Bru kommune
«EIN AV DEI MEST VANSKAPTE KOMMUNAR VI HAR»
I slutten av mars 1963 hadde Stortinget føre saka om kommuneregulering i Ytre Sunnfjord. I omtalen av Bru siterte saksordføraren skuledirektør Aam som hadde karakterisert denne kommunen nettopp slik. Representantane Einar Stavang og Hans Ommedal herifrå fylket brukte same uttrykket. Ludvig Botnen, også herifrå, skildra vanskapningen slik:
under administrasjon vart vedteken same året, altså etter at delinga var gjennnomført. Alt i 1918 sette kommunestyret ned ei nemnd til å komme med framlegg om den paatænkte deling av Kinn kommune. Nemnda får medlemmar frå dei tre soknene – Kinn, Svanø og Eikefjord. Det låg vel såleis i korta at delinga skulle skje etter soknegrensene. Soknet var etter tanke og tradisjon ei naturleg eining, på nivået under den vidstrakte kommunen. At val av formannskap i Kinn skjedde separat for kvart sokn, understrekar dette.
For Bru kommune er tilhøva aller vanskelegast. Det er bra store avstandar slik heradet strekkjer seg frå fjellgardane øvst i Nordalsfjorden oppe mot Ålfotbreen, tvers over fire fjordarmar til det endar i Oslandsbotnen på grensa mot Askvoll. Då tek vi til å nærma oss ein femte fjord. Og på midten held heradet på å ryka tvert av. Der finst ikkje noko naturleg sentrum innan kommunen. Headstyret, skulestyret og fleire andre kommunale organ i Bru held som regel møta sine i utanfor kommunen, i Florø. Dei heldt lenge på Stavang som møtestad. Der budde også presten. Men no er ikkje lenger den einaste embetsmannen innanfor heradet, å finne der, dei har flytt han til Florø, han og.
KORLEIS VART VANSKAPNINGEN AVLA ? Med verknad frå 1923 vart Kinn kommune delt i tre, – Kinn, Bru og Eikefjord. Somme har framstilt det slik at dette var ei straff Kinn kommune fekk for dårleg økonomistyring. Dette er ikkje rett. Ønskjet om deling kom frå kommunen sjølv, og den lova som gav Staten rett til å setje kommunar
Då innstillinga frå komiteen vart lagd fram, gjekk den – ikkje uventa – ut på at «de nuværende sognegrænser blir de nye herredsgrænser. Der er dog taget det forbehold at Nordalsfjord har adgang til at søke sig overflyttet til Kinn herred saasnart det måtte findes nødvendigt». Dermed hadde Kinn bede om å bli delt i tre – etter soknegrensene. Men vegen gjekk ikkje beint fram. Fylkestinget utsette saka i eit år – og ba om supplerande opplysningar. Kinn kommunestyre svarte såleis ei tid seinare:
1. juli Bærplukkere. Se her! Et særdels praktisk apparat til rensing av alle sorter bær, særlig blaabær og tyttebær, – er uundværlig for enhver bærplukker, – renser ca. 30 liter i timen. Nævnte apparat kan enhver – lidt nevenyttig – mand arbeide ferdig paa ca. 3 à 4 timer. Tegning og maal av apparatet, samt brugsanvisning erholdes mot indsendelse av 65 øre til Ivar Vassbotten, Høidalsfjord.
Kart utarbeidd av Sogn og Fjordane vegkontor i 1939. Kopi frå Fylkesarkivet. legg merke til vegane som då var under planlegging.
seg strokne. Det vert då att berre 64 underskrivarar, som utgjer i prosent umkring 36 ½ av dei røysteføre.
