Sunnfjord og 1814
Denne teksten er eit utdrag av artikkelen Haugianarane og den politiske oppvakninga i Sunnfjord kring 1814 som stod trykt i skriftet Med påhalden penn? 1814 sett frå Nordvestlandet og Telemark. Eg tek føre meg korleis det representative demokratiet blei organisert i Sunnfjord i 1814, og ser på korleis haugianarane arbeidde seg fram som ein ny politisk og økonomisk elite i distriktet i ei tid som gav opning for dette. Eg har spesielt fokus på familien Svanøe som budde på øya med same namn, og der det voks fram eit senter for den lokale haugianismen.
VÅREN 1814 I SUNNFJORD Etter Kielfreden i januar 1814 stelte statthaldaren Kristian Fredrik seg i spissen for ei sjølvstenderørsle, og den 19. februar kunngjorde han at det skulle haldast val til ei grunnlovgjevande forsamling på Eidsvoll på ein ekstraordinær bededag. Vi skal sjå litt nærare på korleis dette valet gjekk føre seg i Sunnfjord. Sidan kyrkjebøkene knapt nemner hendinga, og tingbøkene ikkje i det heile1, er adressene til Riksforsamlinga så å seie den einaste kjelda. Desse adressene var skriftelege fullmakter stila til Christian Fredrik som skulle bringast til Eidsvoll og overleverast der. Dei inneheldt dokumentasjon om vala rundt om i prestegjelda. Liksom dei fleste andre stader kan vi rekne med at adressene frå Sunnfjord er førte i pennen av dei lokale prestane. Eit unntak er adressa frå Førde. Denne kan ut frå skrifta i originalen sjå ut til å vere skriven av futen Niels Christian Kierboe som også har skrive under, utan at det er råd å seie det heilt sikkert. Adressene er skrivne i ein nøktern stil med unntak av dei frå Ytre Holmedal og Førde. Først- nemnde inneheld ei lang, nasegrus takkseiing til Kristian Fredrik, eit godt eksempel på det Arne Bergsgård nemner som «presteleg svada, som i
sume tilfelle flyt ut over alle bradder»2. Også adressa frå Førde inneheld ei lang takkseiing til kronprinsregenten, som blir innleidd med desse orda: «Ingen Tanke kan være os utaaleligere end den, at underkastes en Regjæring ved hvis forhen antagne Udhungrings-System vore Ulykker i de foregaaende Aaringer i en saa mærkelig Grad er blevne forøgede.» Det er mogleg at det kan sporast ein lokal motstand mot svensk styre i denne utsegna. Men det kan også tenkjast at det er futen som har formulert adressa slik for å syne at det ikkje fanst noko alternativ til Kristian Fredrik sitt styre. På denne måten vart kronprinsregenten æra med ekstra stor underdanigheit. Ifølgje skrivet frå Kristian Fredrik skulle adressene underskrivast av dei som var til stades av personar frå øvrigheita og embetsmenn, dessutan tolv av dei mest aktverdige mennene i kyrkjelyden. Nokre prestegjeld hadde berre ein embetsmann som kunne skrive under, nemleg soknepresten. Dette var tilfellet med Askvoll, Indre Holmedal og Jølster. I Førde skreiv som nemnt også futen under adressa. I Ytre Holmedal var embetsstanden forutan presten representert ved sorenskrivar Niels Landmark og birkedommar H. L. Jersin. Når det gjeld Kinn, går det fram av adressa at kapellan Villatz Doth i Førde hadde fått beskjed
1 Alle tingbøker og kyrkjebøker for Sunnfjord er gjennomgått for den aktuelle perioden. Berre i kyrkjebøkene for Ytre Holmedal (Fjaler), Kinn og Indre Holmedal (Gaular) står bededagen nemnt, og berre i sistnemnde er valet kortfatta skildra. Ministerialbok for Ytre Holmedal (Fjaler) 1799– 1814: folio 169a, ministerialbok for Kinn 1785–1821: folio 275b og ministerialbok for Indre Holmedal (Gaular) 1785–1821: folio 137a. 2 Bergsgård 1943–46: 10.
prestegjelda Kinn og Førde ser ut til å ha skrive under sjølve utan hjelp.
