Vasskraft – kverner – korn
oktober
Kurprisen 14 kr. Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane sette for noko sidan opp kurprisen ved dei tre sjukehusa til kr. 14.- for døgnet. Trygdekassane i Sunnfjord protesterer. Dei toler ikkje denne prisauken og lyt setja opp premien.
❖
Å utnytte vasskrafta i elvane våre til drivkraft er gammalt. Sagbruk, kvernar, stamper, vassrerenner til transport av tømmer m.a. finst frå langt attende. Å ha retten til eit vassfall har vore sett på som veldig verdfullt lenge før produksjonen av elektrisitet kom i gang i siste del av det 19. århundre. I dag er småkraftproduksjonen stikkordet for utnytting av vassfalla.
Gartneriet VON er no kome i nybygget sitt. Forretninga er ferdig innreia. I taket er det lagt ljosrøyr so det er mest som dagsljos.
❖
Odd Færøyvik er vald til ny ordførar i Kinn. Til varaordførar vart vald politibetjent Arne Domben.
Denne artikkelen skal handle noko om korn, kvernar, maling. Vidare noko om Tåfossen Mølle, d.v.s. kverna i Tåfossen på Midtbø. Frå dei eldste tider kan vi lese eller høyre om kornet og mjølet. Kornet har hatt ein heilt grunnleggande plass i matstellet – i alle høve i vår del av verda. Poteta, som nok var enklare å dyrke, og som fekk ein stor plass med kvart, kom til Europa først etter at spanjolane hadde komme til Sør – Amerika på
1500 – talet. Og til Noreg kom den nok ikkje første året. Opplysningstida (1700 – talet) sine prestar var ivrige pådrivarar for at bøndene måtte dyrke poteter. «Sæl er den bonde, der haver en ager der hælder mod syd, hvori han kan sette sine poteter», er eit kjent sitat frå ein preikestol frå denne tida. Men kornet hadde vi lenge, lenge før. Gudslånet er det blitt kalla. Å så om våren var sett på som ei heilag handling. Det har stege opp mange bøner om at veret måtte bli lagleg, slik at kornet kunne spire og vekse – og ikkje minst – mogne. I ær- bødigheit tok såmannen av seg hua når han steig ut i den godt stelte åkermolda med såkornet. Han la prosessen i Guds hender. Bonden såg også etter teikn i naturen/veret for kva tid det kunne såast. Frå Blånipa i Norddalsfjord går det kvar vår ei fonn, Såsvora. Å så kornet før Såsvora hadde gått var uvetug manns verk. Historia fortel og om år der kornet ikkje vart moge – eller det kunne fryse. Uår har vore ein smertefull realitet både i Noreg og andre land. Barkebrød blei erstatninga. 1807–14 var ei slik tid.
Kverna og kraftverket i Tåfossen.

Korn på staur i Jølster. Bilete er utlånt frå Sunnfjord Museum.
❖
november
Ferielova er vedteken i Stortinget. Det skal vera 3 veker ferie frå 1948.
❖
Snøggruteskipet «Sigurd Jarl» gjekk på grunn på Grasskjeret natt til tysdag i retteleg styggever med sørvestkuling og regntjukke. Skipet vart ikkje ståande fast, men det fekk lekkasje som vert mellombels tetta medan skipet ligg ved kai i Florø.
