Magnus Thingnæs
LOKALHISTORIKAR OG LOKALPATRIOT
«Å bringe byen frem i lyset»
Så knapt kan ein av dei meir betydningsfulle Florø-borgarane beskrivast i ein leksikalsk artikkel (Fylkesleksikon). Men denne knappe omtalen av Magnus Thingnæs får fram at han skreiv bøker og var oppteken av Florø og Sunnfjord. Kanskje ein av dei største Florø-patriotane vi har hatt, trass i at han ikkje budde her så veldig mange år. Alt som 17-åring flytte han med familien til Ålesund og der jobba han til han seinare flytta til Oslo. Heile tida arbeidde han som typograf og journalist. Berre 50 år gammal døydde han, eit par år etter 100-årsjubileet for Florø som han sette sitt sterke preg på. Heile tida skrivande – og mest alt han skreiv, handla om Florø – eller Sunnfjord: To diktsamlingar som fløymde over Florøkjærleik, 3 gute- og ungdomsromanar som stort sett la hendingane sine til distriktet her, og historieboka om Florø til jubileet i 1860, ei bildebok frå Florø i serien «Kjenn ditt land» og ei bok om Sunnfjordlaget til deira jubileum i 1956. I tillegg ei uendeleg rekke med artiklar og innlegg og forteljingar i lokal- avisene her og ein del i Ålesund og elles i landet. Han sørgde òg for å få presentert ein svært aktuell kunstnar frå Florø: Grafikaren og målaren Bjørn Hegranes, som gjennomillustrerte begge diktsamlingane hans, og i «Blomster fra min barndoms hage» gjev ein fyldig omtale av Hegranes: «Av kritikere blir han betegnet som en av våre mest lovende grafikere». Denne samlinga kom ut «på eget forlag» i 1960, jubileumsåret. Han tok altså sjølve kostnaden med å få boka trykt, med dei grafiske bilda til Hegranes, for å gje ut ei hyllestbok, mest i verseform. Samtidig som han òg hadde ansvaret for jubileumsboka «Florø – Norges vestlige by» på oppdrag frå kommunen og jubileumskomiteen.
«Magnus Thingnæs (1912–1962) frå Florø, busett i Oslo. Typograf og forfattar, som m.a. har gjeve ut diktsamlinga «Min barndoms by» (1944) og eit par gute- bøker. Thingnæs var redaktør av jubileumsboka i samband med 100-års-jubileet for Florø i 1960. Han skipa Florø-klubben i Oslo, og var aktiv i Sunnfjordlaget der.»
«Blomster fra min barndoms have» er ment – ved siden av at den er en hilsen og hyllest til Florø ved hundreårsjubileet den 16. mai – å være et ledd i arbeidet med å bringe byen frem i lyset. Samtidig skal det være en appell til alle, både hjemme og ute, om å arbeide mer aktivt for føde- stedets fremgang og vokster i kommende tider.»

Hilsen til Florø på 75-årsdagen 16. mai 1935 I dag går tanken til en by som smilende i Åsens ly ligger lunt for storm og ruskevær. Speiler seg i blanke vann, vasker sig i brått og brann når havet brøler over flu og skjær. En lenke av minner er bånd som evig binder oss til byen med de fem og sytti år. Vi hilser dig, kjære og håper du med ære må hevde dig i tider som vi får. (…)
Dette kan vel kallast eit program for alt Magnus Thingnæs gjorde og skreiv om Florø sjølv om det var skrive berre 2 år før han døydde. I denne artikkelen har eg tenkt å presentere litt av skribenten og debattanten Thingnæs, henta frå ei samling utklipp eg har fått i hende (samla av familien) frå han skreiv sine første innlegg i Ålesund som godt og vel 20-åring og fram til 1962. Det blir berre eit lite utdrag av den store stoffmengda, og ønsket kunne vere å få samle meir av dette stoffet i ei eiga bok ein gong! Noko av det siste Thingnæs fekk på trykk i lokalpressa var «Prolog i anledning Florø-klubben i Oslo's stiftingsfest 9. februar 1962». Han var med å starta denne klubben, og hadde slett ikkje tankar om at det snart skulle vere slutt. Prologen er i tradisjonell stil og viser ein Magnus Thingnæs som var full av kjærleik til byen han vaks opp i:
