2013-01 - Kolbjørn Nesje Nybø - Restaureringa av Horne-eigedomen

Restaureringa av Horne-eigedomen

Januar

Klipp frå Firda Folkeblad

År 1956

Slå av på krava I nyårstalen sin peika statsminister Einar Gerhardsen på at det utvalet som skal prøva å finna fram til eit sams opplegg om løns- og pris- politikken, ikkje får noka lett oppgåve. Og han heldt fram: Jordbrukarane, fiskarane, lønstakarane og produksjons- og omsetningslekkane må vera viljuge til å moderere krava i høve til det dei meiner er fullt vederlag for prisstigninga.

«Shetlandsgjengen» vart ein god nr. 1 av filmane som vart synt på Florø Kino i fjor, fortel kinostyrar Trygve Berg. På andreplass kom «Tatt av vinden».

Horne sin fotoforretning. Foto: M.H. Horne.

HORNE-EIGEDOMEN

Dykkararbeid K. Risholm, Florø, tlf. 2595, utfører alt i dykkararbeid.

Horne-eigendomen ligg i Strandgata 17, i Florø sentrum. I 1869 overdreg Jens Helmers ei tomt av Florø Gård, til Mikkel Titland. Tomta fekk nummeret 33.

Kva tid det blei bygd hus på tomta er uklart, men vi veit at bygningsrådet hadde saka føre seg i 1874, så bygningane må vere frå denne tida. Mikkel og Lovise Titland etterlét seg truleg ikkje arvingar, for den

Januar

Budde til silda No kan silda berre koma! Fiskarane er på det næraste ferdige med føre- buingane, og på Sildekontoret i Florø er dei klare, fortel Olav Stavø på Sildekontoret.

15. august 1911 blir det utferda auksjonsskøyte frå dødsbuet etter Lovise Titland til urmakar Harald Flesche. Men han sat ikkje med eigedomen meir enn nokre år, for allereie den 21. mai 1915 skriv Flesche under skøyte på eigedomen 33–34, som då omfattar våningshus med sjøhus. Skøytet viser at eigedomen då blei seld til frøken Guro Fortun frå Sogn for 16.000 kroner. Guro var gift med notbasen Mathias Marø, og ho sat med eigedomen like til ho selde den til Marie Horne i 1955.1

300 søknader Det ligg over 300 søknader om bilkjøp hos bilsakkunnige her i fylket ved årsskiftet.

FOTOGRAF MALVIN HORNE Marie Horne blei i 1939 gift med Malvin Horne (f. 1904). Ho voks opp i Vevring og han på Kvellestad, men i 1940 flytte det nygifte paret til «Marø-huset» i Florø. Malvin var tidleg interessert i fotografering, og hadde gått i lære hos fotograf Tonning i Styn. Han hadde laga seg mørkerom heime på Horne og dreiv allereie litt i det små med portrettfotografering og anna knytt til dagleglivet i bygda. Då han kom til Florø, etablerte han fotoforretning i Stenseth-huset,

tidleg på 1920-talet. Men starten i Hornehuset blei vanskeleg, då krigen sette kraftige stengsler for kva som kunne fotograferast. Mellom anna var det forbode å fotografere bilde med tyskarar, eller tyske anlegg, og i tillegg hadde folk dårleg råd. Først etter at krigen var over, blei det fart i fotograferinga. No blei det viktig å ta igjen det forsømte, og starta oppbygginga av det som seinare har blitt kalla «Hornearkivet». Dette var midt i dei travle sildeåra på 50-talet, og hamna var full av sildebåtar og tusenvis av fiskarar. Motiva på hamna var mange, men Horne reiste også ut på fiskefelta og fotograferte både båtar og mannskap under aktivt fiske. Når han kom inn att, hengde han bileta opp i ut- stillingsvindauga, og slik blei dei fleste seld. Det var ei travel tid, og dei måtte leige inn ekstra fotograf frå Bergen til å hjelpe seg i atelier og laboratorium. Knapt nokon har dokumentert den nære historia i Florø betre og meir nærgåande enn fotograf Malvin Horne. Det var også no familien tok over Marøhuset og busette seg der, og husa

Når kjem silda? No er det spaning om kva tid silda melder seg, og det er som vanleg mange gis- singar. «G.O. Sars» har ikkje kome seg til havs grunna uver, men konsulent Devold seier: «Dersom vi skal tru på månen, er det to fårlege dagar, 12. og 26. januar». I fjor vart dei fyrste snurpefangstane sør for Stad tekne 17. januar.

