2014-09 - Bjarte Sindre - Florø Møbel og Trevarefabrikk.

Florø Møbel og trevarefabrikk

Dette postkortet, laga av Vest Foto, reknar vi med er frå 1952. Vi ser at det har teke til å kome nye hus i Havreneset. Det første som kom her etter krigen var huset med valma tak i venstre biletkant, Hatteberg sitt. Lengst oppe til venstre skimtar vi Sildoljefabrikken til SILFAS. Dominerande på biletet er bygningen i framgrunnen, møbelfabrikken til Ole Røyset Brende. Han hadde starta fabrikk i Florø allereie i 1941. Planane hadde han hatt lenge, og skaffa seg maskiner før krigen kom i 1940. Møbelutsal hadde han byrja han med i 1939. Fabrikken hadde kummerlege tilhøve, og i 1945 trong den sterkt til utvidingar. Men alt som var av materialar gjekk til gjenreisinga av Finnmark. Difor kjøpte like godt Brende tyske brakker frå

Sogn. Desse var prefabrikkerte, og kunne lett settast saman. Ut av dette fekk han for si tid ein flott verkstad, der han hadde 20 mann i arbeid. Fabrikken gjekk godt, og møblane var av høg kvalitet. Framleis er det mange familiar som har sofagrupper som vart produsert her ute. Dei er mest uslitelege. Ole Røyset Brende (1908 – 2000) var ein typisk gründar med stort pågangsmot. Han var politisk engasjert, og ein dugande talar. I tenåra hadde han vore på selfangst i ishavet, og skrive omtykte skildringar frå ferdene i «Sunnmørsposten». Han sysla også med romanskriving. Han var engasjert sjakkspelar, og var aktiv til langt opp i dei grå år, og til stor hjelp for dei yngre klassane i Florø Sjakklubb.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2014.