43 måneder i tysk fangenskap
Mars
43 MÅNADER I KRIGSFANGENSKAP
Lydbånd Et begrenset parti ankommet. 1200 ft. kr. 25,– Asbjørn Hatlem, Radio & Elektro, Florø.
❖
35 000 atombomber Det er rekna med at Sambandsstatane no har eit laget på 35 000 atombomber. Sovjetsamveldet har truleg 10000, seier ein amerikansk nobelprisvinnar i kjemi.
❖
Likkister og svøp alltid på lager. J Høivik’s Eftf. Tlf. 2228 - Florø.
Aage Sandvik frå Florø var mellom dei som gjekk gjennom mest under krigen – og som overlevde. Han rømde over til Shetland i mars 1941, vart med i Kompani Linge og vart maskinist på «Vita», ei av fiskeskøytene som gjekk i hemmeleg trafikk mellom Shetland og norskekysten. «Vita» gjekk i eit tysk bakhald på trøndelagskysten i september 1941. Dei fem om bord vart tatt til fange og kort etter dømde til døden. Men i staden vart dei sende til Grini og deretter til fleire tyske konsentrasjonsleirar som Nacht und Nebel-fangar. Dei kvite bussane frå Sverige berga Aage Sandvik og dei andre frå «Vita» våren 1945. Han hadde bak seg 43 månader i fangenskap då han kom heim til Florø.
❖
Trekning Det er halde trekning i 1. Florø leirlotteri. Herresykkelen vart vunnen på på lodd nr. 454, Svein Johan Solheim, Florø. Kurér reiseradio var vunnen på lodd nr. 367, Narve Huus, Florø. 1. Florø Speidertropp.
❖
I DEN NORSKE MARINEN. Aage Svein Sandvik i marineuniform.
12,2 mill. hl Vårsildfisket sluttar kl. 24 i kveld. Av storsild og vårsild til saman er det i vinter fiska 12,2 millionar hektoliter, og dette er rekord. Fyrstehandsvert det er 250 millionar kroner.
Aage Svein Sandvik var fødd 1. desember 1918. Ein av brørne hans var Sigfred Sandvik, som var med den første båten frå Flora som drog over til Shetland under krigen. Det var motorbåten «Livlig», som drog
frå Eikefjord alt 28. mai 1940. Anton Lammethun var skipper og Sigfred Sandvik var maskinist om bord. Dei hadde med elleve britiske soldatar som hadde deltatt i kampane i Gudbrandsdalen. Sigfred Sandvik gjekk inn i den norske marinen i England og var maskinist på minesveiparen «Sotra». Han omkom då «Sotra» vart bomba under konvoiteneste utanfor NordAfrika i januar 1943. Aage Sandvik vart konfirmert i 1933. I åra fram mot krigen arbeidde han ved Florø Sildoljefabrikk ved Kanalen. Han førte også skyssbåt for Olav Liabø frå Naustdal, som dreiv skyssbåtfart med den 45 fot store «Dagning», og som i 1938 flytta til Florø. Då krigen braut ut og tyskarane okkuperte landet, var dei ute etter gode båtar til å frakte mannskap og forsyningar. Olav Liabø var sterkt

Mars
mot okkupasjonsmakta og kunne ikkje tenke seg å gå for dei. Han selde derfor «Dagning» i 1941. Heller ikkje ungdommane som var mannskap på båten ville gå for tyskarane.
TIL SHETLAND MED «HEIMFJELL»
Vårsildfisket Torsdag kom det 22 snurparar inn til Florø med til saman 7205 hl. vårsild. Fangstane var tekne ved Sendingane. Fredag kom fire båtar med 870 hl., og laurdag sju båtar med i alt 1710 hl. Dei fleste båtane har no lagt opp, berre nokre fåe ligg enno att. Ein seifiskar som var vest i havet sundag, fortel at det var uvanleg mykje sild til stades.
