2013-09 - Odd Standal - Om språkstrid og målsak i Florø

Føregangsmenn frå Flora

Funnen i går Fredag i førre veka vart ei 63 år gamal kvinne i Eikefjord borte frå heimen sin. Folk i bygda tok ut på leiting, men fyrst måndag vart lensmannenvarsla. Det har vore leiting i gang heile tida, men utan resultat.I går mobiliserte både ungdomslaget og heimevernet, og bygdefolket elles var med på leiting, og lensmann Sætre fortel at dei fann kvinna i går føremiddag. Ho låg i ein bakke 3–4 kilometer frå heimen. Ho var sjølvsagt noko medteken, men med tanke på at ho hadde lege ute mest ei veke, må ein seia at det stod betre til enn ein skulde ha trudd.

Påskeaftan, 1. april 1899 vart Firda mållag skipa. Skipingsmøtet vart halde i Flora etter initiativ frå Haakon Aasvejen og Elias Melvær. Til stades på møtet var også Anders Lothe, som hadde komme til møtet, saman med andre frå Gloppen. Denne vesle samlinga var ein milepæl i arbeidet for nynorsk skriftspråk i Sogn og Fjordane. Haakon Aasvejen var styrar på Fjordane amtsskule frå 1898. Skulen låg då i Florø, men vart flytta til Nordfjordeid i 1900. Aasvejen flytta med Elias Melvær som hadde vore andrelærar ved same skulen. Han var no bufast som gardbrukar på Krokane, og vart seinare også dampskipsekspeditør i Florø. Desse tre hadde no lagt eit organisatorisk grunnlag for det vidare arbeidet, og på det personlege plan var dei kvar for seg ei kjelde til inspirasjon for andre. Særleg Elias Melvær får gode skussmål frå medarbeidarar.

Olav Fagerheim skal med verknad frå 1. juli slutte etter 33 år som forretningsførar i Kinn trygdekasse. I det høvet vart det i går halde ei samkome for han på Victoria Hotell. Fagerheim var også heradskasserar i Kinn frå 1916 til 1948.

Hausten 2013 var det ikkje mange nok foreldre som ønskte bokmål for førsteklassingane sine til at det kunne setjast i gang parallellklasse ved Florø barneskule. Den første parallellklassen i nynorsk kom i 1928. Underleg nok skjer dette akkurat i språkåret, året då heile medie-noreg viser Ivar Aasen ei merksemd han knapt har hatt sidan språkstriden var på det hardaste. Og underleg nok skjer dette i Florø, som ved sida av Måløy er den einaste tettstaden i Sogn og Fjordane med ubroten tradisjon i bruk av bokmål i skulen. Og det skjer i ei tid då nynorsken lenge har vore på vikande front i landet elles. Forklaringa på fenomenet kan vere tilflyttinga frå distriktet til tett- staden. Folk er vortne trygge i språket sitt, takka vere den fri- gjeringa som har følgt med målreisinga sidan Aasen sine dagar. Dialektbruk er no vanleg i dei fleste sosiale samanhengar, også i munnlege media som radio og fjernsyn. Denne utviklinga har skjedd i heile landet, så kvifor folk i Flora ikkje følgjer straumen, ja det ser eg ikkje noka enkel forklaring på.

«Det var en lykke for mig, ung og uerfaren som jeg var (…) at jeg fik som medlærer en mand som Elias Melvær, der med sin livlige og opvakte ånd og sit altid glade og freidige sind, forenede en levende interesse for al oplysning på national grund.»

Kronerullinga til inntekt for huver til skulemusikken går vidare. Innbetalinga er til Kåre Krokene.

Noverande Flora kommune var i si tid eit kraftsentrum i kampen for nynorsken, så i språkåret kan det vere vel verdt å sjå tilbake på nokre av dei som har gått føre og bana veg.

Det skreiv den første styraren på amtsskulen, Oskar Schjøtt Rivers.

Juni

sensur. Saka gjekk til departementet, og Lothe fekk sin eksamen. Lothe var ei tid redaktør av Firda Folkeblad. Han sat på Stortinget for Arbeidarpartiet i fleire periodar.

Else Margrethe Brende frå Havreneset ved Florø har fått Fulbright-stipend ved high school i Sambandsstatane. Ho er elev ved Firda Gymnas

Elias Melvær (1848–1924) var fødd i Askvoll. Han var folkeskulelærar nokre år, og vart så tilsett på amtsskulen i Nordfjord i 1876. Ved sida av lærargjerninga dreiv han gard. Tidleg på 1890-talet kjøpte han garden på Krokane, der etterkommarane framleis bur. I 1885 møtte han på Stortinget som vara for Jacob Sverdrup. Han heldt det første innlegget som vart prenta på landsmål i Storthingstidende. Han omsette det sjølv.

