Trolldom på Svarthumle
Vi kan ikkje stå åleine – Aksjonen i midtaustlanda har skaffa ny næring til otten for at våre allierte stormakter kan draga oss med ut for stupet gjennom politikken sin. Men hendingane i Ungarn syner fåren ved å stå åleine. Det kan difor ikkje verta tale om at vi bryt med NATO. Vi skal òg vera klar over at halv- parten av utgiftene til forsvarsoppbygginga har vi fått frå våre allierte, sa lagtingspresident Røiseland i det store utanrikspolitiske ordskiftet i Stortinget.
❖
Stipend til Bjørn Hegranes Målaren og teiknaren Bjørn Hegranes, Florø, som går på Studieatelieret i Bergen, har fått eit arbeidsstipend på kr. 200,- Semesteret varer i 3 mndr. og er leidd av målaren Rolf W. Syrdahl, Oslo.
Det vi i dag kallar hekseprosessar, verserte for norske domstolar i tida 1567–1754. I alt 795 personar var klaga for trolldom, som fenomenet heitte i rettsspråket på den tida. Av desse måtte 249 bøte med livet, etter måten flest i Finnmark. Men tala fortel også at mange vart frikjende, eller fekk mildare straffer. Typisk i så måte er ei sak som var for retten i Stavang 31. oktober 1663. I rettsordninga på denne tida var bygdetinget førsteinstans. Domsmyndet låg hjå lagrettemennene – desse var eidsvorne bønder. Rettsmøtet vart styrt av futen, kongens mann. Bygdelensmannen møtte sjølvsagt også på tinget – han var futen sin forlenga arm, men også tillitsmann for bygde- folket. Sorenskrivaren førte tingboka. Vi er altså i Brandsøy skipreie. Ting er sett i Stavang. Britte An- dersdatter Swart Homel er stemna for trolldom. Retten vert styrt av Kongens Majestets Foged Christen Bertelsen, domsmenn er lensmann Bunde og fleire lagrettemenn. Britte Andersdatter har vore stemna før, hvorom findis i tingbøgerne indførtt, men det er ikkje ført prov for saadan Utilbørlighed. Heller ikkje denne gongen vert retten overtydd om at Britte har giort noget ontt eller troldom. Ho går fri.
Kjelder: UiO.no: Norske trolldomsprosesser – UNIFORUM, mars 2006. Ragnhild Botheim: Trolldomsprosessane i Bergenhus len 1566–1700 (Hovudoppg. UiB, 1999)
Tingboka er skadd, så vi får
ikkje vite det konkrete innhaldet i klagene mot kvinna frå Swart Homel, eller kven som hadde sett dei fram, men i mange tilfelle var det nabokrangel som låg bak skuldingar om trolldom. Vi kan førestille oss korleis forholda kunne vere mellom folk i ei tid då det faktisk var endå mykje lengre til naboen enn i dag, for nokre år seinare, i 1681, var ikkje mindre enn 3 personar skulda for trolldom i Naustdal. Anders Aase stemner Magnhild, kona til Christoffer Aase, fordi ho har skulda Syneve – kona til Anders for trolldom. Magnhild hevdar at Syneve har påført henne ondt. Utfallet av saka var at både Anders og Christoffer fekk bøter på grund av deris quinders beskyldninger mot hverandre. Mennene vart altså straffa på pungen fordi dei ikkje hadde halde styr på konene sine. Skuldingane om trolldom gjekk ikkje retten inn i. Dramatisk var derimot dommen som fall i ei anna sak under same tingseta. Kari, kona til KambeKnut, tilstod for retten at ho kunne helbrede sygdom ved lesning og salver. Ho vart landsforvist. Fostermor hennar, Ingebore Fortun, skulle ha vore læremeisteren i trolldomskunst. Tingboka er mangelfull og fortel ikkje kva lagnad ho fekk. Det siste heksebålet her i landet slokna i 1695.
Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2013.