❖
Den første englandsfararen som sette ut frå Florø var M/B «Heimfjell» frå Kvammen. «Heimfjell» drog frå Florø 12. mars og var framme i Lerwick 14. mars 1941. Dei tolv som reiste over med «Heimfjell» var desse: Fenrik Jens Atle Dahl-Hansen, fødd i Haugesund 1914. Kontormann Arthur Edvardsen, fødd i Florø 1920. Kontormann Nils Fuglesang, fødd i Flekkefjord 1918. Bakar Leif Hovden,
fødd i Florø 1920. Kontormann Einar Kaarbø, fødd på Herdla 1918. Motormann Aage Sandvik, fødd i Florø 1918. Lensmannsbetjent Ingvar Solheim, fødd i Florø 1922. Forretningsmann Håkon Holt Sunde, fødd i Florø 1912. Skipstømmermann Rolf Ulriksen, fødd i Florø 1915. Vegarbeidar Finn Leif Viddal, fødd i Florø 1921. Sjømann Jostein Aalen, fødd i Kvammen 1918. Fiskar Ove Aalen, fødd i Kvammen 1921. Eigaren av «Heimfjell» var notbasen Olav Aalen i Kvammen. Båten var ein gavlbåt på 35 fot med ein 36 hestekrefters Rapp-motor. Olav Aalen laga ein tunnel tvers gjennom båten utstyrt med ein
ENGLANDSFARAR. Gavlbåten «Heimfjell» som vrak i fjøra i Kvammen i 1970-åra. Bildet er henta frå Firda.

Mars
Kunngjering For skuld den langvarige perioden utan nedbør og med frost, lyt Florø vassverk frå og med laurdag 24. d.m. ta vatn frå Storevatnet att. Ein vil difor oppmoda abonnentane om å spara på vatnet mest mogeleg i tida framover. Byingeniøren
❖
Sunnfjord Meieri krev at det vert ei betre ruteordning på Nordalsfjorden. Det må alt frå komande sumar verta båtruter måndag, onsdag, fredag og laurdag, fram og attende. Vinterstid må det vera ein rutebåt med skrå og sterk baug, bygd for å koma fram i is, heiter det m.a.i ei fråsegn frå årsmøtet som var i Florø måndag.
❖
Erling Husabø frå Florø har teke sveineprøva i røyrleggjarfaget. Prøvenemnda var røyrleggjarmeister Hop, Bergen, røyrleggjarmeister Eliassen, Florø og blekkmakarmeister Apneseth, Florø.
❖
sidepropell – truleg den første sidepropellen som vart laga på eit norsk fartøy. Aage Sandvik kom i kontakt med ein del andre Florø-ungdommar, og saman planla dei å rømme landet med båt til Shetland. Dei brukte bakeriet til Nybø i kjellaren på Apneset-huset i ytre Strandgata til møteplass. Gruppa kom tilfeldigvis i kontakt med Jostein og Ove Aalen, som var søner av Olav Aalen. Dei fortalde at dei også hadde tenkt seg over til Shetland, og at dei hadde båt. Aage Sandvik og Rolf Ulriksen reiste inn til Kvammen for å sjå på båten. Der låg ei skøyte og gavlen «Heimfjell». Dei blinka ut skøyta som den mest veleigna til overfarten. Så avtala dei at dei to Aalen-brørne skulle komme ut til Florø med båten og legge seg ved Florø Sildoljefabrikk ved Kanalen. Dei vart derfor svært overraska då det var «Heimfjell» som kom. Båten mangla kompass og mange koauge og var stort sett i dårleg forfatning, fortalde Aage Sandvik i eit intervju med Firdaposten i 1993. Karane fekk tak i materialar og fekk spikra for dei opne koauga. I nitida om kvelden den 12. mars la «Heimfjell» ut frå Florø med tolv mann om bord. Dei gjorde eit stopp ved Kinn, der dei fekk om bord eit kompass frå skyssbåten «Florø». Så gjekk dei opp og ned Kinnasundet for å sjekke om kompasset var nokonlunde rett. Ved midnatt sette dei kursen vestover forbi Ytterøyane. Veret var dårleg utfor land, og mange om bord vart sjøsjuke. «Heimfjell» gjorde ikkje meir enn seks knops fart, og båten dreiv nordover heile tida. Karane måtte justere kursen mot sør. Med straum å stri med brukte båten 36 timar over Nordsjøen. Veret vart likevel rimeleg godt vestover.