23-åringen kom elles på prent med ei forteljing om ein fant som heitte Arve, og som drar med ein gissen båt og filler til segl, m.a. inn forbi Engebøen. Ein sympatisk skildring av fantefolket. Her er vi midt i forteljinga: Kommet inn på Engebøneset ser de at lykten på Grytaskjæret er tent. Ja, der inne kommer jo rutebåten også! Med røken veltende frå skorstenen stimer den pustende og stønnende ut fjoren. Fremme i baugen står navnet med store, gule bokstaver. Arve staver sig møisommelig igjennom det. Han får det til «Fjalir». Fjaler ja, der har han vært ofte. (Fylkestidende 1935)
Vær hilset du Florø's utflyttede barn fra havet der vest ved de drivende garn du som et langt liv her østpå har levd, og her på ditt nye hjemsted har strevd som en god og byggende borger. Til deg som kom fremmed til hjembyen vår og arbeidet der noen flyktige år vær hjertelig hilset for det dere gav til byen lengst vest mot det mektige hav – og ennå i tanken er hjemme i denne vår by under Lill'åsens fot der hjertet i minnenes jord har slått rot. (….) (Firdaposten 21.02.62)
Men det var som 23-åring han skreiv første hyllingsdiktet – til ei byjubileum sjølvsagt. Han sit kanskje i Ålesund og lengtar heim til byen «i Åsens ly» (han brukar flittig bilde frå åsane og vatna i sentrum når han skal skildre heimbyen):
«Sangen som skremte» heiter forteljinga og tittelen knyter seg til ein morosam slutt. Forteljinga viser gode evner innan forteljekunsten, og ut gjennom åra kjem det mange slike forteljingar, gjerne som her i eit julenummer. I 1937 rykker han for første gang ut i det som etter kvart blir ei hovudsak: At Florø skal få den plass som byen fortener. Han er no 25 år og bur i Ålesund, og i Aalesunds Avis har 30-årsminnet etter den store bybrannen vore markert. Og då ser han at hr. Syltevik har ein artikkel om alle som kom Ålesund til hjelp, «fra Bergen og de andre byer».
27. juni 1914. Middag uten kjøt. Paa J. W. Cappelens forlag har fru Martha Fleischer utgitt en kokebok med den for alle økonomiske husmødre tillokkende tittel: «Middag uten kjøt». Forfatterinnden er vegetar, men ikke mere ensidig end at hun i bokens forord kan anbefale at bruke hendes retter sammen med levninger av kjøt og fisk. Bokens fornemste opgave er ogsaa at gi anvisning paa tilberedning av sund og billig mat, og da kjøt vel er noget av det dyraste man kan spise, mens dets næringsindhold ikke kommer særlig op i rækken, vil fru Fleischers praktiske og letskrevne kokebok være velkommen i ethvert hjem.
Sunnfjordingen er slik laga at han lengtar ut når han er heime, og når han so er komen ut vert utlengten bytt med heimlengt. Det er dette som gjer at dei kjem saman og skipar heimstavnslag der dei er mange nok til det. («Jol i Sunnfjord» 1947)
Interessa for Sunnfjord var ikkje minst retta innover mot Naustdal og sjølvsagt Vevring der han hadde sterke slektsband. M.a. skriv han i 1954 ein lang artikkel: «Minner om mennesker jeg møtte i Vevring».
«Men hjelpen frå den nærmeste naboby i syd, som var en av de første som innfant sig, har han glemt. Hvor vidt dette skyldes at det var for lite til å omtales, eller om hr. Syltevik ikke kjenner tilat Florø kommune sendte hjelp opover, vet jeg ikke. Imidlertid blev der her utført en sjømannsdåd som bør nevnes. Jeg har forundret mig mange ganger over at skipper Lars Ask's navn ikke er blitt nevnt ved beretingene om branden.»
«Som barn var jeg nesten hvert eneste år i Vevring i sommerferien. Den første natten gråt jeg meg alltid i søvn av hjemlengsel. Jeg lå og lyttet til den mektige og ukjente larm fra elven (…) Etter som dagene gikk ble jeg mer og mer vant til denne lyden, og det var ikke lenge før jeg syntes den var vakker.»
