2013-07 - Merete Husmo Høidal - Om spanjolane som kom til Florø etter den spanske borgarkrigen

Spania, mitt Spania

April

Dei første innvandrarane i Florø

Byens einaste lastebil brummar sakte gjennom gata, og i støvskya bak skin morgonsola på ein einsleg katt. Dagen er ny, dampbåten har begynt på dagsreisa til Bergen, og florø- borgarane nyt fridagen sin. På ei trapp i Firdavegen sit ein mann og nyt freden. Han strekkjer litt på beina og trekkjer inn den friske lufta. Då lyder det brått eit skot like ved, ei kråke finn flaksande døden på veg til bakken, etterfølgt av spanske gloser i begeistra tonefall.

Ramon Mũniz Hermida. Foto: M.N. Horne.

Bjørn Jansen. Foto: Merete H. Høidal.

17. mai-nemnda i Florø heldt møte i Rådhussalen måndag. Det møtte 20 representantar frå 16 samskipnader: Florø Sportsklubb v/Harald Notø, AUL v/ Kj. Herland og Walter Wefring, Fiskarfagskulen v/Nic. Steinsøy og Arnv. Nore, KFUK v/ Bjørg Holm, F.T.& I.F. v/Liv Helstad, Sanitetsfor. v/Brynhild Krokene og Ruth Sunde, Sykehuspersonalent v/Aud Hødal, Florø Høyre v/ Olaug Logna, Florø kommune v/ Anders Heggø, Florø El.for. v/ Arild Espeseth og Per Gjertsen, Florø Lottelag v/Kirsten Nærøy, Florø Håndverkerforening v/ Arne Berg, N.S.F. v/ Harald Bredesen, B.U.L.v/ Sigm.Nydal, N.S.P.F.v/ Leni Hellesen, Frelsesarmeen v/ Martin Høivik. Til formann vart vald Martin Høivik og til nestformann Anders Heggø. Til kasserar vart vald Harald Notø.

Bjørg Jansen ler når ho tenkjer tilbake på då kråka blei skoten. Ho var lenge nabo og ven med den eine spanjolen, Ramon Muñiz.

Nye prisar Frå og med 23. april er det fastsett nye maksimalprisar for mjølk og mjølkeprodukt. Prisdirektoratet

– Ja, mannen min sat jo der på trappa, og så kom Ramon snikande rundt hushjørnet og skaut kråka. Han tok tak i den med ein gong, flådde den og ordna til, fór inn på kjøkkenet og steikte den. Han meinte det måtte vere veldig god

mat! Ja, han var litt annleis, han Ramon, fortel ho smilande. Spanjolane, som var dei første innvandrarane i moderne tid, kom til Florø i 1939, etter at borgar- krigen i Spania tok slutt. Dei var landflyktige, og av ei stor gruppe sjømenn som hamna i Bergen, kom åtte til Florø. I løpet av nokre år døydde eller flytta dei fleste, men tre av dei blei verande i Florø:

April

Florø Husflidslag hadde årsmøte hos Johanna Solheim tysdag 17. april. Det gamle styret med Mathea Engja som formann vart vald opp att. Til hausten er det tanken å få sett i gang eit vevkurs.

Henrik Nygård frå Florø har teke sveineprøva i blekkmakarfaget.

I hagen: Spanjolane i hagen hos gartnar Hegranes, truleg i 1939. Frå v.: Ukjent, José Luis Aguirre, Ricardo Garcia, ukjent, Arsenis Bestida, ukjent, José Ricardo Garcia «Pepe», Ramon Muñiz, gartnar Alfred Hegranes og Hesus Silvete. Foto: Privat.

Ramon Muñiz Hermida, José Ricar- do «Pepe» Garcia og Luis Aguirre.

Sanitetsforeningane i Florø og Kinn vil skipa til fyrstehjelpskurs. Interesserte kan no melda seg til fru Vera Sandvik i Florø og fru Sundal Skorpen i Kinn.

imidlertidtatt av tyskarane, og frakta vekk på ein tysk MTB, til høglydte protestar frå Florø-folk. Dei fleste enda i fangenskap i Oslo, men Ramon Muñiz hamna i konsentrasjonsleir i Tyskland, der han var til krigen var slutt. Fangenskapet gav han varige mein, både fysisk og psykisk. Ramon var kjærast med Ågot Pors før krigen, og i 1940 fekk dei

Kronerulling til inntekt for huver til skulemusikken: Gullak Nærø bet. kr. 1,–. Ragnhild Bjerck bt. kr. 1,–, byd ut Hilda Bjerck og Mathilde Bjerck. Lars Solberg bt. kr. 1,–, b.u. Øyvind Brende og Sigbjørn Stenseth. Andrea Kjær bt., b.u. Richard Jansen og Olav Bjørkum.