VALMENNENE VÅREN 1814 Ifølgje kunngjeringa frå Kristian Fredrik skulle det i kvart prestegjeld veljast to valmenn «blant menighedens bosatte civile, geistlige eller militære embedsmænd, brugseiere, jorddrotter eller gaardbrukere over 25 aars alder». Den eine av dei to skulle vere av bondestanden. Valmennene skulle så møtast innanfor kvart amt for å velje tre representantar til forsamlinga på Eidsvoll.3
Valmenn frå Sunnfjord våren 1814 Vi ser at kravet om 50 prosent bonderepresentasjon vart overoppfylt i Sunnfjord. Berre ein embetsmann vart valmann, nemleg soknepresten i Ytre Holmedal, Nicolay Nielsen. Då dei heldt valmannssamling i Vik i Sogn 30. mars, blei nettopp han valt som ein av dei tre utsendingane frå Nordre Bergenhus amt til Riksforsamlinga – som den einaste frå Fjordane. Nielsen kom frå Dan- mark. Han slutta seg til Sjølvstendepartiet og støtta opp om Kristian Fredrik, men gjorde elles ikkje mykje av seg på Eidsvoll. Under debattane heldt han seg for det meste taus.4
Kva var så grunnen til at sunnfjordingane ikkje
frå biskopen om å reise ut for å delta på bededagen, truleg på grunn av sokneprest Claus Finde sin høge alder (74 år). Doth har også underskrive adressa derifrå. Blant dei andre aktverdige mennene som har skrive under, er i Askvoll klokkaren, forlikskommissæren og fire medhjelparar, i Førde og Ytre Holmedal lensmannen og i Jølster lensmannen, forlikskommissæren og klokkaren. I Førde er haugianarane Lars Jakobsson Tingnes og Matias Mortensson Flokenes med blant underskrivarane, og i Kinn Ole Torjussen Svanøe, Peder Abrahamsson Steinhovden, Lars Andersson Høydal og Abraham Jakobsson Osen. Skrivekunna var det så ymse med på denne tida, og i fleire av adressene står det nemnt kven av allmugemennene som har underteikna med påhalden penn. Dette gjeld fem av mennene frå Kinn, seks frå Indre Holmedal – inkludert den eine av valmennene, Lars Olsson Grønhaug, og heile ni frå Ytre Holmedal. I Askvoll kan det ut frå skrifttypen sjå ut til at berre den eine av allmugemennene som blei valmann, nemleg Ola Eliasson Kaland, skreiv under sjølv. For dei andre elleve ser skrifta lik ut, og det er kan hende forlikskommissæren eller klokkaren som har hjelpt dei. Vi merkjer oss elles at alle dei nemnde haugianarane i
VALMENNENE VÅREN 1914 Prestegjeld Namn Alder Yrke/stilling Askvoll Villum Janson Vilnes 40 leiglending og bonde Askvoll Ola Eliasson Kaland 33 sjølveigar og gjestgjevar Ytre Holmedal (Fjaler) Nicolay Nielsen 37 sokneprest Ytre Holmedal (Fjaler) Lasse Johannesson Heggheim 55 sjølveigar og bonde Førde Matias Mortensson Flokenes ca. 41 skulelærar Førde Ola Ivarson Gravdal 55 kårmann og bonde Kinn Peder Abrahamson Steinhovden 36 sjølveigar og bonde Kinn Peder Jenssen Florø 34 sjølveigar og bonde Indre Holmedal (Gaular) Ola Olsson Tormodset 37 leiglending og bonde Indre Holmedal (Gaular) Mads Olsson Grønhaug 50 leiglending og bonde Jølster Johannes Eriksson Nedrebø 50 sjølveigar, bonde og forlikskommissær Jølster Ola Nilsson Hus 57 sjølveigar og bonde
3 Riksforsamlingens Forhandlinger 2den Del: III. Namna til valmennene er henta frå adressene, sjå Riksforsamlingens Forhandlinger 2den Del: 43, 49–50, 53, 54–55, 57 og 58. Opplysningar om alder og eigarstatus er henta frå pantebøkene frå Sunnfjord, folketeljinga 1801 og bygdebøker for distriktet. 4 Riksforsamlingens Forhandlinger 1ste Del.
