2013-08 - Harald Stavang - Portrett av Bertel Gjøringbø

Kjende Florafolk: Bertel Gjøringbø

Av Harald J. Stavang

31. mai Freistnad på smugling Tollarane i Florø kom måndag over ein freistnad på smugling frå den tyske lastebåten «Alfred Porr» som låg ved sildoljefabrikken i Gunhildvågen for å laste sildemjøl for England. Tollarane kom over 13 flasker brennevin som var gøymde ymse stader om bord.

Til byjubileet i 2010 hadde Firdaposten eit lengre intervju med Bertel Gjøringbø som no går i sitt 88-ande år, og Floraminne har fått høve til å nytte eit utdrag av det. – Han er fødd i ytre Strandgata 22. mars i 1926, som den yngste av ni søsken som levde opp. Foreldra var Martine (frå Radøy) og Andreas Gjøringbø frå dåverande Vevring kommune, smed av yrke.

Sanitetskvinnene i Sogn og Fjordane har halde krinsmøte i Høyanger. Ved vala vart formannen, fru Sundal-Skorpen, attvald. Vi kjem attende til nokre av sakene seinare.

Dette var tida då heile verda gjekk inn i den store depresjonen og dugande folk også i vesle Florø vart gåande og sparke småstein i gatene. Det var ikkje arbeid å få. Hermetikkfabrikken som tidvis sysselsette over 100 menneske, låg nede mesteparten av 30-talet. Kva folk levde av kan ein lure på. Det var mest sesongarbeid.

Mange reiste til sjøs. Nokre på fiske, ein del på sildesalting om vintrane, og anna sjauing på buene, eller på Sildoljefabrikken inne på Kanalen. På slippane kunne det også vere litt arbeid å få. Elles naudsarbeid på Brandsøyvegen. Det vart fortalt om ein som slo av eit sleggeskaft. Han måtte koste nytt til 90 øre.

Slått til leige Slått til leige på rimelege vilkår. – Ansgar Bjørnseth, Florø.

Butikkplass Flink, pålitelig pike ansettes straks. – L.A. Svardal, Florø.

Mai Juni

75 000 tunner saltsild vart skipa her frå distriktet (Kalvåg, Florø og Askvoll) til Sovjet i vinter,opplyser ekspeditør og meklar Rich. Jansen. Det er beste sesongen som har vore.

Bertel Gjøringbø utanfor Strandgata 12 (no «Fargeklatten»), der han voks opp og bl.a. arbeidde i smia som barn. Foto: Harald J. Stavang.

blomar for ti øre kiloen. Ho sette vin på løvetanna. Dei var fleire ungar som balte med dette. «Du får ikkje betre kaffi enn hos Havikbotten (Martin) og ikkje betre kvitvin enn hos Lind», heitte det seg. Hos fru Wilmann og fru ingeniør Hansen plukka dei også til same føremål.

Realskuleeksamen I norsk stil fekk kandidatane desse oppgåvene til å velje i: 1. Korleis kan du i fritida ha nytte og glede av det du lærer i realskulen? 2. Kva ulemper fører det med seg at den elektriske straumen blir borte? 3. Kvifor er det meir naudsynleg med trafikkreglar no enn i gamle dagar. Kva for trafikkreglar kjenner du?

Mai Juni

Ordre frå LO? Det skal verta import av grønsaker for å pressa prisane på heimemarknaden. Det er LO som krev det, og regjeringa har berre parert ordre, skriv Morgenbladet.

– Vi plukka i hagane og der vi måtte finne, fortalde han. Om vintrane gjekk dei på båtane og bomma sild og selde, mest til Per Magnussen som dreiv røykeri. Men på ungars vis vart det leika i gatene, på kaiene, i nothenga til Haave og andre stader. Om vintrane var det ein ynda sport å renne på bane, to bøygde firkantjern med tau i tuppane. Alle smedungane hadde sjølvsagt baner. Det gjævaste var å renne gata heilt frå Ove Olsen (no Jan Bloch Helmers) og ned på Trovikkaia der «Sendingen» låg om søndagane. Det hende at farten vart så stor at dei enda på dekk med skraml og spetakkel, og fekk skjenn til til løn. Men så slapp dei i alle fall å ende i sjøen, noko som også kunne hende seg i kalde vintrakveldar. Bilane var ikkje noko problem. Det var berre ein; drosja til Sverre Andersen – ja, og så postbilen til Kristoffer Kinn.

