Fotograf Anton Gjesvik
Christiania Spigerverk reknar med at dei om 5–6 år kan koma opp i ein produksjon på 40–50 mill. kr om året, sa direktør Schjelderup i den utgreiinga han gav då samferdslenemnda var i Svelgen laurdag. Sidan verksemda tok over drifta av anlegget i Svelgen for halvtanna år sidan, er det gjort utruleg mykje. Den nye smelteverkbygnaden er ferdig, og ein ny smelteomn er komen i drift. Vidare er det bygt ein kraftstasjon 500 meter inne i fjellet, og elles utført ymse reguleringsarbeid. Det bur no 600–700 menneske i Svelgen, men om nokre år er det venteleg kring 2000.
❖
Som heilt ung kom Anton Gjelsvik frå Pussarvika til Florø for å gå i lære hos fotograf Christoffer L. Berg. Han var også ei tid i Bergen for å sluttføre utdanninga si. Med Gjelsvik kom der ein ny giv i val av motiv for postkort. Han konsentrerte seg om personar og arbeidslivet. Dette gjer korta hans særleg interessante. Diverre er det så altfor få kort etter Gjelsvik, av di han døydde i 1914, berre 22 år gammal.
14 000 drepne i Algerie I dei 22 månadene det har vore kampar i Algerie, skal 13 000 nasjonalistar vera drepne.1350 franske soldatar og politifolk har mist livet i Algerie i same tidsromet.
❖
Folketalet på jorda var frå midten av 1955kome opp i 2692 millionar.
❖

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2013.