Drapet på Jesusbarnet
124 med fly i august Det har vore god oppslutnad om flyruta på Florø. I august reiste det 124 ferdafolk med flyet til og frå byen, og vi skjønar det slik at Vestlandske er velnøgd. Ruta skal halda fram ut oktober månad.
❖
Losje Landkjenning har i kveld fyrste møtet sitt etter ferien. Av programmet nemner vi at Kr.Fr. Myklebust vil syna fram speidarfilmen han tok opp på landsleiren på Voss i sommar.
❖
«Moder» er berga Bergingsbåten «Traust» kom i går natt inn på hamna her med frakteskuta «Moder» som sokk ved Vommanakkane føre helga. Dei driv no og lossar kunstgjødselen. Ved grunnstøytinga hadde «Moder» fått skade på kjølen, og eit par plankar er knuste. Elles er ikkje skadane so svært store.
❖
og på golvet ved sidan av julekrybba låg eit reveskinn som eg hadde lånt av ei nabokjerring. Reveskinnet skulle vere eselet som Maria reid på, og som sjølvsagt måtte få plass i stallen. Det var eit vågestykke å tjuvlåne skinnet, men kva gjer ein ikkje for å komme i julestemning. Sjølv hadde eg ei berande rolle som nummer to av dei tre gåvmilde, vise menn. Første vismann, Ole, skulle gje gull, eg skulle overrekke sovedokka ein pakke med røykelse. Tredjemann, Hans, hadde ein pakke med myrra, som ingen av oss visste kva var, men som sikkert var fine saker. Bakerst i klasserommet sat forventningsfulle foreldre benka og venta på oss håpefulle. «Foreldre» var i denne samanhengen mødre og eit par bestemødre, fedre heldt seg langt unna slike seansar på dei tider. Aller først spelte vi blokkfløyte for stakkarane, deretter var det ymse program, medan gjetarane og englane gjorde seg klare bak sceneullteppa. Astrid las «Lille Persille», eller som ho uttalte det, «Lille Presille», eit par av jentene song julesangar og Torrisen demonstrerte kortkunsten faren hadde lært han og som han viste oss andre støtt og stadig.
Bremanger-sendaren er venta å kome i drift til våren. Det same gjeld meterbylgje- sendaren i Gulen.
Moderne ungdom er som Jesus, hevdar nokre: Dei bur heime til dei er 30, og dersom dei gjer noko, er det eit under. Det får så vere, for til alle tider har folk klaga på ungdommen. Som svært ung var eg med på å ta livet av Jesusbarnet. Eg gjekk i tredje klasse, det nærma seg jul og vi skulle framføre juleevangeliet som skodespel. Klasserommet var festleg pynta med papirlenkjer. Tvers over rommet, der kateteret sto og golvet var eit trinn høgre og fungerte som scene, var det strekt ei snor der nokre ullteppe gjorde teneste som sceneteppe. Heile klassen deltok i skode- spelet på eit eller anna vis. Ei jente som heitte Sølvi var jomfru Maria. Ho skulle stort sett sitje og sjå henført på Jesusbarnet, ei sovedokke ho eigde, som hadde svart hår og blå auge og låg i ein eplekasse trekt med høy. Jørn var Josef. Han sto der til ingen nytte, medan resten av klassen anten var gjetarar med kjøkkenhandkle på hovudet, eller englar med kvite pappvengjer og gullglitter i håret. Englane var brannfarlege, for dei var òg utstyrt med kvart sitt stearinlys, som frøken skulle tenne før den himmelske hærskare skulle stemme i «Deilig er jorden» som avslutning. Deretter skulle det bli servering av brus og kaker. På tavla, under «Velkommen» hadde Inger tegna julestjerna som skein rein og klårt over Betlehem,
Vi tre vise menn skulle ikkje inn før eit godt stykke ut i skodespelet. Vi sto nervøse og kaldsvetta på gangen og øvde på replikkane våre.
– Eders majestet, jeg bringer Dem røkelse», sa eg.
Florø kino hadde eit godt år i fjor, og etter at det er betalt ut filmleige, løner, husleige, avgift til bykassa, kjøp av nye stolar m.m., er det sett av kr. 8 331,91 til byggjefondet. Fondet er no kome opp i nær 110 000 kroner.
