Florø Folkeskole
FLORØ BARNESKOLE 80 ÅR
I 16 år hadde elevane hatt eit omflakkande tilvære etter at gamleskulen brann ned i 1918. Skulebygget som kosta ein halv million kroner, var relativt stort etter folketalet i Florø på den tida. Først på 1930-talet budde det berre vel 1400 menneske i byen, så det var nok teke høgde for vekst i folketalet, med eit skulebygg som romma 12 klasserom, sløyd- og handarbeidssal, filmsal, gymsal, skulekjøken og lærarrom. I 1956–1959 var skulen påbygd. Både vestfløyen og sørfløyen vart forlenga, og sørfløyen påbygd ein etasje. Dette gav plass til fleire klasserom og eit symjebasseng, scene i gymsal, og nytt skulekjøken. I store trekk vart bygget slik det framstår i dag. Ei større renovering av heile bygget vart fullført i 1997, til ein kostnad av 20 mill. kr, 40 gonger meir enn skulebygget i 1934.
Florø Barneskole under bygging. Foto M.N. Horne.

Florø Folkeskole 1934. Dette biletet er henta frå Trond Strømgren si bok «Fantastiske Florø». Foto: M.N. Horne.
lærarrommet i 2. etasje. Huset blei raskt overtent. Elevar og lærarar kom seg så vidt ut. men det store trehuset brann heilt ned. Alle arkiv, bibliotek og innbu strauk med. Så måtte elevane på legd igjen i 16 år. Dei heldt hus i Tingstova, i losjehuset «Breidablikk» og i Bedehuset. Då Rådhuset vart ombygd etter ein brann i februar 1922, vart det plass til 4 klasserom også der.
Heilt frå Florø vart grunnlagt i 1860 har elevane i byen tidvis hatt eit omflakkande tilvære. Folketalet i 1860 var berre 345. Barnetalet var lite og berre ein lærar var tilsett i byen. Heile skulebudsjettet var på 800 kroner. Malkeneshuset var det første skulehuset i Florø, bygd i 1866, med eitt klasserom og ein liten lærarbustad. Byen voks og det kom krav om eit større skulehus. I 1890 blei det bygd eit nytt skulehus på to etasjar, med plass til folkeskule, middelskule, og ein lærarbustad i begge etasjane. Ein liten vaktmeisterbustad vart det òg plass til. I 1893 blei loftet innreia til sløydsal og resten av plassen blei brukt til gymnastikklokale. Dette skulebygget låg der sjukehuset ligg i dag.
Fredag 13. desember 1918 starta ein brann i
NYBYGG 1920-åra var midt i jobbetida og alt var dyrt. Opplysningsfondet vart søkt om pengar og ein fekk 350 000 kr. Grunnarbeidet blei gjort og kjellarmurane reist, så var pengane slutt. Bygginga stoppa opp, og i 1933 blei Fylkessjukehuset oppført på skuletomta. Ny skule blei bygd på tomta
22. juli. Til forsvaret er yderligen indkommet: Henrik Aaarebrot kr. 2, Karsten Kvalvik kr. 5, Kr. Seljestokken kr. 5, Jens Strømsnes kr. 5, Peder Strømsnes kr. 5, Johs. Strømsnes kr. 1, Martin Nordal kr. 10, Peder B. Nordal 2, i alt kr. 2062.

Denne klassen begynte som den første klassen på Florø Folkeskole i 1934. her er dei i 7. klasse. Bak frå venstre: Åse Gullaksen, Signe Yttri, Alf Marhaug, Arne Annaniassen, Magne Sølvberg, Finn AngellJacobsen, Knut Breyholz, ukjent, Halvdan Bjerck, Asbjørn Halvorsen og Kåre Halvorsen. Framme frå venstre: Edith Eikevoll, Sylvi Holm, Ragnhild Hatlø, Norun Kjørlaug, Erna Fjøsne, Alfhild Molnes, Liv Vevling og Ingrid Stavang.
KRIGEN
Under krigen blei skulen rekvirert av tyskarane, og elevar og lærarar måtte igjen ut på leiting etter hus. Somme klasserom var så små, at tavla måtte stå framfor døra. Kom ein for seint, måtte ein krype inn vindauget. Berre om ein absolutt måtte, fekk ein gå ut etter at det var mørkt. Tyskarane gjerda inn området nord og sør for skulen, og folk blei kontrollerte. Under krigen landa ei bombe på Bruflotmarka. Hadde den eksplodert, ville skulen blitt jamna med jorda. Elevane i Storskulen, 4.–7. klasse, gjekk på skulen 6 dagar i veka. Småskulen, 1.–3. klasse, hadde færre timar. I Småskulen underviste berre lærarinner. I Storskulen underviste nesten berre menn i denne tida. Kvinnene fekk undervise i kjøkken og handarbeid. Slik deling var stort sett vanleg til innpå 70-talet.