Ole Torjussen Svanøe.
sende fleire embetsmenn – representantane for den herskande klassa – til valforsamlinga i Vik? Om vi ser nærare på kven som var aktuelle, ser vi at det ikkje var så mange å velje blant. Grunnen til at ikkje fleire av prestegjelda sende sokneprestane av garde, var nok at dei var gamle. I Askvoll var såleis presten Peter Johan Arnet 74 år gammal og truleg ikkje i stand til å reise. Alt året etter, 14. desember 1815, fekk han avskil frå embetet på grunn av alderdomsveikskap og nedsett syn.5 Også presten i Kinn, Claus Finde, var gammal og svak. Same året sende ni menn i prestegjeldet inn klage på han, og biskop Johan Nordahl Brun, gav då følgjande kommentar: «denne Meenighed var ikke forsynet med Præst da endog hr. Finne var paa sit beste, skiøndt altid moralsk ustraffelig. Nu 75 Aar, til alt præstelig uskikket, kan han neppe klore sit Navn under Breve til mig hvilke han ikke en gang selv har kundet digtere (…).»6 Dette var nok bakgrunnen for at kapellan Doth deltok på bededagen i Kinn. Finde døydde i 1816. I Førde kan presten Mathias Lind, som var 71 år gammal, ha vore svekka. Rett nok heldt han ut i embetet heilt fram til 1822, då han fekk avskjed grunna alderdomsveikskap, med pensjon og rett til fri bruk av enkjesetet.7 Å sende den yngre kapellanen Villatz Doth (39 år) av garde, var kanskje heller ikkje aktuelt, då han skal ha vore tilbøyeleg til drykk, noko som «svækkede efterhaanden hans Legemskræfter og sløvede Aanden». Berre 52 år gammal måtte han søkje avskjed, då etter seks år som sokneprest i Hosanger.8
Også dei to indre prestegjelda i Sunnfjord hadde gamle prestar som kan ha hatt svekka helse og som difor kanskje ikkje ville reise til Vik: Andreas Doth i Jølster var 72 år og Hans Wiingaard i Indre Holmedal 85 år. Doth gjekk av med pensjon i 1817, Wiingaard i 1820.9 Nicolay Nielsen var såleis i 1814 den einaste presten i Sunnfjord under 70 år! Dette opna vegen for bondestanden. Av andre embetsmenn var det nemleg ikkje så mange. Både sorenskrivar Nils Landmark og birkedommar Hans Lem Jersin budde i Ytre Holmedal, som allereie hadde valt ein embetsmann som val-
mann. Men det kan vere grunn til å undre seg over at futen Niels Christian Kierboe, som budde i Førde, ikkje blei ein av dei to valmennene frå dette prestegjeldet. Av dei elleve mennene av bondestand som blei valde til valmenn frå Sunnfjord, ser vi at fleirtalet (seks) var sjølveigarar. Ein av dei, Johannes Eriksson Nedrebø, figurerer i adressa med tittelen forlikskommissær. Men tre var leiglendingar, ein var kårmann, og ein var skulelærar. Av haugianarar frå miljøet i ytre Sunnfjord finn vi minst to. I tillegg til dei før nemnde Matias Mortensson Flokenes i Førde og Peder Abrahamsson Stein- hovden i Kinn er det mogleg at også Ola Eliasson Kaland frå Askvoll var haugianar. Han kom frå Naustdal og var kring 20 år då Hans Nielsen Hauge var i heimbygda hans. Ein kan undrast over at Ole Torjussen Svanøe ikkje står på lista over valmenn, når vi veit kor sterkt han deltok i politikken seinare. Det er likevel grunn til å tru at han var aktivt med under valmannsvalet i Kinn 18. mars, som vart halde nettopp på hans heimebane, Svanøy. Han skreiv under på adressa som den første blant bøndene, med berre underskriftene til presten og kapellanen over. Det er ikkje usannsynleg at dei til-
5 Lampe 1896: 110. 6 Statsarkivet i Bergen, Bjørgvin bispearkiv. Kopibok for biskopen i Bergen B.15b: folio 110. 7 Lampe 1896: 141. 8 Lampe 1895: 335. 9 Lampe 1896: 126 og 134.