Ålesund sette ny eksportrekord i fjor med ein samla eksport av fisk og fiskevarer på i alt 183 millionar kroner. Det er 18 millionar meir enn året før.

Frå sildetida. Foto: M.H. Horne.

1 Orheim, 1996.

på eigedomen har derfor sidan blitt kalla Hornehuset og Hornebua.

Januar

På 50-talet etablerte fotograf Horne eige notbøteri med inn- leigde folk.

Prins Harald skal i år ta til med utdaninga si som offiser i Hæren.

Reiser sak Den 25 år gamle fiskaren frå Åkrehamn som fekk synet øydelagt av eit skot med gasspistol i Florø i februar i 1954, kjem til å reisa vederlagssak mot staten.

Eikefjord nye kommunestyre heldt fyrste møtet tysdag ettermiddag. Alfr. Høyset vart vald til ordførar og Alf Svarthumle til varaordførar.

UTLEIGE Men lukka tok ein brå slutt då Malvin Horne døydde av hjartesvikt allereie i 1962. Aleine med fire små ungar kunne ikkje Marie lenger drive forretninga med innleigd hjelp, og ho avvikla derfor drifta og ominnreidde første etasje i Hornehuset til forretningslokale. Første leigetakar var Bergensfirmaet Kjell Mikkelsen som etablerte klesforretning med Odd Halvorsen som dagleg leiar. Seinare har lokala i første etasje blitt leigde ut til fleire andre forretningsdrivande. Dei øvste etasjane har for det meste blitt nytta som bustad, men andre etasje var lenge også nytta til kafédrift. Hornebua blei lenge leigd av Ivar Sunde som dreiv sildsalteri. Men her var også notbøteri i tillegg til at Marø disponerte sin del til eige notbruk og utstyr til båtane.

VERNEVERDIAR PÅ EIGEDOMEN Horne sin eigedom med forretningsbygg mot Standgata og sjøbu ved sjøen, er svært typisk for Florø. Då Birger Hielm teikna byplanen på 1860-talet, plasserte han gatene slik at denne organiseringa av bygningane langs sjøen i den nye sidebyen skulle bli mogeleg. Førebiletet var truleg organiseringa mellom anna i Haugesund. Hornehuset saman med Hornebua representerer derfor eit svært viktig trekk ved Florø by, og organiseringa er så interessant at Riksantikvaren meiner at denne kombinasjonen av sjøbu og forretning er av nasjonal interesse. Bygningane si utforming følgjer også den første reguleringsplanen for byen når det gjeld takvinklar og gesimshøgd, noko som aukar deira verdi som uttrykk for Florø si tidlegaste tid.2

Florø sin byplan av Birger Hielm.

2 Nybø, s.19.

VIOLET LE DUC OG JOHN RUSKIN

Januar

Døydde på veg til gravferd. Den 54 år gamle fru Inga Storaas i Ytterdal på Møre har sett livet til – på veg til ei gravferd. Saman med to andre kvinner vart ho på vegen slegen over ende av sterk kastevind. Fru Storaas fall utfor vegen og fekk so mykje skade at ho døydde.

Hornebua er ei typisk sjøbu i eldre bindingsverk, ein type «industribygningar» som skulle vere enkle å sette opp og som kunne flyttast etter behov. Den er konstruert slik at kvar einskild etasje kan byggast for seg, og utvidast i alle retningar. Den utvendige kledninga på slike bygg er oftast sett saman av dei materialane ein hadde for hand, og kledninga er derfor av ulike dimensjonar. Samstundes skulle den vere lett å skifte ut, og den ligg i si heilheit på utsida av dei berande stokkane. Slike lager- bygningar hadde heller ikkje fleire vindauge enn høgst nødvendig. Hornehuset derimot, er eit maskinlafta hus i det mange vil kalle sveitsarstil, med krysspostvindauge og høvla, ofte profilert «urbant» panel utvendig. Byg- ningen er karakteristisk for dei tidlegaste bustad- og forretnings- bygningane i Florø, der sveitsar- stilen blei bygd med brattare tak og mindre takutspring enn til dømes austpå.