der skulen står no. Ein sparde pengar på ikkje å legge inn oljefyring, men det kosta desto meir i arbeidstimar seinare for pedellen Jacob Høivik. Han og familien måtte tidleg opp for å fyre i dei 20–30 store vedomnane i huset. Veden henta han frå eit stort vedlager under golvet i gymnastikksalen. Den 2. september 1934 stod pultane på rekke og rad i klasseromma. Elevane marsjerte pent inn til første skuledagen i nyskulen. Dei fleste med nye klede og med ny ransel på ryggen. Ranselen var oftast ein pappkoffert, men nokre var av skinn. Den gongen var det streng kustus, og før elevane sette seg skulle dei helse på læraren, og stå ved pulten og synge. Gutane bukka og jentene neia. Dei mannlege lærarane blei tiltala med etternamn og dei kvinnelege med fru eller frøken framfor etternamnet. Det var ikkje lov å snakke i timane. Skulle ein spørje om noko, måtte ein rekke opp handa.

1950-TALET
få armbrot. Men trass i klage frå nokre foreldre, så bad elevane for steinen. Han låg der til stor glede for 2–3 generasjonar i 50 år. Så kom kunstgras, og mange meinte steinen var i vegen, og han var farleg. Så ein dag var steinen vekk! Skuletannrøkta heldt til i sørfløyen nokre år. Vi høyrde det ikkje-avkjølte boret kvine, og svi-lukta kjende vi langt bortetter gangen. Vi elevane krøkte oss ned bak pultane når fru Folkestad stod i døra i den kvite frakken sin og skulle hente neste pasient. Filmsalen og sløydsalen var i kjellaren. Under filmsalen blei det bygd eit tilfluktsrom. Florø hadde ikkje noko slikt under krigen, men no, under «Den kalde krigen», blei det vanleg å bygge tilfluktsrom til store bygg. Men berre med plass til 100, var det i minste laget for ein arbeidsplass med mange hundre. Vi lurte ofte på kven som fekk gå dit, om det blei nødvendig?
Folketalet auka og kommunane Kinn og Florø gjekk inn i eit samarbeid om skulen. Florø kommune bygde på Florø Folkeskole vestover, med 2 rom i breidda og full høgde. Kinn bygde ein stor skule (i dag ungdomsskulen) nord om Storåsen. Den blei Framhaldskule og Middelskule for både Kinn og Florø. Florø Folkeskole var bokmålskule. Frå hausten 1958 sende Havrenes krins sine 7 nynorskklasser til folkeskolen i Florø, og no fekk dei som hadde ønska å gå i nynorskklasse høve til å skifte klasse. I gjennomsnitt var det om lag 60 elevar på kvart trinn. Då dei grov ut masse under gymnastikksalen for å lage symjebasseng, blei «Skubbesteinen» funnen og lagt fram ved sida av tuntreet, Aska. Steinen var flat, ca. 40 cm høg, ca. 60 cm brei og ca. 1 m lang. Særleg gutane leika på den. Ein stod oppå, og ein eller to skulle etter tur prøve å skubbe han ned. Det blei nokre skrubbsår, også nokre
Det var ikkje vanleg med eingongsbøker i
7. klasse anno 1952. Framme frå venstre: Johan Egil Lind-Hansen, Jan Stavø, Øyvind Brende, Eystein Moe og Reidulf Stenbakk. Midten frå venstre: Else Ånnøy (Grov), Anne Karin Midtbø (Alrek), Greta Haugs (gift i England), Gretha Natvik (Brekke), Anne Karin Hatlø (Bjørnestad), Karen Olaisssen, Anvor Buarøy (Madsen) og Hjørdis Ånnøy (Føleide). Bak frå venstre: Geir Nybø, Knut Hansen (død), Tore Krokene, Per Broholm (død) og Bjørn Knapstad. Magnus Liabø og Herdis Dyvik (Østrem) var ikkje tilstades då bildet vart teke. Foto: M.N. Horne.

Gymsalen. Florø Barneskole. Foto M.N. Horne.
domslaget BUL, og ville gjerne vite korleis orda skulle seiast. Eg var seint ute, så eg sprang heim til frøken Fjøsne. Ho visste å svare!