Svanøy Hovedgård.
reisande i forsamlinga var gjester hjå han på hovudgarden i samband med valet. Den rikelege bonderepresentasjonen frå Sunnfjord på valmannssamlinga for Nordre Bergenhus amt i Vik 30. mars spegla seg ikkje av blant dei tre som vart valde til utsendingar til Riksforsamlinga. Berre ein av dei, Peder Hjermann frå Lærdal, var bonde. Men bøndene si tid skulle komme, berre månader seinare.
som vedtok den såkalla Novembergrunnlova, kom saman 7. oktober og vart sitjande til 26. november. Valet til dette tinget i Nordre Bergenhus amt vart halde i Vik den 23. september. Vi veit lite om korleis valmannsvala føregjekk då desse ikkje er protokollførte. Det som derimot er visst, er at tre av fire representantar frå amtet var bønder, og den eine av dei fire som kom frå Sunnfjord, var haugianaren Ole Torjussen Svanøe.11
På det ekstraordinære Stortinget støtta Svanøe unionen med Sverige som dei fleste av dei andre representantane. Grunngjevinga hans var delvis basert på næringspolitiske omsyn og viser kor sterkt opptekne dei sentrale haugianarane var av å få til ny næringsverksemd:
HAUSTEN 1814 OG VINTEREN 1815 I SUNNFJORD – HAUGIANARANE KJEM PÅ BANEN Dei offisielle meldingane om hendingane på Eidsvoll kom seint fram til Sunnfjord, heilt sikkert mykje seinare enn ryktet. Frå slutten av juni og fram til midten av juli vart det halde sommarting i dei ymse tinglaga i fogderiet. Her blei Riksforsamlinga sitt val av Kristian Fredrik som norsk konge den 17. mai, og Kristian Fredrik si kunngjering om aksepten av valet, gjort kjende. Sjølve Grunnlova blei ikkje kunngjort før på månadstinga som vart haldne frå slutten av august fram til midt i september.10 Då var den korte krigen mot Sverige sommaren 1814 for lengst slutt, og konvensjonen i Moss inngått. Under forhandlingane med Karl Johan lova Kristian Fredrik å kalle inn til eit ekstraordinært storting i Kristiania hausten 1814. Forsamlinga,
Vesten til Ole Torjussen Svanøe. Han skal vissnok ha brukt den då han var på det overordentlege Stortinget hausten 1814.
10 Sorenskrivaren i Sunnfjord: Tingbøker for Sunnfjord Aa22: folio 284b–287b, Aa23: folio 1a–2a og Aa30: folio 193a–198a og 204a–205a. 11 Øvre-Eide 1973: 15.


Hans Nielsen Hauge.