Ny fiskebåt Fiskeflåten i Bremanger har fått ny tilvekst. Brørne Harald og Erling Torvanger har kjøpt eit 66 fots fartøy som er bygt på Karmøy. Båten har fått namnet «Styrnes» og skal utrustast for drivgarnsfiske.

I den før-industrielle tida var det svært få som reflekterte over korleis eit hus skulle restaurerast, og dette kan kanskje kallast ei naturleg utvikling. Ein nytta det som var brukbart og tenkte lite over resten. Men dette endra seg etter at boktrykkjarkunsten vart funnen opp, og historiebøker vart tilgjengelege også for andre enn kongar og adelsfolk. No fekk dei som interesserte seg for slikt, kunnskap om arkitektur og kunst frå svunne tider. Mange byrja leve seg inn i fortida, og lengte tilbake til den. Slik blei mellom anna vern av historiske monument eit mykje diskutert tema på 1800-talet, og mellom dei fremste teoretikarane på dette feltet var Eugene Violet Le Duc og John Ruskin. I ettertida er dei blitt kjende fordi dei stod for to diametralt motsette haldningar til det å restaurere. Le Duc meinte i prinsippet at ein bygning skulle attendeførast til den opphavlege ut- sjånaden, mens Ruskin meinte at alle historiske spor etter ei restaurering framleis skulle vere synlege. På 1900-talet er det først og fremst Ruskin sin strategi som har blitt sett på som den rette, men i praksis viser det seg at begge har blitt brukt.

Silda nærmar seg «G.O. Sars» registrerte i går to mindre sildestimar 65 nautiske mil av Svinøy. Silda nærmar seg altso kysten, og fiskarane trur silda vil setja inn med full fart når det vert nymåne i morgon. SISTE: «Sarsen» gjekk i natt over nye felt vest av Svinøy, men utan å registrera sild.

RESTAURERING Det er ikkje alltid like lett å finne den rette måten å restaurere ein bygning, spesielt når det er knytt djupe kjensler til den. Ein god strategi kan likevel vere å ta utgangspunkt i det som brukarane og dei som kjenner bygningen forstår som ei «naturleg utvikling». Men dette er likevel ikkje så lett å få til, for kva utvikling vil eigentleg bli forstått som naturleg av dei som bur på staden? Dette kan ein berre spekulere på, men det hjelper å kjenne dei førestillingane som er knytt til objektet. Nokre kjenneteikn for dei husa som har hatt ei naturleg utvikling, er likevel at dei ikkje misser identiteten sin, og at det som er brukbart og aller viktigast på huset er teke vare på.

MODERNE ARKITEKTUR OG VERN Den såkalla moderne arkitekturen er på mange måtar negasjonen til den klassiske. Den sveitsiske arkitekten Charles-Edouard Jean- neret-Gris (1887–1965), med pseudonymet Le Corbusier, skulle få stor innverknad på den moderne arkitekturen. Med boka «Towards a new Architecture», som kom ut på 1920-talet, la han på mange måtar grunnlaget for korleis

Januar

rering skal vere. Det første, Veneziachartret kom i 1964, og eit viktig stikkord her er «autentisitet», som handlar om «ekthet». I dei seinare åra har det synt seg at dette ikkje har vore nok til å ta vare på bygningane sin identitet, og i dag er derfor også det å ta vare på ein bygning sin «integritet» blitt eit viktig prinsipp.

moderne arkitektur skulle utformast. Førebileta var teknologiske nyvinningar som båtar, fly og bilar, og spesielt var det viktig at arkitekturen skulle vere funksjonell. Arkitekturstilen som blei utvikla i etterkant av dette har seinare blitt kalla funksjonalisme. Det seier seg sjølv at slike tankar harmonerer dårleg med vern av eldre bygningar i meir klassisk stil, og slik er det i dag eit markert skilje mellom dei som står for vern av historisk bygningar, og dei som kjempar for ei utvikling med moderne verkemiddel. Og frontane står steilt mot kvarandre.

