine og blir også kalla strandsittarar i folketeljingane, og livnærte seg fyrst og fremst som fiskarar. Dei betalte ei årleg grunnleige for husgrunnane. Sauetalet er ganske lågt på Reksta i

FREMMEDE FAAR Bøndene organiserer seg for å sikre ei rettferdig fordeling. Fyrste gong ein ser dette er ei «Forening, angaaende Indtagelse av Fremmede Faar i Havnegangen paa Rextelandet» som er tinglyst i 1853. Dette er ei avtale mellom alle opp- sittarane på Indre- og Ytre Reksta, der ein regulerer bruken av fellesbeite. Ingen må ta inn framande sauer på beite utan på visse vilkår. Straffa for å bryte desse reglane er å betale 1 Spesidalar til «Kinds Fattigkasse». Fellesbeitet verkar strengt regulert, og avtala indikerer at framande sauer har vore eit problem tidlegare.

5. august. Til forsvaret. Er indkomme ved en basar paa Haukaa kr. 77,70

som har forvalta strandlinja i Rognaldsvåg, og som har provosert fram jordskiftet.

1865, med 167 sauer og lam, og det er berre gardbrukarane som har dyr i denne rike sildetida. I 1875 derimot har sildefisket tatt slutt, og sauetalet er dobla til 335. Då er både husmenn utan jord, strandsittarar og innerstar registrerte med både kyr, sauer og grisar.

SLIPNING AF SPRINGVÆDRE Dyr og beitebruk ser ut til å vere eit konfliktområde som går igjen. 17. september 1880 vender «Kirkesanger» A. Gulestøl seg til Nordre Bergenhus Amt på vegne av grunneigarane på Reksta. Han etterlyser kopi av «Bestemmelsen angaaende Slipning av Springvædre i Havnegangen paa Reksten i Kinn… for at erhverve de til Sagen lovmæssige kundgjørelse…» Den 21. november same år vart erklæringa «Læst fra Kinn Kirkebakke… og en ligelydende Gjenpart oppslaaet paa Handelsstedet Rognaldsvaag.»

ALL UTMARK ER FELLESEIGE Utskiftinga – som gjeld innmarka på Ytre Reksta frå 1857 – 1858 er svært tidleg med tanke på at den nye jordskiftelova vart vedteken i 1857. Jordskifte slår fast at all utmark på Reksta skal forvaltast i fellesskap, og «efter fælles Overenskomst» skal det veljast ein person som skal krevje inn avgiftene for grunnane som er vekkfesta. Denne personen skal ta seg av framtidig utleige av grunnane, og krevje inn landslot som fell på den felles utmarka. Under jordskifteforretninga vart «Proprietær» Hans Lass, som eigde naboøya Kinn, valt til å ta seg av denne jobben. Han får oppgåva i fyrste omgang for eit år, og med ei godtgjersle på 30 Speciedalar. Seinare gjekk dette vervet på omgang mellom oppsittarane, også då med ei årleg betaling.

MINDELIG UDSKIFTING 1856

1. oktober 1856 vart det i Kinn Forlikskommisjon gjort forsøk på å få til ei minneleg utskifting mellom «Enkemadame Leganger» og grunneigarane og brukarane på gardane på Reksta. Leganger var gardeigar med leiglending som dreiv gard på ytre Reksta. Ho hadde tydeleg sett seg lei på at ein del av gardeigarane hadde forvalta den felles utmarka utan at ho hadde fått inntekt av dette. Det vart ikkje forlik, og saka vart «paa Klagerens Forlangende henvist til Rettens Behandling.» Dette er det første initiativet til å organisere felleseiget, om ein ser vekk frå sauebeite. Går ein i panteregisteret for felleseiget, er det først og fremst kyrkje-eigarane med jordegods på Reksta,

ATTRAKTIV STRANDLINJE I organiseringa av fellesutmarka på Reksta, er det ikkje utmark i vanleg forstand som er viktig, men strandlinja med omliggande holmar og skjer. Det blir slått fast at strandlinja på heile øya er med i felleseiget. At det akkurat der og då er vesentleg å få ein skikkeleg organisasjon for utleige av grunnar, har nok sin samanheng med det rike vårsildfisket. I byrjinga av «sildetida» (1830 – 1840) fekk dei fleste tilreisande fiskarane losji hos fastbuande. Seinare kom det fleire fiskarar frå andre distrikt, og ein fekk større behov for losjiplassar. Dette vart løyst ved bygging av kombinerte salteri- og losjihus. Her vart både fiskarane og salteriarbeidarane innlosjerte.

