2013-02 - Bjarte Sindre - Bru Skibsværft.

Bru Skibsværft

Dette postkortet er sendt frå Svanø til Stavanger den 7.5.1912 av K. Storhaug. Vi kan rekne med at det er frå kring 1910. Skipet på beddingen er stort, og vi trur det må vere ein galeas. Hundre år før dette veit vi at Ole Torjussen Svanøe sette i gong med skipsbyggeri på Svanøya, men truleg har folket der ute drive med båtbygging heilt frå vikingtida av. I 1929 tok Hermann Tveit over drifta, og namnet vart Svanøy Båtbyggeri og Slipp. Slekta driv framleis verksemda. Båtbyggeriet har alltid henta materialane frå eigen skog. På Svanøya veks der stor og god furu- og eikeskog.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2013.