Dei styrte mot sørspissen av Shetland, og nådde land på nordspissen av Unst, den nordlegaste øya, tidleg på morgonen den 14. mars. Dei var ikkje sikre på om det var Shetland dei hadde nådd. Då det lysna av dag kom eit britisk fly som viste dei kursen til hamn i Haroldswick. Eit prisemannskap frå den britiske marinen kom om bord og førte «Heimfjell» til Baltasound, der det kom ein los som førte båten vidare til Lerwick. Den britiske marinen overtok båten og brukte den seinare som hjelpefartøy på Lerwick hamn. Dei tolv som reise over med «Heimfjell» drog vidare til London. Der vart dei installerte på Patriotic School og klarerte. Alle melde seg til krigsteneste. Etterpå skildest vegane deira. Ein mann frå det norske Forsvarsdepartementet i London tok kontakt med Aage Sandvik og tok han med til ein kafé. Der møtte han kaptein Martin Linge som heldt på å bygge opp ei norsk militær avdeling i Storbritannia. Han hadde bruk for folk i Scalloway på Shetland, som skulle vere base for skøytetrafikken mellom Shetland og det okkuperte Norge. Aage Sandvik fekk nødvendige papir og billettar og reiste attende til Shetland. I Lerwick møtte han den britiske majoren Leslie Mitchell, som var sjef for dei hemmelege operasjonane mellom Shetland og Norge. Mitchell tok kontakt med sin nestkommanderande, marineløytnanten David Howarth. Han tilbaud Aage Sandvik plass som maskinist om bord i fiskeskøyta «Vita», som mangla ein maskinkyndig mann. «Vita» var frå Bremnes på Bømlo og var på 57 fot og utstyrt med ein 40 hestekrefters Wichmann-motor. Dette var den første
PÅ SHETLAND. Eit av dei få fotoa som finst av Aage Sandvik på Shetland under krigen. Fartøyet han er om bord i er mest truleg «Vita».
Stavang kyrkje Bru kommunestyre har godteke tilbodet frå Elias Vaardal, Florø, på blekkmakararbeidet ved Stavang kyrkje. Tilbodet var på 17 500 kroner.
❖
Mars April
norske fiskebåten som drog over til Storbritannia under krigen. «Vita» hadde gjort tre turar tilbake til Norge før Aage Sandvik kom om bord. Skøyta hadde eit mannskap på fem mann. Skipper var Ingvald Johansen frå Trondheim. Dei tre andre var Henning Olsen frå Bergen, Johan Bergli frå Tromsø, og Jens Haldorsen frå Liland i Ofoten. Aage Sandvik var den yngste om bord. Aage Sandvik var med på fem hemmelege turar til norskekysten med «Vita» frå mai 1941. Dei hadde med både våpen og agentar. På tilbaketurane hadde dei med agentar som måtte tilbake til Eng- land og andre som av ulike grunnar måtte rømme landet.
Gode fangstar Ishavsskuta «Polarbjørn» har gått frå fangstfeltet ved New Foundland med ein fangst på nær 14 000 dyr. «Quest» av Tromsø har fått 20 000 dyr. Det er so mykje som dei kan ta. «Nordbjørn» hadde til påske fanga vel 25 000 dyr. «Polarsirkel» melder også om 25 000 dyr før påske.