Mange andre målmenn frå Flora kunne vore omtalte, t.d. ei kjempe som Einar Seim. Men mellom dei som braut nytt land, er det Albert Joleik (1880–1968) som peikar seg ut. Han var fødd i Florø, men budde mesteparten av sitt vaksne liv i Naustdal og Bergen. Artium tok han då var 16 år og 3 månader gammal – den yngste nokon sinne. Han var den første i landet som tok embetseksamen på nynorsk. Joleik var redaktør av fleire aviser,m.a. Fjordaposten som han sjølv gav ut. I ettertid er han kanskje mest kjend som lokal- historikar, m.a. for Sunnfjordsoga, Soga om Flora, o.a.

Thor Solberg heime Thor Solberg er komen over Atlanterhavet med sin tomotors Cessna 310, og denne gongen sette han ny rekord for småfly. Frå Gander på New Foundland til Shannon i Irland brukte han 10 timar og 4 minutt, og frå Shannon til Fornebu 4 timar og 10 minutt. I alt var Solberg og reisekameraten hans 24 timar og 40 minutt i lufta frå New York til Fornebu, og heile tida sat den 63 år gamle Solberg ved spaken, nett som i 1935 då han som fyrste nordmann flaug over Atlanterhavet. Men den gongen tok turen 59 timar.

I Sogndal i Namdalen rasa ein songartribune saman sundag medan 200 songarar song «Den hellige stad». Merkeleg nok kom ingen til skade.

Anders Lothe (1875–1962) var fødd i Gloppen. Han tok lærarutdanning og seinare mellomskuleeksamen som privatist. Han leverte eksamenssvaret sitt på landsmål, noko som førte til at han vart nekta

KVA STOD DEN LOKALE SPRÅKSTRIDEN OM? I folkeskulen: I 1885 gjorde Stortinget prinsippvedtak om at landsmålet skulle vere likestilt med riksmålet, det som i ettertid er kalla Jamstellingsvedtaket. Men det var slik då som no, at djevelen gøymer seg i detaljane: Regjeringa oppnemnde ein kommisjon som skulle utarbeide nye lover for folke-

Juni

måten av namnet på kommunen og kommunesenteret. Bur vi i Florø eller Flora? Det er i slike detaljar at djevelen gøymer seg, og han har sikkert hatt mang ei hugnadsstund opp gjennom åra. Han skal vere eit råskinn både i språkhistorie og moderne lingvistikk, så han flirer truleg godt av den lokale stadnamnstriden.

Priser i herrefrisørfaget for Sogn og Fjordane. Herreklipp kr. 3,70. Hel maskinklipp kr. 2,60. Nakkehår 1,05. Maskinklipp med eller uten lugg 2,00. Barbering med spritvann 1,60. Barbering med varm duk 1,85. Barteklipp 0,85 Hårvask 0,80. Vannondulasjon med elektrisk tørring 3,00. Tillegg for massasje 1,50. Hårmassasje med spritholdig hårvann 3,15. Hårmassasje med Keratin 3,65. Føhn 3,00. Prisene er gjort gjeldende fra 26. mai 1956.

MELVÆR SINE BORN FÆR LOV Den 25. april 1901 er det møte i Kinn skulestyre. Elias Melvær har gjort framlegg om at dei foreldra som ber om det, må få lov til å nytte nynorske lærebøker til borna sine. Vedtak: Melvær sine born fær lov. Slik starta overgangen frå bokmål til nynorsk i Kinn kommune, som då også femnde om Eikefjord og Bru. Mange stader var det harde tak om skulemålet, men i 1919 var det berre tre krinsar som heldt på heldt på bokmål, – Rognaldsvåg, Nærøy og Sundal. Dei fleste revolusjonar får sin motreaksjon, slik også i skulemålspørsmålet i Kinn. Det vart m.a. hevda at «ein taper det ålvorlege og høgtidssame i religionstimane når landsmålet vert brukt». I 1924 var det storaksjon frå riksmålet si side. Det vart halde krinsrøystingar, og nynorsken vart så å seie utradert.

IKKJE HEILT UFÅRLEG Å SEIA NEI

skulen, ei for landsbygda og ei for byane. Kommisjonen rådde til at «Skolestyret bestemmer om skolens læse- og lærebøger skal være affattet på landsmål eller det almindelige bokmål, og i hvilket af disse mål elevernes skriftlige ar- beider i almindelighed skal af- fattes. Dog skal eleverne lære at læse begge mål.» Framlegget vart førebels stoppa i Odelstinget i 1889. Men etter tilskunding frå Det norske Samlaget gjekk det gjennom i 1892. Dermed var vegen open for å ta landsmålet i bruk i folkeskulen, og avgjerda skulle liggje lokalt, hos skulestyret. Skulestyret vart difor kamparena i målstriden. Skulestyra organiserte røysting i skulekrinsane, der alle røysteføre, ikkje berre foreldre, kunne delta. I kyrkja: Det nye testamentet var ferdig omsett til nynorsk i 1889 og kom då ut på Det norske Samlaget. Men det som først vekte strid, var salmane til Elias Blix. Dei første kom i 1869, då anonymt. Etter kvart gav han ut fleire småhefte, som Samlaget prenta i «Nokre Salmar» i 1883. Desse salmane vart godkjende til kyrkjebruk i 1892. I offentleg administrasjon: Her var ikkje språkbruken regulert, så den var personavhengig. Sokneprest Ivar Høyem, som var formann i Bremanger skulekommisjon, var den første som nytta landsmål i ei utlysing. Det skjedde i 1885, då han annonserte ei ledig lærarstilling. Elias Melvær vart formann i Kinn skulestyre i 1901. Han førte møteboka for det meste på nynorsk.

