2012-09 - Edvin Helgheim - Nordre Bergenhus amt verdt ein fest

Nordre Bergenhus amt verdt ein fest

august

«Solbris» skal vere komen til Tenerife ei av Kanariøyane) med ni mann (norske nazistar) ombord. ❖

And. Hammerseth er vald til rådsformann i Sunnfjord Meieri.I byggje- nemnda vart valde Mathias Gjelsvik, Noralf Grude og And. Hammerseth. Styret under leiing av Alv Melvær, vedok å kjøpa iskremanlegg til meieriet, likeins 5000 liters mjølketank.

Så er vi klar for jubileum igjen. Vi plussar på 100 år og feirar fylket sitt 250-årsjubileum i 2013. Nordre Bergenhus Amt som det heitte, frå 1763 og fram til 1919, før amta fekk fylkesnamn og Sogn og Fjordane blei til. I heile 2013 skal vi feire, presentere fylket på beste måte, og sjå framover. Men historia høyrer med. Fylkeshistoria skal

skrivast på nytt, også den som fortel om kvifor fylket blei til, for 249 år sidan. Og det var slett ikkje noko folkekrav at vi i nordfylket skulle lausrive oss frå Bergenhus. Fylket blei til fordi ein enkel person dreiv aktiv jobbskaping, han ville sjølv bli amtmann, og då måtte han ha eit amt! Det var på Kaupanger det starta og den aktive jobbskaparen var Joachim de Knagenhjelm. Joachim høyrde til den mektige godseigarfamilien Knagenhjelm i Kaupanger, som på det meste eigde store delar av Sogn. Sjølv var han jurist og jobba som fullmektig hos stiftsamtmannen i Bergenhus Amt, Ulrik Fredrik de Cisignon. Det var ikkje noko stort embetsverk på den tida, og Joachim vart den næraste, og kanskje einaste medarbeidaren til Cisignon. Ein stiftsamtmann hadde ansvaret for både kyrkja og den verdslege makta. Han var Kongen i København sin representant ute i landet. Han hadde nok å gjere, og ville gjerne dele på ansvaret.

Joachim de Knagenhjelm.

Bergenhus blir delt Joachim prøvde først på å få kongen til dele oppgåvene slik at den gamle Cisigon kunne ta seg av dei kyrkjelege sakene i bispedømmet, stiftet, og han sjølv hadde ansvaret for dei statlege oppgåvene elles i heile amtet, som amtmann. Tittelen var viktig, så viktig

august

ming, men der blei han verande til han døydde i 1796. Amtsadministrasjonen vart verande i Bergen heilt fram til 1840. Då flytta amtmannen først til i Lærdal, og seinare til frukthagen i Leikanger, for nøyaktig 150 år sidan, i 1862. To år etter at fylket hadde fått sin første by!

Havrenes fealslag er kommet i gang igjen etter krigen. På møtet i mars ble det vedtatt å kjøpe en Vestlandsk raukolle okse av Hilmar Hageseter for kr. 1300,-. E. Melvær forer den i sommer, og Herman Terøy skal fore den fra høsten. Det tegnet seg 12 medlemmer i kontrollaget som nu har innmeldt 55 kyr.

at han tilbaud seg å gjere jobben gratis, i alle fall så lenge Cisignon òg skulle ha løn. Joachim fekk avslag, men han skreiv fleire brev til København. Og i 1763 fekk han tilslaget. Han blei amtmann, men ikkje for heile Bergenhus. I staden fekk han kongen med på dele amtet, og han sjølv vart amtmann i Nordre Bergenhus amt. Og då hadde det gått mindre enn 3 år sidan han var tilsett som fullmektig i Bergen til han hadde sitt eige amt å bestyre! Såleis viste han stor handlekraft og synte seg som ein dyktig lobbyist. 19. september kom den kongeleg proposisjonen om delinga av amtet. Og Joachim kunne flytte heim, berre 36 år gammal. Kva folk heromkring tykte om å få sin «eigen» amtmann, seier soga lite om. Truleg gjekk det fleire år før det var kjent i heile amtet, og i mellomtida var amtmannen igjen tilbake i Bergen!