KONG OLAV V PÅ BESØK I FLORØ
skulen på 50- og 60-talet, men eg hugsar at vi i 1. og 2. klasse hadde slike bøker i kristendom. I matte 2. klasse hadde vi «No reknar vi», ei blå lita bok med ei hand utanpå, der fingrane sprikte. I norsk hadde vi først Kari Wessels ABC, der vi lærte bokstavane etter rekkjefølgja i alfabetet. Eg hugsar mor sydde mappe av plast på symaskina, til dei store bokstavane vi brukte å lage ord med. Seinare i 2. klasse, fekk vi Egners lesebøker, 12 i talet, 2 for kvart årstrinn. I Storskulen fekk vi «Vi ere en nasjon –», Noregs- og verdshistorie, ei tjukk bok med tidslinje på første innsideperm og Europakart på siste. Nesten alle illustrasjonane var i svart/ kvitt. I Geografi hadde vi «Landkunna». I 6. og 7. klasse fekk vi engelsk. Vi hadde frøken Fjøsne til engelsklærar. Ho gjekk til norsklæraren vår og ba om at vi måtte lære meir norsk grammatikk. Vi måtte forstå morsmålet betre før vi kunne forstå engelsk. Vi hadde ikkje ordbøker på skulen. Trefte vi på ord som ikkje stod i læreboka, måtte vi spørje læraren. Eg skulle fortelje om UNICEF i ung-
4. desember 1958 kom kong Olav V innom Florø i samband med 100-års jubileet til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane. Han reiste rundt om bord i «Sunnfjord», som la til ved Amtskaia (fylkeskaia). Krysset Torggata/Markegata var sperra av, og ei tribune var bygd i bakken opp Torggata. Det snøa! Skuleelevar og vaksne stod langs Torggata der kongen gjekk saman med ordførar Kjeld Haus opp til tribuna. Først ønskte ordføraren kongen velkommen. Så var det kongen sin tur. Men no kunne vi ikkje høyre noko. Teknikarane streva. Dei treiv til seg mikrofonen frå kongen. Så stakk dei ein ny opp i ansiktet på han, så han rykte bakover. Det lukkast ikkje å få lyd, så vi fekk ikkje høyre kongen. Seinare fekk vi høyre at nokon på hotellet vart forarga over leidningar som låg over dør-

Leik på skuleplassen i 1950-åra. Foto M.N. Horne.
stokkar. Den eller dei tok laus skøyteleidninga og let att døra!
1960-TALET I 1960 var folketalet i Florø 2074. Dette året skulle byen feire sitt 100-årsjubileum. Jubileumskomiteen, kommunestyret og folk elles, hadde i fleire år diskutert å bygge eit Samfunnshus, utan å bli einige. Grønrussen (avgangselevane på Realskulen) hadde natt til 17. mai måla piler på alle gater som førte til parken nordvest for skulen. På pilene stod det: «Til Samfunnshuset». Midt ute på marka hadde russen sett opp eit lite fuglebur!
Florø Folkeskole med scene i gymsalen, var Florø si storstove i 1960. Jubileumsdagen 16. mai, blei det dekka til «bankett» for tilreisande gjester, representantar for kommunen og andre frå kommunen. På skuleplassen var der bygd ei scene der det var underhaldning m.a. med konkurranse, der tre menn skulle pynte kvar si blautkake. Sidan konditor Trovik var ein av dei, var det nok mange som tippa han som vinnar. Her var også kåring av «Frøken Florø», som blei Audhild Kjørlaug (Larsen). Symjebassenge vart ikkje heilt ferdig før etter jubileet, så symjeopplæringa kom ikkje straks i gang. Hausten 1961 gjekk eg i 6. klasse, og fekk mi
22. juli I Serbiens svar paa Østerigs note blev Østerigs fordringer kun avslaaet i det punkt hvor østerigske embetsmænd skal delta i den undersøkelse som Serbien skulde indlede. Situationen er i dag den, at ingen direkte krigsbegivenheter er indtraat, men at baade Østerik og Serbien staar færdig til kamp, og at krig mellem disse to magte synest omtrent uundgaaelig. De russiske blade kommer med meget alvorlige uttalelser og en række krigsforberedelser er truffet i landet. I Tyskland uttaler alle blade sig avgjort østeriksindet, men der kommer ogsaa talrige uttalelser for, at konflikten lokaliseres til Balkan. England har foreløpig holdt sig taus, men krigsforberedelser skal være truffet. I Solent er samlet 500 krigsskipe og 80,000 mand. SIDSTE: Igaar eftrermidddag sendte Østerige offisiel krigserklæring. En del smaa sammenstøt mellem forposterne har fundet sted.