8. august Sidste meddelelser Kamper mellem tyskerne og engelskmænd’ s flaatestyrker ved Doggerbank endnu ikke bekrefter. Alle eller enkelte fyr langs den norske kyst kan ventes slukket i den nærmeste fremtid. Krigsskibet «Valkyrien» laa imorges et par timer i Florø hvorefter det avgik til Moldøen. I Stortinget er idag fremlagt propotion til bevilgning 10 millioner til ekstraordinære forsvarsanstaltninger. Tyskerne har sperret Bosporus og Dardanellerne. Fra Stockholm telefoneres at talrige tyske torpedobaater er gaaet nordover. Den tyske flaate har drevet den russiske ind i den Botniske bugt. Flere russiske fartøier er skudt i sænk. Torsdag kl. 6 ¼ em. Fra Kinn: Et stort krigsskib med 4 skorstene passerte nu Sendingerne styrende nord-nordostover. Nationalitet ukjendt.

SOM SILD I TØNNE

ede sig villige til at træffe Forføininger til at Klagerens Bod ingen Skade skulde lide af Tag-dryppet fra deres Huse eller som Følge af, at dette var bygget for nær samme» – vart saka henvist til Retten (Paa Klagerens Forlangende»).

Tilstrøyminga av folk var enorm på denne tida. I 1859 var det innlosjert 3000 menneske på Reksta/Rognaldsvåg. Det var 300 fastbuande på øya. Fiskeoppsynet meldte at det var 342 saltebuer i Kinn herad i 1860, av desse var 96 registrerte på øya Reksta, noko som er den sterkaste konsentrasjonen av salteri i distriktet. Dette stemmer med dei eldste protokollane til Reksten Felleseige. Der er det oppført 50 salteri, 45 salteri/logi, 20 logi i tillegg til hus, naust og ubygde tomtar. Tilsynslege Nicolaysen fortel om hus som romma 100 – 200 mann. Etter sjølvsyn beskriv han det slik: «Faar man Begreb om det utrolige ved at see, hvorledes den almindelige andtagne rumbe- sparende Maade at nedlegge Sild paa, ogsaa lader sig praktisere paa levende, aandende Mennesker.»

EIGARKONFLIKT Det er stor etterspørsel etter sjøtomtar, og som før nemnt er det berre nokre få av bøndene som har stått for utleiga av utmarka/strandlinja, før «Enkemadame Leganger» kravde jordskifte i 1857. I følgje panteregisteret er dei fleste pantesetlane før jordskiftet gjort i avtale med Mads Olsen Hovland på vegne av «Kinns Kirkes Eiere». Dei fire syskena som eigde Kinn kyrkje på denne tida, eigde også mykje av jorda på Reksta, som høyrde til kyrkja. Kristoffer Olsen Ulleland – som er ein av kyrkjeeigarane – stod for ei vekkfesting i 1855 til 4 personar frå Bergen. Dette er den dyraste avgifta som ein finn i panteregisteret, på 5 Speciedalar. Dette gjeld «Tomt til Søhus med Platting paa Riisholmen» – (i dag kalla Grisholmen).

STRANDSTÆDER OG SMAABYER Eilert Sundt har skildra synet av sjøhusa som stod tett i tett: «Til et fullstendig fiskeri-anlæg efter Søndfjordsk maade nu for tiden hører også en bod på et af fiskeværene, til Logis og Salteri, og da jeg engang var der ude og foer fra Vær til Vær, blev jeg overrasket av at finde hele Strandstæder og Smaabyer af Salterihuse, nogle faa store Huse og tilhørende Kjøpmænd i Byerne, de allerfleste små Boder og tilhørende Egnens Bønder. Det var folketomt ved mit Besøg, så som det ikke var i fisketiden, men det var et livligt syn at se disse Boder stå tæt, så tæt, som der var Rum mellom Klipperne omkring Havnene.»

FESTESETEL FRÅ 1855: «Jeg undertegnede Christopher Olsen Ulleland tilstaar herved at have bortfæsted til d. Herrer Michael Irgens, G. Schnelle jr., C. Treshelt jr. og Johan Geelmuyden for deres og Hustruers Levetid et Stykke Mark til Tomt for et efter Tegning oppbyggendes Søhuus med Platting (Brygge) paa en Holme, Riisholmen kaldet, under Storhaugen, beliggende under min Eiendomsgaard Rexten i Brantzø Skibrede og Kinds Sogn, paa følgende Conditioner:

1. Stedet er dem anviist, benyttes af bemeldte M. Irgens, G. Schnelle jr., C. Treshelt jr. og J. Geelmuyden, saaledes som dem bedst convenerer, dog maa det ikke skade eller fornærme mig, som Eier, eller dem, som logere i mit ved Siden af opførte Søhuus.

