2014-05 - Odd Standal - Flora 50 år

Flora 50 år

Frå 01.01.1964 vart kommunane Kinn, Bru, Eikefjord og Florø slått saman til den eininga vi kjenner i dag, men som no er i støypeskeia att. Og bykommune vart det. Det høyrer med til historia at skilnaden mellom bykommunar og landkommunar allereie då var nesten utviska i det meste av lovverket, m.a. var byane komne med i fylkestinga, men likevel var bystatusen viktig, både for folk i Florø og for mange av dei som budde i dei tidlegare omeignskommunane. Eikefjordingane var t.d. opptatt av at Florø måtte få behalde statusen sin.

Kommunedelingskomiteen (Schei-komiteen) hadde også gått inn for at Florø skulle halde fram som bykommune. Men byen mangla vekstrom, og komiteen meinte at Florø burde få seg tillagtnokre område frå Kinn, først og fremst øyane nord for Florøvika (Sandværet, Langøya, Klubben, Rota og Helenaholmen), litt av Havreneset, eit område aust for Kanalen, Nybø, Ragnarrud og så nordover til sjøen i Botnavågen. Alle var einige om at Florø hadde for lite byggjeland, og dette skulle vere løysinga. Kommunane Kinn og Florø hadde forhandla om ei slik ordning i fleire år, og var nesten komne i hamn med ein avtale då framlegget om storkommune kom på bordet. Saka om kommuneregulering i Florø-distriket hadde vore til behandling i fleire år etter at Scheikomiteen la fram si første tilråding i mars 1957. I september 1962 sender så Kommunal- og arbeidsdepartementet ut to nye alternativ : 1) Alle fire kommunane går saman, eller 2) Bru og Eikefjord går saman, Kinn og Florø gjer det same. Formannskapet i Florø rår til at bystyret nektar å ta standpunkt til desse nye framlegga, fordi begge er uakseptable. Eikefjord protesterer – dei vil halde fram som eigen kommune. Slik saka stod no, var det nødvendig at nokon skar gjennom. Det prøvde kommunalkomiteen seg på, men i mars 1963 kjem så saka til Stortinget. Kommunalkomiteen har lagt fram ei delt innstilling: Mindretalet, under leiing av representanten Undheim (Sp) frå Rogaland, går inn for at Bru og Eikefjord vert slegne saman og at Kinn og Florø får same lagnad. Fleirtalet, med saksordførar Skaaren, meiner at alle 4 kommunane skal gå saman – og at den nye kommunen skal ha bystatus. Dette siste var i strid med departementet si tilråding.

FLORA

Kart utarbeidd av Sunnmørsprostens reklamekontor i heftet Flora – storkommunen i vest utgjeven av Flora kommune først på 1970-talet.

FLEIRTALET Debatten viste kor store dilemma komiteen hadde hatt. Det var stort sett semje om at alle fire kommunane var økonomisk svake, bortsett kanskje frå Florø som hadde hatt eit oppsving som følgje av at Ankerløkken var etablert i byen, og også på grunn av dei rike sildeåra på 50-talet. For å greie seg måtte Bru, Kinn og Eikefjord få om lag like mykje i skatteutjamningsmidlar som dei sjølve utlikna i kommuneskatt. Fleirtalet legg også stor vekt på at Florø er den einaste byen mellom Bergen og Ålesund, og «det meget sterke ønske fra byens egen befolkning om å fortsette som by «. Skulle komiteen ha gått inn for at Florø skulle få så store delar av Kinn som byen opphavleg ønskte, og som byen etter komiteen sitt syn hadde behov for, ja så ville det ha brote ryggen på Kinn kommune. Komitefleirtalet ser det difor slik at dei har løyst den floken som Schei-komiteen meinte at dei stod oppe i – nemleg å gjere eit så vidstrakt landdistrikt med eit lite sentrum til ein bykommune. Mot slutten av innleiinga si siterer Skaaren H.J. Blom: Byens første ordfører, stortingsrepresentant og sogneprest H.J. Blom, skrev den gang striden om opprettelsen av Florø by var på sitt høyeste at han håpet Stortingets beslutning ville «blive Held og Velsingnelse for Distriket; det var dette og intet andet jeg vilde». Det er dette og heller ikke noe annet vi i kommunalkomiteens flertall har villet med vår innstilling i dette spørsmål.

MINDRETALET Undheim startar innlegget sitt med følgjande insinuasjon: I brev av 20. august 1962 la Kom- munaldepartementet fram for kommunane og fylkesutvalet to alternativ til løysing av dette kommunedelingsspørsmålet. Det har undra meg mykje kvifor departementet seinare gjekk frå det framlegget som det hadde sett opp som alt. 1, og som etter mi meining er den beste og einaste naturlege løysinga på spørsmålet (dvs. Bru + Eikefjord – Florø + Kinn). Var det eit slags irritert reaksjon på den sterke motstanden frå Florø by mot alt anna enn ei partiell byutviding? Eller gav departementet etter for standpunktet til Kinn, som ikkje kunne tenkje seg ei samanslåing med Florø utan at Kinn fekk med seg dei to andre landkommunane som eit slag allierte mot Florø-byen ? Eller har synet til departementet endra seg i retning av større kommunale einingar i desse få månadene ? Eg trur det kan vera noko i alle desse grunnane.