Klasse 1B 1964. Bak grå venstre: Lærar Svanhild Hegranes, foran henne og bortover Jan Bauge, Tom Jacobsen, Oddvar Årberg, Malvin Horne, Olav Roar Mortensen, Tor Galaasen, Erik Eriksen, Geir Hatlem, Gisle Bruvik, Lise Molnes Husabø og Synnøve Therese Bjerknes. Framme frå venstre: Hilde Bjerck, Grete Hamre, Gerd Furesund, Else Håvik, Nina Agledal, Hallgjerd Eliasson, Unni Hillersøy, Guri Galaasen, Gro Jakobsen, Anne Grethe Jeppesen og Gunn-Helen Hamrebø. Foto: M.N. Horne.
KJØNNSROLLER, FAG OG DISIPLIN
I Storskulen var det sløyd for gutane og handarbeid for jentene. Aud Benæs i klassen min, lika ikkje handarbeid, men ho elska sløyd. Ho argumenterte så godt for saka si til styrar Olav Kolle, at ho fekk vere på sløyden saman med dei 9 gutane, medan hine 14 jentene hadde handarbeid. Berre jenter hadde skulekjøken først på 60- talet, men midt på 60-talet fekk også gutane opplæring på kjøkenet. Der var 4 arbeidsbord, med plass til 4 elevar. Borda var utstyrte med reiskap, krusety, 2 oppvaskkummar og ein komfyr. Kjøkenet hadde eit stort vaskerom der vi vaska handkle og klutar. Vi hadde kjøken ei økt (2 timar) for veka siste året. Lærar var Liv Waage. Ho hadde så mange gode oppskrifter at fleire var i bruk lenge etter at ho slutta som lærar. Ho oppmuntra også elevar til å komme med oppskrifter heimanfrå.
første skikkelege symjeopplæring i det nye 12,5 meter bassenget. I starten var det dei eldste elevane som hadde symjing. Målfrid Ottesen og Jytte Sagen frå symjegruppa til FSK, hadde etter kvart symjekurs etter skuletid. Vintrane på 50- og starten på 60-talet var skikkeleg kalde og lange. Isen la seg tjukk på vatna. I austenden av Storevatnet køyrde dei utpå isen med bil og traktor. Vi hadde skøyter med på skulen og fekk tid på isen i skuletida. Når snøen la seg, skuffa vi han vekk og laga baner. Vi fekk også tid til skiturar på Gjeldsvikmarka eller i Soldalen. I Soldalen blei det laga hoppbakke. Nybømarka «innom Kanalen» blei helst brukte av dei eldste i skuletida, då det tok lenger tid å gå dit. I sommarhalvåret vart områda rundt Storåsen, Lilleåsen og vatna mykje brukt til å studere naturen, og til leik og moro.
Skulehage var òg eit fag i 7. klasse. Hagen som

A.M. Lauvsnes styrte skulen frå 1915–1957 Kjartan Lauvsnes styrte skulen frå 1964–1981. Anbjørg Lauvsnes styrte skulen frå 1981–1994.
namn til dei slutta. På 80-talet blei så godt som alle lærarane tiltala med fornamn.
3 BLAD LAUVSNES STYRTE FLORASKULEN GJENNOM 72 ÅR
låg mellom prestegarden og kanten av skule- plassen i nord og aust, var inngjerda med port med hengelås. Der var 2 rader med bed, der vi dyrka ulike grønsaker i 2 eller 3 rekker. Elevane var ansvarleg for å vatne og luke bedet sitt. Dei som var mest ivrige i tenesta, begynte å luke for tidleg, før dei såg skilnad på plante og ugras. Der blei det lite å hauste! Dei som reiste tidleg på ferie, måtte ein få einkvan til å stelle bedet. Dessverre blei det etter kvart få som passa bedet sitt. Trong for eit større leikeområde, førde til at «Skulehagen» blei del av grasområdet mot Storevatnet. Namnet «Skulehagen» blir framleis brukt om området.
A. M. Lauvsnes var styrar (rektor) for skulen frå 1915 til 1957, i 42 år! Han dukka framleis opp som vikar først på 60-talet, fykande inn klasseroms-døra kl. 08.40 med frakkeskjørta liggande i lufta bak seg! 3 timar: Norsk, rekning og eventyr. Han spela alle rollene med i stor innleving, og til stor OPPLEVING for alle elevane. Klassa mi fekk høyre starten på eit eventyr i 3. klasse og fekk slutten i 7. klasse!
Kjartan Lauvsnes (son til A. M.) var styrar 1964 – 1981. Han hadde oppsyn med utlån frå biblioteket. Rundt 1960 var bøkene i tre store doble skap i Filmsalen. Han spela ofte på mandolin og let elevar i 7. klasse føre inn i utlånsprotokollen. Om elevar blei for høgmælte eller knuffa og erta, kvesste han i: «Viss de ikkje sluttar, kjem eg og set meg på dokke, og då blir de ikkje verdt å samle opp med trekkpapir eingong!» Det vart straks stilt.