Paa Grund af den Schandinaviske Halvøes fortrinlige Beliggenhed, ikke alene med Hensyn paa Forsvarskræfter, men endog til nyttige Anlæg og til Fabrikker, der ere nyttige for Almeenheden m. m., har ieg givet mit Votum til Sverrigs og Norges Foreening, og paa samme Grund vælger ieg Carl 13de til Norges constitutionelle Konge.12
valmenn i Eivindvik, er heile 16 nemnde som gardbrukarar. Berre to menn av øvrigheita frå Sunnfjord var valmenn, nemleg birkedommar Hans Lem Jersin og kaptein Fredrik Tuchsen. Begge kom frå Ytre Holmedal, og vi ser såleis det same mønsteret som våren 1814 – dette prestegjeldet skilde seg ut med sin embetsmannsrepresentasjon. Valmannsvalet ser elles ut til å ha gått noko raskt føre seg enkelte stader. I Kinn blei dei to valmennene «valgt af Præsten og nogle af Menigheden, da ingen Valgforsamling, formedelst stormende Vejr kunde afholdes». Kanskje det var difor ingen av dei framståande haugianarane i Kinn blei sende denne gongen. Blant valmennene frå Førde var Lars Jakobsson Tingnes. Liksom dei andre innanfor haugianarmiljøet må han ha kjent den nye dommen mot Hans Nielsen Hauge, som fall vesle julaftan 1814, som ein siger. Hauge var i 1813 blitt dømt for brot på konventikkelplakaten, i å ha krenkt statens prestar og i å ha nytta økonomisk samarbeid med venene sine til eiga vinning. Dommen då laud på to års tvangsarbeid, men no blei han berre kjent skuldig i brot på konventikkelplakaten og fekk ei bot på tusen riksdalar. Han kunne reise frå fengselet som ein fri mann. Også i Eivindvik kom det ein siger. Då det kom til avrøysting, fekk Lars 28 røyster og vart såleis ein av dei fire stortingsmennene frå fylket. Han var den einaste frå Sunnfjord.
Svanøe vart elles plukka ut til eit ærefullt oppdrag medan det ekstraordinære Stortinget var samla. Saman med elleve andre skulle han delta i ein deputasjon som var utnemnd av stortingspresidenten til å ta imot Karl Johan då han kom for å møte i Stortinget den 10. november.13 Svanøe fekk såleis ei formelt framtredande rolle blant dei 79 representantane i forsamlinga. Berre nokre dagar etter at Novemberstortinget var avslutta, gjekk det ut reskript om det første ordinære Stortinget som skulle haldast i 1815. Valmannsvala må ha skjedd anten mot slutten av desember eller tidleg i januar. Stortingsvalet i Nordre Bergenhus amt vart halde i Eivindvik 18. og 19. januar. Vi har god greie på dette valet sidan det vart protokollført av amtmannen.14
Av dei 18 sunnfjordingane som møtte som
EIN POLITISK, KULTURELL OG ØKONOMISK ELITE Haugianarane kring Førdefjorden skulle halde fram med å representere Sunnfjord på Stortinget i mange år framover. Lars Jakobsson Tingnes vart vald til stortingsmann også i 1818, og i 1824 var han vald som 3. vara. Ole Torjussen Svanøe blei vald på ny i 1821, 1824, 1827, 1836 og 1842. I tillegg var han vara i 1818 og 1833. Fram til 1830 var det berre ein gong at det blei valt ein annan sunnfjording enn desse to til stortingsmenn, nemleg i 1821, då sorenskrivar Nils Landmark blei vald i tillegg til Svanøe og med færre røyster enn han. Eine sonen til Ole Torjussen, Christopher (1810– 1887), følgde seinare i same sporet som faren.
12 Stortingsarkivet. Forhandlingsprotokoll 1814 (transkribert versjon): 64. 13 Ibid: 74. 14 Fylkesmannen i Sogn og Fjordane: Distriktsforsamlingsprotokoll 1815–1927: folio 2a–4b.