4. juli. Nogle unge mænd og en del kvinder faar stadig arbeide ved Florø Conservesfabrik

4. juli. En del LÆREGUTTER antages ved Florø Verksted

DEBATTEN I STORTINGET

vart både lang og livleg, og ikkje utan snert og humor. Skjemtegauken Erik Dreyer Hovland frå Eikeford meinte at «vi som bur så nær England, må halda oss til a (Flora) og ikkje til ø (Florø), som er ein bokstav engelsmennene ikkje forstår. Diskusjonen hadde versert i lokalavisene lenge, og det hadde vore argumentert – meir eller mindre seriøst – for alle dei fire kommunenamna. – Det viste seg å vere rett, det som i si tid var sagt i stortingsproposisjonen, at «følelse også virker inn på folks standpunkt». Det vart sett fram 4 alternativ til namn: Florø, Flora, Kinn og Florøy. I følgje Firda Folkeblad var det Anton Holm frå Bru som argumenterte best for Florø. Han meinte at sjølv om Flora var det mest naturlege, så måtte ein hugse på at Florø var kjent utover landegrensene. Ordførar Haus frå Florø var noko oppgitt. «Skal namnet takast vekk, så har vi ingenting igjen, anna enn ein bondeby», meinte han. Uttrykket «bondeby» provoserte mange, og kanskje var dette med på å sikre fleirtal for Flora med a. Som sagt, debatten drog ut, og det vart kravd prøverøysting. Prøverøystinga viste 32 stemmer for Flora, 31 for Florø, 4 for Kinn og 1 for Florøy. Ved endeleg røysting viste det seg at Flora hadde fått 40 røyster og Florø 31. Saka var i praksis avgjord, sjølv om det var departementet som gjorde endeleg vedtak.

Etter at Skaarer hadde hatt ordet, gjer presidenten merksam på at det har «tegnet seg en lang rekke talere i denne saken». Mellom desse var naturlegvis Ludvig Botnen (V), mangeårig redaktør av Firda Folkeblad. Han strekar først under det alle er samde om, nemleg at den delen av Bru som ligg på sørsida av Førdefjorden, må gå til Askvoll; vidare at Steindalen i Vevring må gå til den eininga der Eikefjord vert med. Botnen argumenterer eigentleg for at Florø burde haldast oppe som eiga kommunal eining med ei mindre utviding, noko som nær hadde vorte vedteke i fylkestinget alt i 1947. Eigentleg er Botnen imot å slå saman by og land, men han må konstatere at det ikkje har vore råd å få oppslutning om dette, korkje frå departementet eller kommunalkomiteen. Difor vel han å støtte fleirtalsinnstillinga. Og han legg avgjerande vekt på statusspørsmålet, at Florø skal vere by – den einaste mellom Bergen og Ålesund. Mindretalet hadde hevda at landdistrikta ville tape på å gå inn i storkommunen. Storkommunen ville komme til å trenge skatteutjamningsmidlar, og faren ville vere stor for at desse kom til bli brukte til å byggje ut Florø-området. Botnen spør kva mindretalet veit om dette – om kva som kjem til å skje. «Men her i Stortinget (…) bør vi i alle fall ikkje fella dom føreåt ved å kasta ut spådom om maktmisbruk»! Einar Stavang (Ap) peikar på «kor sundskorne og sundrivne bygdene det her er tale om, er – kor veglause dei er», men Stavang legg større vekt på at den økonomiske evna er så veik. Han viser til statistikken for 1961, som fortel at folk i Sogn og Fjordane hadde den avgjort lågaste inntekta av alle fylke, så mykje som 600 kr. mindre enn folk i Troms, som var nr. 2 rekna frå botnen. Ein kan ikkje venta, seier Stavang, at Flora som greier seg bra, skal ta noko av byrdene til dei tre herada. Ein ny samkommune må ha like mykje skatteutjamningsmidlar etter samanslåinga, som om dei fire hadde vore haldne oppe kvar for seg. Stavang argumenterer deretter sterkt for at det må bli sett større fart i arbeidet med å byggje vegar som kan knyte landdistrikta saman med Flora. (Stavang snakkar om Flora, ikkje Florø). Stavang ser m.a. føre seg ferjesamband mellom Flokenes og Svortevik.(…) det er ikkje utenkjeleg at vegsambandet kan verta skote fram frå Stavang til Veiesundet (…) og so ferje over det sjøstykket som er kalla Vessreset.» Stavang avsluttar slik: «Eg synest at det framlegget som fleirtalet har gjort, er det nest beste av dei alternativ som ein kan tenkja på når ein vil gå til å slå saman dei kommunane tilrådinga gjeld. Difor stør eg framlegget frå fleirtalet på det aller beste». Hans Ommedal (Krf) finn grunn til å minne om at det er 40 år sidan Bru og Eikefjord vart skilde ut frå Kinn, «men det er nok ikkje full semje om å koma saman att i éi kommunal eining», seier han tørt. «Men i alle desse åra har Kinn, Bru, Eikefjord og Florø vore eitt prestegjeld, eitt lækjardistrikt og eitt lensmannsdistrikt, så ein kan nok seia at også i den tida dei fire kommunane har vore sjølvstendige kommunale einingar, har dei hatt mange ting saman.» Ommedal konstaterer vidare at Florø har trong for større areal enn det Kinn kommune kan avstå «utan å gjera meinhogg mot seg sjølv». Løysinga må bli storkommune, for Bru og Eikefjord er den svakaste delen av distriktet.