GJEKK I FELLE I TRØNDELAG Den femte turen som Aage Sandvik var med på med «Vita» var
ein lang tur til Rekkøy i NordTrøndelag. Dette var i september i 1941. Dei skulle inn med våpen og hente med seg ei stor gruppe med flyktningar. Karane på «Vita» var først inne og sonderte, fann ikkje nokon og gjekk ut att. Neste kveld, den 26. september, gjekk dei inn att. Då gjekk dei rett i eit bakhald som Rinnan-banden hadde fått i stand. Rinnan hadde ein angivar mellom flyktningane. Brått vart «Vita» lyst opp av kraftige lyskastarar frå eit tysk marinefartøy og sett under mi- traljøseeld av to andre. Styrehuset vart heilt smadra, og det var eit under at ingen av dei fem vart såra, fortalde Aage Sandvik i eit intervju som Firdaposten gjorde med han i 2000. Dei fem karane på «Vita» vart arresterte. Dei var kledde i norske marineuniformar og håpa at dei

April
dermed skulle bli behandla som krigsfangar. Etter arrestasjonen gjekk vaktbåten til Trondheim, der Gestapo overtok fangane. Dei hamna først i Vollan-fengslet. Så vart dei sende til fangeleiren Falstad ved Levanger. Etter ein slags rettargang fekk dei dødsdom. Dei var sikre på å bli skotne. Men tida gjekk. Seinare fekk dei vite at det var usemje mellom Gestapo og den tyske marinen om lagnaden deira. Ein gang hadde tyskarane gjort alle førebuingar til avretting. Men så vart det utsetting og vidare transport til Grini.
Gjennom isen Tre menneske gjekk gjennom isen på Hornindalsvatnet påskedag. Dei ferierte på garden Otterdal og var på veg til kyrkje. Dei gjekk over isen då der ikkje er veg. Om lag 100 meter før dei nådde fram, brotna isen; far og son gjekk gjennom, og fru Otterdal som hadde spark med, prøvde å koma til hjelp, men gjekk gjennom ho òg.Folk kom til og fekk berga dei, men det var i siste liten.
❖
rundt tretti norske NN-fangar i Sachsenhausen. Mellom desse var mannskapet frå «Vita». SS bestemte at samtlege NN-fangar skulle ut av Sachsenhausen snarast. Den 14. juni kom transporten av garde. Dagen etter kom dei til Natzweiler. Også Natzweiler hadde underleirar. Ein av desse var Erzingen ved Württemberg. Den 23. juni fekk 200 fangar ordre om å gjere seg klar til vidare transport. Aage Sandvik og andre frå «Vita» var mellom desse. Neste dag kom dei til Erzingen. Dette var ein liten leir under oppbygging. Leiren var ferdigbygd på ei veke. Då fekk fangane vite at dei skulle bygge ein krigsfangeleir med rundt hundre brakker, og deretter eit industrianlegg av svære dimensjonar for utvinning av olje frå skifer. Aage Sandvik fekk leirkjøkenet i Erzingen som arbeidsplass.
12 263 270 hl vart det endelege resultatet av silde- fisket i år. Det er 518 858 hl. meir enn rekordåret 1954.
❖
Ordet fritt Er dei som styrer med jordbruksforsyningane i Bru sovna? Vi passerer no 3. april, og enno har vi ikkje sett noko til høyet vi skulde få, ikkje ekstra kraftfôr, ikkje cellu- lose, og ikkje utlevert husdyrskjema til søknad av det ordinære kraftfôr som forbrukarane skulde byrja å fora av 1. april. Som alle veit er fôrsituasjonen mykje kritisk. Ein som ventar
FRÅ GRINI TIL NATZWEILER Den 26. juni 1942 kom mannskapet frå «Vita» til Grini. Då ein fange på Grini rømde, plukka den tyske leirleiinga ut ti medfangar som skulle skytast. Mannskapet frå «Vita» var mellom desse. Etter fjorten dagar på dødscella vart dei utan nærare varsel sende med fangeskipet «Donau» til Hamburg som Nacht und Nebel-fangar saman med ei rekke andre. Det skjedde i november 1942. I Tyskland hamna karane frå «Vita» i første omgang i konsentrasjonsleiren Sachsenhausen. Leiren hadde fleire underleirar. Ein av desse var Glau. Aage Sandvik vart overført til Glau 22. desember. Han var fange i Sachsenhausen og Glau i til saman i eit og eit halvt år, og han var stort sett plassert i utekommandoen med ulike oppdrag. Maten var dårleg, så vekta hans rasa fort nedover mot 45 kilo. Den viktigaste og mest berykta av Nacht und Nebel-leirane var Natzweiler, som låg utanfor Strasbourg i Frankrike. Leiren låg i ei fjellside i 900 meters høgde. Her hamna i alt 504 nordmenn, og berre 224 av dei kom heim.