«Activ» som losjibåt Tidlegare år har det vore leigt husbåtar for å få plass til lossearbeidarane under sildefisket. I år har Oskar Nærø om- innreidd den gamle rutebåten «Activ» til dette føremålet. Han har teke på seg å losjere 40 mann. I tillegg er det innreidd kafé for 30 gjester. Det er lagt straum frå land. Styrar for båten og kaféen er Hjalmar Lothe.

Etter oppryddingen selger vi ut en mengde varer fra anerkjente fabrikker til fantastisk lave priser fra onsdag 1. februar. Ellen Christensen

INTERNASJONALE VERNECHARTRE Noreg var tidleg ute når det gjeld å ta vare på gamle bygningar. Det begynte med stiftinga av Fortidsminneforeningen så tidleg som på 1840-talet, og at stavkyrkjene våre blei tekne vare på kan vi for det meste takke dei for. Vern blei institusjonalisert med opprettinga av Riksantikvaren i 1912, og på 1920-talet blei ei mengd bygningar freda. Men det har synt seg at det å frede bygningar ikkje alltid har vore nok, og derfor har det dei seinare åra blitt utarbeidd internasjonale vernecharter, som legg rammene for korleis ei god restau-

Theseus skip.

PARADOKSET MED THESEUS SKIP Å finne strategiar som opprettheld både autentisiteten og integriteten til ein bygning i einkvar samanheng er ikkje alltid like lett for dei som arbeider med vern, og slik er vern i dag blitt ein nokså teoretisk disiplin. Eit døme på dei problema ein står overfor, kan illustrerast med historia om Theseus skip, skrive ned av Plutarch mot slutten av det første hundråret etter Kristus. Det store skipet med tredve årer som Theseus og ungdomane frå Athen kom attende frå Kreta med, blei då reparert av Athenarane i mange år. Dette blei gjort ved at dei skifta ut rotne plankar med nye, og i så stor grad at arbeidet blei eit heitt diskusjonstema blant filosofane. Nokre meinte at skipet ikkje lenger var det same som det som returnerte frå Kreta, mens andre meinte det framleis var det same. Dei blei ikkje einige. Mange hundre år seinare lanserte filosofen Thomas Hobbes enda eit spørsmål i denne diskusjonen: Kva ville skjedd dersom dei originale plankane blei sette saman etter at dei var fjerna frå skipet, og brukte til å bygge eit skip nummer to. Kva skip er då det originale Theseus skip? Som vi ser handlar denne diskusjonen om både autentisitet og integritet, og temaet er eit stadig tilbakevendande paradoks i mange

Januar

vernedebattar. Problemstillinga oppstår når det er snakk om ting som veks, eller må forandrast på ein eller annan måte. Mennesket sjølv er eit godt døme på dette. Vi skifter også ut ei mengd celler i kroppen i løpet av livet, men dei fleste av oss vil truleg påstå at vi heile tida er den same.

tegi. Den kanskje fremste talsmannen for dette er Salvador Munoz Vinas, som har gjeve ut boka «Contemporary Theory of Conser- vation». I boka hevdar han at denne innstillinga i verkelegheita ikkje er noko nytt, slik har praksis alltid vore, og det er berre å ta det inn over seg. Kjenneteiknet for ei god restaurering er i følgje Vinas, at den tilfredsstiller alle dei viktigaste krava, inkludert dei moderne og tidsmessige. Vi kan i dei fleste tilfelle ikkje vite akkurat korleis ein bygning opphavleg har sett ut, og det er svært sjeldan mogeleg å ta vare på alt.

