2013-14 - Bjarte Sindre - Sjukehuset i Florø 1867 – 1933

SJUKEHUSET I FLORØ 1867 – 1933

Atle Standal er attvald til formann i Florø Turn & Idrettsforening på årsmøtet måndag. Dei andre i styret er: Sigrid Hjørnevik, Erna Leirdal og Jan Jeppesen. Gruppeleiarane er Henrik Nygård (turn), Erling Fossheim (friidrett) og Øyvind Galaasen (ski/orientering). Disponent for Fram er Bjørn Atle Sunde, og formann i tilskipingsnemnda er Roald Fjellestad. Leiar i styret for «Trollstova» er Øyvind Galaasen, og for hytta i Grytadalen er Henrik Nygård leiar.

Gult kailjos Det skal no setjast opp natriumlamper (gult ljos) på Fugleskjerkaien og Fylkeskaien i Florø. Hamnestyret har gjort vedtak om det, og byingeniøren har alt tinga lampene. Dei vert på 140 watt kvar, men gjev fem gonger so mykje ljos som dei vanlege glødelampene av same styrke. Det kjem til å verta sett opp 8 lamper på Fugleskjerkaien og to på Fylkeskaien.

Sørgulen er på tale som ny skulestad etter at barnetalet har auka mykje.

Helsetilstanden mellom folk kring 1830 var ikkje god. Kunnskapane om smittefare var mest fråverande, også hos lækjarstanden. I 1833 vart landet ramma av ein koleraepidemi, som tok livet av mange menneske, særleg i Christiania. I følgjande år vart ein plaga av slike epidemiar rundt om i landet, i tillegg til at m.a. tyfus og difteri også kravde mange dødsoffer. Fiskarane var særleg utsette for smittefaren. Under det store sildefisket var mange tusen fiskarar samla i dei ulike fiskeværa. Dei overnatta tett i tett i gisne sjøbuer, eller dei berre kvelvde båten og sov der med ein presenning over seg. Vatn til å vaske seg i fanst knapt, og drikkevatnet var dårleg. Såpe var ukjend. Det er såleis ikkje det minste rart at sjukdomane herja mellom fiskarane. Det var framsynte menneske som ville betre på dette. Ein var presten i Kinn, Hans J. Blom, som kom hit frå Stavanger i 1855, og engasjerte seg straks for å betre helsetilstanden mellom folk, og fremje næringsveksten i distriktet. Han vart valt inn på Stortinget, og etter at ein koleraepidemi hadde herja mellom fiskarane i 1863, fekk gjennom ei lov som sa at det skulle leggast ei avgift på all utførsle av vårsild, og at avgifta «bliver at anvende til Fremme af en forbedret Sygepleie under Vaarsildfisket, navnlig Anskaffelse

og Vedligeholdelse af Sygehuse, fri Kur og Pleie(Kosthold derunder indbefattet) i Sygdomstilfælde for den Almue, der er beskjæftiget med Sildens Fangst og Tilvirkning, saalænge den opholder sig i Fiskedistriktet.» Avgifta vart sett til 2 skilling for kvar tønne sild, og då vi i 1877 gjekk over til nytt pengesystem, vart 3 skilling sett til 10 øre. Såleis vart den nye avgifta 6 øre for kvar hektoliter. Ein skulle ikkje tru det kunne bli pengar av dette, men sildefiska var svært gode desse åra, og 2 skilling var meir enn det høyrest ut til. Det vart også sett ned ein «Commisjon» med amtmennene i Vestlandsfylka som medlemer og dessutan ein tilsynslækjar, Timandus Jonas Løberg. Han var landet sin fremste spesialist på epidemiske sjukdomar og hadde gjort ein stor innsats i kampen mot koleraen under den store epidemien i Bergen i 1848/49. Denne nemnda gjorde straks framlegg om at der skulle byggast to sjukehus i dei fremste sildebyane, Haugesund og Florø. Nemnda sat ikkje med hendene i fanget. Advokat Carl Flock blei hyra og sendt til Florø. Der hadde allereie Løberg vore på synfaring, og med hjelp av distriktslækjar Høst og lensmann Lind kome fram til ei høveleg tomt til sjukehuset i kvartal 23. Dette låg høgt og fritt like under Likkjeåsen, og er i dag