Då skriv han diktet «Der fedrene hviler»:
Du ligger der så stille/ Du fjord ved Heilefjell. Når lerka slår sin trille/ mot himmelhvelv ved kveld. Du ligger der og smiler så fri og full av fred, mens solen gyller breen før den i hav går ned.
Båten S/S «Solundir» gjekk frå Florø i forrykande uvêr og gjekk utanskjers direkte til Ålesund mens andre søkte nødhamn. På veg sørover møtte dei ein tysk båt med ei hjelpesending til den brannherja byen, og kapteinen vågde ikkje å gå inn til Ålesund fordi dei ikkje hadde los. Og Lars Ask gjekk over i denne båten og losa han trygt inn! (Artikkelen stod på trykk både i Fylkestidene og Sogningen utanom Aalesunds Avis). Thingnæs skreiv ikkje så mange kraftfulle innlegg ut over i 40-åra, andre saker var nok viktigare i desse åra. Likevel vart det nokre forteljingar, og i desse åra hadde han truleg den mest produktive tida som forfattar. Etter kvart kom Magnus Thingnæs til Oslo. Der vart han ein ivrig medlem i Sunnfjordlaget, der han etter kvart vart heiderlagsmann. Han skreiv mykje om og for Sunnfjordlaget, m.a. 40-årshistoria i 1957. Han tok etter kvart nynorsken i bruk i slike samanhengar, og det klarde han fint.
Magnus Thingnæs er stadig på vakt for at sann informasjon om Florø kjem ut: «Har ikke Florø mer enn 1560 innbyggerere» skriv han i Firda Folkeblad i 1952. Det er i eit nytt leksikon han finn dette talet. Han har overfor forfattarne for lærebok i geografi for folkeskolen påtalt at «Florø var helt sløyfet i denne boken. Dessuten at storsildfisket bare foregår på Møre.» Han skriv til forfattarane av fleire verk og ser at det nyttar, og m.a. så nytta han høvet som typrograf for ei bok å få dobla teksten i boka om Sunnfjord! «Bl.a. fikk jeg med noen ord om Kinns gamle kirke». Og forlaget takka for konsulentjobben. Året etter må han rykke ut att: «Foregår storsildfisket bare på Sunnmøre?» Då er det NRK som får gjennomgå i ein artikkel i Programbladet om eit program som heilt underslår at av dei 6 mill. hektoliter sild som kom i land dette året, kom 2 mill. hektoliter i land nord for Stadt, mens 4 mill. hl kom i land i Måløy og Florø! NRK-Bergen svarar m.a. at det aktuelle programmet «verken var tenkt eller ment som et geografisk tevlingsprogram».
27. juli Anbud paa maling av Florø kirke modtages indtil 10de juli d.a. Henvendelse til Andreas K. Solheim, pr. Florø
27. juli En del kvinner faar stadig arbeide paa Florø conservesfabrik.
Elles er ikkje «Mathi» nøgd med innsatsen for fiskeriflåten i Florø, og han kjem med ei flammande oppmoding i Firda Folkeblad i 1951: «Reis Florøs fiskeflåte igjen». Han vil at folk skal gå i lag for å danne eit folkeandelslag. «Kommunen og de størst formuende borgere må selsvsagt gå i spissen med et større beløp hver». Dei skal kjøpe inn ein båt og setje han i drift. Ein dyktig skipper vil etter kvart kunne kjøpe båten, og så har dei pengar til ein ny. «Ta et skippertak! Gå inn for å gjenreise byens fiskerflåte, og foregå andre byer i enighet og tiltakslyst». Elles er Thingnæs flittig og portretterer kjende sunnfjordingar, skriv nekrologar og dikt – som handlar både om Florø og Sunnfjord, mange av dei kom seinare i «Blomster fra min barndoms have». Og nokre av dei finst òg i songboka med Florasongar eg fekk gjeve ut for nokre år sidan, med melodiar og sunge inn på cd-plata som ligg ved. Boka er enno å få kjøpt! Før Florø sin 90-årsdag i 1950 skreiv Firda Folkeblad: «Som ordføraren melder annan stad i bladet, vert det ikkje nokon offisiell jubileumsfest. Kom att når han er 100 år!» Magnus Thingnæs hadde no likevel si markering og kom med dette diktet på trykk i avisa (han skulle elles komme sterkt tilbake 10 år etter):

Fremste rekka frå venstre: Einar Stavang, Oscar Anderssen, Lucie Pedersen Høivik, Erna Mikkelsen Melvær, Dagny Batalden Minken, Ludvig Botnen. Bak fra venstre: Lars Nordal, Trygve Saxeide, Peter Haugs, Magnus Thingnæs, Halvdan Bjerck, Kåre Berg (Luden) og Bjørn Vasbotten.