19. januar 1956 I fangst ved Kråkenes I dag er snurparane komne i fangst ved Kråkenes. Etter meldingar vi fekk tidleg i dag, hadde fleire båtar kasta 3a–4 kvartmil vest av Kråkeneset, og etter kvart som fleire båtar kom til, gjekk nye nøter i sjøen. Førebels er det ikkje funne sild lenger sør, men vonleg tek det ikkje lang tid før ho sig sør til Olderveggen, Frøyskjera og Kvanhovden.

«Sendingen II» Plass ledig for kokekyndig ungdom fra og med 6. februar. Henvendelse om bord.

JAPANSKE TEMPEL Årsaka til at integritet har blitt eit viktig ord innanfor verneteorien, er at fleire enn dei vestlege industrialiserte landa etter kvart også har kome med i vernedebatten. I desse landa har dei litt anna holdning til kva som er ekte, og på eit vis fanst der allereie i oldtida ei slags løysing på paradokset med Theseus skip. I Japan til dømes finst tempel i tre som dei hevdar er heile to tusen år gamle. Desse templa blei planlagde med eit heilag program for utskifting av bygningen sine delar, og delane har derfor regelmessig blitt skifta ut, om lag kvart sjuande år vart ein vegg skifta, enten dei har vore dårlege eller ikkje. Slik er sjølve intensjonen med templa knytt til forandring, og det kan derfor med ein viss rett hevdast at dei framleis er dei same.

Kafeen på D/S «Activ» er no opna, og besøkande kan rekna med god service. Tobakk, sigarettar, sjokolade og brus. Båten ligg ved Moloen i Florø.

EIGENSKAPAR OG FAMILIELIKHEITER Men korleis skal ein då gjere eit verneprosjekt? Det viktigaste er nok å få ei best mogeleg forståing av både bygningen si historie, tekniske oppbygging og utsjånad. Så må ein saman med brukarane og eigarane ta stilling til korleis ein skal forstå dette. For ein arkitekt er det i denne samanheng viktig å stille dei rette spørsmåla. Alle gjenstandar har sine spesielle eigenskapar, og det er spesielt viktig å bli einig om dei av desse som er knytt opp til akkurat denne bygningen. Har den ei seriøs eller munter historie, er den midlertidig eller meint å vare lenge, har den eit opent eller lukka uttrykk og så vidare. Den norske arkitekturteoretikaren Christian Norberg Schulz blei verdskjent med si doktoravhandling om nettopp slike fenomen på 1960talet.3 Nye løysingar bør på ein eller annan måte vere i familie med det eksisterande.

MODERNE VERNESTRATEGI Som nemnt tidlegare har Le Duc og Ruskin sine strategiar for vern hatt stor innverknad på korleis ein skal ta vare på ein bygning. Men moderne verneteoretikarar har den siste tida i stadig større grad sett at det er lite tenleg med fastlåste strategiar. I dag er det derfor stadig større konsensus om at kvart verneprosjekt er unikt, og at kvart prosjekt treng ein eigen stra-

3 Sjå boka «Intentions in Architecture». Også Ludvik Wittgenstein har omhandla fenomenet med familie-likheter. Han hevdar også at menneska sorterer informasjon i grupper der fenomenena er i slekt med kvarandre, og at det å finne slike samanhengar i våre omgjevnader gir opplevelse av meining.

HORNEPROSJEKTET

Januar

SELSKAPET HORNE BRYGGE

DEI FØRSTE TEIKNINGANE

Politimeisteren bed oss åtvare mot den utrygge isen på vatna. Tidlegare stod det ein plakat ved Storevatnet, men det vart ikkje teke omsyn til. Politiet seier dei ikkje kan tenestegjera som barnegjenter og vil ikkje ha noko ansvar for ulykker som kan henda på den utrygge isen. Foreldra lyt sjølve passa på.