Oktober

80 år Brita Nærøy på Nærøya ved Florø fyller 80 år onsdag 17. oktober. Ho er fødd på Herdla, men kom i unge år til Nærøya saman med mannen og har vore busett der sidan. Mannen reiste mykje ute, so det vart meir enn nok for Brita å gjera heime. Og mang ein gong har ho rodd på Flora med mjølk i allslags vêr. Ho er elles kjend som ei grei og hjelpsam kvinne.

avgrensa av Hans Blom gata, Michal Sarsgata, Magnus Thingnæs gata og Livius Smithgata. Alderssenteret ligg i dag på tomta. Sjukehuset kom til å ta godt over halve kvartalet. Området på 6200 kvadratalen vart kjøpt frå Jens Helmers for 568 spesidalar og 40 skilling. I tillegg skulle sjukehuset ha rett til å bygge brønn og opparbeide veg til brønnen og til hamna. For dette siste betalte dei 218 spesidalar. Kjøpekontrakten blei tinglyst den 20.09.1865. Det gjekk ikkje lang tid før byggearbeidet kom i gang, og i 1867 stod sjukehuset ferdig. Gjennom mange år var huset det største og flottaste i den nye byen. Ordninga vart no slik at distriktslækjaren i Kinn, Ude J. Haust, vart lækjar på den nye sjukehuset i den tida det var i drift. Han var då også leiar for

tilsette som sjukesøstrer, pleiarar, vaktmeister mv. For å ta seg av sjuke fiskarar i fiskeværa og om bord i båtane vart det tilsett lækjarar som skulle følgje flåten. I vårt distrikt var dette dei første åra Corpslæge Johan Koren. Når han avdekka alvorlege sjukdomar hos fiskarane, vart dei sende til sjukehuset i Florø. Her vart dei handsama til dei vart friske. For enkelte kunne det ta fleire månader. Vi må då gjere merksam på at sjukehuset var gratis for pasientane, det galdt både for operasjonar, pleie, medisinar og mat. Ei ordning som var langt føre si tid. Vi skal få gje att korrespondanse som kan klårgjere framgangsmåten. Breva er frå slutten av sildesesongen 1869. Dei to første er frå Gustav Koren til Tamaldus Lø- berg i Bergen.

Fiskarsjukehuset framme til høgre på biletet. I mange år var dette det største bygget i byen. Foto: Berg.

Oktober

Her følgjer fire brev frå U.J.Høst ved sjukehuset i Florø, også desse til tilsynslækjar Løberg i Bergen:

Florø 10. Marts 1869. Siden min sidste Indberetning er der indkommen i Sygehuset 2 og udgaaen 8, altsaa tilbage 20. I det hele har her været indlagt 67; 47 ere udskrevne, hvoraf 1 død.

Hendøen 20. Februar 1869. Jeg ankom til Hendøen den 18. efter et kortvarig Ophold i Tansøen. Her har i de første par Dage været et til dels meget godt Fiske; stor Almue til stede, hvorvel ikke Faa allerede ere reist videre. Rygter om Udsigter og Tilbøielighed hos Al- muen til at draga sydover. Jeg venter her indtil almindeligt Opbrud og følger Hovedstrømmen.

Arthur Thorsen frå Bergen fekk mur- og pussearbeidet ved Florø skule. Tilbodet er på 168 423 kroner, og inkluderer lenging av bygget, ominn- reiing m.v. i det noverande bygget, administrasjon og tilsyn og omsetningsavgift. Arbeidet kjem i gang straks.

Florø 17. Marts 1869. Siden min Indberetning af 10. dennes ere der indkommen i Sygehuset 4 og udgaaet 6, altsaa tilbage 18. Af de udgaaede er 1 død.

Kurpengane ved sjukehusa i Sogn og Fjordane skal no setjast opp frå 25 til 33 kroner.

Bulandet den 4. Marts 1869. Endnu har Hovedmassen af Almuen ikke forladt Buland; et ujevnt Fiske holder dem fremdeles tilbage, dog tror jeg at almindeligt Opbrud forestaar en af de første Dage. Enkelte Baade har de Par sidste Døgn gjort meget god Fangst; de fleste har rigtignok kun faaet ubetydelig. Sy- geligheden har været ubetydelig, 1 Tilfælde af gastrisk Feber har jeg Haab om i Morgen at faa sendt til Florø.