Våren 1944 var det framleis att
MINNE FRÅ ERZINGEN. Denne teikninga av Aage Sandvik laga den belgiske arkitekten og medfangen Julien Lievevrouw i leiren Erzingen. Den er datert Erzingen 10.3.45. Nede til venstre har belgiaren skrive på tysk: «Til venen Sandwik. Til minne om Erzingen.»

REDDA AV SVENSKAR OG DANSKAR
PASSET FRÅ SVERIGE. To av sidene frå passet som den norske legasjonen i Stockholm laga til Aage Sandvik i mai 1945.
❖
April
522 norske sjøfolk har sett livet til ved ulukker på sjøen dei siste fem åra. Ulukkesprosenten er seks gonger større enn på land.
❖
norske og danske fangar til Danmark. Dei to neste dagane førte det danske ekspedisjonskorpset meir enn 4.200 fangar frå Neuengamme til ulike stader i Danmark. Snart fekk nordmennene reise vidare til Sverige. Då Aage Sandvik kom dit, hadde han bak seg til sa- man 43 månader i fangenskap i Norge og i Tyskland. Han var i Sverige då krigen tok slutt. Aage Sandvik reiste frå Sverige 26. mai. Han drog med tog til Oslo og derfrå til Bergen. 2. juni kom han og andre tidlegare fangar heim til Florø med betelskipet «Elieser».
Strengare skatteinnkrevjing Bru kommunestyre har oppmoda kommunekasseraren og formannskapet om å nytta dei midlar som er tilgjengelege for å få inn skatte- restansane Ordføraren vart pålagd å be lensmannen skunde på med panting når pantelistene ligg føre.
❖
I februar 1945 gjorde det svenske Røde Kors ein avtale med SS om å overta ansvaret for dei norske og danske fangane i tyske konsentrasjonsleirar. Ein svensk ekspedisjonsstyrke vart klargjort i Friederichsruh nær Hamburg. Den 20. mars starta 25 kvitmåla bussar og andre køyretøy på reisa sørover i Tyskland mot Dachau, der dei fleste norske og danske fangane var. To bussar køyrde vidare mot leirane Leonberg, Dautmergen og Erzingen. Under ei morgonoppstilling fortalde kommandanten at nordmennene i Erzingen ville bli henta av Røde Kors om kort tid. Nordmennene som kom til denne leiren vart på mange måtar godt behandla, og alle var framleis i live. Seint på kvelden den 21. mars marsjerte dei ut av leiren for godt. Ved eit skogholt var det stopp. Snart kom der også nokre fangar frå Leonberg og Dautmergen. Kort etter dukka det opp to svenske bussar. Fangane gjekk om bord i bussane, som køyrde dei til Dachau. Om morgonen den 22. mars rulla over tjue kvitmåla bussar inn framfor leirporten i Dachau. Då alle dei norske fangane i leiren var komne til rette, steig dei om bord i bussane. Tretti timar etter avreisa frå Dachau nådde busskolonnen Neuengamme, ein annan konsentrasjonsleir som låg like sør for Hamburg. Folke Bernadotte i det svenske Røde Kors hadde fått lov til å føre dei norske og danske fangane til Neuengamme. Danske styres- makter hadde på si side organisert eit hjelpekorps for å kunne hente heim danske fangar frå Tyskland. Den 19. april lukkast Folke Bernadotte i å få lov til å overføre alle
ATTENDE TIL SHETLAND OG TYSKLAND Aage Sandvik gjekk inn att i dei norske styrkane etter at han kom heim. Marinen kalla han tilbake til Shetland for å vere med på å avvikle basen i Scalloway. Han avslutta den militære karrieren sin ved bilavdelinga på Akershus festning i 1946. På nyårsafta i 1946 gifta Aage Sandvik seg med Målfrid Lundvang

VETERANAR FRÅ «VITA». Aage Sandvik saman med Jens Haldorsen på ein tur dei begge var med på til Shetland i 1967. Fotoet er tatt av Aftenposten.