Dei første planane om å utvikle Horne-eigedomen eller Strandgata 17, kom til etter at Malvin Horne (son til fotografen) og Inge Ellingsund tok over eigedomen. Dei ønskte å gjere sitt til at den verneverdige ytre delen av Strandgata, etter år med stagnasjon skulle få nytt liv. Men dei såg fort at om dei skulle få noko til, trengte dei fleire til å hjelpe seg og meir kapital. Derfor blei selskapet Horne Brygge AS starta. 2. juni 2007. Slik fekk dei på eigarsida med seg Per A. Nød- seth, Hermod Seim, Dagmund Madsen og Tore Jakob Madsen. Sistnemnde blei også leiar for styret i det nystarta selskapet som etter kort tid også kjøpte Strandgata 15.

På grunnlag av arealbehova til desse leigetakarane, kunne arkitektane våren 2010, presentere dei første skissene av eit prosjektet for både Standgata 15 og 17, som no var blitt eit kompetansesenter på heile 3 000 kvm. Utforminga vart til i samarbeid med kommune og fylkeskommune. Prosjektet synte mellom anna ei sjøside opna for allmenn ferdsel gjennom kvartalet og langs sjøen, eit krav som blei sett av kommunen. I tillegg hadde vernemyndigheitene under prosessen gitt løyve til å flytte Hornebua nokre meter. Men då prosjektet skulle godkjennast, sa fylkeskommunen nei. Teikningane synte at både Hornehuset og Hornebua skulle rivast og erstattast med kopiar. Dette kunne ikkje Riksantikvaren gå med på grunna bygningane sine verneverdiar.

70 år Forretningsførar Olav Fagerheim, Florø, vert 70 år den 1. februar. Fagerheim er dalsfjording, fødd på Fagerheim i Holmedal. For snart 40 år sidan kom han til Kinn som heradskasserar og liknings- sekretær.Han tok ogso over stillinga som forretningsførar for Kinn trygdekasse i 1923/24. Dei siste 20 åra har Olav Fagerheim vore medhjelpar i Florøkyrkja. Elles har han synt stor interesse for kristeleg arbeid i det heile. Som mange veit har Fagerheim diktarisk givnad. Han har soleis skrive salmar, og omsett fleire til nynorsk.

SPAREBANKEN VEST BLIR LEIGETAKAR Selskapet arbeidde ei tid med å få hand om fleire eigedomar i området, men dette synte seg vanskeleg, og etterkvart konsentrerte dei seg berre om nummer 15 og 17. Til å hjelpe seg med planane kontakta selskapet arkitekt som utarbeidde fleire forslag til utbygging, men det blei ikkje ordentleg fart i planane før Sparebanken Vest melde si interesse som leigetakar. Dei har som ein del av filosofien sin å bli ein del av, og styrkje kulturen på den staden dei etablerer seg, og såg eit stort potensiale spesielt i den gamle Horne-eigedomen. I tillegg til banken var no også mellom andre iVest Consult, arkitekt Kjell B Hareide, Progressso Rekneskap, reklamebyrået A til Å og Kinn Arki- tektar inne som leigetakarar.

DISKUSJONAR OM VERN På dette tidspunktet var også Skanska si avdeling i Florø komen inn i prosjektet som hovudentreprenør, og dei økonomiske rammene var lagde. Gode råd var bokstaveleg talt dyre. Men med Sparebanken Vest si hjelp, og god vilje frå alle i prosessen, klarte ein likevel å kome vidare. Problemstillingane kring original og kopi blei no grundig drøfta, og prosjektet blei teikna om slik at dei verneverdige bygningane beheldt både integriteten sin og autentisitet i stor nok grad til at prosjektet kunne godkjennast. Løysinga blei å ta vare på dei berande konstruksjonane i Hornehuset og Hornebua. Kledningen blei sett på som eit slitasjesjikt og den var naturleg å erstatte

Konstruksjonane. Foto: Kolbjørn Nesje Nybø.

Januar

SAS skal ha vendt seg til Luftfartsdirektoratet og bede om at berre «fullverdige» flyplassar vert godkjende. Dette kan vere ein freistnad på å forpurre dei planane som det no vert arbeidd med for å få kortflyplassar på Vestlandet.

Mellombygget. Foto: Kolbjørn Nesje Nybø.

med ny, og her blei også isolasjon og føringar lagt. Slik blei forma på desse verdfulle bygningane uendra, og det blei også logisk å behalde dei opphavlege fargane, og etterkvart innreie med autentiske gjenstandar frå ei svunnen tid.