Florø 24. Marts 1869. Siden min Indberetning af 17., er Ingen indkommen i Sygehuset, 5 udgaaede, hvoraf 1 død. Tilbage ligger altsaa 13. Af disse antages 4 at reise med Dampskibet i morgen. I det Hele har her ligget 71, hvoraf 55 helberedede og 3 døde. Florø 30. Marts 1869.

Ung hushjelp får plass straks. Fru Rannveig Svanøe, Kvalstad gård, Svanøybukt.

Selvstendig hushjelp får god plass. – Henv. Florø Kjøtt- og Fiskematforretning.

Tangsauksjon Måndag 29. oktober kl. 11 vert det halde tvangsauksjon hjå Olav Aalen på Kvammen i Vevring over 250 kassar spiker med pussemaskin for spiker, og over ei brislingssnurpenot. Naustdal og Vevring lensmannskontor. Leiv Erdal.

Originalbrevet frå Høst til Løberg. Det er skrive med gotiske bokstavar, og kan stundom vere vanskeleg å lese for oss i dag.

Oktober

Nu har jeg kun 1 Patient tilbage i Sygehuset; antagelig reiser ogsaa han i morgen, saa vi kan slutte Virksomhed for i Aar. To af Tjenerne ere allerede afskedigede, de øvrige har holdt paa med Rengjøring og vadsk. Jeg har talt med Nils om Brønden, og han har lovede at gjøre Fremgang med den.

Ei gjente med to hjernar, 12 fingrar og 12 tær er fødd i Madrid. Helsetilstanden er god,og barnet er livleg som fåe. Etter det lækjarane seier, vil gjenta verta uvanleg intelligent

Florø 3. mai 1869. Lørdag den 1. mai udgik den sidste Patient af Sygehuset. I Morgen Tænker jeg de 2 sidste Tjenerne blive færdige med Vadskingen, saa Husholdningen kan sluttes. Min Indberetning skal komme saasnart jeg faar en Dags Frihed for Reiser. Jeg har nogle Regninger paa Fondet for Telegrammer samt for Fendere til Lægeskiøtsel i alt 1 Spd. 10., som jeg vel kan have hos Økonomen her?

I orden Etter opplysningar Firda Folkeblad har fått, er det no avgjort at det vert sett inn Twin Pioneer-fly i ruta mellom Stavanger og Trondheim neste år. Ein må rekna med at flyplassen på Florelandet vert ferdig til ruta skal opnast.

Per Slettvåg er tilsett som likningssjef i Florø. Han er tilsett i Molde no, men skal ta over stillinga so snart som råd er.

Dyrare tobakk Prisdirektoratet har kunngjort at prisen på røyketobakk og skråtobakk er sett opp. Røyketobakken er gått opp med fem øre pr. 50 gram. Skråtobakken med 10 øre.

Vi ser at sjukehuset først blir stengt den 4. mai, og at dei har handsama 71 pasientar. Dette var dei av fiskarane som hadde blitt verkeleg sjuke. Vi ser også at 3 av dei døydde. Dette året har her nok ikkje vore epidemiar korkje av kolera, difteri eller tyfus, då ville pasient- og dødstala vore mykje høgre. Den vanlegaste dødsårsaken utanom epidemiane, var nok lungebetennelse. Vi hugsar at sjukehuset skulle bygge seg ein brønn. Denne var ikkje ferdig i 1869, men Høst har teke initiativ til at arbeidet skulle startast opp. Han vart liggande rett nord for Likkjeåsen, om lag midt på. Då sjukehuset fekk god vasstilførsle, kom der også eit tidsmessig bad. Dette var eit stort framsteg for Florøfolk, for dei fekk nytte badet utanom sildetida.

