Byfolk på Vona
Ungdom fra Florø på påsketur på Vona. «Vonagjengen». Frå venstre: ??, Andreas Standal, Trygve Saxeide, ??. Bak frå venstre: ?? Alf Apneseth, Arne Solheim og Odd Nybø. Foto: Privat.
meter til fjells opp ein bratt sti. Frå hytta i Grytadalen kunne ein kommevidare opp i fint skiterreng 7– 800 meter over havet. Når det lei fram til påsketider var det usikkert med skiføre der og.
Ei telefonlinje til ytre Reksta er snart ferdig. Det vert 4 abonnentar på denne lina. Elles skal det leggjast opp til 2 liner på indre Reksta, fortel ordførar Færøyvik. Det skal også byggjast ei tlf.line til Rindheim og Selvågen. Dei kjem inn under Rognaldsvåg telefonstasjon. Etter dette vert det høve for alle på øya å få telefon.
I 1920–30 åra var det ein del ungdommar i Florø som hadde lyst å gå på ski om vintrane, og gjerne heilt til påske. Berre enkelte år kunne det vere snø nok i Florø til skiføre eit par veker eller kanskje eit par manader. Dei fleste år måtte ein lenger inn i fjella for å finne snø. Den næraste plassen var Grytadalen, der det var sett opp ei enkel hytte. Men det var ikkje heilt enkelt å reise fram og tilbake dit. Det var ingen veg dit i 1930-åra. Først måtte ein ha båt inn gjennom Norddalsfjorden til Klauene eller Haukå. Deretter var det å bære ski, mat og utstyr nokre hundre høgde-
SPREKE FOLK Ein del spreke karar frå miljøet kring Florø Turn- og idrettsforening kom på den tanken at om dei reiste på Vona, den inste garden i Naustedalen, var dei sikra snø og fint skiterreng kvar påske. Det starta truleg tidleg i 1930-åra, eller kanskje litt før. Leidulv Vonen som vaks opp på Vona i -30-åra, minnes at

❖
November
Ikkje turvande Bru heradsstyre har med knappast mogeleg fleirtal vedteke at det ikkje skal leggast fram telefon til Stavøy skule. «Ein meiner at Stavøy skule ligg so nær abonnent, at det skulde ikkje vere turvande med telefon», heiter det i vedtaket
❖
Aslaug og Andreas Standal. Foto: Privat.
Det er med bitterhet en leser i avisene at det er gjort vedtak om at administrasjonsbygget for Fylkesbaatane – et fylkeskommunalt selskap og det største i Sogn og Fjordane – skal reises i Bergen! Er det virkelig noen som mener at denne transporten ikke kan avvikles like tilfredsstillende om administrasjonen for selskapet lå i Sogn og Fjordane? A.S.
❖
Andreas Standal var den som organiserte desse påsketurane. Andre han nemner er Knut Galaasen, Alf Apneset, Odd og Asbjørn Nybø, Atle Standal og nokre fleire. Somme koner var også med.
Norsk Barneblad har sendt ut teikneheftet «Truls og Guri», og det synest vi alle born burde eiga. Det er journalist Herbjørn Sørebø (frå Dale i Sunnfjord) som har skrive tekstane.
❖
TUNGVINT REISE Det var ikkje så heilt enkelt å reise frå Florø til Vona på den tid. Vegen frå Florø var ikkje kommen lenger enn til Brandsøya. Først måtte ein ta båt inn Førdefjorden. Passa det å reise med Fylkesbaatane sin rutebåtar, tok det sju timar til Naustdal på grunn av alle stop-
pestadane på begge sider av fjorden. Passa det ikkje med rutebåten, måtte ein leige seg skyssbåt. Den kunne gå inn Brandsøysundet og forbi Stavang, og var i Naustdal etter fire timar. Frå Naustdal til Vona var det tre mil, men det var bilveg dei to første mila, til Fimland. Derifrå var det ei mil att å gå på ski til Vona. Dersom ein var så heldig at ein hadde fått ordna seg med hesteskyss for bagasjen, var det ein fin skitur den siste mila, med berre to–tre hundre høgdemeter med motabakke. Enkelte år med mykje snø var ikkje vegen brøyta lenger