Dessutan hadde ein skipsekspedisjonane og dei handlande. Bakeria og dei mange små kafeane trong også ei hand iblant. Byen hadde to slakteri (Myklebust og Skaflestad) der det også kunne vere ei krone å tene. Men for dei fleste vart det kummerleg. Det var på den tida einaste byen hadde falle ned på tredjeplass blant tettstadane i fylket, etter Høyanger og Måløy, og måløyværingane tok til å kalle Florø for «sultenburg». Det skjedde ei politisk radikalisering som gav seg utslag bl.a. i at fiskarar og arbeidarar tok til å organisere seg også på Vestlandet, der klasseskiljet tradisjonelt var mindre enn det hadde vore austpå. I Florø kom «dei raude» til å stå sterkt. Til og med innan idretten vart det deling etter politisk ståstad. Arbeidarungdommen i Florø spelte fotball i «Atgeir» og dei borgarlege i «Varg». Bertel sitt liv er byhistorie i seg sjølv. Han har budd og arbeidd i byen all sin dag. Barndommen var «dei harde 30-åra» – i det han opplevde som ein klassedelt by i stillstand. Faren døydde tidleg tidleg, 49 år gammal, og ungane måtte arbeide, også yngstemann så langt han kunne. Barnearbeid ville det heitt i dag. Det første han hugsar av arbeid var i Smia, der alle måtte gjennom etter evne.

– Men postruta kjende vi, legg han til. Skulen ser han tilbake på med lite glede. Der opplevde han klasseskilje, og mobbing nedover.

Juni-uvêr Vinden bles 40–50 telefonstolpar over ende og sperra riksvegen over Haslemoen mellom Åsnes og Våler tysdag. Det kalde veret med vind og snø i fjellet har truga med å stengja høgfjellsvegane.

M.N. Horne har løyst meisterbrev i fotograf-faget.

– Vi lærde i alle fall å slå med slegge, seie han. Blant mangt anna var han løpargut og avisgut, og selde Firda Folkeblad for 5 øre stykket. Elles var det å gå rundt i husa og tilby seg; sage ved, gå ærend eller anna førefallande. Hos fru Lind (dei sa fru den gongen) skulle han plukke løvetann-

– Gjekk du i dongeri så var du «mindre verd», og det var gale kva du gjorde. Kortspel var ikkje lov. I eit friminutt sat vi og såg på nokon som spelte i skulehagen bak huset. Det vart oppdaga, og vi som såg på fekk «Ng» i orden, medan dei som spelte gjekk klar. Dei var av «rette familie», seier han.

Bertel Gjøringbø (til høgre) på arbeid i Trovik bakeri på 1950-talet. Her saman med baker Gustav Egeberg og Ragnvald Trovik – utdanna baker og konditor. Foto: Vest Foto.

Juni

Fårleg «sport» Ein bileigar fortel at nokre smågutar brått kasta stein på bilen hans på Firdavegen no ein dag – mot frontglaset. Det er ein fårleg sport. Det er lettå misse styringa ved eit slikt høve. Rampeferd er det også.

Ein vart spurd i leksa og stotra: «Æ,... eg veit ikkje». Nei du veit vel ikkje du som ikkje veit kven faren din er, sa styraren spydig tilbake. «Kor mykje er 6x7», vart ei jente spurd. Ho sa feil, og vart dreg- en etter håret frå pulten sin og sett ned i ein lågare klasse. Fysisk avstraffing var vanleg. Ein gut vart slått så han vart dauvhøyrd. Ein lærar spente ein gut så han ikkje greidde å sitte etterpå, og fekk mein av det, fortel Gjøringbø.

Singerkurset i Rognaldsvåg begynner mandag 11. juni. Henvendelse fru Signy Fester Sunde, Rognaldsvåg.

Årane til bergingsbåten i Storevatnet er stolne. Det er stygt gjort.

– Ungar ser urettferd, og det er ikkje tvil om at det gjekk ut over arbeidarklassen, legg han til. Bertel vart konfirmert av sokneprest Hjalmar Tjelta 15. september 1940. Då vart ein rekna som vaksen og måtte ut i løna arbeid; først på hermetikken to–tre år i sesongane. Neste jobben var diskenspringar hos Andreas Michelsen i Strandgata 26.

