MAGNUS THINGNÆS
Av Bjarte Sindre
FLORØPATRIOT OG DIKTAR
Kle deg i vadmel! – det gode, gjennemprøvede nasjonalstoffet. Vadmelsdressen «Rusken» er makeløs for den som arbeider utendørs. L.A. Svardal, Florø.
❖
Magnus Thingnæs (1912–1962) vart fødd og voks opp i Florø. Familien drog til Ålesund då han var 17 år gammal, og Magnus utdanna seg no til typograf. I 1938 flytte han til Oslo, der han arbeidde resten av livet i trykkeri og som journalist. Han førte ein lett penn, og tykte om å skrive. Med signaturen Mathi var han ein fast bidragsytar i Florø-avisene «Firda Folkeblad» og «Fylkestidende». Han skreiv dessutan i ei rekke andre aviser, m.a. i «Aftenposten» i Oslo.
Bronse til Ernst Larsen Ernst Larsen fekk bronsemedalje på 3 000 meter hinder i Melbourne i dag. Vinnaren, Brasher frå Storbritannia, vart fyrst diska, men diskvalifiseringa vart omgjord kort tid etter.
❖
Flinke notbøtere får plass. Varme, gode rom. Hornes not- bøteri, Florø, tlf. 2356
❖
Lyder Kvellestad i Florø har kjøpt ein eigedom med skaldyrfabrikk og land- handel på Bremnes i Sunnhordland. Son til kjøparen, Leif Kvellestad, skal driva landhandelen.
❖
Florø Husmorlag melder at det på kveldstilstellinga kom inn kr. 3596,86 brutto. Det er avsett til barnehage kr. 2202,61.
❖
Thingnæs redigerte ei rekke bøker som «Florø 1860–1960,» der han sjølv skreiv det meste. Thingnæs var Florø-patrioten framfor nokon, og nytta alle høve til å tale byen og distrikta si sak. Difor æra Florø han med å kalle opp ei sentrumsgate etter han, ei gate der han sjølv budde i 17 år. Barne- og ungdomstida i Florø gjorde eit ugløymande og positivt inntrykk på Magnus, og denne
kjærleiken kjem klår til uttrykk i dei to diktsamlingane, «Min barndoms by», og «Blomster fra min barndoms hage». Som føljetong i «Firda Folkeblad» gjekk den spennande historiske romanen «Når månen står midt i skaret.» Den vart utgjeven i bokform i 1959. Frå mi eiga barndomstid var det dei to gutebøkene «Den tomme vakttønna» (1946) og «De fredløses øy» (1948) som gjorde størst inntrykk, og eg vil gjerne sjå litt nærare på desse to. I begge er handlinga lagt til Florø og områda rundt. Den første held seg mykje til historiske hendingar, smuglinga i forbodstida på 1920-talet og ikkje minst striden mellom innibynarar og utibynarar om kven som kunne klare å få det finaste jonsokbålet. Boka er skriven med stor kjærleik til byen, og forfattaren må ha hatt ei lukkeleg tid her. Eit lite klipp frå ei av dei mange naturskildringane hans. Innenfor lå den vesle byen og smilte i junimorgenen. Solen som så vidt hadde rukket opp over



November
Utsett plass Det er den norsk/ danske bataljonen i SN-brigaden som skal stasjonerast i ingenmannsland mellom den egyptiske og den fransk/britiske front- lina sør for Port Said.
❖
Thorleif Iversen frå Måløy er tilsett som sekretær i Sogn og Fjordane fiskarlag, etter Molnes som har sagt opp stillinga si. Det var 10 søkjarar.
❖
om ein flokk brotsmenn som driv med sjørøveri, men også om konfliktar i guteflokken og gryande forelsking. Thingnæs tar med gode historier som gjekk på folkemunne. Den følgjande skal vere sann. Ein gammal fiskar, Aron Lium, ha funne ein ukjend grunne, og dreg inn til losoldermannen i Florø for å melde frå. Losoldermannen ble ivrig. Han reiste seg, gikk bort til hyllen og hentet et stort kart over distriktet, som han brettet ut over skrivebordet. – Du får merke av på kartet hvor grunnen ligger, du da, Aron, sa han og tente pipa. Aron var straks orientert på kartet, og satte bestemt en svart finger på stedet. Losoldermannen satte et kryss på punktet. Han reiste seg opp og kremtet.
Kaffiavgift Prisdirektoretat har fastsett at det skal svarast avgift av kaffi og sukker som industriverksemder tek inn på lager. Det er samstundes fastsett nye maksimalprisar for kaffi og sukker.
❖
Svein Seljeseth som er utdana froskemann ved Forsvaret sin froskemannsskule i Horten, har no fått fullstendig utstyr, og tysdag prøvde han det nyeutstyret ved å gå ned ved Fugleskjerkaien. Mykje folk samla seg under prøva som på alle måtar var vellukka.
❖
Tirdalsfjellet, kastet sine første stråler innover trærne i Åsen og vekket fuglene til en ny dag. Høyt på bakken lå den hvite kirka, spiret skinte som gull i solskjæret. Utover lå sjøen speilblank så langt synet rakk. Holmene lengst ute, som hadde skiftet over fra blågrå til rødgul farge, syntes å henge i luften. Boka er med rette blitt kalla for eit framifrå kulturhistorisk dokument, med det er også ei spanande bok som alle gutar i byen, ja, jentene med, kasta seg over då ho kom i 1946. Alle kjende vi oss att, og ikkje minst lærte vi om fortida som her i skildinga av skulehusbrannen i 1918 som den 6 år gamle Magnus var vitne til. Men hvor tappert og iherdig byens egne borgere sliter for å begrense ilden, vil vel snart brannen legge resten av byen i aske, hvis det ikke er for de staute gaster og offiserer på den marine- eskadren som kvelden før hadde ankret opp på havnen. Den skulle drive sommerøvelse nordover langs kysten. Oppe på taket av de nærliggende hus ligger nå en avdeling av disse marinesoldatene og beskyter fienden, – ikke med kanoner og mitraljøser, men med vannslanger. De sikter inn, og gir så den røde hane det glatte lag, så den et øyeblikk blir stående forbauset med sitt ildknitrende kykkeliky i halsen. Men så rister den atter på kammen og går på med fornyet raseri. Det blir for varmt for soldatene, som i verdig orden trekker seg tilbake bak mønet for å avkjøle seg til neste offensiv. To år etter «Den tomme vakttønna» kom den andre guteboka hans, «De fredløses øy». Den er meir lausriven frå verkelege hendingar. Hovudhandlinga dreier seg
– Ja, så var det et navn da. Har du noe forslag, Aron? Nå var stunden Aron hadde utmalt seg i tankene på veien innover, kommet. Her hadde han sitt livs største sjanse til å gjøre sitt navn udødelig i kommende tider. Gikk det an tro? Han hadde tenkt å foreslå Aronbåen eller Aronskjæret. Idet han skulle oppløfte sin røst og fremsette forslaget, løftet han hånden og klødde seg betenkt i hode. Men det skulle han ikke ha gjort. Et stort, grått eksemplar av de husdyrene han ikke helt kunne si seg fri for, falt ned på kartet og krøp langsomt bortover krysset som nettopp var blitt avmerket på kartet. – Hm, bemerket losoldemannen tørt, men med et lunt glimt i øyet. – Jeg tenker vi kaller den lusebåen, jeg. Det er ikkje umogleg å få tak i desse bøkene på antikvariat, og dei har stått seg godt. Lesing av dei kan tilrådast på det beste. Også vaksne kan lære mykje om byen, særleg av «Den tomme vakttønna.»
Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2013.