2013-18 - Fridjof Urdal - Om korleis ein prøvde å kurere ein jølstring for sjøsjuke

Hard kur for sjøredsle

Segner og folketru på Seljestokken

Han Kornelius Sørensen (Karnils i Seljestokken) var husmann under garden Husefest, men han var òg fiskar og bas. Han var kjend for å vere ein hard drivar på sjøen, noko denne soga fortel.

Løvlien mot Moskva! Norges kommunistiske parti har offentleg gjort eit opprop der det m.a. heiter: «Norges kommunistiske parti står på det standpunkt at hvert folk selv må få avgjøre sin fremtid. Et folks problem kan ikke løses ved fremmede tropper... Henstillingen fra FN’s hovedforsamling om å motta FN-observatører i Ungarn må bli imøtekommet.»

vart kurert for sjøredsle og han var ikkje verre skremd enn at han var med han Karnils fleire år etter det. Karnils var ein etter måten opplyst mann etter si tid. Han kunne både lese og skrive og var med i to avislag. Det var grannar som slo seg i hop og tinga seg avis. Dette var i 1870-80 åra, og desse karane var venstrefolk og radikale etter si tid.

Flagget var kome opp i går på bygget i Hesteneset der Gartnarhallen skal halda til. Det er førebels berre kjellarhøgda som skal gjerast ferdig, og det er den Gartnarhallen skal nytta.

Bru skulestyre vil ikkje slå saman skulekrinsane i Nor-dalsfjorden no, men reknar med at om eit par år lyt Sundal slåast saman med Nordal.

I den tid var det ofte at det kom folk innanfrå bygdene og vart med på vintrafiske. Det galdt både for silda og torsken. No trefte det seg at han Karnils hadde fått med seg ein ungdom innanfrå Jølster. Det var så langt i frå noko særsyn det. Då dei kom på havet synte det seg at denne karen var sjøredd. Han var ikkje god til noko slag, så avskremd var han. Dette var ikkje havande ombord; heilt ufarleg var det heller ikkje om dei kom i hardseglinga, for karen var så avskremd at han visste ikkje til seg. Då slo han Karnils kloa i han, la han på magen over ei tofte med hovudet godt ut for ripa på le side. Tok så eit reip og gjøra han fast i tofta. Så segla han til lands. Jølstringen kan de skjøne var meir under enn over sjøen, der han låg med herdane ut for ripa. Det var ein rimeleg hard kur, men etter seiande hjelpte det. Jølstringen

Dei som hadde avis i lag var han Mons i Sunnervågen, han Karnils i Seljestokken og han Tore i Husefest. Ein gong rusta dei seg ut på sekseringen og rodde frå Seljestokken til Nordfjordeid for å høyre Bjørnstjerne Bjørnson tale. Det var mange seige timar i ror att og fram, om dei ikkje fekk segle då. Turen tok gode fire døger. Bestefar min fortalde at han hadde sagt: «Det var vel verdt brokaslitet». (Det er store ord for ein sunnfjording).

Prisauke På grunn av at det skal verta prisregulering er det frå i går kveld forbode å køyra ut kaffi og sukker frå engroslager.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2013.