Forfattaren Magnus Thingnæs
Alle byer av betydning har et fjell å peke på, der dens borgere leleilig kan sin by beskue få. Florø har fra fordums dager vært forsynt med hele tre, og fra nær, og fjerne åser fikk jeg fødebyen se. (…)
Fødd 1912 i Florø. Foreldre: Gustav Andreas Thingnæs, Vevring, og Nele Larina Madsdtr. Skorpa frå Florø. Vaks opp i Florø, budde seinare i Ålesund og Oslo der han var typograf og journalist. G.m. Edel Håkonsen, Oslo og hadde sonen Frode Thingnæs, musikar.
Var æresmedlem i Sunnfjordlaget og Starta Florø-klubben i Oslo. Bøker: • Min barndoms by – diktsamling (1944) • Den tomme vaktønna – «gutebok»! (1946) • De fredløses by – «gutebok» (1948) • Florø i tekst og bilder 1860–1950 (i serien «Kjenn ditt land») • Sunnfjordlaget gjennom 40 år (1956) • Når månen står midt i skaret – ungdomsroman (1959) • Florø. Norges vestligste by (1960) • Blomster frå min barndoms hage – diktsamling 1960
Kjelde: Randi Melvær/Fylkesarkivet som har meir biografisk stoff på denne lenkja:
Vi er nett no midt oppe i ein prosess med å setje namn på vegar i Flora, og på starten av 50-talet var same arbeidet i gang i Florø, og då var det nokre «Florøgutter» som sende inn framlegg om at Magnus Thingnæs skulle få namnet sitt knytt til ei gate. Firda Folkeblad var aktivt med i namneprosessen, og Ludvig Botnen melder at Magnus Thingnæs «har sendt meg ei rekkje framlegg til gatenamn i Florø», og samtidig understrekar han at han «nærer ingensomhelst ambisjoner» om å få namnet sitt knytt til noko gate. Han ber avisa «overbringe Florøgutter min beste takk for deres gode mening. – I parentes bemerket synes jeg også at det må foreligge et meget ekstraordinært grunnlag for å kunne kalle en gate opp etter en levende person». Nett som det skulle vere teke ut av namneforskiftene! Men Magnus Thingnæsgata kom den…
http://www.fylkesarkiv.no/kl/ detalj/?id=110050
Å kjempe for Florø er ei sak. Eit lite spark til Førde er heller ikkje å forakte. I Fylkestidende tar Mathi på seg oppgåva å punktere påstanden om at «Se Norges blomsterdal» vart skriven av Andreas Aabel då han budde i Førde (han var far til skodespelaren Hauk Aabel, slik at Førde med ein viss rett kan seie at Hauk Aabel var Førdegut…). Men Mathi har snakka med Hauk som kan fortelje at faren skreiv songen alt som 20-åring, «lenge før han kom til Førde». Den var dikta under «en sangerutflukt til Asker», og slett ikkje oppe i Halbrendslia, slik ordet gjekk. Men Mathi er storsinna nok: «Hva teksten angår, kunne den godt blitt til der» og skriv rosande om naturen her ved «den smilende Førdfjorden.»