Sjukehuset hadde sine opp- og

nedturar. Var det dårleg fiske, var aktiviteten på sjukehuset liten, og der kom heller ikkje mykje pengar i kassa. Økonomien var nemleg avhengig av oppfiska kvantum. Ein stor bakdel var det at sjukehuset berre var ope i fiskesesongen, og sjuke måtte heilt til Bergen. I mange tilfelle var vegen for lang, og pasienten døydde. Det reiste seg etter kvart krav om at der måtte kome eit heilårssjukehus i byen. Den som gjennom ei årrekke sterkast målbar dette synspunktet var Bjarne Svanøe. Det toppa seg med eit velskrive og sterkt innlegg han hadde i Nordre Bergenhus Amtstidende den 21.01.1924. Mellom anna les vi: «Det første skrit er det tyngste. Men når det første er tat, har det ofte vist seg for nogen hver af os, at de andre betænkeligheter opløser sig i smaating. Hvor det er vilje, er der vei. Berettiget sak rydder vei for sig selv, naar den først er komt paa glid, og godviljen lægges til.» Han avsluttar det omfattande innlegget med følgjande: «Og for at der nu kan blive gjort noget med saken straks, vil jeg foreslaa, at distriktslægen i Kinn …. snarest mulig retter opfordring til distriktslægene i Fjordane og til Fylkesutvalget om at komme sammen til et møte i Florø - her vil man da kunne behandle saken videre og faa nærmere utredet samt trække op fremgangslinjerne for arbeidet. Og folket i bygderne venter i stigende utolmodighet paa at der nu maa blive gjort alvor med at faa sygehusspørsmålet ordnet.» Dette førte til at distriktslækjar Ekenes sette seg i sving, og det gjekk ikkje lang tid før ein nemnd var i arbeid med Svanøe som leiar. Det viste seg umogleg å få fylket med på planen, men Svanøe visste råd. Han kontakta Raudekrossen.

Oktober

Fruktimporten vert ein fåre for den norske fluktdyrkinga: P.S. Hjermann har teke saka opp i Stortinget, men statsråd Skau forsvara fruktimporten.

Dei tok opp saka i generalforsamlinga våren 1924. Allereie i mai kom sekretæren på vitjing for synfaring og samtalar. Florø og omegns Røde kors krets blei skipa med Svanøe som leiar. Den vidare planen var klar. Leige eller kjøpe det gamle sjukehusbygget, utvide det kraftig og la Raudekrossen drive sjukehuset.

Dyre fly Thunderjet-flya til det norske flyvåpenet brukar heile 1800 liter bensin i timen.

Vegljos i Havrenes

Arbeidet med veg- ljoset langs Havrenesvegen er no kome so langt at straumen kan setjast på. Truleg kan det verta «lysfest» alt i kveld, sjølv om det ikkje er lange strekningen det gjeld.

Bjarne Helling Svanøe var fødd i 1883. Gjennom mange år arbeidde han utrøytteleg for at der måtte kome eit helårssjukehus i Florø. Etter kvart fekk han folket med seg. Diverre døydde han den 16.10.1924, og fekk ikkje oppleve sluttføringa av sjukehuset.

Vanføreheimen Arbeidet er no kome i gang på ferieheimen for vanføre. Heimen vert reist på eigedomen til Annanias Batalden i Havreneset. I desse dagar er det ogso sett i gang arbeid på vegen fram til tomta.

Tysk ammunisjon for 40 millionar kroner skal øydeleggast etter ulukka på Terningmoen der slik aummunisjon kosta tre mann livet.

Men til alt dette trongst det pengar. Det vart skipa mange lokallag av Raudekrossen og sett i gang omfattande innsamlingsaksjonar. Gjevargleda var stor, og pengar strøymde inn. Vårsildfondet såg store fordelar med eit heilårssjukehus, og dei let Raudekrossen få leige bygget og tomten vederlagsfritt i 20 år. Bergensarkitekten Alvsaker teikna påbyggingane på rekordtid, og der låg også inne ombygging og renovering av det gamle sjukehuset.