På 60-talet var det framleis vanleg å tiltale lærarar med etternamn og lærarinner med fru eller frøken. Vi stilte opp framfor hovuddøra i rekker klassevis. 7. klasse først, så 6, osv. 1. klasse stilte opp langs veggen under taket. Gutane skulle stå fremst! Så marsjerte vi opp trappene, og på plattingen mellom 1. og 2. etasje stod frk. Færøyvik, fru Takle. – Eit tog av bukkande gutar og neiande jenter spaserte forbi. Det var først mot slutten av 60-talet, og starten på 70-talet at elevane tok til å kalle dei yngre lærarinnene med fornamn. Dei eldre lærarane blei tiltala med etter-
Anbjørg D. Lauvsnes (kona til Kjartan) var rektor 1981 – 1994.
2. august Trygve Gran Har fløiet over Nordsjøen igaar paa 4 t. og 10 minutter mellem Peter Head og Jæren. Landingen gik godt i taake. Gran mottoges overalt med stor begeistring.



Klasse 1C ved Florø Folkeskole 1974. Bak frå venstre: Sigve Fossedal Olsen, Clive William Hopkinson, Knut Arild Skorpen, Kjell Magne Langø, Eirik Hjermann, Terje Rosnes, Deon Mortensen, Trond Sagen og lærar Anne Kristi Dyrli. Midten frå venstre: Bente Kari Liabø, Gunn-Helen Hansen, Ståle ??, Alf Gunnar Kjær, Tor Vidar Kittang og Ester Hovden. Framme frå venstre: Wenche Klokkernes, Tine Kinn Kvamme, Britt Malkenes, Anita Melvær, Sissel Moe og Solveig Willis. Foto: Horne.
1970-TALET
I 1978 hadde skulen 517 elevar og 24 klasser. Det var ikkje nok rom til alle, så 1. og 2. klasse måtte dele rom. 2. klasse begynte kl. 08.30 og var 3 timar i rommet. Dei måtte ha 4. time i eit anna rom 3 dagar i veke. 1. klasse kom kl. 11.30. På denne tida begynte foreldre i dei ulike klasser å pusse opp klasserommet til barna sine. I romma til 1. og 2. klasse delte ein på veggane og brukte overhead’en til å overføre bilete av barna sin kunst.
I 1970 budde det 8 002 menneske i storkommunen Flora, og innbyggartalet voks mykje utover på 70-talet. Hausten 1971 vart Flora ungdomsskule til. Då starta åtte 8. klasser og 5 7. klasser der. Barnetrinnet sat då igjen med 6 årskull, 1.–6. klassetrinn. I 1974 var Florø folkeskole 40 år. Skulen blei måla, og alle vindauga i klasseromma blei skifta ut. Dei fleste var punkterte og ein fekk lufting i romma utan å opne dei!
2. august Det svirrer av rykter Europas børser er urolige. Det er kommet forlydender om at England har forbudt udførelser av kul. SISTE NYT: Keiser Wilhelm har erklært krigstilstand i hele det tyske rike. Hamburg havn er stængt for utgaaende fartøyer. Kielerkanalen er stengt for fartøier med større dypgaaende end 1o fot. Russerne er bygyndt at sprænge broerne ved grænsen. De Østerigske tropper er bygynt sin fremmarsj mot Belgard, og har bombardert byen fra krigsskibe paa Donau. England og Frankrike fremdeles rolige.

Kl. 1B ved Florø folkeskule 1982. Framme frå venstre: Knut Ove Æsøy, Børre Eimhjellen, Rune Ottesen, Sølvi Østvik. Midten frå venstre: Egil Hatletveit, Ole Christian Kurtzhals, Colin Cassels, Siri Stavang. Bak frå venstre: Torgeir Skavøy, Laila (?), Sissel Strømmen, Ann-Elin Bårdsen, Hanne Katrine Toft, Janka Nedreberg og lærar Annik Block Helmers.
