Skipinga av Frelsesarmeen
Stavøy skule skal få innlagt telefon, går det fram av eit vedtak i Bru skule- styre. Alle skular som har ein kilometer eller meir til næraste telefon, skal få.
❖
Friidrettsforbundet vil berre senda tre deltakarar til olympiaden i Melbourne. Det er Egil Danielsen, Ernst Larsen og Sverre Strandli. Audun Boysen har sagt at han ikkje kan reisa.
med at dei var utsendingar frå hovudkontoret i Oslo for å undersøke om der burde skipast ei avdeling i Florø. Byen voks sterkt på denne tida med oppretting av ei rekke industriverksemder. I tillegg var her mykje folk samla i fisketida, både i byen og på øyane.
Frelsesarmeen kom til Noreg i 1888, og arbeidde dei første åra først mest i Oslo-området. Men etter kvart som rørsla voks seg sterkare, kom der avdelingar rundt om i landet. I 1910 var her to frelsesoffiserar i Florø, Holen og Jarnes. Dei arbeidde som pølsemakar og trappesnekkar. Vi kan rekne
Hausten 1912 byrja Frelses-
Frelsesarmeen under Likkjeåsen hausten 1912. Dette postkortet av Gjelsvik, stempla 07.10.1912, er frå før avdelinga i Florø vart grunnlagt. Vi trur det må vere frå ei innviingshøgtida for nye soldatar. Dei fire damene framme i mørke klede må vere utsendingar frå Frelsesarmeen sentralt, jamvel om dei i Oslo ikkje klarer å namnfeste dei. Dei andre må vere herfrå distriktet. Skulle nokon kjenne dei att, er vi takksame for tilbakemelding. Foto: Anton Gjelsvik.

Juli
armeen hausten med jamleg møteverksemd i Florø, og dei hadde stor framgang. Den 4. desember finn vi følgjande lysing i NBA:
lysinga frå sist i januar 1913 som syner stor aktivitet, men slik hadde det vore gjennom heile januar. Vi legg merke til at her var julenissen på vitjing. Skal vi tippe at dette var første gongen i Florø?
Brislingfisket i år har vore det skralaste som har vore på 50 år. På heile kysten frå Oslofjorden til Stad er det fiska opp 100 000 skjepper, mot 400 000 –500 000 skjepper i eit middels år. Eit godt brislingår har fangsten vore oppe i 700 000 skjepper.
❖
Såleis er skipingsdagen til Frelsesarmeen i Florø søndag den 8. desember, og den første styraren var Daniel Larsen saman med Sigurd Asprusten. I tida etter skipinga viste Frelsesarmeen i byen stor aktivitet. Kveldsmøta dei hadde i Strandgata ved bakken ned til Amtskaia var omtykte og mykje folk samla seg for å høyre på. Det var ei ny form for forkynning. Korte innlegg i eit språk alle forstod. Musikk var alltid med. Kristelege songar til fengande melodiar. Frå nyttår av er aktiviteten svært stor, og det vart satsa mykje på borna. Vi gjev att denne
Noko heilt spesielt hende neste hausten. I slutten av august 1913 fekk byen vitjing av Frelsesarmeen sin stabsmusikk, ein hornmusikk med 14 profesjonelle messingblåsarar. Dei heldt fleire konsertar i Florø, og vitja elles Bygstad, Dale, Holmedal, Askvoll, Stongfjorden,
Skuleplassen ved Florø skule er vorten ein god del mindre no etter at dei sette i gang byggearbeidet, og borna vert nokso saman- stuva i friminutta. Etter regulerings- planen skal skuleområdet utvidast sørover, og formann- skapet skal sjå om denne utvidinga kan settast i gang snarast råder.
Stabsmusikantar med Rota i bakgrunnen. Kva var meir naturleg enn at fotografen (Gjelsvik?) nytta høve til å lage eit postkort med musikarar frå stabsmusikken. Men han må også ha laga eit der alle 14 er med. Kanskje nokon har eit slikt liggande?


