2013-03 - Torkjell Djupedal og Sigurd Vengen - Eikefjord kyrkje 200 år

Eikefjord kyrkje 200 år

Februar

Eikefjord kyrkje er ei av dei eldste i Sunnfjord og representerar første generasjon av tømmerkyrkjene frå 1800-talet. Etter ei seinare utviding er ho no ei krosskyrkje, ei av berre tre i fylket (dei to andre er Olden gamle kyrkje og Tønjum).

Sylv til Johannesen Sigge Ericsson frå Sverike vann 10 000- meteren i Vinterolympiaden i Cortina. Knut Johannesen kom på andreplass. Gontsjarenko tok bronsemedaljen og Sverre Haugli vart nr. 4. Hjalmar Anderse vart nr. 6. På 1500- meteren vart det dobbelt russisk ved Grisjin og Mihailov. Salonen frå Finland tok bronse.

Kyrkja i Eikefjord tilhøyrer same kyrkjegenerasjon i Sunnfjord som Ålhus (1795) og Hestad (1805), og Eikefjord var ved bygginga den før-

ste nye kyrkjestaden som vart teken i bruk i fylket sidan 1600talet. Kyrkjestaden ligg under ein bratt hammar, litt sør for dagens

Foto: Torkjell Djupedal.

Februar

9. februar Kolossalt med sild – Aldri såg vi so mykje sild som på felta frå Batalden til Stav- fjorden måndag, sa fiskarane. Det kom inn 305 000 hl. til Florø. Vêret var bra på alle felt, og snurparane kom tidleg i arbeid so å seia på heile strekninga frå Aralden og søretter til Stav- fjorden. Tysdag var fisket for det meste verhindra, men onsdag vart ein ny, god dag, med 206 000 hl, og totalkvantumet innmeldt til Florø har no passert to millionar hektoliter.

Smugling Tollfolka i Florø tok med helga ein dansk båt (isabåt) for smugling. Det vart kverrsett 66 flasker brennevin; sprit og whisky.

ut sideskip, slik at kyrkja fekk ei krossform. På kvar krossarm vart det også bygd små inngangsparti, slik at det frå kvart ytterpunkt i krossforma var fem hjørne, det eine bak det andre, til neste ytterpunkt på krossforma. Det gamle våpenhuset med tårn over, vart ståande som før i vestenden. Kyrkja er både romsleg og intim, og lys og stemningsfull på same tid. Krossforma gjer at ingen i kyrkjelyden sit langt frå presten eller koret. Det er galleri i tre av krossarmane (utanom koret), og i kvart indre hjørne i krossforma er det to store vindauge. Tømmerveggane er brune, taket lyst. Kyrkjebyggjar John J. Alver gjorde jobben i 1874 for 1100 spd, med spir og «om det forlangtes ny altertavle og predikestol». Han hadde med seg same arbeidslaget som bygde Stavang kyrkje året før. Opp gjennom åra er det gjort fleire større og mindre utbetringar. Sakristi med to rom vart bygd mot aust i 1936, med inngang bak altartavla i koret. Det var vedfyring fram til 1953, og vedomnen står enno. I 1970-åra vart det lagt inn vatn og sanitæranlegg, og seinare flomlys. I 1999 vart golvet slipt og kyrkja måla opp att innvendig. I midtgangane og koret kom nye teppe. Benkane vart fiksa opp og fekk puter. I samband med 200-årsjubileet i 2013 har kyrkja fått ei omfattande renovering, både utvendig og innvendig, i tillegg til at det er gjort ein del arbeid på gravplassen rundt kyrkja.

Born i arbeid Disponenten på ein hermetikkfabrikk på Stord er dømd til å betale ei bot på 200 kroner fordi han hadde born i arbeid og let for unge folk arbeida overtid.

Kyrkja var frå starten i 1813 kapellstad under soknekyrkja på Svanøy, men Eikefjord vart i 1889 eige sokn. I våre dagar er det gudsteneste i Eikefjord kyrkje annankvar søndag.