1980-TALET
I 1980 var folketalet i Flora kommune auka til 9 033, og utover 80-talet var der store barnekull på «Folkeskolen». Men midt på 80-talet brast jappebobla. Ankerløkken med over 500 tilsette, fekk problem. I 1986 var det slutt for Ankerløkken, og over halve arbeidsstokken miste jobben. I 1987 var det berre 283 elevar og 17 små klasser på skulen. Vi hadde god plass. I 1982 vart det opprør blant kvinnelege lærarar på skulen. Alle 4 klassene som skulle opp i Storskulen, hadde kvinnelege klassestyrarar som gjekk i full stilling. No var det på tide at mennene tok eit tak i Småskulen. Det måtte bli slutt på at kvinner alltid skulle halde seg i Småskulen. Vi hadde alle utdanning for å undervise på alle steg i grunnskulen. Det blei eit nappetak, men vi vann fram, og heldt fram med klassene våre ut 6. klasse. Fram til 7-årsløpet kom inn med 6-åringane, så
vart det meir vanleg at same lærar følgde med inn i Storskulen. Alle gjekk ikkje heile løpet med same klasse. Etter 1997 har få stått i same klasse frå 1.–7. Det er meir vanleg å byte etter 4–5 år. Dette gjeld både kvinner og menn. Elevane ved skulen har alltid vore ivrige og flinke til å lage kunstverk. Dei har pynta veggane på skulen og 2 gongar har alle elevane vore saman om å utsmykke skip bygde på skipsverftet. Noko av den kunsten prydar veggane på skulen i dag. I 1984 var det 50-årsjubileum for skulen. Der var utstilling i Fokus bank av nye og eldre skrivebøker og lærebøker. Vi hadde mange elevaktivitetar. I 1985 skifte alle folkeskular namn til barneskule. Unntaket var Florø Folkeskole. Etter 3 år med feiladressert post, kasta vi inn handkleet! Etter forslag frå ein av lærarane, skifte skulen namn 1. august 1988 til Florø Barneskole (o’en hang igjen etter gamle by-skolen).

1. klasse Florø Barneskole 1995. Bak frå venstre: Lars Orheim, Kjetil Klakegg, Malin Osland og Even Løland. Midten frå venstre: Sigrid Block Helmers, Steffen Loen Sunde, Kim Bjørnar Ellingsund, Svein Erik Seljeseth og Stig Ivar Haukås. Framme frå venstre: Synnøve Therese Bjerknes Book, Christoffer Korneliussen, Charlotte Herbertson, Lene Ullaland, Marthe Agledal, Ann Kristin Skorpa og Grethe Østrem (lærar).
1990-TALET
I 1990 runda folketalet i Flora nesten 9 900 menneske. Det var framleis 2 klasser på dei fleste trin. I 6. klassene, var det 20 elevar i bokmål og 28 i nynorsk, og det blei større og større overvekt av nynorskelevar på kvart trin. Hausten 1991 fekk 2., 3. og 4. klasse tildelt 20 undervisningstimar på kvart trinn til 1 lærar som skulle hjelpe elevar som sleit. Dette var ei omfordeling av spesialpedagogiske timeressursar som gjorde det mykje lettare straks å skaffe hjelp til elevar som hadde behov. Så langt råd var følgde læraren med elevane frå 2. til 3. og 4.trinet.
Utover på 90-talet blei det meir og meir snakk om teamarbeid. I 1992 blei første Plangruppa på Florø Barneskole vald. Kvart klassetrin valde ein av lærarane til å vere med i gruppa. Dei lærarar som var klassestyrarar på same trin, skulle arbeide tett saman og utveksle idear og fordele arbeidet på trinet seg i mellom t. d. blande klasser i undervisninga med integrert dag. Elevane vart godt kjende på tvers av klassene og lærarane vart kjende med alle elevane. Dette samarbeidet mellom lærarane letta arbeidet for den enkelte. I denne tida tok Florø Barneskole imot praksis- studentar frå Høgskulen i Sogndal. 1 lærar eller eit team hadde ansvaret for 4 studentar.
5. august Amtets matforsyning Amtmanden har henstillet til ordførerne og lensmænderne i tide at søke truffet nødvendige arrangement i anledning distriktets matforsyning. De tilstedeværende beholdninger er ikke tilstrækkelig for længre tid, og det kan bli verre senere.

samla på eit relativt lite uteområde, trong det eit synleg tilsyn. Lærarane fekk etter kvart gule vestar på seg i friminutta. Det er ikkje alltid lett å skilje mellom elevar og korte lærarar, når dei er godt påkledde. Røyrvik greip ein dag tak i ein «elev» som han meinte hadde forvilla seg der han ikkje skulle vere. «Eleven» snudde seg forskrekka. Det var lærar Inger Ødegård! Ha takk for dei gule vestane.