Sild i Hellefjorden Silda kjem i år òg. Tysdag fekk dei ein god dag på dei nordlege felta, og det er teke sild frå Kristiansund til Bremanger. I går fann dei også sild i Hellefjorden. Det var drivarar som fyrste fann silda,og då det leid på dagen, samla det seg ogso snurparar her, men silda stod djupt, og resultatet vart difor heller skralt. I alt kom det inn til Florø 3200 hl. delt på fem snurparar og seks dri-varar. Til Måløy kom det i går inn vel 61 000 hl., av dette var kring 26 000 hl. garnsild.

«Trost i taklampa» Denne norske filmen går på Florø Kino sundag. Ein bør rekna med at det vert folk- samt, og flest råd er, bør nytta fyrste framsyninga.

Å TA VARE PÅ EIGENSKAPAR OG IDENTITET Men å gjere dette viste seg likevel ikkje å vere heilt uproblematisk. No måtte heile bygginga organiserast på nytt, dei gamle konstruksjonane måtte styrkast, og golva måtte mellom anna endrast på grunn av styrke og krav til demping av lyd mellom etasjane. Problemet lét seg lett ordne i Hornehuset med isolering og ståldragarar. Den

aller største utfordringa var plankegolva i Hornebua, som måtte styrkast på andre måtar. Problemet var ikkje ukjent, og mange restaureringar av gamle sjøbuer har blitt stoppa på grunn av dette problemet. Men som vi har sett, er ein viktig eigenskap ved konstruksjonen til bindingsverksbuene at etasjane kan byggjast kvar for seg og bli sett oppå eller inntil kvarandre, og nettopp dette blei vegen til løysinga. Slik vart det naturleg å putte inn betongelement mellom etasjane utan å øydelegge særtrekket med bua. Løysinga er også reversibel, noko som er eit viktig poeng i alle restaureringar. Om nokon om eit par generasjonar ønskjer å gjenskape Hornebua, så er det framleis

Januar

mogeleg. Den er framleis å finne i det nye skalet sitt, godt verna mot det fuktige vestlandsklimaet. Løysinga kan sjølvsagt diskuterast, men den har blitt motteken med interesse både innanfor vernemiljøet og hos Skanska, og vil truleg etter dette bli brukt også andre stader.

Bensinavgiftene gir meir pengar i statskassa enn det går med til heile vegbudsjettet som i år er ført opp med 280,7 millionar kroner. No er det framlegg om å auke bensinavgifta frå 28 til 32 øre literen.

nokon som har greie på korleis slike bygningar oftast blei flytta og gjenreist. Slik kom Nedre Jølster Bilelag inn i prosjektet. Dei reinska og handsama treverket, skifte ut øydelagde delar og bygde opp att trekonstruksjonen. Bilelaget er blant Noregs fremste ekspertar på restaurering av gamle trehus, og dei har til dømes restaurert både Borgund- og Undredal stavkyrkjer.

26. januar 1956 Alt sildemjølet skipa Alt sildemjølet frå i fjor er no gått ut. Fabrikken i Gunhildvågen sende siste resten tysdag. Ved Florø Sildoljefabrikk har dei tømt lageret tidlegare.

RIVING Men det er sjølvsagt også eit anna problem med denne metoden. Heile bua måtte rivast for å få det til, og dette er ikkje bra om ein ser handlinga i vernesamanheng. Slik tek ein på ein måte livet av bygningen. Likevel, dette er nettopp ein av eigenskapane til slike bygg, å plukke dei ned og sette dei opp att var ein del av intensjonen med slike industribygningar heilt frå starten, og ein meinte derfor dette kunne gjerast. Men det må gjerast med varsemd, og helst av

GLASBYGG Grunna arealbehova var det heilt frå starten planlagt å bygge eit bygg mellom Hornehuset og Hornebua også. Her var det tidlegare utedo og oppbevaring av gjenstandar som ikkje trong stå under tak. Men vernemyndigheitene sette også her krav til utforminga. For dei var det viktig at dette ikkje svekka dei gamle bygningane sin identitet i særleg grad. Slik blei det

Horneprosjektet fra Strandgata. Foto: Kolbjørn Nesje Nybø.