Bataldebua til Florø? Av bygningane på det gamle Sunnfjordtunet i Førde er det no sjøbua (Bataldebua) som ikkje er flytt. Det vert sjølvsagt tale om å flytte også den til Movika, men det har elles vore drøft tanken om å flytta henne attende til kysten – ho ville høva inn i eit sjøbruksmuseum på eller nær Flora. Styret i Sunnfjord Sogelag vedtok tysdag å høyra om Kinn eller Florø kommunar var interessert i å få flytt sjøbua hit.

22. august 1934 var det krinsmøte i Brandsøy skulekrins. 49 born sokna til denne skulen det kommande året. Foreldra til 1/3 av dei ville ha bokmål, foreldra til 2/3 ville ha nynorsk. Krinsrøystinga gav likevel som resultat at av 99 røysteføre var det 51 røyster for bokmål. Men avrøystinga vart klaga inn for departementet, og svaret derifrå lydde m.a. slik :

EPISODAR FRÅ DEN LOKALE SPRÅKSTRIDEN: For mange nolevande er den lokale språkstriden knytt til skrive-

Det er upplyst at det den 22.

Florø-kinoen tek ferie frå 15. juli, opplyse kinostyrar Trygve Berg. Fyrste framsyning etter ferien vert 15. august – og då skal Cinemascope-anlegget vera på plass. Filmen vert «Helene av Troja».

eit spørsmål om målform. Han fortel om samarbeidet med Torleif Svanøe om å «overvinne fordom og reise landbruket sitt omdøme hos folk.» «Som presteskapet før hadde vore med å sette småmannsstempel og mindreverdsstempel på folk og arbeid i bygdene våre, so var det rett og kjært for meg å få vere med å sette stormannsstempel og fullverdistempel på alt ærleg og dugande arbeid på land og sjø.»

Juni Juli

Skulestaden klar Staden for sentral- skulen i Eikefjord er fastlagd, etter at heradsstyret sam- røystes gjekk inn for å legge skulen på Martin Eikefjord sin eigedom.

august d.å. vart halde 2. gongs røysting i Brandsøy til avgjering av målspursmålet i krinsen. Krinsfor- mannen let dei røysta som var til stades, og det vart ropa både inne og ute at dei som vilde røysta måtte koma, men fleire kom ikkje. Tilsynet slutta då røystingi og talde brevværi, i alt 40. Men no vart det kravt at røystingi skulde halda fram, og til slutt gav formannen etter og tok mot røyster frå nokre som kom ein då og ein då, umlag ¾ time etter at urna var tømd. Krinsformannen upplyser at krinstilsynet var av den meining at røystingi var slutt fyrr desse siste kom og at vidare røysting av urett. Men når han gjekk med på å ta imot dei røystene som kom etterpå var det fordi fleire var sopass uppøste og bar seg slik at han rekna det for ikkje å vera heilt ufårleg å seia nei.

DEN NYNORSKE FORMA SKAR OG REIV I SINNET Peder Berg Rolness var den første soknepresten i Kinn som nytta nynorsk. I eit tilbakeblikk fortel han om språkstriden, som også for han var noko langt meir enn enn berre

Berg Rolness fortel om fleire, m.a. om Martin Nordal, kyrkjeverja i Nordalsfjord. «Han var ein ekte eksponent for den folkekyrkjelege kristendomsforma, der arv og opplæring, tilvenning, kall og personlegt ansvar hadde smelta saman til eit heilstøypt, samvetsbindande livssyn og fått uttrykk i ein tilsvarande livsstil». Men nynorsken kunne han ikkje greie i kyrkja. «Den nynorske forma verka slik at det heilage blei mishandla og nedvurdert. «Vi snakka ut. Vi analyserte kvarandre. Vi sat i kvart vårt hjørne av sofaen hans og gret begge to. Men vi visste at det ikkje var bru over avgrunnen mellom oss i dette spørsmålet» fortel soknepresten.

Eisenhower vert president- kandidat og Rich. Nixon visepresidentkandidat for republikanarane i USA.

Kjelde: Anders Lothe: Målreisingssoga i Sogn og Fjordane

Statens Fiskarfagskule i Florø får fullt hus år år, fortel skulestyrar Molnes.

Lettøl Med 13 mot 12 røyster har Sør-Vågsøy heradsstyre vedteke at ingen får selja lettøl utan løyve frå heradsstyret.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2013.