Forutan å vere ein av dei første vestlendingane med landbruksutdanning og ordførar i Kinn i to periodar (1845–53 og 1868–69), var Christopher Svanøe stortingsmann i 1848, 1851, 1859–60, 1865–66 og 1868–69. I 1854 bad han seg fri, men i 1857 blei han vald til varamann. Såleis mangla Svanøe-namnet berre seks gonger på listene over stortingsmenn og varafolk frå Nordre Bergenhus amt i løpet av dei 54 åra frå 1814 til 1868!15
betre opplysning og skulestell. I 1817 og 1818, etter at Stortinget hadde vedteke si første lov om allmugeskulen, arbeidde han med ideen om å opprette ein lærarskule på Svanøy, og han baud seg til å gje skulen tusen dalar i startkapital.19 Han var også sterkt involvert i arbeidet med å spreie biblar blant folket. Då Det Norske Bibelselskab blei oppretta i 1816, var han ein stor bidragsytar, og i 1820 let han trykkje 5000 eksemplar av Pontoppidans forklaring for eiga rekning. Han ville då selje bøkene til nedsett pris og dele dei ut gratis blant dei fattige.20 Få år seinare gav han også tilskot så Guldberg si salmebok kunne seljast til nedsett pris i hans eige sokn, Svanøy.21
Kor mykje haugianarane frå Sunnfjord faktisk gjorde ut av seg på Stortinget, høyrer ikkje eigentleg til granskingsemnet for denne artikkelen. Vi skal likevel gå litt inn på kva rolle Ole Torjussen Svanøe spela. I ein biografi om han heiter det at han deltok lite i stortingsforhandlingane, og at han ikkje slutta seg til bondeopposisjonen.16 Det er mogleg at dette er ein urettvis dom. I registeret for stortingsforhandlingane finn vi nemleg at han fremja 22 forslag i løpet av sine seks storting. Framlegga spente over eit vidt felt av saksområde, mellom anna bank- og pengevesen, alkoholpolitikken, jordeigedom, skattesystemet, toll, skyss- vesenet og rettsstellet.17
Ole Torjussen Svanøe var ein av Hauges næraste personlege vener, også i Hauge sine siste leveår. Då Hauge døydde på Bredtveit utanfor Christiania 29. mars 1824, var Ole hjå han på dødsleiet, og det var han som sende brev om kva som hadde hendt ut til veneflokken.22 Samtidig sytte Ole for å halde seg inne med presteskapet. I 1820 stod han fadder for ei av døtrene til Jens Rennord, som hjelpte til med prestetenesta i Kinn frå 1813, og som overtok som sokneprest etter Claus Finde i 1816. Seinare vart ei anna av prestedøtrene, Lovise Malene, gift med Christopher, son til Ole.
Eit anna av saksfelta som opptok Svanøe, var handel, og i 1842 kom han til å merke seg ut i samband med den nye handelslova som frigav den innanlandske handelen. Svanøe som sjølv hadde borgarskap i Bergen og dreiv kjøpmannshandel i byen med eigen bygard, gjekk imot den nye lova då ho skulle opp i Stortinget. Han hevda at den nye fridommen ville «sløve Sandsen for Jordbruget (…), lede til Lediggang og utidige Handelsspeculationer, Udsvævelser og Immoralitet». Han hadde såleis eit eige framlegg til ei meir avgrensa reform, der det heitte at alle skulle ha lov til å forsyne arbeidsfolka sine med nødvendige varer.18
Trass i ein viss politisk konservatisme er det ingen tvil om Ole Torjussen Svanøe sitt engasjement for utvikling. Ei av hjartesakene hans var
Nærleiken til presteskapet galdt også biskopen. Då Claus Pavels vart utnemnd til ny biskop der i 1817, skreiv Ole eit brev til Pavels der han kalla seg sjølv ein «ringe medstridende Ven i Herren» og ønskte Pavels til lukke med oppgåva, vidare at han og fleire heilt sidan den førre biskopen døydde, hadde ønskt at Pavels måtte overta embetet.23 Seinare same året var Ole i Bergen og vitja den nye biskopen. Pavels skreiv etterpå i dagboka si at «han er en meget fornuftig og behagelig Mand, en af dem, hvis Hougianisme i det udvortes Væsen allermindst kan mærkes.» Ole nytta høvet til å leggje fram for biskopen den sørgjelege tilstanden til skulevesenet i Sunnfjord.24 I 1821 var
15 Øvre-Eide 1973: 15–52. 16 Koht 1966: 323–325. 17 Cappelen 1885. 18 Storthings Forhandlinger i 1842, 4. del: 275–278 (jf. Losnegård 2012: 412). 19 Kvamen 1989, bd. II: nr. 138 og Daae 1899: 224 (jf. Losnegård 2012: 426). 20 Kvamen 1989, bd. III: nr. 5. 21 Nilsen 1949: 341. 22 Kvamen 1989, bd. III: 108. 23 Daae 1899: 230. 24 Ibid: 295.