Juli
Batalden og Kalvåg. I tillegg til dette hjelpte dei til med musikk på alle dei andre møta Frelsesarmeen hadde. Den siste konserten her i Florø var den 8. oktober. Då hadde dei vore her i meir enn ein månad. Dei fekk eineståande kritikkar, og må ha vore til stor inspirasjon for lokale musikarar som vår eigen hornmusikk. Vi gjev att programmet til Stabsmusikken på den store konserten dei hadde i Florø den 28. september: ➞ Til 1915 hadde Frelsesarmeen møta sine i Bedehuset og i losjelokalet Breidablikk. I 1915 bygde dei seg eige hus i Markegata, der det moderniserte og utvida lokalet ligg i dag. Jamt hadde organisasjonen tre offiserar her i byen, og stor oppslutning gjennom fleire mannsaldrar. Friluftsmøta dei skipa til på det glade hjørnet, var eit omtykt innslag i bybiletet. Dei vitja også øyane og fjordane. Her eit klipp frå «Krigsropet» den 15. april 1913.
Hoppa over bord Ein Måløy-mann hoppa over bord frå snøggruta laurdag ettermiddag på sør- gåande frå Måløy. Det vart stor oppstandelse, og dei sende ut livbåt. Men mannen var ein god symjar og sette kursen mot ein annan båt som låg der, og vart teken opp. Bakgrunnen for denne uvanlege hendinga var at mannen hadde gått om bord i skipet medan det låg ved kai i Måløy, og merka ikkje at dei hadde lagt frå land. Skipperen ville ikkje snu og gå attende, og då hoppa mannen like godt på havet.
Her eit fotografi av stabsmusikarane tatt i Oslo i 1913. Ein mangla då bilete vart teke. Foto: Ukjend.


Juli
❖
Vi arbeider for at faa eget lokale. Kvindeforeningens medlemmer (vel 50 i alt) arbeider nu fulde av tro og iver for denne sak, og vi vil haabe planen skal lykkes ganske snart, Guds navn til ære og sjæle til frelse. D. Larsen Ens.
Frelsesarmeen sitt arbeid for dei som var komne ille ut, kan ikkje vurderast høgt nok. Dei dreiv også eit aktivt og positivt ungdomsarbeid med stor oppslutning fram til denne dag. Organisasjonen har alltid hatt eit svært godt omdøme her i byen.
Magne Føleide kasta 56,85 m på storstemna på Bislett i går og vart nr. 2 etter Sverre Strandli som vann slegge- kasttevlinga med 61,29 m. Før stemna opna bar det til ei ulukke, med di to av funksjonærane vart råka av slegga. Den eine av dei måtte leggjast inn på sjukehus.
❖
Florø. Det er mig en glæde at meddele «Krigsraabet»s læsere at vi lever godt og erfarer at Herren er med os ogsaa her paa dette nyaapnede felt. Vi besøker ofte Nordfjord og har fundet mange gode venner der, som tar imot os med den største venlighed, overlater os sine lokaler, støtter paa en praktisk maate vort arbeide ved frivillige gaver og hjælper os i det sjælefrelsende arbeide. Vor divisjonsschef, major R. Kristoffersen, besøkte os like før paaske og ledet en del velsignede møter. Der var mange folk, og i alt søk-te 10 sjæle frelse. Al ære til Gud! 6 rekrutter blev indviet til soldater. Kammeraterne deltar alle med iver i frelseskrigen. «Krigsraabet»s-cirkulation er forøket fra 100 til 220 ekspl. pr. uke.
På dette postkortet frå 1912 ser vi til høgre for flagga rett på tomten der Frelsesarmeen tre år seinare hadde reist huset sitt. Seinare blei det utvida og modernisert. Vegen er ei uferdig Markegate, og fotograf Gjelsvik har stått med utsyn frå det første Victoria Hotel. Foto: Anton Gjelsvik.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2013.