❖
Terje Vigen rodde til Danmark etter korn, minnest vi. I finsk litteratur høyrer vi og om uår og barkebrødstider. «Blanda du till hælften bark i brødet, ty førfrusen er vår grannes åker», seier Johan Ludvig Runeberg i diktet om Bonden Pavo. Dei vanlegaste kornslaga på våre kantar av landet har nok vore havre og bygg. Kveite kravde meir godt vêr og varme. Dermed vart det meir usikkert om dette kornslaget mognast. I krigsåra 1940 – 45 vart det forsøkt å dyrke kveite i Norddalsfjord. Diverre vart det ikkje alltid så vellukka. Å så var ei heilag handling. Kornåkeren blei nøye følgd med – spiring, vokster, mogning. Å skjere kornet var ei fin vinne. Godt og lagleg ver måtte til. Sigden var reiskapen til skjeringa. Dette var arbeid for dei vaksne, sameleis å binde kornbanda. Vi ungane bar banda til staurane, der vaksne førde banda på staur, som det heitte. Og så var det å vone på godt tørkever. I lett vind kunne ein høyre
singlinga frå havreaksa. «Jeg er havren, jeg har bjælder på», syng Jeppe Åkjær. For oss ungane var det ein stor dag når treskinga skulle foregå. Å dra treskemaskina var tungt arbeid. Då kom dei frå grannegarden og hjelpte til. Sterke karar skiftest om å snu. Dumba dreiv og la seg i sveitten som rann frå panna. Vi ungane hjelpte til med å løyse opp kornbanda – og så ta unna halmen. Og så var det alltid ekstra god mat å få den dagen, sidan det var arbeidsfolk på garden. Ein annan dag var det tresking på grannegarden. Dette var dugnadsarbeid der vi ungane følgde med. Til sist skulle kornet dryftast, d.v.s. agner og lettekorn skulle ristast vekk. Til det og var det maskin som blei sveiva for hand. Men dette var ikkje så tungt arbeid som treskinga. Går vi litt lenger attende eksisterte ikkje desse maskinene. Då la dei kornbanda på låvegolvet. Sterke karar dengde laus på dei med tusta, eit langt skaft med ei slags treklubbe i enden. For å få

november
Kol til oppvarming Dei som har søkt om å få tilvist kol, kan no få utlevert det dei er tildelt ved å venda seg til Olsens kolhandel her. Kinn forsyningsnemnd
❖
Fotballkampen mellom bystyret og kommunearbeidarane ende uavgjort, 3–3. Bystyret stilte med to lag; eitt i første omgang og eit nytt i andre. Og so kom det inn 691 kroner til Europa. Det var ikkje dårleg.
❖
Florø bymuseum Det fyrste steget er no teke til å få eit Florø bymuseum. I museumsnemnda er J. Angell-Jacobsen vald til formann. Dei andre i nemnda er: Henrik Evanger, fru Anna Økland, Anders Lothe, Johs. Moe og Trygve Berg.
❖
laus dei siste aksa, tok dei opp kornbandet og slo kornet ut med kornskeia. Korn skulle ikkje gå til spille. Gudslånet var heilagt. Og så til kvernane og malinga. Går vi attende eit lite hundreår, fanst det kvernar i nær sagt alle elvar og bekker på bygdene. Namn fortel om det. Kvennavatnet, Kvennhuselva, Kvennhushølen, Kvennafossen. Det finst fleire. Elva ut frå Storevatnet i Florø gav tilstrekkeleg drivkraft til ei kvern – eller mølle som den blei kalla. Ofte vart eit vatn eller tjern demt opp for å samle vatn til malinga. Og så opna dei demma når dei skulle male - og sprang føre vatnet ned. Heller ikke vatnet måtte gå til spille. Ved utløpet av Lendingsvatnet i Grovamarka finn vi restar av ei slik demme. Også ved Nipevatnet ovafor Hovlandstøylen. Her ligg ei fint tilrettelagt demme – eit fint byggverk. Mange gardsbruk hadde si eiga kvern. Nokre stader kunne vel fleire gardsbruk vere saman om kverna. Eg nemner at i elva som er skoten djupt ned og renn i fjorden ved Grov, var det i si tid to kvernar. I Kvennhuselva på Solheim i Norddalsfjorden stod 3, evt. 4, på ei kort strekning. Her var det i høgste grad gjenbruk av vatnet. Mange stader er slike kvernhusmiljø restaurerte, Aa-elva i Hyen, Skor i Hyllestad, for å nemne eit par. Det er lett å tru at vasskverner er ei norsk «oppfinning». Det er ikkje tilfelle. I boka Norske Kvernar og Mylner som Statens Korn-
forretning gav ut i 1934 går det fram at vasskverner var kjent i Roma alt på Kristi tid, altså for 2000 år sidan. Til Norderlanda og Noreg kom kunnskapen om desse kvernene først i Middelalderen og frå sørlegare trakter. I språket vårt har kallkvernene blitt til kverner. Desse har ein kvernkall under og direkte overføring til øvste steinen. Enkelt og effektivt.Mølle eller mylne vart namnet på større anlegg med vasshjul. Og ordet mølle finn vi igjen i Muhle, mill, moulin i andre europeiske språk. Kvernsteinane her til lands har stort sett vore tekne ut frå innanlandske steinbrot. Nærast oss er Kvernsteinbrotet i Hyllestad. No blir det kalla Kvernsteinparken og har fått stor merksemd. Herfrå blei det og eksportert kvernsteinar. Det er truleg at ein stor del av steinane til kvernene i vårt område er komne frå dette brotet. Avstanden skulle tilseie det. Og steinane frå Hyllestad var av god kvalitet. Men til vårt område vart det også henta steinar frå Selbu i Trøndelag. Selbusteinen vart sedd på som den aller beste steinen. Brotet låg høgt oppe i fjellet. Det blei lang og tung transport før steinane kunne skipast ut frå Trondheim. I 1926 kom det ei lov om kornforsyning. Korntrygd blei innført for korn som blei dyrka og male til eige bruk – og på mølle eller kverner som var godkjend av Landbruksdepartementet. 4 øre pr kg for inntil 200 kg til manns. For å få
Kornskei til å slå dei siste aksa laus frå halmen.