«Kinn herredsstyre fastholder enstemmig kravet paa deling av Kinn herred i 3, og retter en indtrængende fornyet anmodning til fylkestinget om at avgjøre denne sak snarest. Alene en 3-deling kan tilfredsstille dette folkekrav i vort herred.» Og slik gjekk det. Vanskapningen Bru kommune kom til verda. Nemnast må det at Nordalsfjorden på eit seinare tidspunkt (1927) prøvde å bryte ut og bli ført tilbake til Kinn, slik delingsvedtaket opna for, men det gjekk dårleg: Formannskapet i Bru konstaterte følgjande: Søknad frå nokre røysteføre uppsitjarar i Norddalsfjorden um at Norddalsfjorden må verte yverflytt til det nye Kinn herad – i same sak låg fyre eit skriv frå 30 um å verte strokne av søknaden. Vedtak: Med 15 mot ei røyst (Martin Nordal) vart vedteke å ikkje støtte søknaden av nedanfornemnde grunnar: Søknaden hadde i alt 103 underskrifter; 2 av desse døde, 7 er utflytte frå heradet, 30 har kravd
MEN KVIFOR DELING ? Det er rett at Kinn kommune var i økonomiske vanskar, særleg på grunn av den havarerte kraftutbygginga i Ålfoten. Men dette galdt ikkje berre Kinn, og dei nye kommunane fekk med seg sin del av gjelda, og måtte slite med den i lange tider. Alt i november 1923 måtte Bru ta opp eit lån på kr. 58.000 til «dækning av det gamle herreds fællesgjæld». Dette utgjorde om lag 85 % av eit samla årsbudsjett. Ønskjet frå Kinn om 3-deling hang snarare saman med at det som var vanlege kommunale oppgåver på denne tida, lettare kunne løysast innanfor mindre geografiske einingar. Kinn kommune var eit vidstrakt distrikt med lange reisevegar, og kommunepolitikk i mellomkrigstida var

Bjarne Svanøe.Siste ordføraren i gamle Kinn, den føste i Bru. (Privat foto:) Siste ordføraren i Bru. Anton Holm. (Privat foto.)
Deretter følgjer fattigstyret – 9 medlemmar, også desse valde frå kvar sin krins. Fattigbudsjettet utgjorde ein stor del av kommunen sine utgifter, i 1924 ca. 20 % av nettobudsjettet. Og kven var dei fattige? Ja, det var det lokalkjende folk som måtte vurdere. Det vart også valt 16 lagrettemenn, 14 skjønsmenn, 10 utskiftingsmenn, jordstyre, medlemmar til Kommunikasjonsnemnda for Sunnfjord, arbeidar- og arbeidsgjevarrepresentantar til styret for krinssjukekassen. Vegar var det lite av i Bru, men dei stubbane som var køyrande med hest og kjerre, måtte vedlikehaldast. Ikkje over kommunen sitt budsjett, men av bygdefolket. Til dette formålet måtte det veljast rodeforstandarar, som hadde til oppgåve å sjå til at grunneigarane utførte vedlikehaldet slik dei plikta. Overoppsynet med vegane var lagt til lensmannen, som etter gammalt var felles mellom gamle Kinn og Vevring.
nærdemokrati i praksis. På godt og vondt. Vi er i førbyråkratisk tid, så sakene kjem rett på bordet til formannskap og kommunstyre. Saksopplysning skjer gjennom den lokalkunnskapen som valde tillitsmenn sit på. Kommunestyret i Bru konstituerer seg 12. desember 1922. Etter at formannskap og ordførar er valde, kjem neste sak: Val av likningsmenn. Kommunen vart inndelt i 13 likningskrinsar, stort sett samanfallande med skulekrinsane, og kvar krins hadde sin likningsmann med varamann. Utlikning og innkrevjing av skatt var sjølvsagt grunnleggjande for drifta av kommunen, og folk skatta av matrikkelskulda (storleiken/verdien av gardsbruk), formue og inntekt. Ein av likningsmennene tek etter kort tid opp spørsmålet om å gjennomføre ei teljing av husdyra i kommunen. Kanskje var ikkje alle komne med i likningsoppgåva? Så kjem val av skulestyre – ein representant med vara frå kvar av dei 11 skulekrinsane. Mindre enn halvparten av krinsane hadde eige skulehus!
4. juli Attentatet Straks efterretningen om attentatet paa erkehertug Franz Ferdinand og hans gemalinde blev kjend i byen, blev flaggene overfalt heist paa halv strang. Gjærningsmanden er 19 aar. I forhøret uttale han, at han allerede længe har havt til hensikt at dræbe en eller anden høitståaaende person av nationale grunde.


GJEKK DETTE BRA ?
PARTIPOLITIKK OG BYGDELISTER.