«Florø er en prikk på kartet som kaller seg by, men som nok ikke er det.» Dette er ei melding som sjølvsagt tenner alle Florøpartiotar, ikkje minst Mathi. Og det gjer det ikkje betre at det er ein førdianar som kjem med utsegnet. Det er Helge Bydal som er syndaren, og han gjer det som sportfiskar! I «Stangfiskeren 1954» er eit heilt nummer via Sogn og Fjordane. Berre ein artikkel handlar om Sunnfjord og der skriv Bydal om Jølstra, ein artikkel som iflg. Mathi «bærer preg av en oppriktig kjærlighet til sportsfiskelivet og bygda – Førde». Og Bydal skriv «i en nocholant og belærende tone» om fylket. Korleis skal folk finne fram i fyl- ket. Han må ta utgangspunkt i Bergen. «Vi har nemlig ingen byer i vårt fylke som jeg kan nytte, og når folk drar nordover» så finn du prikken Florø «som tror den er en by, men som nok ikkje er det». I indre Sunnfjord derimot: «Den gavmildhet hvorved Vårherre på Sunnfjord gjød av sitt overflødighets horn er ganske utan sidestykke». Mathi svarar:
Så stedbunden er forfatteren til de indre bygder at han ser ikke det viktigeste Vårherre gav oss: fjordene og havet (…) Hva er vel Sunnfjord uten havet. Jeg er redd det ville bli smalhans for sunnfjordingen dersom han skulle stole på det han får fra Jølstra til middagsbordet. Han meiner at Bydal nok må følgt dårleg med. Jeg vil henstille til alle Florøborgere om å gå positivt inn for byens fremgang. Å rippe opp i gamle splittelsessaker tjener ikkje byens trivsel og vekst. Florøs innbyggere og Stortinget har valgt i denne saken. Akkurat i disse dager er det et hektisk liv i den optimistiske freidige sjøbyen Florø der ute ved havets port. Det er her i denne «lille prikken» at 500–600 skuter år om annet under vintersildfisket fyller havnen med en skog av master.
Florø blei namnet verande heilt til at småbyen gjekk opp i Flora. Det fekk ikkje Mathi oppleve. Men jubileet var han midt opp i. Jubileet vart ein strålande folkefest. Magnus Thingnæs var redaktør for jubileumsboka, og han stod i spissen for ei utflyttargåve til byen: Sars-statuen, som vart av- duka under feiringa. Og han takkar på vegne av utflyttarane:
Av alle reiser jeg har gjort/ på livsens hav og veier mot alt som vinker gjevt og stort/ mot lykkens høye leier, er ingen reise så skjønn som den som holder kursen hjem.
For alle som er flyttet ut, vil fødestedet alltid bli stående i et forklarende skjær. Det gjelder også alle som er flyttet ut fra Florø. De fleste av oss har vel vært hjemme en eller flere ganger siden vi dro ut, men aldri har vi møtt byen vakrere enn denne gangen. Alle så vel værgudene som byens borgere med byingeniøren og parkstyret i spissen, hadde samarbeidet på en heldig måte for å vise oss at intet sted på jorden er vakrere enn det vi forlot.
(Firda Folkeblad, 25.05.60)
Slik var han ute med artiklar og stort og smått der han sat i Oslo og såg heim. Vaken, interessert, positiv. Og han meiner fullt og fast at fylket har tapt på at på at det ikkje har satsa meir på byen. Hadde ein lagt dei sentrale fylkesfunksjonane til Florø som byen burde hatt, ville Florø hatt 17 000 innbygarar og ikkje 1700 siterer han ein redaktør, og han referer til ordførar Tor Grønnevik i Bru som seier at «Vestlandet frå Ålesund til Bergen vantar eit «økonomisk tyngdepunkt». Høyres det ut som eit kjent standpunkt? «Berre Florø kan rette på det», skriv Grønnevik og Mathi er samd, og er igjen oppteken av at Florø ikkje får sin plass som sildehovudstad. I NRK gjer Artur Kæbo frå Ålesund narr av Florø si rolle som sildeby same kveld som radioen melder at det er sett ny rekord i sildemottak på ein dag: 185 000 hl! «Fram for Florø – silde- fiskets sentrum!» Ut over 50-talet er kampen for eit gymnas i Florø ei av Mathi sine kampsaker, og han syns det er for gale at byen ikkje har eit samfunnhus (ei samfunnhusnemnd gav opp arbeidet i 1959 p.g.a. for lita interesse). Han fekk ikkje oppleve noko av delane. Men fram mot byjubileet var han utrøytteleg i å gjere Florøfolk stolte av eigen by. Og bynamnet! Fram mot jubileet blussa striden om bynamnet oppatt, og Mathi sin posisjon var sjølvsagt klar. Hans syntes at Florøfolk burde samla seg om noko meir positivt enn å ta oppatt denne striden året før jubileet.
1. juli Gramofon til salgs Udmerket god Gramofon like god som ny er til salgs med 50 plater for kr. 100,00, hvilket er omtrent 1/3 av oprindelig kostende. Henv. Dr. Eriksen, Bremanger.
Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2014.