november
Velbrukt sigd, ein effektiv reiskap til skjæring av korn, potetstokk, einestape, lyng m. m.
Statsråd Carlsen har lova at det skal verte skaffa valuta til bomulls- og hampetråd så ikkje fisket vert hindra av mangel. Det er elles vanske- legare med vassrøyr enn nokon gong. Likeins med spiker og linoleum. Grunnen er at forbruket aukar meir enn produk- sjonen.
❖
Kjem dei att? Skuledirektørane har nyleg vore samla. Mellom sakene som vart drøft, er spørsmålet om dei lærarane som vart avsette for si stode under krigen, skal koma i teneste att. I sume tilfelle kan det verte aktuelt, seier skule- direktør Markhus. Vilkåra er at ved- komande har fått saka si oppgjort.
❖
denne trygda måtte det leggast fram kort/kvittering for at kornet var male på ei godkjend kvern eller mølle. (Byråkrati har funnest før og.) Det var innehavaren av mølla sitt ansvar å godkjenne kvaliteten på kornet. Berre for korn som hadde vanleg god kvalitet til folkemat var det rett til trygd. I 1927 – truleg som oppfølgjing av lova om kornforsyning og innføring av korntrygd – var det registrering av kvernar og møller. Det finst og data frå tidlegare og seinare år. Eg tek med nokre. I 1927 var det 1192 kallkverner i Sogn og Fjordane. Av desse var 157 i Jølster, 107 i Davik. Bru hadde 25, Eikefjord 24. For Kinn er det berre registrert 5. (Kanskje ikkje alle ville melde frå?) Nokre av desse blei godkjende som bygdemøller, og det var desse godkjende bygdemøllene ein måtte male kornet på for å få korntrygd.
Sats-laging er ulovleg. Politimeisteren i Fjordane har nyleg gjeve to mann bot for satslaging. Den eine fekk 100 kroner og den andre 50 kroner i bot. Dei hevda de ikkje visste det var ulovleg.
❖
Ei slik godkjend bygdemølle var kverna i Tåfossen på Midtbø i Norddalsfjord. Den fekk namnet Tåfossen Mølle. Møllenamnet er teke i bruk her sjølv om det var ei kallkvern. Då bestefar min, Mads L. Midtbø, fødd i 1864 på Solheim i Norddalsfjord, kjøpte småbruket Tåene i 1891, var det viktig for han at «vandfaldet» følgde med. Kanskje hadde han alt då tankar
om kvern, evt. sagbruk der. Eldste sonen, Ludvig var døv. Ludvig er elles kjend som skomakaren i Eikefjord, båtbyggjar og mykje meir. (I Firdaposten har det i haust vore nærast ein «følgjetong» om båtane hans, Blåbre og Blåfjell.) Ludvig var fødd i 1891. Truleg i 1898 følgde bestefar han til døveskulen i Trondheim. På denne reisa kjøpte han kvernssteinar i Trondheim – selbusteinar. Kort tid etter var kverna kommen på plass i Tåfossen. Og så vart det male på den, trutt og jamnt i 50 år, fram til 1949. Kverna vart rekna som ei god kvern. Selbusteinane mol godt, vart det sagt. Folk kom til kverna med kornet sitt, også frå bygder utafrå, m.a. Eikefjord, Gulenfjordane. Bestefar var vyrk for kverna si. Han stelte vel med den. Hogg steinane så dei alltid var i god stand til malinga. Det var ei oppleving for oss å få vere med på kverna når bestefar mol. Det bråka vel helst forferdeleg. Korkje bestefar eller vi ungane hadde hørselsvern. Bestefar var nærast kvit av mjølstøvet som fyllte kvernhuset. Med store auge følgde vi steinen som gjekk rundt og rundt og mjølet som seiv ut mellom steinane og ned i mjølkista. Enno kjenner eg smaken av det varme havremjølet bestefar let oss


november
Har Russland skaffa seg atom- bomba? Ein korrespondent i London, seier at han sit inne med meldingar som tyder på at Sovjet har atombombe.