I 1994 hadde Florø Barneskole 60-årsjubileum. Både elevar og lærarar tok del med idear til feiringa. På fleire klassetrinn intervjua elevane våre dei som gjekk på Florø Folkeskole i 30- og 40-åra. Mange dikt og songar blei skrivne om livet på skulen, og vi laga utstilling og god mat. Ein gammal pult blei sett ned i gymnastikksalen, der alle elevane etter tur fekk sitje og skrive med penn og blekk og bli fotografert. Midt på 90-talet starta arbeidet med oppussing av skulen, eit arbeid som heldt på i to år. Arbeidarane starta i 4. etasje, og gjekk nedover i etasjane, ein halv etasje om gangen, frå branndør til branndør. Nokre 6. og 7. klasser måtte halde til på Samfunnshuset på omgang. Oppussinga førte til arbeidsplassar til lærarane, mediatek, møterom, storklasserom, 3 basar for 6-åringar, internett i klasseromma, heis. Scena i gymsalen blei teken vekk og gjort om til garderobe. Fysikksalen blei omgjort til skulekjøken. Småsløyden blei teken vekk og tekstilrommet kom i staden. Elevtoaletta blei flytta for å få plass til heisen. Administrasjonen flytta opp i 3. etasje i sørfløyen, og plassen i 2. etasje blei gjort om til grupperom. Nytt lufteanlegg blei installert. Det blei ei storrenovering til over 20 mill. kroner. Hausten 1997 kom 6-åringane inn i skulen. Igjen hadde vi 7 klassetrin ved Florø Barneskole. 8 nye lærarar blei tilsette, og i tillegg fleire assistentar. Skulelokala blei utvida med ombygging og utviding av Maurtua barnehage til 4 klasserom, 2–3 grupperom, kopirom, arbeidsrom for lærarane og avlasting for handikappa barn. Dei nye lokala fekk namnet Paviljongen. Hausten 1999 hadde Florø Barneskole 21 klasserom og 480 elevar delt på 22 klasser. Med så mange elevar
2000-TALET I året 2000 var folketalet i Florø kome opp i 11 500. Både elevtalet og lærarstaben ved skulen auka. Florø Barneskole knytte vennskapsband med den vesle skulen Lioliai, med ca 125 elevar, i Kelme i Litauen. Kelme er vennskapsby med Flora kommunen. To lærarar og to elevar reiste til Kelme i 2003. Elevane blei oppmuntra til å utveksle brev på engelsk. Siste besøk i Florø var i 2012. Flora kommune har og knytt band til ein vennskapskommune i Malaysia. Her har Florø Barneskule også hatt brevveksling nokre år. Annakvart år i ein periode hadde skulen marknad i desember. Elevane laga ulike arbeid som blei selde på marknaden. Pengane som kom inn, blei gitt til gode formål. Det blei etter kvart så trongt inne at det blei bestemt å heller ha ein Fysakdag i samband med FN-dagen. Litt utpå 2000-talet blei det bestemt at nye 1. klasser kunne ha både nynorsk- og bokmålelevar i same klasse. Dette blei ris til eigen bak. I 2. klasse måtte klassen delast i 10–12 timar for veka. Første året la dette beslag på tekstilrommet. Vi måtte bære utstyr til og frå Paviljongen fordi der ikkje var plass til 7. klassene på tekstilrommet. 2. året la neste klasse beslag på Mediateket i 10–12 timar.
5. august Krigen I England er det fremdeles rolig. Frankrike har trukket sine grænsetropper litt tilbake, for at de ikke skal komme i kollition med de tyske tropper, som ogsaa ligger nær grænsen. Fra Tokio meldes at Japan ikke vil være uvirksom. Det vil om mulig stille sig paa Englands side. Keiser Wilhelm har forlangt at Russland inden 12 timer fra i eftermiddag meddele om, at mobiliseringen begrænses. Ellers vil Tyskland mobilisere hele sin krigsmakt. Kl. 07.30 erklærte Tyskland Russland krig. Tyske tropper har trængt ind i fyrstedømmet Luxemburg. Norges Flaate er mobilisert. Vi er begynt mobilisering ogsaa av landtropper til neutralietsværn. Alle banker forhøier renterne. Turisttrafikken er fullstændig ødelagt for iaar.
Klasse 1A 2009. Bak frå venstre: Emilie Berg Husabø, Oscar Reksten, Jonas Anzjøn, Markus B. Johannesen, Hans Jørgen Antonsen Gjertsen, Lasse Klocke, Sivert Endestad Orheim og Andreas Årberg Larsen. Midten frå venstre: Sunni Knapstad Nilsen (lærar), Eskil Oddekalv-Bergseng, Ida Kristin Agledal Strømsøy, Britney Benert, Ida Seilen Tyssebotn, Eirik Hellesen Rosnes, Ekaterina Loubsky og Elias Føleide-Kjerpeseth. Framme frå venstre: Linn Turi Kalgraff Svardal(lærar), Aleksander Helle Vårdal, Aleksander Helland Hugøy, Tor Erik Korneliussen, Malena Vågan Marås, Ulla Cassells, Johanne Bae Hordvik, Mariana Kusslid Ness og Tina Sørbø Vee.