Gutar misser 3 fingrar For noko sidan leika nokre smågutar seg med heisekranen på Fugleskjerkaien i Florø med det resultat at ein 4-åring fekk høgre handa skamfaren. Han ligg på sjukehuset der han laut amputere tre fingrar. Dessutan har han fått brot på mellomhandsbeina, og han vil få sterkt varig mein. Det er tredje gongen folk er kome til skade med same kranen. Den må absolutt låsast og vi vil oppmoda hamne- styret om å ta seg av dette snarast. ❖

Gods på 50 000 dekar Kaupanger var ikkje akkurat noko allminneleg bygd i Sogn og Fjordane, med fleire gods og der Knagenhjelm-godset var det største (på Ambla sat familien Heiberg). Det er berre Svanøy-godset som kunne samanliknast og til dels var større. Men makta til Svanøy låg ikkje i eit stort gods (Knagenhjelmgodset var på rundt 50 000 dekar!). Svanøy var eit maktsentrum i kraft av alle dei gardane godset eigde rundt om i og utanom fylket. Men Knagenhjelm hadde òg på det meste 136 gardar i Sogn, Sunnfjord og Nord-Hordaland, etter eit heldig giftarmål med enka Marie von Hatten på Losna. Då Joachim kom heim, var godset i Kaupanger på veg oppover, og Joachim var den nesteldste i søskenflokken på 12. Det var storesøstra hans, Wenche von der Lippe Knagenhjelm som styrde godset, etter at ho var blitt enke. Joachim hadde nok sine tankar om jordbruket og kom med sine innspel, særleg om skogsdrifta, som var det viktigaste på godset. Men han vart aldri godseigar påKaupanger, om han ville. I staden hadde han si lengste yrkeskarriere nord for polarsirkelen.

I Berlin har dei funne dokument som syner at tyskarane hadde planar om å sperra Kong Haakon inne på Slottet etter overfallet i 1940.

Det byrja på Kaupanger Han fekk «efter sit eget Engagement» bu og arbeide i Kaupanger med den grunngjevinga å «... være Almuen og de kongelige Betienter, samt Tingene, mere nær.» Noko godt argument var vel ikkje dette. Kaupanger var heller ikkje den gongen sentralt i amtet, og for dei aller fleste var det nok den gongen vanskelegare å komme seg til Kaupanger enn til Bergen. Derfor vart administrasjonen flytta tilbake til Bergen etter dei 8 åra Joachim fekk lov til å styre. Han måtte gå fordi han kom i vanskar i samband med inndrivinga av dei såkalla ekstraskattane. I tillegg var det framleis slik at godset hans eigde mykje av jorda i Sogn, og han møtte vel seg sjølv i døra litt for mange gonger. At han vart flytta til Nordland og Bodø oppfatta han vel ikkje som noko direkte forfrem-

Fylkesmannsembetet heile tida No er det ikkje Joachim vi skal feire; sjølv om det er han å takke at vi fekk vårt eige fylke, og derfor

Fortid og framtid

Fylkesmannen er med i hovudkomiteen for jubileet i lag med m.a. fylkesordføraren. Fylkesmannen har òg ansvaret for ein framtidskonferanse som vi arrangerer i sjølve jubileumsveka, den 20. september i Balestrand. Eitt av spørsmåla som blir stilt, er om tida no er komen for å vende tilbake til Bergenhus amt, Vestlandsfylket?

august

Bursdagen er den 19. september. Då blir Kaupanger og Leikanger staden for historia og folkefesten: Stor fest i idrettshallen der kulturkrefter frå heile fylket står på scena, opptog, mat og ballongar og alt som høyrer ein bursdagsfest til. Dagen før skal vi sjå på historia. Då arrangerer historiegruppa som skriv fylkeshistoria, historieseminar for å fortelje oss meir om dette fylket som blei til ved eit tilfelle. Dei som vil følgje historikarane i deira arbeid og funn, kan gå inn på www.sfj.250 der dei vil presentere stoff heilt til bøkene er ferdige i 2015.På søndagen skjer markeringa i kyrkjene fylket rundt, og ikkje minst i Eikefjord der kyrkja er 200 år!

Molnes styrar O.H.J. Molnes er tilsett som navigasjonslærar og styrar ved fiskarfagskulen som skal ta til i Florø 1. september. Som navigasjonslærar II er tilsett Øyvind With, Ålesund. Som lektor i naturfag er tilsett Kaare Gundersen, Oslo. Som stuertlærar er tilsett Hans Fossedal, Florø. Frk. Audny solheim er tilsett som kontorassistent ved skulen.

skal vi heller ikkje gløyme han. Heller ikkje fylkesmannen og fylkesmannsembetet; det er hundre år eldre. I eineveldstida blei amta oppretta og oppdelinga av amt skjedde i 1671. Det som skjedde i 1763 var altså Bergenhus amt vart delt, og slike delingar og reguleringar skjedde òg andre stader rundt om i landet. Og sjølv om fylkesnamnet vart teke i bruk først i 1919, var det ikkje nytt, «Firdafylket» er 1000 år gammalt… Vi skal ikkje feire fylkesmannen, men fylkesmannsembetet har vore den samlande statsfunksjonen i heile denne perioden. Joachim var vel åleine om jobben i dei 8 åra han sat i Kaupanger, men så seint som 1937 var det berre 5 som jobba på fylkesmannen sitt kontor! Det har dobla seg nokre gonger sidan den tid… Først i 1837 kom fylkeskommunen.