❖
25.000 mann er no på skoghogst her i landet. Men det er enno for lite, seier skogdirektør Sørhus.
❖
Kinn kapellani Torsdag heldt sokneråda i Kinn, Bru og Eikefjord sammøte for å gjeva tilråding til ny kapellan. Det var sju søkjarar. Sokneråda innstilte samrøyste Einar Johan Tuvin til det ledige embetet.
❖
smake frå «ausekaret» han brukte å ta opp mjølet med. Seinare vart havremjølet til flatbrød og havrekjeks. Ekstra gode vart dei med heimekinna smør og geitost på. Men det er ei anna soge. Krigsåra 1940 – 45 var spesielt vanskelege for mange, veit vi. Det var restriksjonar på kor mykje ein sjølv fekk nytte av det som vart produsert på gardane. Det galdt kjøt, poteter, korn m.m. Forsyningsmyndigheitene skreiv ut malesetlar for tilmålte kilo korn dei ulike bøndene fekk lov å male. Til bestefar kom dei så med kornsekken og malesetelen. Desse to måtte stemme overeins. Eg har oppfatta det slik at bestefar gjerne kunne male meir korn enn det setelen lydde på. Der det var mogeleg å gjere ei beine, vart det nok ei råd. Men han ville ha kontroll på det han balte med. Ein kar hadde levert korn til maling. Maleseten følgde ikke med. Men bestefar var raus nok til å male kornet. Setelen skulle komme etterpå. Då setelen kom, lydde den på vesentleg mindre enn det kornet bestefar hadde male. Det likte han ikkje og skreiv eit kvasst brev. Bonden unnskylda seg med at det var sonen som hadde vege opp/laga til kornet. Nokre gonger vart kverna stengd. Forsegla, som det heitte. Lensmannen hadde dette oppdra-
get. Men det blei male på kverna likevel. Bestefar braut seglet for å gje ei hjelp. Men under slike oppdrag fekk ingen vere med på kverna. Johannes Nesbø frå Nesbø i Nordgulen har fortalt om ein gong dei rodde frå Nesbø til Norddalsfjorden med korn. Bestefar tok mot kornet. Det var male ferdig neste morgon. Få var ute om natta og oppdaga kva som gjekk føre seg. Kanskje såg lensmannen dårleg då han kom igjen for å opne seglet. Helst hadde han vel forståing for at dette blei gjort. Kopiar av malesetlar frå krigsåra syner at det korneåret 1942 - 43 vart male 3300 kg mjøl på Tåfossen Mølle. For 1944 – 45 var talet 2700 kg. I tillegg kom så det som ikkje vart registrert… Nesten alt var havre og bygg, nokre få kg kveite inn imellom. Så kom ei ny tid. Mjøl kom igjen i handelen. Den yngre generasjon ville nytte «vandfaldet» annleis. I 1949 , til jul, stod eit kraftverk ferdig ved sida av kvernhuset. Vatnet var no ført inn i turbinen og gav straum til lys og koking.Men bestefar ville ikkje at kvernhuset skulle ramle saman. Det skulle takast vare på. Ei stund kom det litt til nedfalls. Men no er det i stand igjen, med ny kvernkall – og von om at det igjen kan malast havremjøl til flatbrød og kjeks på Tåfossen Mølle.
Arabarane får Jaffa Palestinanemnda i dei Sameinte Nasjonane har vedteke at Jaffa skal høyra til den arabiske luten av Palestina. Ein granskingskommisjon meinte at jødane skulle få denne byen, men Palestinanemnda kom til at Jaffa med 70,000 arabarar burde høyre til Arabia.
❖
Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2012.