DEI TI STØRSTE SKATTYTARANE I SUNNFJORD VED SØLVSKATTEN I 1816 (HAUGIANARAR I KURSIV)
Namn Yrke/stilling Prestegjeld Skattebidrag i dalar Claus Finde sokneprest (dødsbu) Kinn 2 050 Hans Wiingaard sokneprest Indre Holmedal (Gaular) 400 Andreas Doth sokneprest Jølster 200 Ole Torjussen Svanøe bonde Kinn 190 Friedrich von Storm offiser (kaptein) Indre Holmedal (Gaular) 100 Jakob Pedersson Osen bonde (dødsbu) Kinn 90 Nils Landmark sorenskrivar Ytre Holmedal (Fjaler) 90 Hans Lem Jersin birkedommar Ytre Holmedal (Fjaler) 80
Peder Abrahamsson Steinhovden bonde Kinn 70
Lars Kapstad bonde Indre Holmedal (Gaular) 50
Ole Torjussen Svanøe blant dei første som vart tildelt Medaljen for Borgerdåd. Allereie under naudsåra i 1812–13 hadde Ole Torjussen Svanøe saman med andre haugianarar synt stort samfunnsansvar. Då det vart samla inn bidrag til oppretting av kornmagasin, lova Ole å skyte inn heile 15 riksdalar og Peder Steinhovden 10. Berre svært få bønder elles i Sunnfjord skaut inn meir enn 2 riksdalar.25
Haugianarane hevda seg svært godt på det økonomiske området, og hadde råd til å yte ein ekstra stor skjerv. Ser vi nærare på det som vart kravd inn i Sunnfjord i samband med sølvskatten i 1816, finn vi fleire velkjende namn øvst på lista av bidragsytarar.
ein økonomisk elite innanfor bondestanden i fogderiet. Dei var ressurssterke folk som gjorde seg gjeldande ikkje berre på det politiske og kulturelle området. Det økonomiske nettverket deira med privat utlån av kapital gjorde dei i stand til å setje i gang tiltak og skape utvikling. Svanøe-familien heldt stand svært lenge blant den økonomiske eliten i Kinn prestegjeld. Så seint som i 1873 høyrde Christopher Svanøe og broren Hans, som også fekk seg gard på Svanøy, til blant dei rikaste ifølgje likninga. Dei to er oppført med ei formue på 14 500 spesidalar kvar, og ingen andre i prestegjeldet kom i nærleiken av dette, heller ikkje lokale embetsmenn eller handelsfolk. Når det galdt inntekt, er dei begge oppførte med 900 spesidalar. Berre ein gardbrukar og handelsmann, Johan Brygger Olsen på Krokane, tente like mykje.
Berre embetsmenn og øvrigheit var større skattytarar i Sunnfjord enn dei mest velståande haugianarane. Det kan såleis vere grunnlag for å hevde at i alle fall delar av haugevenene utgjorde
Nordre Bergenhus Amtstidende 1914. 1914 var eit lagnadsår i Europa. Teikna vart tydelegare utpå våren og føresommaren. Her heime skreiv avisene (i vårt tilfelle lokalavisa «Nordre Bergenhus Amtstidende») naturleg nok mest om det daglegdagse, men meir og meir vart det teke inn telegram frå utlandet der situasjonen tilspissa seg, til det kulminerte med skota i Sarajevo. Vi har saksa eit utval av notisar, annonser og meldingar frå jonsok til utpå hausten 1914.