– Florø-veringane tok imot spanjolane med opne armar. Dei var respekterte, dei var jo rømlingar. Alle kjende dei, og dei kjende alle. Dei var eit fargerikt innslag i byen, fortel Harald Halvorsen, som var 19 år då dei kom til byen. Ei av dei som tok imot spanjolane med stor hjartevarme var ho som blei svigermora til Ramon, Anna Pors. Om natta kroka dei seg saman rundt radioen hennar og høyrde radiosendingar frå den frie spanske radiosendaren. I måneskinet lista dei seg ut, og låste døra med nøkkelen dei hadde fått låne av ho. Berre eit år etter at dei kom til Florø braut 2. verdskrig ut, og spanjolane blei arresterte av tyskarane. Hitler støtta nemleg Franco, som dei hadde slåst mot. Dei visste at dei var i fare då krigen starta, dei hadde lege i dekning fleire gonger og ville prøve å finne ein måte å komme seg til England på. Dei blei

Harald Halvorsen. Foto: H. J. Stavang.

«Medisintran» Tenkjer so ofte når eg er nede på fisketorget her i Florø og ser på all den fine fiskelevra som vert kasta til måsen: Skulde ikkje dette vere betre mat enn den gamle trana vi får på apotektet og i butikkane? Oskar Nærø.

April Mai

Ytre Strandgata: Mathias Marø (t.v.) og Ramon Muñiz i engasjert sam- tale i 1954. Foto: M.N. Horne.

Harald Ødegaard sa frå seg attval som formann i Florø Venstrelag på årsmøtet fredag. Desse vart valde i det nye styret: Kjartan Nybø, H. Ødegaard, Ingebjørn Solheim, Gudrun Areklett, Ruth Liset og Sverre Hopen. Styret vel sjølv formann.

sonen Ivar. Seinare kom Harald. Familien budde ei tid i Strandgata, men flytte seinare til Firdavegen, der dei hadde bygd hus. Harald Halvorsen var nabo og blei omgangsven med den temperamentsfulle spanjolen som etter kvart livnærte seg som husmålar. Dei var ofte på tur saman, to menn

Kåre Botnmark vart attvald til formann i Florø Håndverkerforening på årsmøtet torsdag kveld. I styret stod Hilmar Eliassen og Ole Julnes på val,og begge vart attvalde.

Føremonene ved store kommunar er overvurderte. Det høver sjeldan å slå ein rik og ein fattig kommune saman, seier Stortingsmann Vindenes.

Harald Muñiz, son til Ramon. Foto: Folkehelseinstitutet.

med ulikt gemytt men med felles interesser; fiske og friluftsliv. Ramon sakna slekta, men drog aldri tilbake til Spania. – Kvar einaste nyttårsaftan, då var han og familien her hos oss, minnast nabo Bjørg Jansen. – Det starta alltid med at han kom bort til meg om føremiddagen, kledd i dress, kvit skjorte og blankpussa sko. Og så tok han rundt meg og gret forferdeleg, for då lengta han sånn heim til Spania. Eg hadde eit hammondorgel eg spela på, og så song han «Granada, mi Granada». Då Franco fall i 1975, heiste Ramon det spanske, republikanske flagget til topps i Firdavegen. Dette var ein stor dag for han, tårene rann i glede over at tyrannen var død. Berre tre år seinare hang det same flagget på halv stang, Ramon var død.

Mai

«Candinda» var ein av lastebåtane som vart liggande i Bergen, på veg med forsyningar frå Murmansk.

Florøs første moteoppvisning etter krigen ble meget vellykket. Damer i alle aldre og størrelse fylte salongene på Victoria to kvelder på rad. Det var firma Eidenbom som arrangerte. Sjefen selv underholdt med pianomusikk.

«Pepe» José Ricardo Garcia. Foto: M.N. Horne.

Bibelens alvorligste emne klarlegges ved Guds ord alene, ved pastor Labianca i Breidablik søndag. Hva er synd mot den Hellige ånd? Hvem har begått den og hvorledes kan den begås? Hvorfor finnes det ikke Frelse for denne synden? Bær ikke på ubegrunnet anfektelse.

Firlingar Ein av sauene til Leif Sagen på Saga i Kinn fekk firlingar. Først kom det eit lamb, og ei veke etter kom det tre til! Alle fire lamba er i full vigør, vert det sagt.