Til kommunevalet i 1925 ligg det til slutt føre berre 2 lister: Bru fællesliste, kommunevalget 1925, og Valliste for bønder og fiskarar i Bru herad 1925. Det som er tydeleg på begge listene, er at det er lagt vinn på å få med folk frå alle krinsane i kommunen. Listene avspeglar også det som truleg var hovudstraumane i politiske haldningar – felleslista mot høgre og bonde/fiskarlista mot venstre. Det er Arbeidarpartiet som først kjem på bana med eiga partiliste, og det er Tor Grønevik som frontar denne. Han var ein særmerkt mann, svært kunnskapsrik og fri i tanken. Ved kommunevalet i 1951 har han, saman med nokre andre, brote ut av Arbeidarpartiet og stiller som kandidat på det dei kallar «Ikkje-politisk liste». Elles er det tydeleg at også Bru er på veg mot partilister: Arbeidarpartiet, Venstre, Bondepartiet stiller lister, i tillegg til ei «Samlingsliste» og «Ikkje-politisk liste». Motsetningane var ikkje verre enn at Tor Grønevik frå Ikkje-politisk liste vart vald til ordførar.
Det kjem sjølvsagt an på augo som ser, men alt tyder på at vanskapningen greidde seg bra i livet, sjølv om han vart berre 41 år. Det skulle godt gjerast å finne eit sentrum i Bru, men kommune- styret hadde møta sine i Stavang. Der var hovudkyrkja i soknet. Dit måtte folk komme sjøvegen, og det seier seg sjølv at dette var tungvint, og tok mykje tid. På den andre sida, så var det slik folk var vane med å ferdast når dei hadde ærend til nabobygder. Om der ikkje var eit fjell dei kunne gå over, då. Det var først i 50-åra at Florø vart ein vanlegare møtestad. Truleg kan vi takke Sunnfjord meieri for det. Mjølka måtte fram ferskast mogleg, og mjølkebåten hadde faste ruter. Mildt sagt var denne mjølkebåten ei veritabel kombinertrute – med sentraliserande verknad. Som alle andre kommunar måtte Bru først kjempe seg gjennom krisetidene i 20- og 30-åra. Framfor alt var det spørsmål om å skaffe mat til folk. Gjennom ulike tilskotsordningar prøvde Staten å stimulere til auka jordbruksproduksjon. Naboar kunne gå saman og skipe reiskapslag. Gjennom kommunen kunne dei så søkje om statstilskot til innkjøp av landbruksutstyr. Bru hadde mange reiskapslag, som fekk kjøpt inn hesteriver, steinbukkar, slåmaskiner, plogar, treskemaskiner, reinsemaskiner o.a. Jordbruk og fiske var næringsvegane. Staten gav tilskot til innkjøp av olje, kommunen garanterte for lån som folk måtte ta opp for å skaffe seg t.d. fiskefarty. Når Bru kommune greidde seg såpass som dei gjorde, er det ikkje minst å takke alle dei forstandige tillitsvalde som påtok seg styringsansvar i vanskelege tider. Bjarne Svanøe var den første ordføraren (og den siste i gamle Kinn), Anton Holm den siste. I tida mellom desse finn vi folk som Tor Grønevik, Lars Svardal, Per Starumsnes, Per Hjertenes (Per i Osen), Anders Haave.
HEIMEKRIGEN I EIN LITEN HERADSKOMMUNE Med rette har dei som ofra liv og helse for fedrelandet 1940-45 fått mykje merksemd i etterkrigstida. Men nokon måtte halde hjula i gang heime og. Dei har vi høyrt mindre om. I Sogn og Fjordane var det smått med nazistar, i ytre strok var dei mest heilt fråverande. Okkupasjonsmakta kunne difor ikkje setje inn sine eigne folk i lokalstyringa, men måtte ty til dei som hadde hatt kommunale tillitsverv før krigen. I «forordning av 21. desember 1940» kom det pålegg om at formannskapa måtte halde fram i verva sine. I april 1941 vart det difor halde møte i det som skulle heite Bru «heradsting». Ordførar var Lars L. Svardal d.y., varaordførar var Anders Haave. I tillegg møtte 7 av 8 formannskapsmedlemmar. Dei starta med å vedta denne fråsegna: Vi er alle oppnemnde utan å vera spurde, og utan å vita kva
4. juli Raa mennesker finder stundom fornøielse i at ødelægge eller gjøre skade paa trær, benke eller lignende. Onsdag aften brev 3 unge mænd grebne i den slags raaskap paa sydsiden av Storevandet her i Florø. Vi har i Florø gjentagne gange været utsat for slikt. Disse sidste voldmænd vil derfor bli draget til ansvar efter loven, der lønner saadanne heltegjerninger med bøter eller indtil 3 aars fængsel.