Då krigen tok slutt reiste han til Hardanger i bakarlære, men bakaren drakk tett og fire–fem månader seinare var han attende i Florø og byrja hos A. Trovik, i det gamle bakeriet som vart fyrt med kol og ved. Dette vart arbeidsplassen til Bertel i 24 år, fram til 1970. Sjefsbakar då han kom var Salamon Høyvik. Han hadde alle oppskriftene i hovudet. «Mariussen» (Marius Nilsen) stod for transporten med handvogn. No tok byen til å løfte seg. Det syda av liv i fisketida om vintrane. På bakeriet gjekk det i hundre som alle andre stader. Arbeidstida var frå 06 til 14, men mange gonger var det frå fire om morgonen til fire–fem om ettermiddagen. Fiskarane var hastige etter komme seg på feltet og kjøpte varme brød i sekkar. YFK hadde leveringsproblem og straumen gjekk i eitt. Dei

Juni

Sovjet har levert to krigsskip til Egypt. Dei skal vera framkomne til Alexandria. Mykje tyder på at Sovjet vil halde fram med å levere våpen til Egypt, trass i dei freistnader som blir gjort for å stogga slike leveransar.

Her er Bertil saman med Dagfinn Godø i arbeid med å skjere og legge bollar på brett for å sette dei til tørk for å verte kavringar. Foto: Privat.

14-åring i fengsel På Stord har dei gått til det drastiske steget å setja ein 14 års gut i fengsel. Han dreiv med steling.

Florø formannskap har tilsett Sigrid Berentsen som kontorhjelp på by- kasserarkontoret og (om det trengst) på likningskontoret.

Solnes skyttarlag held skyttarfest i Fanevik laurdag 16/6 kl. 20. – Dans.

Serveringsgjente søkes til D/S «Activ», liggende i moloen, Florø. O. Nærø, Florø

Gjenter, sjå her! Eg er ungkar og treng ei gjente som er van med gardsarbeid. Skriv eller ring – Namn i bladet.

elta fleire hundre brød for hand og knadde i store kar. Overtid var framandord. Dei jobba til dei var ferdige. Fritid var det ikkje så mykje av, men om helgane var dei ein del på tur. Dei vart godt kjende frå skiturar på Guleslettene, og i bærmarka på Saga og Terdalen. I 1952 melde han seg inn i turnforeninga og tok til med organisert trim og idrett, noko han har halde fram med så å seie til det siste. Det har bl.a. resultert i Idrettsmerkestatuetten, miniaturstatuetten, FT&IF sin Bragdpremie og Statuettklubben sitt krus i 1993 – og ikkje minst rimeleg god helse til langt opp i åra. Bertel gifte seg i 1957, og han og kona fekk tre barn som har skikka seg vel og gitt dei barnebarn og oldebarn etter kvart. Dei bygde hus på Kleiva i 1965. Der var ikkje kome veg på sørsida. Til grunnmuren bar Bertel sementsekkane på herdane frå Sunde sin lastebil som var parkert på toppen – 130 sekkar på 50 kilo kvar – til bilen var tom. I 1970 byrja Bertel hos grosserar Sigurd Nybø som nyleg hadde

reist nybygg ved moloa. Då tok han også sertifikat som godt vaksen mann saman med Henrik Friborg, Asbjørn Hatlem – og den unge Stein Malkenes. Sjåførlærar var Bjarne Eikefjord. På desse åra hadde Florø blitt ein heilt annan by. Eventyrfisket hadde komme og gått. Kjøpelaget hadde bygt i Hesteneset, ny sildoljefabrikk var kome i Gunnhildvågen. Og byen hadde fått flyplass og storindustri – Ankerløkken Verft med mange hundre arbeidsplassar. Fylkesbaatane hadde flytt heim, eit oljebase var i emning og Ewos hadde planer om det som skulle ein av verdas største fiskeforfabrikkar. Byen var samanslegen og fått nye grenser; nesten tusen gonger større i utstrekning enn vesle Florø i si tid. Nye skular vart bygde, nye båtruter batt saman øyane og fastlandet. Folk fekk råd til å bygge seg eigne hus, dei fekk seg bilar og fritidsbåtar. Byen opplevde gryande velstand då Bertel vart pensjonist i 1993. Han har følgt den på godt og vondt i meir enn halve byen si 153 årige levetid.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2013.