8. juli Tøffelheltenes fagforening Ti mand, som stod under skarp kommando av sine koner, fattet i et inspireret øieblik den dristige tanke, at danne en fagforening til gjensidig trøst og opmuntring, samt drøftelse av, hvorledes de bedst skulle frigjøre sig fra sit egteskabelige aak. Fruerne hadde imidlertid faat nys om sagen, og just som de gode mænd var midt i debatten, kom damerne styrtende ind i værelset. Ni av de gjæve tøffelhelte flygtet, kun en sat rolig paa sin plads. Da luften var «ren» vendte de ni tilbake for at utnævne den tapre mand som hadde holdt stand, til æresformand. Men han var død. Han hadde faaet slagtlifelde av skræk.

NAMNESPØRSMÅLET

Ei vond namnesak frå Sørlandet førte til ein interpellasjon i Stortinget i 1960. Kommunane Dybvåg–Tvedstrand–Holt var slått saman, og namn skulle fastsetjast. Ved avrøystinga i dei tre kommunane fekk Holt 30 stemmer, Tvedestrand 29 og Dybvåg–Holt 2 stemmer. Departementet fastsette namnet til Tvedestrand, og rabalderet braut laus. Retningslinjer for kva som skulle leggjast til grunn ved val av nye kommunenamn, var faktisk vedtatt av Stortinget i 1955. I stortingsproposisjonen som førte fram til vedtaket er det m.a. sagt at «Lokalsynet, pietetsfølelse o.l. vil gjøre seg gjeldende. Iallfall vil navnespørsmålet i ikke liten grad kunne være også et psykologisk spørsmål, hvor følelse også virker inn på folks standpunkt.» Vidare heiter det at ein særleg må passe seg for namn som kan gje inntrykk av at éin kommune vert lagt under ein annan. Om ein ny kommune omfattar eit heilt prestegjeld, kan det vere naturleg å bruke namnet på prestegjeldet – altså i vårt tilfelle Kinn, men det vert også åtvara mot øynamn, fordi det er så mange kommunar som har slike. I alle høve vil det vere slik at Regjeringa vil leggje stor vekt på den oppfatninga som gjer seg gjeldande lokalt. «Men som nevnt vil jo disse vedtak ute i kommunene ikke kunne gi løsningen i alle saker, idet de ofte vil være truffet under meget sterk dissens.» Namnesaker som departementet er i tvil om, vert lagde fram for statens namnekonsulentar.

Kjelder: Stortingstidende Firda Folkeblad Schei-komitéen

3. mai 1963 er kommunestyra i Bru, Eikefjord, Kinn og Florø kalla saman til fellesmøte for å førebu samanslåinga. På saklista stod m.a. namnespørsmålet, og det var inga bombe at debatten

22. juli Rota. Den store holme som ligger like ved Florø, har i de sidste aar gjennemgaaet en hel forandring. Den blev for 4 aar siden kjøpt av Samson Nilsen og det er forbausende hvilket arbeide denne mand har nedlagt. Rota er vistnok til salgs, og der er god anledning for unge mennesker som interesserer sig for gardsbruk til at ta fat. Man behøver ingenlunde reise helt til Amerika for at finde dyrkningsland. Rota er delt i to avdelinger. Imellem gar den kjendte Rotavaag hvor sa mangt et sildesteng er tat før i tiden. Forleden var jeg saa heldig at faa se et litet sildestæng. Det var paa 13 maal fin blandsild og 1 maal spir. Jeg blev indtgaget i Rota. Smilende laa den der i solskinnet. Rotavaagen blank som et speil mens silden glinset i vandskorpen og maakerne for skrikende omkring og speidede efter bytte. John

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2014.