Byggearbeidet kom i gang, og i slutten av januar 1926 var det innviingshøgtid for fylket sitt første heilårssjukehus. To år hadde det tatt frå Svanøe sitt avgjerande initiativ til sjukehuset stod ferdig. Ein fantastisk prestasjon som vi i dag ikkje ein gong kan drøyme om å gjere etter. Det nye sjukehuset hadde mellom anna fått operasjonssal, rom for lysterapi, avdeling for epidemiar og desinfeksjonsrom. Dessutan bustader for dei tilsette. Mykje av utstyret hadde sjukehuset fått låne kostnadsfritt av Kongens og Dronningens lasaretter. Ved opninga var der stor fest med mykje folk samla. Diverre døydde Bjarne Svanøe like før fullføringa, og sokneprest Lyngstad i Bremanger tok over som formann i nemnda. Han leia festen. Fylkeskommunen var spesielt invitert, men møtte ikkje. Sjukehuset vart straks ein stor suksess. Tal pasientar var mykje høgre enn rekna med, og sengekapasiteten måtte aukast. Vi hadde også fått ein velrøynd kirurg til byen, dr. Yttri. Ordet spreidde seg raskt om kor dugande han var. I Olden heldt den amerikanske mangemillionæren Singer til om somrane. Han hadde lenge lide av ein sjukdom ingen hadde klart å kurere. «Dra til Florø til dokter Yttri og bli frisk,» sa dei til han. Singer kom til Florø, vart operert og blei frisk. Han var så takksam at han spurde dr. Yttri om det var noko han kunne gjere for sjukehuset. Yttri svarte at sjukehuset var altfor lite. Det trongst ei stor utviding, eller at ein bygde eit nytt sjukehus. Singer lovde straks 70 000 kr. til dette prosjektet, ein svimlande sum den gongen. No vart det for alvor fart i arbeidet med eit stort nok sjukehus. Ein

Oktober

given to Dr. Yttri some years ago.» Fylkesutvalet sende straks eit brev tilbake til Rasmus Yri, og bad han informere Singer om følgjande:

Småfesjå Fredag 19. oktober var det småfesjå i Botnane. Trass i at det er mykje sauer i bygda, var det fåe som melde inn. Fylkesagronomen var vel nøgd med kvaliteten på utstillinga. Serleg peika han på at den finaste ulla han hadde sett i heile fylket, fann han på lamba til Ivar Sørbotten.

Vevring kommunestyre har gjort vedtak om at det ikkje skal seljast lettøl i Vevring utan løyve frå kommunestyret.

«Det er en misforståelse når Mr. Singer har gått ut fra, at planen om sykehus i Florø er oppgitt(fallen through). Tvertimot er planen godkjent av alle myndigheter og står foran sin gjennomførelse og arbeidet vil bli igangsatt med det aller første, og Mr. Singers tilbud til dr. Yttri om kr. 70.000 til sykehus i Florø vil derfor bli mottatt med megen takk.» Den 11.03. kom der eit lengre brev frå Singer skrive på norsk, der det blir sagt at før eller seinare må der kome eit sjukehus i Nordfjord, og at «Under disse omstendigheter er grunnlaget, forutsetningen for min økonomiske støtte til Florøplanen sviktet. Jeg finner derfor ikke å kunne gå med på å utbetale gaven kr. 70.000 til bygging av sykehus i Florø.» Singer

Flaum på Vestlandet Stridregnet over Vestlandet har valda store skader. Vegar er sperra og bruer er rivne burt. Det vert rekna med at skadane kjem opp i fleire hundre tusen kroner.

Bru kommunestyre har no sett ut møtet to gonger då det møtedagen har vore so dårleg vêr at mesteparten av representantane ikkje har kunna møtt. Det vert difor kalla inn til møte i Florø fredag 26. oktober på Victoria hotell kl. 11.30.

landa på alternativet om at der skulle byggast nytt. Sjukehuset hadde sidan 1925 gått med store overskot, og fylket fann at her burde dei nok gå inn og nytte seg av føreretten. I byen låg tomten og grunnmuren til eit nytt og digert skulehus unytta. Dyrtid hadde hindra Florø å sluttføre bygget. No gav dei tomten og grunnmuren gratis til fylket. Alt det utstyret i sjukehuset som var innkjøpt av innsamla midlar fram til 1925, skulle sjølvsagt også overførast. I tillegg vart det på ny sett i gang innsamlingsaksjonar. Saman med dei 70 000 kr. frå Singer og løyving frå fylket, var ein økonomisk mest komne i mål. Alvsaker vart hyra til å teikne det nye sjukehuset, og det vart eit monumentalbygg byen og fylket kunne vere stolte av. Men i resten av fylket såg dei med misunning på det dei hadde fått til ute ved kysten. Sogningane murra om at dei også ville ha sjukehus. I fylkestinget vart det replisert at dei kunne berre setje i gang like hugheilt som dei hadde gjort i ytre Sunnfjord. Verre var reaksjonen frå Nordfjord. Den 22.01.1931 kom der eit langt brev frå Rasmus Yri til Fylkesutvalet om at der måtte kome eit sjukehus i Nordfjord. Som tillegg var der ei utgreiing frå Singer. «I agree to the above article herein published, but further wish to add that the kr. 70.000,- were given specially for the benefit of the Nordfjord population, and with the understanding that Dr. Yttri would be the head of the Hospital built at Florø. I have been informed that now, after many years effort, this plan seems to have fallen through, but in case this is incorrect and there is still a chance of the Hospital being built in Florø my promise remains the same as when