ETTERKRIGSÅRA
plikter som fylgjer med oppnemninga. «Vi går til arbeidet med den føresetnad at vi i ubrote framhald kan fremja dei kommunale sakene etter beste skyn og overtyding til beste for heradet. Vi vil so langt vi maktar gjera det beste for at dei lover og forordningar som vert utferda, kan bli til beste for heradet, men noko politiske plikter utanom det vedgjeng vi ikkje å ha meir enn andre «. Styre og stell måtte haldast oppe, skattar måtte inn, så hjula kunne svive, sjølv om det var krig. I 1944 ser vi klårt uttrykte protesthaldningar frå medlemmar av formannskapet. Okkupasjonsmakta rekvirerte hestar frå gardbrukarane. Til dømes hadde ein bonde i Standalen mista hesten sin til tyskarane. Rett nok skjedde slikt i ordna former, så hesten var taksert til kr. 1.500 men tyskarane betalte berre kr. 900. Han søkjer kommunen om å få dekt mellomlegget, og det fekk han! Formannskapet vedtek følgjande fråsegn: «Heradet vantar alt no den mest turvande trekkraft for nåme nær å kunne klara det pålagde arbeid i jord- og skogbruket. Vi protesterar derfor mot at det vert fjerna ein einaste brukshest frå heradet.» Seinare same året vart det levert interpellasjon (!) i Bru formannskap, den einaste i kommunen si historie. Det er den myndige og uredde heradsagronomen Thorleif Svanøe som spør: «Hva akter ordføreren at gjøre for at den tildelte (kunst-)gjødsel kan komme frem til forbrukerne i god tid før våronna?» Svar: Ordføraren (no Anders Haave) har før munnleg (22.10.) henvendt seg til Bru jordstyre om saka og må på ny henstille til jordstyret om å påskunde saka å gi melding om kva som er gjort.» Som sagt, skattane måtte inn. Ein kar, også frå Standalen, stod til rest med skatten for året 1940/41, og fekk krav på denne i 1945. Han søkjer om ettergjeving av dette kravet, fordi han var så uheldig å hamne i konsentrasjonsleir frå 1942. Det hadde hagla med søknader om å sleppe skatt, heilt eller delvis, frå den tid kommunen vart skipa, men dette var ein av dei få søknadene som vart stetta.
Allereie i 1946 sette regjeringa ned ein kommunedelingskomite. Komiteen er i ettertid blitt kalla Schei-komiteen etter formannen, Nikolai Schei, fylkesmann i Sogn og Fjordane. Alt då tok det til å brenne eit blått lys for Bru, som for mange andre små kommunar. Sjølv om inntektsgrunnlaget i Bru var svakt heile den tida kommunen eksisterte, så var 50-åra ei oppgangstid også i denne kommunen. Det vart bygt nye skular i Høy- dalane, på Bjørnset og i Standalen. Vegar vart også bygde, og Bru kommune var ein sterk forkjempar for det som på den tida vart kalla fjordlina – vegen langs Førdefjorden og vidare til Eike- fjord. Tanken var på denne tida at vegen skulle førast vidare til Osen og Svardal, og derifrå over Vasset til Eikefjord. Men så kjem tilrådinga frå Schei-komiteen om kommunegrensene i Ytre Sunnfjord. I omtalen av Bru peikar komiteen på at kommunen ikkje har noko forretnings- eller administrasjonssentrum. Til å ta seg av drifta har komunen to tilsette – likninssjef og heradskasserar. Kommunen vert karakterisert som «vegfattig», sjølv om ein del vegar er under bygging og/eller planlegging. Etter ein gjennomgang av kommunane Eike- fjord, Florø og Kinn kjem komiteen til at Bru i hovudsak bør delast mellom Eikefjord og Kinn. Sørsida av Førdefjorden – Vågane krins – går til Askvoll, Svanøy og Stavøy til Kinn. Men som kjent – slik var det ikkje. Schei-komiteen si tilråding vart send på høyring, noko som resulterte i ei endra innstilling : I april 1959 kjem komiteen med framlegg om i 2 alternativ: 1. Kinn, Bru og Eikefjord vert slegne saman til ein kommune. 2. (I hovudsak) identisk med den opphavlege innstillinga. Bru formannskap deler seg i denne saka. Med tre mot to stemmer går dei inn for alternativ 1. Men som kjent vart det korkje alternativ 1 eller aternativ 2.
Kjelder: Protokollar frå kommunane Kinn og Bru. Schei-komitéen.
Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2014.