Februar

Hornebua sett frå sjøen. Foto: Kolbjørn Nesje Nybø.

2. februar 1956 Atter ny silderekord! Det gode snurpefisket som tok seg opp måndag gav vel 190 000 hl., og det heldt fram tysdag. Diverre var ikkje vêret det beste, men ogso den svære sildemengda må ta ein del av skulda for all sprengjinga. Likevel kom det inn over 211 000 hl. So kom onsdag. Det er utruleg, men likevel sant: Florø sette på nytt rekord i innmeldt sild på eit døgn.Talet i går kom opp i 340 020 hl. Det var godt ver på felta her i går, og alt tidleg kom snurparane i fangst ved Frøyskjera. Seinare kom det melding om fangsting ymse stader frå Frøyskjera og søretter til Håsteinen. Dei fleste fangstane var tekne frå Yttrøyane og sør- etter forbi Røringane.

Hjalmar Tjelta er attvald til formann i Florø skulestyre. Til formann i tilsynet vart attvald Henr. Kr. Jansen. I vikarkassestyret kom Lauvsnes, Tjelta, fru Sætre og Harald Ødegaard.

Mellombygget av glas. Foto: Kolbjørn Nesje Nybø.

Februar

bestemt at dette nybygget skulle trekkast litt tilbake, og at det skulle ha «usynlege» fasadar i glas. Denne løysinga kan sjølvsagt også diskuterast, men slik situasjonen hadde blitt, var dette ei løysing alle var villige til å akseptere. Bygningen har i tillegg fått ein konstruksjon som er i slekt med Hornebua og liknande eldre bygningar, og golvet i første etasje er av skifer som høver godt også i ein bakgard.

Det moderne uttrykket til mellombygget meinte ein også kunne passe godt, då det skil seg frå dei gamle bygningane. Den verds- kjende norske arkitekten Sverre Fehn brukte ofte dette verkemiddelet. Han hevda at: «Kun ved å kontrastere det gamle, får man fortiden i tale». Mange gonger kan dette vere ein god strategi, men det er viktig å vente til dei viktigaste verneverdiane er sikra.

Grove krenkjingar 14 russiske båtar er førde inn til Ålesund etter å ha fiska innafor den norske territorialgrensa. Ein russisk fiskebåt vart i føremiddag førd inn til Florø, teken for å ha fiska innafor fiskerigrensa ved Stad. Ein stor russisk sildeflåte er observert ved Stad, på veg sørover. Når ikkje endå fleire er knipne, kjem det av at dei norske marine- fartya ikkje har hatt folk nok til å ta seg av dei.

På grunn Natt til tysdag gjekk snurparen «Norulf» på grunn aust for Fugleskjerkaien.

Autensitet.

Prosjektopplysningar

Namnet til prosjektet: Horne Brygge AS Adresse: Strandgata 15 og 17. Florø Ferdigstilt: 2013 Byggherre: Horne Brygge, v/Tore Jakob Madsen og Malvin Horne. Arkitektar: Amanuensis, siv.ark. MNAL, Kolbjørn Nesje Nybø og Kinn Arkitektar v/siv.ark. MNALRune Melvær. Totalentreprenør: SKANSKA avdeling Florø, v/Jan Magne Fylkesnes og Vidar Andersen Rådgjevande ingeniør: iVest Consult as, Florø, v/Arne Vidar Svardal Konsulentar: Nedre Jølste Bilelag, v/Erlend Gjelsvik. NBN Elektro, v/Anders Nødseth. Florø Rør, v/Robert Ellingsund. Klimaexperten, v/Edvard Johansen

LITTERATUR Orheim, Rolf: «Sildetida prega huset». Firdaposten 16.12.96 Nybø, Kolbjørn Nesje: «Florø by og den første byplanen». Floraminne. Flora Historielag, Årsskrift 2010.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2013.