NABOKRANGEL At all denne aktiviteten skaper konfliktar kan ein lese om i Kinn Forlikskommisjon. I 1856 er det referert til ei sak der det er klaga på at sjøhusa er plassert for tett og at takdrypp skadar nabobygget. Klagaren – Andreas Larsen Wefring – meiner han vert hindra i å kunne reparere si tilhøyrande side av husa. Sjølv om dei innklaga Peder Johansen Njøsen og Torsten Andersen Quammen «erklær-

2. Tomten, med det derpaa opførte Søhuus, har de nævnte Herrer Rettighed at afstaa til en

12. august Et norsk skib av Wilhelmsens Amerikalinie har stødt paa en mine og sprunget i luften. Passagerne og besetningen undtat 3 fyrbøtere, er reddet.

Den gamle krambua i Rognaldsvåg som M. J. Bergsvik festa grunnen til. I 1893 vart dette kjøpt av Lyder og Bertinus Sunde. Til eigedommen høyrer òg dei tre salteribuene og eit trankokeri. Framfor huset ser ein fiskehjellar og lengst til venstre fjøsen. Her har det vore allsidig drift med landhandel, post, fiskemottak og husdyr. (Kjelde: Arne Sunde.)

Anden, dog saaledes, at denne ingen længere Ret hat til Grunden en for saa lang Tid, som de nævnte Herrer M. Irgens, G. Schnelle jr., C. Treshelt jr. og J. Geelmuyden og Deres Koner er i Live.

Riisholmen ligg under C. O. Ulleland sin gard på Reksta. Denne forvaltinga og inntekta av utmarka er det som utløyser utskiftingssaka som igjen utløyser organiseringa av «Gaarden Rextens felles utmark.»

3. I aarlig Afgift erlægges til hvert Aars Udgang 5 – fem – Specier.

Ulleland, den 6te April 1855 Christopher Olsen Ulleland m.p.P.

Til Vitterlighed: M. Geelmuyden. Berge Christiansen.»

Som ein ser i festesetelen (Pantebok II. B. 14 f. 228a – Sorenskr. I Sunnfjord) er ikkje felleseige nemnt med eit ord, tvert imot er det sagt at

ØKONOMIEN SVINGA MED FISKERIET Det er skrive kontraktar mellom grunneigarane og ein valt «incassator» frå 1861 og utover, der det er nemnt rettar og pliktar for begge partar. Det er strendene og rettane i sjøen som har vore inntektskjeldene til fellesskapet, og det økonomiske utbytte har svinga i takt med fiskeria. Under dei rike sildetidene var tomtene i Rognaldsvåg attraktive, og gode inntektskjelder. Festetomtene under bustadhusa i Rognaldsvåg var meir stabile inntekter, men utgjorde ein liten del når fisket var

12. august Alle kafeer I Bergen er lukket. Samlaget likesaa. Bryggerierne brygger ikke mere øl.

Storhaughamn i Rognaldsvåg kring 1918–1920, før moloa var bygt. Midt på bildet bua til Amalie Storhaug. I følgje festesetelen frå 1909 har «frøken Amalie Storhaug faat udmaalt og udlagt tilleie af Rekstens fælles udmark en sjøhusgrund på 30 meter lang og 11 meter bred mod en aarlig leie stor kr 12». Grunnen blir vekkleigt til fri nytte, så vel handel som «enhver anden hæderlig bedrift». (Foto: Kystmuseet i Sogn og Fjordane.)

altså sjølv behalde inntektene frå fellesutmarka, som overstig 6 Spesiedalar.

på topp. Landslotten som var ei avgift til grunneigarane for landnotfiske, utgjorde heller ikkje så mykje i desse rike sildeåra. Det er laksefiske, med kilenot som har vore det viktigaste fiske som har gitt landslott i kassa. Dette fisket går også i bølgjedalar, og er ei viktig inntektskjelde i første halvdel av 1900-talet.

VIKTIG UTGIFT FOR HUSMENNENE Strandsittarane i Rognaldsvåg måtte årleg betale grunneleige til bøndene på Reksta, noko som truleg har skapt eit vist skilje mellom grunneigarane og grunneleigarane. Sjølv om ein i folketeljingane finn tittelen husmann/strandsittar betyr ikkje det at dei var fattige. Inntektene til strandsittarane svinga i takt med fiskeria. Når fisket gjekk dårleg var nok skiljet størst, og då hadde bøndene på Reksta jordbruket å falle tilbake på. Det blir stilt krav om at leiga skal betalast inn ein gong for året. I eit arvefestebrev til (handelsmann) Magne Jakobsen Bergsvik i 1884 finn ein døme på at grunnleiga kunne variere etter innkoma: «For denne Grund betales aarlig Grundleie 12 – tolv – Kroner, men hvis regelmæssigt Vaarsildfiskeri igjen indtreffer, erlægges for de Aar, hvori saadant finder Sted 16 – sexten – Kroner.»