KJELDER OG LITTERATUR
Utrykte kjelder Digitalarkivet: Adresser frå 1814, folketeljinga 1801, kyrkjebøker, pantebøker, sølvskatten 1816 og tingbøker. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Kinn kommune. Riksarkivet: Justisdepartementet. Statsarkivet i Bergen: Bjørgvin bispearkiv, futen i Sunnfjord og Nordfjord, fylkesmannen i Sogn og Fjordane og sorenskrivaren i Sunnfjord. Stortingsarkivet: Forhandlingsprotokoll 1814 (transkribert versjon).
Litteratur Arentz, Hans, Beskrivelse over Søndfjord i det nordre Bergenhusiske amt. I Topographisk Journal for Norge, Christiania 1801–08, hefte 32. Askevold, Bernt, Optegnelser om mig selv, min slægt og min Hjembygd samt Ett og Andet af, hvad jeg ellers har hørt og seet, bd. 1, upubl. manus (Askvoll bibliotek). Bergsgård, Arne, Valadressene til Christian Frederik. I Historisk Tidsskrift, bd. 33, Oslo 1943–46. Cappelen, Johan Henrik, Hovedregister til Stortingsforhandlinger 1814–1870, Kristiania 1885. Daae, Ludvig, Claus Pavels Dagbøger for Aarene 1817–1822, bd. 1, Kristiania 1899. Fagerheim, Ragnvald og Magne, Fjaler. Gards- og Ættesoge, bd. I–III, Dale 1976. Førsund, Finn Borgen, Førde bygdebok. Gardssoga og soga om folket, bd. I–II, Førde 1990–92. Koht, Halvdan, Ole Torjussen Svanøe. I Norsk Biografisk Leksikon, bd. XV, Oslo 1966: 323–325. Klakegg, Anders O., Bygdebok for Jølster. Ættesoge 1801–1974, Jølster 1985. Kleiveland, Geir, Naustdal Bygdebok. Gards- og ættesoge, bd. I–II, Naustdal 1995–97. Kraft, Jens, Topographisk-Statistisk Beskrivelse over Kongeriget Norge, del 4, Christiania 1830. Kvamen, Ingolf, Brev frå Hans Nielsen Hauge, bd. 1, Oslo 1971. Kvamen, Ingolf, Brev frå haugianarar, bd. I, Oslo 1989. Lampe, Johan Fredrik, Bergens Stifts Biskoper og Præster efter Reformationen, bd. 1–2, Kristiania 1895–96. Loftheim, Abraham, Askvoll Bygdebok. Folket, bd. II A–B, Askvoll 1971–72. Losnegård, Gaute, Havfolk og fjordfolk. Allmennsoge for Askvoll, bd. I, Askvoll 2009. Losnegård, Gaute, Historia om Flora, bd. 1, Florø 2012. Nilsen, Halkild, Kirkelige og religiøse forhold i Bergens stift i biskopene Pavels´ og Neumanns tid, Oslo 1949. Neumann, Jakob, Bemærkninger paa en Reise i Sogn og i Søndfjord 1823. Manuskript nr. 519 (Universitetsbiblioteket i Bergen, Spesialsamlingane). Riksforsamlingens Forhandlinger. 1ste Del: Protokoller med bilag og tillæg, Kristiania 1914. Riksforsamlingens Forhandlinger. 2den del: Adresser og Fuldmagter, Kristiania 1914. Russøy, Egil, Møtet med Hans Nielsen Hauge, Førde 2012. Sjursen, Finn Wiig, Den haugianske periode, bd. 1, Bergen 1993. Solhaug, Trygve, De norske fiskeriers historie 1815–1880, bd. 2, Bergen 1976. Storthings Forhandlinger i 1842, Christiania 1844. Timberlid, Jan Anders, Bygdebok for Gaular. Band IV–VI. Gaular 1998–2000. Timme, Fr.: Forordninger, aabne Breve og andre trykte Anordninger for Norge udkomne i Tidsrummet 1648–1814. 2den Deel, 1771–1814, Christiania 1842. Økland, Fridthjof, Michael Sars. Et minneskrift, Oslo 1955. Øvre-Eide, Rasmus, Stortingsval og stortingsmenn i Sogn og Fjordane 1814–1970, Sandane 1973.
Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2014.