❖
Skatt Det bør ikkje verta skattetrekk over 30 prosent etter den nye skattordninga, seier ekspedisjonssjef Kvisli i Finansdeparte- mentet.
– Eders majestet, jeg bringer Dem myrra, sa Hans. Desse replikkane, velsigna korte, skulle vi lire av oss mens vi gjekk ned på kne, ga pakkane til sovedokka før vi la oss flate framfør eplekassa den låg i og viste respekt. Frøken som hadde regien, hadde først forlangt at vi skulle kysse sovedokka på panna, men der la vi ned veto. Ein stad må også vismenn setje grenser, og dokkekyssing var ikkje aktuelt. Medan vi tre vise menn bytta på å kike gjennom nøkkelholet, gjekk framsyninga sin gang i klasserommet, og etter ei stund opne Willy’en, med eit raudprikkete kjøkkenhandkle, nett som det Yassir Arafat hadde på hauet, døra og sleppte oss inn.
❖
– Eders majestet, jeg bringer Dem gull, forkynte Ole, og datt forskriftsmessig på kne oppe ved kateteret Så var det min tur.
Sing Song Medlemsmøte i Sing Song torsdag kl. 20,30 hos Karl Iversen. Styret.
❖
Over 1 mill. rømlingar er komne til VestBerlin sidan 1949. Av desse er 600 000 sende vidare til ymse stader i Vest-Tyskland.
❖
August Oktober
Blant mødrene blei det stort oppstuss. Hans fekk panikk då han såg kva han hadde stelt i stand og la på paling ut døra. Josef fekk latterkrampe, og Frøken sette i eit lite kvin og prøvde etter beste evne å trekke ullteppa saman for å leggje inn ei pause i framsyninga. Men Jesusbarnet sto ikkje til å redde, verken med Karlsons lim eller ulltråd, og medan Jomfru Maria sto og sørga over sovedokka si, blei englane kalt fram litt før tida for å avslutte framsyninga med «Deilig er jorden» Det blei så hektisk at dei ikkje ein gong fekk tid til å tenne stearinlysa, men song i skumringslyset som på barmhjertig vis skjulte dei stygge skadane Jesusbarnet var blitt påført av sparket til Hans’en. Feststemninga var øydelagt, ingen til om det. Vi sat der ganske stille og drakk opp brusen, åt sjokoladekjeksene og kakene, fekk karakterboka der det sto: «Knut er ein flink og kjekk elev, men bør konsentrere seg betre i timen», og blei sleppt heim på juleferie. På vegen sneik eg meg innom nabokjerringa med reveskinnet eg hadde «lånt». Julestemninga var smuldra bort, og reveskinnet som eg hadde tjuvlånt med fåre for eige liv, var ikkje lenger noko å samle på. Kva hjelp det vel jomfru Maria med eit esel når Hans’en hadde sparka i hel ungen hennar? Det var ei skam slik vi hadde behandla Jesusbarnet, om det aldri så mykje var eit uhell. Fetteren min stakk innom seinare på dagen. Han gjekk i sjuandre klasse og var såre nøgd med festreferatet mitt.
Vandalisme I området vest for idrottsplassen/sør for russelægret er det felt 65 bjørker som er slengde rundt i ter- renget. Formannskap- et har valt å melde vandalismen til politiet.
– Det er ingenting å henge med hauet for, dette er beviset på at jula faktisk kan vare heilt til påske, sa fetteren.
– Eders majestet, jeg bringer Dem røkelse, sa eg, og oppfatta så vidt eit anerkjennande smil frå Frøken før eg la meg flat. Så kom tredje vismann. Hans’en hadde eit lite balanseproblem. På grunn av ein skade frå han var liten, hadde han vanskar med grovmotorikken. Så i det han skulle ta trinnet opp til krubba og dele ut myrraen, glei han på kanten og ramla bakover. Han sparka ut med foten i håp om å få at balansen, men resultatet blei det aller verste: Han sparka oppunder krubba, og tok Jesusbarnet på heil volley. Dokka suste ut i salen og landa på hauet først heilt bak hos foreldra. Og det som verre var: Den tolte ikkje lufteturen. Hauet som var nokså stivt sprakk og losna, og der låg Jesusbarnet, stygt skamfare og redningslaus fortapt.
Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2013.