VIKTIG BIINNTEKT Den første tida etter organiseringa gjekk inntektene og aktiviteten oppover. At oppsittarane på Reksta hadde tru på dette som ei vesentleg inntekt, finn ein prov på i ei skøyte frå 1861, for garden «Reksten indre, nyt MNo 96 LNo 232 i Bransø Thinglag» (no gbnr. 41/4). I skøyta frå Mads Olsen Hofland til svigersonen Henrik Johnsen Rexten finn ein følgjande klausul: «…samt at Kjøberen ei ska erholde mer af den Grundleie for Huse og Salteritomter, som svarer til dette Brug af grunde, bortfæstede i Gaarden Rextens fælles Udmark, en 6 – sex – Spdlr. aarlig saalænge Mads Olsen og hans Kone Nille Marie Jensdr. Leve.» Seljaren vil

STORE ENDRINGAR FRÅ 1865 TIL 1875

for ein støyt. Den same Høst var ein av dei som stod bak eit opprop for å skaffe hjelp til dei naudlidande i Kinn.

Vårsildfisket tok brått slutt i 1873, og ser ein på folketeljinga frå 1875 er det mange endringar i forhold til 1865 på heile øya. Under rubrikken «Livsstilling» er halvparten av dei som er oppført som «Strandsittar og Fiskar», også oppført med «Delvis Fattigunderstøttelse». Dette eksisterte ikkje i folketeljinga frå 1865. 8 personar er «fraværende» fordi dei er på fiske i Nord Norge. 6 kvinner er oppførte med «Ernærer sig med Spinding og Strikking», i tillegg til delvis fattigunderstøtte. Det er mange vaksne born som bur heime «Forsørges av Faderen» eller «Hjelper Faderen». For jordbrukarane er største skilnaden at det er blitt fleire sjølveigarar og husmenn med jord. Ei anna vesentleg endring er at strandsittarane er registrerte med husdyr, frå 1 til 4 sauer.

«DEN ALLERYDDERSTE ARMOD» Distrikslege Høst melder om tilstanden i Kinn i 1875: «Kystboeren er nedsunket i den allerydderste armod…for kystbefolkningen som i det store taget intet andet har at leve af en søen, har det naturligvis været aldeles ruinerende. Ikke alene inderst- og husmandsfamilier, men gaardmænd ude paa øerne, folk der er ilignet fattigskat og paalagt lægdshold, har sultet saa det er en ynk udover sommeren og høsten… Det er forresten mærkverdig hvad saadanne folk kan taale før helbreden tager skade og modet svigter». Dette har vore ei tøff tid for alle, og det har ikkje vore lett for folk å skaffe pengar til grunnleiga. Folk ute i havgapet er likevel seige og stod

OPPSUMMERING Reksten felleseige har gått gjennom store endringar frå starten i 1853. Det starta med ei avtale om bruken av beiteareal. Då fisket var på topp kring 1850 – 70 vart fellesarealet i Rognaldsvåg / Storhaugane organisert. Dette var viktig for å unngå konfliktar, og å dele inntektene rett. Øya Reksta var ein sentral plass på Vestlandet, og areal nært fiskefelta med gode hamnetilhøve var svært attraktive. Det spesielle her er at bøndene har eigd og forvalta arealet i fellesskap. Inntektene til felleseiget har alltid svinga i takt med fiskeria. Inntektene har vore viktige biinntekter, men har nok likevel ikkje vore avgjerande for økonomien til dei einskilde gardane. Dei fleste deltok sjølv i fiskeria – og slik har dei merka dei største svingingane. Skiljet mellom husmennene og strandsittarane i Rognaldsvåg og bøndene på Indre og Ytre Reksta har aldri vore stort. Strandsittarane har trass alt berre hatt pengeplikter til bøndene – og ikkje arbeid på gardane. Ofte kunne dei tene vel så godt som grunneigarane dersom dei var dyktige og heldige med fiskeriet. Organisasjonen har i seg sjølv vore ei god lær- ing i organisasjonsarbeid. Brukarane på Klokkargarden som har vore klokkarar og lærarar, har vore viktige aktørar i dette arbeidet. Felleseiget har heilt frå starten av hatt ein demokratisk grunntanke, med årlege årsmøte og godt dokumenterte aktivitetar.

15. august Miner i Nordsjøen Det britiske admiralitetet bekjendtgjør, at den tyske mariner nu iflæng lægger ut miner i Nordsjøen. For to dage siden observeredes 4 store handelsskibe i kun en miles avstand fra det minebælte hvor et engelsk krigsskib sprængtes og gik tilbunds. Fiskeriminsteren meddeler at Staten overtar krigsrisikoen for indtil 150 makrellkuttere for et tidsrum som svarer til fiskets normale varighet.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2014.