Sildesaltarar! 1000 tønner av god kvalitet kan eg levere straks. Eksp. tilv.

sentrum, som er i vegskiftet. Men på Sørbøen, der kyrkja står, var det tidlegare skysstasjon, handelsbu og post- og dampskipsekspedisjon (rutestopp frå 1877). Då kyrkja vart bygd, stod soknekyrkja på Svanøy, og det går segner om strevet folk hadde med å kome seg til kyrkje. Ei spesiell hending kan ha gjeve opptakten til kyrkja i Eikefjorden: Fem mann frå Løkkebø (på vegen mot Hyen) hadde vore på kyrkjeferd på Svanøy og nådde fram til Eikefjorden sundags- kvelden. Om natta snudde vêret til sørvest storm og regn, og då dei om morgonen skulle over isen på Endestadvatnet, gjekk det gale. Alle fem gjekk gjennom isen og drukna, medan konene deira sat på ein haug like ved og såg på, utan å kunne hjelpe. Mennene vart funne og lagde opp på ein holme, som den dag i dag vert kalla Likholmen. Kring 1810 gjekk bygdefolket saman om å byggje kyrkje, med Søren Agledal som pådrivar. Material vart køyrde til sjøen, skore til plank og bord med handsag eller øksa til bjelkar og stolpar med bile. Byggmeistar var Nils Olsen Kjørslevik, som hadde lært byggekunsten i Bergen. Kyrkja vart vigsla 26. sept. 1813. I byrjinga var det ei lita langkyrkje med 150-200 sitjeplassar. Kyrkja var i privat eige, men i samband med den store utbygginga i 1874 til ei krosskyrkje, vart ho seld til soknet for 1000 spesidaler. Soknestyret fann summen «overdreven høy», men godtok likevel. Bakgrunnen for ombygginga var som så mange andre stader folkeveksten i soknet. Ei tid vart det vurdert å byggje ny kyrkje, men det enda med at Christoffer Svanøe laga ei skisse til ombygging til korskyrkje som soknestyret godtok. Midt på kvar langside vart det bygd

Altartavla. Foto: Torkjell Djupedal.

KUNST OG INVENTAR

Februar

Altartavla frå 1874 er kopi av Thorvaldsens Kristus-skulptur frå 1829, av same slaget som den som står i Florø kyrkje. Men skulpturen i Eikefjorden er skoren i tre, medan Florø-skulpturen er i gips. I Eikefjorden er det ein vegg bak skulpturen, utskoren og måla, og på sokkelen står teksten Han er vor fred.

2 altarlysestakar frå ca.1900, messing. Nattverdsutstyr: Kalk og disk frå 1812, sølv, gåve frå sokneprest Claus Finde (prest 1784–1816).

Preikestol truleg frå 1874. Døypefont frå 1812, dåpsfat frå 1964, sølvplett, gåve frå Nicolai og Bergljot Lien, dåpsmugge frå 1964, sølvplett, gåve frå Eikefjord Bonde- kvinnelag. Lysekrune frå 1700-talet, messing. Orgel frå 1961, 7 stemmer, Olsen & Jørgensen, tidlegare i Eid kyrkje frå 1898, gåve frå Ola O. Agledal og innsamla midlar.

«Elieser IV» har no færre sjuke om bord enn tidlegare, og kan i dag kaste loss for å ta interesserte med ein tur på sildefeltet. Eit indisk sendelag på seks mann har vore her dei siste dagane for å studera sildefisket. Den svenske kringkastings- mannen dr. Oluf Forsén kom til Florø i dag. Han skal sjå på sildefisket og gjera opptak.

2 kyrkjeklokker: Ei frå 1848, laga av Becher i Bergen med innskrift: Støbt til Egefjordens kapel Soli Deo Gloria; og ei klokke frå 1963, Olsen & Søn, Nauen, med innskrift Eikefjord kyrkje anno 1963 – Gåve frå Ola O. Agledal. «IN MAJOREM DEI GLORIAM» (= for å gjere Guds ære større).

(Henta frå: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane, bd. 1)

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2013.