«Den norske Hjelpekomite for Spania» for dei spanske sjømennene. Det blei bestemt at åtte av dei skulle sendast til Florø. Det var urolege tider før 2. verdskrig, og grunna Hitler og Franco sitt samarbeid var hjelpekomiteen redd for at spanjolane skulle bli brukt i det politiske spelet. I Noreg fekk dei Nansenpass, eit identitetsbevis for statslause flyktningar. I starten budde dei åtte på Fjellestads pensjonat i Michael Sarsgate.

REISA TIL FLORØ Vegen til Florø var ikkje fastsett på førehand av spanjolane. Hausten 1938 raste borgarkrigen i Spania på andre året. Kampane sto mellom Franco sine fascistar og den lovleg valde regjeringa. Republikanarane fekk støtte frå mellom andre Mexico og Sovjetunionen, og to spanske lasteskip var på veg frå Murmansk til Spania med «varer». Frakt av våpen var ikkje lovleg, men gjekk truleg for seg i det skjulte. I Nordsjøen låg Franco sine kampklare piratskip som skulle hindre at forsyningar blei sendt til republikanarane. «Candinda» og «Luchana», to av regjeringa sine lasteskip, måtte søke naudham i Bergen. Der blei dei liggjande, og dei fleste av mennene som seinare kom til Florø hadde vore sjømenn på lasteskipa. Unntaket var Ramon Muñiz. Han var i Skottland der han jobba med å hjelpe Spanias flyktningebarn. Då lasteskipa blei liggjande i Bergen, blei han sendt dit for å hjelpe til med å få båtane ut. I april same året vann Franco krigen, og spanjolane i Bergen var med eitt landflyktige. Vende dei heim att til slekt og venner, risikerte dei dødsdom. I Bergen jobba

Dei to andre av desse åtte som

Mai

roleg mann, utan eit utprega spansk lynne. – Han smilte mykje, kanskje meir enn sunnfjordingane var van med. Og så gjekk han alltid med baskarlue, fortel Atle. Luis Aguirre døydde i 1986.

Drosjene Nattevakt denne uke har Oddleif Apneseth tlf. 2173.

Strandgatemuseum Skal byen vår vokse, ja, da må den bygges ut! Man kan ikke drive tidsmessig forretning fra de 100 år gamle «møllspiste» mer eller mindre rønneaktige husene. Jacob U. Ulriksen

blei verande i Florø var José Ricardo Garcia, også kalla «Pepe». Han arbeide som gatearbeidar i kommunen. Han var ein snill kar, ofte omringa av ungar når han med sitt karakteristiske ganglag gjekk berande med ei dinglande bøtte varmt vatn frå jobb til den vatnlause hybelen sin på Hornebua. Han døydde i 1960. Den tredje var José Luis Aguirre. Han var 18 år då han kom til Florø, og blei fengsla av tyskarane eitt år seinare. I Oslo sat han på Møllergata 19 og på Grini. Vel tilbake gifta han seg med Alfhild Hegranes og dei fekk fire barn. Aguirre var kjent som ein teknisk tusenkunstnar, og jobba lenge som mekanikar hos Sande bilverkstad. I 1948 bygde han den første brannbilen i Florø.

José Luis Aguirre. Foto: M.N. Horne.

Eldstesonen Atle fortel om ein

Den spanske borgarkrigen

• Den spanske borgarkrigen varte frå juli 1938 til april 1939. Den starta som eit militærkupp mot den demokratiske folkefrontregjeringa, og utvikla seg til ein kamp om regjeringsmakta og ein blodig og bitter klassekamp.

• Kuppet var starta av fleire, men etter kort tid leidd av general Fransisco Franco. Europeiske land var i våpenblokade mot Spania, noko som ramma regjeringa. Francos opprørarar fekk derimot omfattande hjelp frå dei andre fascistlanda; Hitlers Tyskland og Mussolinis Italia. Dei hadde og den sterke katolske kyrkja på si side. Fascistane si bombing av Guernica blei eit symbol på den brutale krigen.

• Krigen i Spania vart av mange sett i samband med dei store politiske endringane i Europa. Den blei eit symbol i kampen mellom demokrati på den eine sida og fascisme og nazisme på den andre. Den skapte eit stort internasjonalt engasjement, og blir av mange kalla opptakten til 2. verdskrig.

• 1. april 1939 erklærte Franco krigen som over. Han vart sett inn som diktator, og alle parti vart forbodne eller innlemma i det fascistiske partiet til Franco. Diktaturet varte fram til Francos død i 1975.

• I 2007 vedtok den spanske nasjonalforsamlinga ei lov der Francos kupp og lange diktatur blei fordømt.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2013.