2013-10 - Odd Standal - Opphav til ord som - kjippen, chip, kipa

Ord på vandring

KJIPPEN, CHIP’EN OG KIPA

Oluf Bjerck er vald til formann i overlikningsnemnda i Kinn. Dei andre i nemnda er: A.K. Kristiansen, Johan Slettevold, Lorentz Sunde og Henrik Skorpa. Godtgjersla for overliknings- nemnda vart sett til 20 kroner dagen og fri skyss.

Florø Pakkargruppe har no teke til å bu seg til vintersild- sesongen. Den fyrste lasta med materialar kom nyleg, og kassespikringa kom i gang i går. Ved Sildfiskernes Eksportlag på Rota vart spikringa sett i gang for ei veke sidan. Dei har fått materialar til kring 20 000 heilkassar.

På eit ostekurs i Telemark kom det fram at i Sogn veit dei ikkje av kva forkjøling er, dei som dagleg et gamalost. – Er dette sant, så er det vel litt av eit mirakel, for vitskapen har i mannsaldrar leita etter eit effektivt middel mot forkjøling, skriv avisa Horda Tidend.

«Steik, kor e kjipte me», seier ei dame eg kjenner frå Ålesund når ho har kvoppe til, eller fare saman av ei brått oppstått redsle. Når du kvepp, går det ei brå iling gjennom deg, oftast kombinert med at du gjer ei rørsle med kroppen. Når ålesundarane «kjippar seg», brukar dei eit gammalnorsk ord, kippa, som tydde nappe, rive, rykkje, dvs. gjere ei brå rørsle med handa og armen. Mange arbeidsoperasjonar vert utførte på denne måten, ofte med kniv i hand. Når vi deler ei sild langs ryggbeinet slik at ho blir til to samanhangande flak, seier vi at vi flekkjer silda. I vårt språk er det såleis resultatet av arbeidsoperasjonen som har gitt opphav til ordet vi brukar. I andre språk kan det vere sjølve kroppsrørslene under arbeidet som dannar grunnlag for ordbruken. Flekking av sild skjer ved at ei øvd hand gjer eit raskt snitt med kniven. Eit raskt snitt med kniven har gitt opphav til det engelske ordet kippers, som vi kjenner som mange variantar av røykt og/eller tørka sild. Særleg i Skottland, Nord-England og på Vesterhavsøyane har dette vore

dagleg kost i hundrevis av år, nett slik som her. Der brukte dei òg ordet kipe om fiskereiskap laga av tunne greiner som var delte i to langs margen, det vi kallar teiner. Tønneband vart laga på denne måten heilt til stålband tok over. Bandaskog, som sogningane kalla det, var hassel, – kanskje det beste materialet å lange tønneband av. Dei som hadde bandaskog, hadde ei god attåtnæring. Kipe kjenner vi som berereiskap, fletta saman av tunne, tilarbeidde treteinar som i utgangspunktet var splitta i to med eit raskt snitt. Og vi veit alle kva ein kjepp er. Å kippa, seier Ivar Aasen, er å «vimse, hoppe, gjøre raske Bevægelser». Han registrerer også ordet «Kiper» i tydinga bødker, eller tønnemakar. Å «kipre» finn han i tydinga «gjøre Kar eller Tønder». Etter alt å dømme er dette det språklege opphavet til Kjippen her i Florø. Moderne engelsk har ordet «chip» i tydinga «flis», noko som er tunt og lite. Dette har gitt opphav til orda «chip» og «microchip». Og vi brukar chip kvar einaste dag!

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2013.