April
Vestlandske Luftfartsselskap kjem til å søkja om konsesjon på direkte flyrute mellom Ålesund og Oslo med «Heron»-fly neste år, dersom Vigra flyplass vert ferdig, opplyser disp. Liby. Han vonar at både Ålesund, Florø og Haugesund er klar til neste sesong, kanskje ogso Molde.
❖
frå Dalsøyra i Gulen. Ho kom til Florø under krigen for å arbeide ved Rikstelefonen her. Ho vart kjend med Aage Sandvik gjennom søster hans, Jørgny, som også arbeidde ved telegrafstasjonen. Eit par dagar etter at han kom heim var ho med på å lage til heimkomstfest for han. Etter at Aage Sandvik kom attende frå militæret i 1946, fekk han låne pengar av faren til å kjøpe ei brukt drosje. Dette var ein fem- seters Ford av førkrigsmodell. Det var berre fem personbilar i Florø på den tida. Han fekk også låne ei tyskarbrakke og starta ein liten bilverkstad der. Her reparerte han mellom annan bilane til politiet i Florø. Seinare arbeidde Aage Sandvik ved lageret til firma M. H. A. Standal, for det meste som sjåfør. Han køyrde også eigen lastebil og hadde
mykje køyring for Ankerløkken Verft. Seinare arbeidde han ved lageret til firma Standal, for det meste som sjåfør. Lengste tida var han sjåfør ved Ankerløkken, der han arbeidde til han pensjonerte seg i 1978. Som så mange andre, fortalde ikkje Aage Sandvik familien mykje frå tida då han sat som tysk krigsfange. Han var mykje plaga med mareritt om nettene så lenge han levde, og særleg dei første åra etter krigen. Han fekk mange brev frå tidlegare medfangar i konsentrasjonsleirane. Det var folk frå både Belgia, Nederland, Luxemburg og Tyskland. Nokre av dei hadde han kontakt med fram til 1980-åra. Både i 1969 og i 1975 var Aage Sandvik tilbake på gamle tomter på Shetland saman med andre krigsveteranar. Han fekk fleire ganger invitasjonar frå foreiningane for tidlegare fangar om å vere med tilbake til leirane i Tyskland. Han kvidde seg veldig og hadde lite lyst til å vere med på slike turar. Men til sist – i 1983 – vart han med på ein tur til Sachsenhausen. Kona Målfrid meinte at han ville ha godt av å dra og tilbaud seg å vere med. Så reiste dei begge til Sachsenhausen. Det var ei sterk oppleving, fortel Målfrid. Men ho angra ikkje på turen etterpå, og det trur ho ikkje at Aage gjorde heller. Men han ville ikkje reise attende til leirane fleire ganger. Aage Sandvik døydde 8. november 2004, 86 år gammal.
Løyving til Skorpevågen Hamnebudsjettet for 1956/57 er vedteke i Stortinget. Det er gjeve løyving til fire anlegg i Sogn og Fjordane. Millom desse er utdjuping av Struen i Bremanger og utbetring av Skorpevågen i Kinn.
❖
Kjelder til denne artikkelen: Diverse avisartiklar og avisintervju med Aage Sandvik og andre krigsveteranar. Kristian Ottosen: Natt og tåke – Historien om Natzweiler-fangene. Oslo 1989. Ragnar Ulstein: Englandsfarten. Oslo 1979. Natzweilerfanger ser tilbake. Oslo 2002. Diverse dokument og papir m.v. etter Aage Sandvik. Samtaler med Målfrid Sandvik, Svein Aage Sandvik m.fl.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2013.