Ungdomar i skråninga ved Likkjeåsen
På dette Gjelsvik-kortet finn vi frå venstre: Ludvig Bjerck, Oluf Bjerck senior, Johan Hagen og Frederik Bauge. Litt om personane: Ludvig Bjerck (1895–1966) arbeidde, som mest alle unge menn den gongen, på fiskebåtar og i industrien som hadde vokse fram, mellom anna ute på verkstaden i Stranda. Han la seg opp pengar, og i 1931 sette han i gang med kolonial- og tobakksforretning. Huset låg der det nye meieriet kom opp etter krigen. Oluf Bjerck senior (1892–1970 arbeidde liksom den yngre broren på dei havgåande fiskebåtane våre, og hadde her ulike arbeidsoppgåver. Med nok kapital i ryggen byrja han med klesbutikk, og fekk også oppdrag med leigesaum. Han kjøpte eigedom i Stranda der politikammeret no ligg, og starta opp med skreddarverkstad i 1933. Han tilsette ein skreddar, og gjekk i lære hos denne, slik at han etter nokre år kunne ta over sjølv. Etter krigen bygde han stort, nytt hus, og sette i gang med fabrikkdrift. Drifta gjekk framifrå til den industrielle klesproduksjonen kom frå det store utlandet. Då vart verksemda etter kvart trappa ned. Etter krigen var dei tre sønene hans, Oluf, Rolf og Magne med i drifta. Verksemda heldt fram til slutten av 70-talet. Johan Hagen (1895–1855) gjekk på middelskulen og fekk seg vidare handelsutdanning. Han arbeidde på kontor, det meste av tida si som kontorsjef hos firmaet Haave. Han fall brått om i Strandgata, råka av slag 60 år gammal. Fredrik Bauge (1895–1972) hadde også middelskuleeksamen. Han utdanna seg til mekanikar på verkstaden i Stranda, og gjekk etter kvart over til å vere førar på mindre båtar. Han gjekk seinare over til å vere mannskap på redningsbåten «Hercules» som var stasjonert her i byen i ein mannsalder.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2013.