Dette brevet blei møtt med vantru og sinne, og heile prosjektet var i fåre for å måtte skrinleggast. Men kystfolket sat ikkje handfalne. Der vart sett i gang innsamlingsaksjonar og skipa til matinear og teaterframsyningar. Allereie etter to månader hadde ein klart å samle inn dei kr. 70.000,- som Singer så brått hadde nekta å betale. Det var ein stolt ordførar Lauvsnes som den 15. mars kunne melde til fylkesutvalet «at der frå lag og private vilde verte gjeve til sjukehuset i Florø kr. 70.000,- som svarar til den gåva Mr. Singer hev teke attende.» Dermed kunne byggenemnda straks setje seg i sving. Med i denne var dr. Yttri, Odd Haugen, Karl

Det nye sjukehuset i Florø låg i naturvakre omgjevnader. Det var svært omtykt, og hadde dugande lækjarar og sjukepleiarar. Det vart ein pryd for fylket. Foto: Olav Sande.

November

Vil ikkje vera med Kinn heradsstyre har bede om at fylket vert med i utvalet for flyplassen i Havreneset. No er det kome svar, og fylkesutvalet har kome til at dei ikkje ønskjer å vere representert i utvalet.

beid stod att. Interesserte folk i distriktet kunne få omvising og orientering i bygget, og svært mange nytta seg av dette. Malarmeisteren arbeidde aleine, og ville ikkje setje inn fleire folk. Byggenemnda engasjerte då fleire malarar for tilbodsgjevar si rekning. Den 20. september 1933 vart bygget teke i bruk, og då hadde byggenemnda tilvist 350.000 kroner, mindre enn det ein liten bil kostar i dag. Som ved sjukehusbygginga i 1925 ser vi at også dette bygget vart reist på rekordtid frå planlegging til ferdig sjukehus, godt to år. Alle dei som stod for arbeidet må ha gjort ein kjempejobb, og stått på både natt og dag. Ein særskild takk vart retta til formannen i byggenemnda, dr. Yttri. Til slutt i byggenmenda sin protokoll kan vi lese: «Byggenemnda sin varaformann bar fram ei særskild takk til nemnda sin formann, overlækjar Yttri, for det store arbeidet han har lagt ned som formann i byggenemnda, for den djerve måten han har ført det heile arbeidet på, for den store sparsemd han har lagt for dagen under den finansielle ordning av alt som vedrører bygget og for den greide måten han har styrt alle møtene på» Som med det nye sjukehuset i 1925, vart dette også ein stor sukssess. Søkinga vart større enn rekna med, og fleire folk måtte tilsetjast. Sjukehuset vart ein pryd for både kysten og fylket. Under krigen spelte sjukehuset ein avgjerande rolle for å redde sivile liv ved åtaka allierte fly ved mistak gjorde mot fleire av Fylkesbaatane sine skip. Etter krigen byrja ei styrt nedgangstid for sjukehuset, men det er ei anna sak.

Nybø, A. Haave og Per Hjertenes. Arkitekt Alvsaker vart hyra til å teikne bygget, og han sparte seg ikkje. Allereie i april kunne ein legge fram tilbodsmaterialet, og først i juni vart innkomne tilbod vurderte. Summane ein opererte med var latterleg låge i høve til prisnivået vårt. T.d. skulle firmaet som tok seg av det elektriske arbeidet ha 7000 kroner for alle installasjonar i det digre bygget. Til å sikre godt arbeid og framdrift tilsette byggenemnda sjølvsagt ein byggeleiar. På denne tida var det vanskeleg om arbeid for slike folk, og der kom heile 31 søkjarar. Tilsett vart den dugande sivilingeniøren Wilhelm Huseby. Han fekk ei løn på kr. 400,- for månaden. Bygget var eigentleg ferdig sommaren 1933, berre malarar-

Eisenhower er attvald til president i USA med stort fleirtal. Men det vart demokratisk fleirtal både i Senatet og Representantenes Hus.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2013.