Leik på Storevatnet
Under oppveksten i Florø på 1930 og -40 talet, var Storevatnet ein viktig plass for oss ungane.
KAPPROING Det første minnet frå Storevatnet er kapproing på 17. mai i 1930-åra. Start og mål var ved ein bergkanus sør for sjukehuset. Truleg var det lagt ut ei bøye som dei skulle ro rundt. Båtane var vanlege færingar som var henta opp frå sjøen. Det var to mann i kvar båt. Seljeset-karane var rekna som dei beste, og Tullen var med i båten som vann. Han fekk ein liten pokal i premie. Det vart fortalt at Tullen etterpå tok pokalen i neven og knekte han saman som papir, sterk som han var.
IS PÅ STOREVATNET Kvar vinter var det is på Storevatnet i fleire veker, enkelte år fleire månader. Blank stålis. Der lærte vi kunsten å gå på skøyter. Det var først snabelskøyter som var festa til beksaumstøvlane med ei reim framme over tærne og ei reim bak mot hælen. Etter eit par år med snabelskøyter hadde vi øvd inn såpass av grunnleggande ferdigheiter at vi kunne mase om å få hockeysskøyter. Dei var og festa med reimer. Eg hugsar ikkje nokon av ungane hadde skøyter med faste sko på, men vi såg nokre av dei vaksne hadde det. Eit kjærastepar var flinkare enn andre. Dei gjekk Storevatnet på langs, svinga fram og tilbake hand i hand. Enkelte gonger tok jenta nokre svingar som skulle likne på Sonja
Foto: Kystmuseet i Sogn og Fjordane. Fotograf ukjend.

Hennie. Nokre få vaksne hadde lengdeløpskøyter med sko på. Dei gjek fram og tilbake med hendene på ryggen.
isen vere utrygg. Ryktet spreidde seg fort mellom oss ungane at Jostein hadde gått for langt ut på den dårlege isen og ramla i vatnet. Nokon hadde ropt på hjelp, og ein mann hadde komme til og hoppa i vatnet. Han fekk Jostein’en inn til is- kanten. Andre hjelpte til med å få han inn på trygg is og opp til sjukehuset. Dagen etter var det ein del av oss ungane som ikkje fekk lov å gå på isen.
BANDY Vi spelte aldri hockey, men hadde mange bandykampar på baner som vi merka opp. Vi hadde skikkeleg raud bandyball. Berre Per’en hadde bandykølle som var kjøpt. Vi andre hadde enten heimelaga køller eller kjeppar som vi smidde til med ein kniv.
BADEPLASS Før eller seinare måtte vi lære å svømme. Det var ikkje noko basseng, men mange badeplassar i sjøen. I Storevatnet fann vi ein bra plass for oss som ikkje likte å bade i kaldt vatn. På eit beite mellom Firdavegen og Storevatnet, litt utanfor huset til Jansen, gjekk vi ned til badeplassen. Der var det passeleg langgrunt. Vi kunne vasse ut til vatnet rakk opp til haka, og så prøve dei første svømmetaka innover mot land – i trygg forvisning om at vi kunne nå botnen dersom det var turvande. Etter mange forsøk gjekk det før eller seinare bra, så vi kunne våge oss på djupare vatn. Dei modigaste svømte etter kvart fram og tilbake over vatnet. Slik eg minnes det, kunne det kanskje vere 50–60 m ein veg. På fine solskinsdagar var dette ein god badeplass med vatn som sola hadde varma opp.
SKØYTELØP Ein vinter med langvarig kulde vart det laga til skøyteløp. Det hadde komme litt snø på isen, men det blei rydda ei rundbane. Det var dei litt større ungane som var med, og nokre vaksne. Etter lengre tids bruk var bana oppgått og vanskeleg å gå på. Då var det nokon som fekk den lyse ideen at bana måtte sprøytast. Det haddde ein hørt om når det var radiosending frå skøyteløp med Ballangrud og Staksrud. Einkvan fekk låne ei pumpe på brannstasjonen. Hogg hol i isen attmed skøytebana og sette i gang å pumpe kaldt vatn utover bana. I den sterke kulden fraus vatnet etterkvart som det rann utover. I staden for ei glatt bane, vart det ein ruglete oppoverbakke mot det vatnet vart pumpa ut. Tanken var god, men resultatet dårleg. Skøytebana vart ubrukeleg.
DRAMA Ein vanleg ettermiddag med godvêr var det mykje folk på isen. Mest ungar og ungdommar, men også enkelte vaksne. Ein gong var det plutseleg ein del folk i området bort imot der elva frå Likjevatnet renn inn i Storevatnet. Til vanleg var det ikkje folk der. Vi hadde streng beskjed om ikkje å vere på den delen av vatnet, for der kunne
TYSK SOLDAT Ein tysk soldat kom ofte ned til Storevatnet når vi gutungane bada. Han rusla alltid aleine. Han hadde ein låg grad, var kanskje korporal eller sersjant på norsk. Han kunne litt norsk og likte å prate med oss gutungane. Han fortalde at han laga kart over Florø. For eit par år sidane var eg innom den gamle bunkeren ved idrettsplassen. Der sto ein modell av Florø som tyskarane hadde hatt. Kanskje var det den han laga.
5. august Bevar sindsroen Fra offentlig og privat hold fra alle kanter opfordres publikum til at bevare sin sindslikevægt. Det er forløping ingen matnød for haanden, og er de bedste utsigter til at der ingen blir. Korntilførselen synest tilfredsstillende, og om ikke saa lang tid naar man i poteterne og landets egen forsyning, saa vi skulde være sikret for henimot et halvt aar. Bare publikum forholder sig fornuftig og ikke laver rend paa beholdninger av matvarer og mel, vil fordelingen kunde gaa i ro og orden og tilfredsstille behovet.
Oljemaleri av Harald Seim. Motivet er frå stien ved Storevatnet, mot nord, Vi ser litt av kjøpmann Langø si hytte og dei to svanene som er nemnt i artikkelen. Bak ser vi sjukehuset, med likhuset ved sidan av. Vidare Haus sitt hus, glimt av Breidablikk og heilt til høgre Malkeneshuset. Maleriet er utlånt av Wenche Vallestad.
SVANER
BAK STOREVATNET
Området sør for vatnet var omtalt som «bak Storevatnet» Vi gjekk over den vesle elva som renn ut frå vatnet i austre enden. Der kunne det om hausten vere mykje ål. I skogen oppover mot Utsikten var ein fin plass å leike indianar med pil
Ein gong, truleg i siste del av -30åra, var det plutseleg to store, kvite fuglar på Storevatnet. Det var svaner. Dat var sagt at kjøpmann Langø hadde sett dei ut. Han hadde hytte ved vestenden av vatnet. Svanene var der over lenger tid nokre år. Vi hadde moro av å kaste mat til dei. Brødbitar såg ut til å falle i smak.
og boge. Når det var fin austavind, sette vi papirsegl på små trebåtar bak vatnet. Båtane segla til andre sida. Ein båt vart ein gong lasta med eit par fenghetter og brennande lunte. Han eksploderte med eit brak ute på vatnet. Det var krigstid.
LILJEKONVALL Ved Storevatnet, nedafor huset til Breyholts, kunne ein plukke liljekonvall om våren. Dei lukta godt.
5. august Roald Amundsen Har foræret et aeroplan til staten og har skikket sig til dispotion som flyver. Trygve Grans aeroplan er indkjøpt av Staten, pg Gran selv uten at være militær, er utnævnt til vpl. Premierløitnant og ansat som militær flyver med station paa Vestlandet.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2014.