Ludvig Vonen med Blakken som henta folk og utstyr på Nes. Foto: Privat.
POPULÆRE PÅSKETURAR
enn til Skaflestadbakken. Då blei skituren tre kilometer lenger.
November
Stor dag i Berle Det var ein stor dag for Berle tysdag. For fyrste gong gjekk ein av fylkesbåtane innom Berle. Det var «Hornelen» som kom – han vart helsa med salutt av ei flaggpryda bygd. Mykje folk var møtt fram. Skuleborna hadde fått fri.
❖
Blant Florø-ungdommane var det stor interesse for desse turane. På Vona var det meir enn fullt hus frå før, så dei leigde seg husrom både på Neset, Svoa, Svorstølen, Teigen, Fimland og andre stadar i Instedalen. Det blir fortalt at ein eldre bonde flytta ut i stallen i påskehelga, så gjesten kunne få bruke senga hans. Alle sa at dei skulle på Vona. For Florø-folk omfatta dette ein stor del av gardane i inste Naustedalen.
Vegarbeid i Hesteneset Spørsmålet om å lengja Fjordgata med 270 meter kjem opp i bystyret i morgon. Einar Kaarbø har bode seg til å fors- kottera kostnaden, og formannskapet bed om fullmakt til å setja i gang arbeidet.
FRISKT INNSLAG Påsketuristane var ein friskt innslag i bygdelivet. Det gav litt kontante inntekter, som dei ikkje hadde for mykje av. I tillegg var det underhaldning. Dei første turistane som kom på Vona var flinke på ski. Etterkvart som det blei mange fleire nybegynnarar som skulle på påsketur, kunne det vere stor underhaldning for ungdommane i dalen å sjå på byfolket. Enkelte
FULLT HUS På Vona var det fullt hus. Dei hadde mange senger, og det var som regel to i kvar seng. Det var ikke nettopp hotellstandard, men så var heller ikkje prisen så høg. Det blir sagt at 1 kr. pr. person var vanleg. Gjestene sytte for maten sjølv. Dei gjekk som regel samla på turar kvar dag, og det var fint skiterreng både mot nord, aust og sør. Når ungdommar er på påsketur kan det av og til bli litt festing. Flokken som var på Vona vart ein høgst edrueleg gjeng, men ein gang var det med ein kar som likte å ta seg ein dram. Dette ville han ha for seg sjølv når dei andre hadde lagt seg. Nokon hadde oppdaga flaska han hadde gøymt. Dei hadde festa ei snor til flaska, slik at når den blei løfta opp ringde det ei bjølle som vekte alle i rommet. Dette hadde dei mykje moro med.

Brita Standal på skitur i fjellheimen kring Vona. Kupefjella i bakgrunnen. Foto: Privat.
åra, var det likevel spennande å høyre om nattlege eventyr i måneskin som enkelte hadde opplevd eller kanskje berre drøymt om.
November
Florø Kino skal byrja med nummererte plass- billettar på kinoen i Fram. Ordninga skal innførast frå 1. januar 1957.
❖
ungkarar som vanlegvis ikkje fann det bryet verd å gå på skitur i påska, kunne finnne på å gå ein tur for å sjå etter by-jentene. Ein av påsketuristane som heldt til i Kråna på Svorstølen, Otto B. Vassbotn, gjekk det gjetord om i bygda. Ei påske det var regnvêr heile helga, hadde han gått skitur til topps på Sandfjellet, 1 249 m, kvar dag i regnkle og sydvest. Dette imponerte naustedølingane
Eit rutefly med 12 menneske på veg frå Trondheim til Oslo kom vekk i går. Mellom passasjerane var den kjende kringkastingsmannen Rolf Kirkvaag.
NYE TIDER. I 1945 kom det veg over Ramsdalsheia frå Florø til Naustdal. Då blei det lettare å reise på Vona, men også lettare å komme seg på skitur på Ramsdalsheia og andre stader. Etter kvart blei det slutt på påsketurane til Vona, men ein del av dei eldre i Florø vil nok minnast desse påsketurane med glede. Enkelte bygde seg hytte der inne slik at nye generasjonar fortsatt kan reise på Vona både vinter og sommar.
❖
HEIMTUR Andre påskedag var det heimtur til Florø. For enkelte var det viktig å komme heim så tidleg at ein kunne rekkje siste forestilling på kino i Fram. Med lys bluse eller skjorte kunne ein vise fram kor brun ein var blitt. For oss som var for unge til å reise på påsketur i -30

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2013.