2010-TALET
Heldigvis varte blandinga berre 2. klassetrin, men med varige følgjer. Begge spesialromma var berre delvis i drift i 6–7 år! Særleg tidlegare leiar for Skulefritidsordninga, Hildur Bendixen, jobba hardt for å få opparbeid eit uteområde som ville vere til glede for alle ved skulen. Både lokalt og sentralt er det løyvd pengar. Eventyrskogen, aust for Paviljongen, er no blitt eit flott område med hytte og leirplass. Vi har fått kunstgrasbane og ei brygge ved vatnet. 1. mai 2014 blei Tarzanjungelen ved skuret ferdigbygd.
75-årsjubileet til Florø Barneskole var hausten 2009. Feiringa blei slått saman med 150-årsjubileet til Florø by.
Våren 2010 hadde Florø Barneskole 525 elevar, 44 lærarar, 22 assistentar, 3 administrativt tilsette, 4 reinhaldarar og ein vaktmeister (delstilling 3 dg/v). Hausten 2010 og våren 2011 hadde 7. klassetrinnet samarbeid med Kulturskulen om å sette opp ein times framsyning. Elevane fekk komme med innspel og lærarar ved kulturskulen sette saman musikk, dans, skodespel og illustrasjonar/ kulisser var på storskjerm. Det blei 2–3 flotte framsyningar i april 2011! Hausten 2014 er der 538 elevar på skulen, 493 i nynorsk og 45 i bokmål delt på 22 klasser. 4 klasser i 1. klasse gjer at vi er svært pressa for rom.

Klasse 2 B 2013. Bak frå venstre: Linda Magnussen, Mari Skarstein, Mariann Maureira, Mariann Sunde, Tommy Bårdsen Svardal, Kristoffer Skåre, Styrk Leversund, Sign Marie Brekke Sunde og Anne Lene Sekkingstad. Midten Frå venstre: Pablo Igland Bauge, Natalie Gauteplass, Brigt Vaage Kalsvik, Isabelle Iannone, Jonas Husabø, Patma Willis, Bendik Takle Wintertun og Karyana Eldieva. Framme frå venstre: Tia Herstad, Oskar Ellingsund, Jemesa Premraj, Elias Nikolai Trondsen, Lisa Bremnes, Mathias Bjørnseth, Charlotte Wiik, David Rindheim, Viveka Kubendra og Merethe Pedersen.
Mediateket er i praksis klasserom heile veka. Fleire tusen bøker er dessverre kasta, p.g.a. at dei er gamle og/eller det ikkje er rom til dei. Bøker vi får gjennom Kulturgåva, er nesten berre bokmålbøker fordi berre denne skulen, av barneskulane, har bokmålelever. No har vi 70/80 bøker for kvar bokmålelev og 3–4 bøker for kvar nynorskelev. Det er håp om å få til eit eige rom til bibliotek/mediatek i ombygginga av Paviljongen. Eit Mediateket som alltid er tilgjengeleg, er særs viktig for elevane si læring! Arbeidet med å utvide Paviljongen er i gang.
i familien, 17 altså! Det har ho Besta sagt!» Då var det ikkje meir å seie om den saka. Førebuinga til feiringa starta tidleg på våren med komité og innspel frå elevar og lærarar. Torsdag 25. september enda opp med ei festframsyning der kvart klassetrinn fortalde om eit tiår av skulen si historie. Elevar ved skulen tok publikum med på ei reise gjennom 80 år, der dei avslutta med ein song av 4 B. Alle elevane omslutta publikum både figurleg og faktisk med si rungande framføring av songen. Fantastisk!
Historia om Florø Barneskole er skriven av Reidunn Byrkjeland, som var elev ved Florø Folkeskole frå 1956 til 1963, og seinare lærar i nesten 40 år ved same skule. Ho er no pensjonist.
2014 FLORØ BARNESKOLE ER 80 ÅR I førebunga til jubileet snakka eg ein del med dei yngre elevane om korleis skulen var før i tida. Eg viste eit bilde teke frå Storåsen. Der kunne ein sjå sjukehuset og Florø Folkeskole som ruva i landskapet. Elles var der ikkje så mange bustadhus. Byen var skjult av Lilleåsen. Ein av 7-åringane sa: «Jammen koffor måtte dei ha ein så stor skule? Kor e ungane?». Ein annan gut fnyste: «Veit du ikkje det du. Den gangen hadde dei mange ungar
Kjelder: «Florø gjennom 75 år», «FLORA Kulturhistorisk vegvisar», «Florø 150 år». Diverse utgåver av «Årbok for Sogn og Fjordane» og «Eit liv i Florø».

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2014.