Fest heile 2013 Men det som skjer denne veka er berre ei liten del av markeringa. Målet er å få til festar og arrangement nesten heile 2013, i heile fylket. Vi startar tidleg i mars, då m.a. Sogn og Fjordane Symfoniorkester presenterer jubileumsfanfaren på jubileumskonsertane sine. Den offisielle opning skjer rett før påske, og vi startar med ungdom, næringsliv og framtid. Ungt Entreprenørskap (UE) skal presentere ungdomsbedrifter frå alle vidaregåande skular i fylket. Då blir ungdommane inviterte med på ein framtidsverkstad, og vil kanskje møte att noko av dei unge ideane

august

Veldig varme I USA er minst 45 menneske døde av varmen i det siste. Det har vore meldt opp i 55 grader Celsius. I Chicago har det ikkje vore så varmt sidan 1911. ❖

på framtidskonferansen 20. september. Næringslivet vil vise seg fram på ulike måtar gjennom året. Energi er temaet for NHO-konferansen på Eid dagen før ungdomsmessa, men det interessante er at to av musea er dei som skal presentere dei to største på energifronten i Sogn av Fjordane: Kystmuseet skal nyopne oljeutstillinga si 8.mars, oppdaterte med deisiste åras utvikling i samarbeid med GDF-Suez, og Nordfjord Folkemuseum skal samtidig presentere ei ny utstilling om kraftfylket, i samarbeid med SFE.

Tilsette i politiet Arne Domben, Florø, og Trygve Tomasgard, Måløy, er fast tilsette som politibetjentar i Fjordane politidistrikt. Per O. Svoren, er tilsett som konstabel frå 1. oktober. ❖

ber. Kystkulturen har sin plass i jubileet, også i indre strok! Elles kan vi ikkje fortelje om heile programmet, men det finst på www.sfj250.no. Vi skal prøve å presentere det fylket er god på innan ungdomskultur (t.d. musikk og dans), innan litteratur (m.a. med ein eigen skrivekonkurranse for ungdom), film, foto, kunst, teater, musikk, idrett, m.a. med ein «motivasjonsbuss» fylt av kjende idrettsutøvarar frå fylket på tur rundt om i fylket. I august skal vi «vandre saman» opp på alle toppar i fylket i lag med turlaga. Kanskje møter vi Olav Stedje på ein av toppane! Det kan bli veg- og brufest både og Fjaler og Bremanger, og det er enno ikkje klart korleis jubileumsåret skal avsluttast. Det er nesten inga grense for kva som kan skje, og alle som har planar om å arrangere noko neste år, kan kanskje med nokre grep, t.d. slå seg saman med andre, løfte det eit lite hakk, gjere det ope for litt fleire og dermed gjere dette til eit jubileumsarrangement. Det er berre å ta kontakt!

Politiet er no so å seie ferdig med alle landssvik- sakene, men men framleis vil det nok gå lang tid før alle er avgjorde ved dom- stolane. ❖

Dessutan: 2013 er året då vi skal feire stemmerettsjubileet (100 år sidan kvinnene fekk stemmerett) og språkåret, med bakgrunn i Ivar Aasens 200-årsjubileum! Og like rundt hjørnet kjem grunnlovsjubileet i 2014.

Eit mylder av arrangement Samtidig vil museet i Kaupanger vise eit tidsbilde frå 1763, og det museet vil naturleg nok ha med historia om korleis fylket vart til, med Knagenhjelm-godset i nabolaget. Knaken, ein kafe i gamle- fjøsen på garden, vil, saman med store utstillingslokale i låven, òg vere arena for utstillingar. Og innan kunstfeltet vil Kystmuseet si første store Bjørn Hegranes-utstillingar bli ei av hovudutstillingane i jubileumsåret saman med ei Sogn og Fjordane-utstilling i Kunstmuseet i Førde. Og det er vel heller ikkje utenkeleg at Kystmuseet sin «flåte», Atløy, Svanhild og Haugefisk vil dra på tur innover og besøke Kystlaget i indre Sogn(!) og ankre opp i Leikanger 19. septem-

Maling er det nu meget vanskelig med. Jeg har ennu et del utv. SW-maling, hvit, indisk-rød, lys og mørk oker på lager. K. Haarklau’s Fargehandel ❖

Tang Godt lufttørket tang mottas august måned ut. Prisen er kr. 60,- pr. tonn. Florø Sildoljefabrikk Kjeld Haus

Om forfattaren: Edvin Helgheim er prosjektleiar for fylkesjubileet 2013 som han var for byjubileet Florø 150. Kjelder: Nrk Sogn og Fjordane, fylkesleksikon Anders Timberlid, HiSf/ www.sfj250.no Hermod Kleppa, Kulturhistorisk leksikon/Fylkesarkivet Illustrasjonar: Joachim de Knagenhjelm.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2012.