2012-07 - Knut Magnussen - Gerilja og heimevern

Gerilja og heimevern

juli

Folk kjem til å frysa til vinteren, seier ved- direktr Wisth. Einaste berginga er at folk dreg på vedhogging sjølve, legg han til.

– Sjå ka eg har, sa Svein’en ein dag. I ei skoeske hadde han fullt av fenghetter som han hadde rappa av kommunen. Faren var ingeniør, og Svein’en som visste kor saker og ting låg hadde tjuvlånt nøkkelknippet hans og forsynt seg frå lageret.

Med tre–fire fenghetter i neven la vi i veg opp i åsen: Her skulle det salutterast. Vi batt ihop to av aluminumshylsene,heldt ladningen i neven, tente lunta og venta til den hadde fått god fyr. Så heiv vi den inn mellom busker og kratt og slengde oss ned slik vi hadde sett dei gjere det på film.

Ese skyttarkonge Landskyttarstemna på Ulven vart avslutta laurdag. Sensasjonsmannen på stemna vart Lars L. Ese frå Balestrand. Han vart skyttarkongen og slo langt meir kjende namn som m.a. Villy Røgeberg. Per Galaasen frå Florø Skytterlag (son til den kjende skyttaren Knut Galaasen) vart beste meisterskapsskyttar under vernepliktig alder. Han er 16 år og vart nr. 7 blant dei ialt 3000 skyttarane som deltok på Landsskyttarstemna.

Dæven for eit brak. Lauvet fauk av småbjørka, og småfuglane tok til vengene og forsvann. Vi var faktisk ganske skræmde sjølve også, og gjorde som småfuglane: la til palings derifrå det beste vi kunne, for effekten av fenghettene oversteig alle våre forventningar. Dette var kraftig kost, og heilt andre bollar enn kruttkjerringane vi fekk kjøpe på kiosken til Bjerck’en før 17. mai.

Det er lyst for Frk. Helga Berg og Sverre Magnussen, Florø, begge f.t. Oslo. Frk. Olaug Agledal, Eikefjord. f.t. Florø, og Reidar Bruflot, Florø. Typograflærling Egil Angell-Jacobsen, Florø, og Målfrid Bjerck, Florø. Kontormann Hjalmar Sunde, Florø, og Gerd Jøsok, Tromsø.

Eit par dagar etter, kunne avisa melde om at det var stole eit antal fenghetter frå eit kommunelager, og at turgåarar skulle ha blitt oppskaka av eit kraftig smell i åsen. Politiet sette desse to hendingane i samband med kvarandre, og Svein’en og vi andre fann ut at det var fornuftig å ta det med ro ei stund, sidan politiet hadde mistanke om at det var ungar som sto bak fenghette-tjuveriet. Politiet såg alvorleg på saka, melde Firda Folkeblad,

– Vi kan få livsvarig fengsel, meinte Svein’en, og vi såg for oss ei framtid i stripete fengselsklede, med vatn og brød som dagleg kost og steinhogging som tidtrøyte dei neste femti åra. Vi ville ikkje komme utatt før vi var like gamle som Maria Nikk’en, som alltid sat i stova og keik ut på gata mellom blomsterpottene sine, og ho var heilt sikkert minst to hundre år gammal. Eg hadde ein bra samling av militære etterlatenskapar frå tyskertida. Blant hjelmar, gassmaskebehaldarar ei beltespenne der det sto «Gott mit uns» og andre nyttige saker som herrefolket hadde reist frå då krigen slutta og som eg hadde greidd å få kloa i, hadde eg eit grønt ammunisjonsskrin. Oppi der la vi fenghettene, inntulla i ein gammal sekk og Firda Folkeblad. Ammunisjonsskrinet gøymde vi på bualoftet til farfar. Der burde dei vere rimeleg trygge inntil politiet, som var næraste nabo hadde slutta å interessere seg for saka. Dei første dagane gjekk vi stadig vekk og kontrollerte at ingen hadde tukla med ammunisjonsskrinet, men etter kvart fekk vi andre ting å vere opptekne av, og interessa for fenghettene døydde ut. Vi snakka om dei av og til, men visste ikkje heilt kva vi skulle bruke dei til. Ein gang stal vi ein robåt og rodde bort på ein holme. Der fann vi ein daud måse som vi stappa tre fenghetter i og tende fyr. Måsefjøyr og gørr sto som ein sprut over heile

juli

Sunnfjord Meieri skal gå til nybygging. Eigedommen er for liten og meieristyret har søkt om å få oreigna eigedommen til Brødrene Batalden som ligg like inntil. Bystyret gjekk med 9 mot 8 røyster inn for å utsetje saka for å få ei samråding mellom partane før bystyret tek endeleg avgjerd.

Ny rasjon av spisesjokolade, drops m.v. I tida 30. juni – 15. august 1947 kan det kjøpes og selges spisesjokolade for kr. 1,40 mot ekstramerke E 645 og drops for kr. 0,80 mot ekstramerke E 691 på rasjoneringskortet for matvarer for 36. kortperiode. Forsynings- og gjen- reisingsdepartementet

Firda Margarinfabrikk er ikkje mellom dei fabrikkane som er melde for brot på margarinføresegnene (for mykje vatn i margarinen), er vi gjort kjende med.

Rødfisk ankommet. D. Hjertenes

holmen, smellet var kolossalt og i skrekkblanda fryd fossrodde vi derifrå så fort vi makta, men elles var det ikkje så mykje vi kunne nytte fenghettene til. Det vart liggande i ammunisjonsskrinet på bualoftet til farfar over sommmaren. På grunn av dei mange tyske militæreffektane vi hadde, leikte vi ofte soldatar. Om hausten skulle heimevernet ha storøving, og vi følgde spent med på dei militære førebuingane. HV hadde sett opp hovudkvarter på Høgskuleheimen, eller «Høgen» som den vart kalla i daglegtale. Hovudkvarteret deire grensa til Lindmarka, som så desidert var vår heimebane. Der spelte vi fotball, og i skogholtet ved enden hadde vi indianarleiren vår, vi kjende kvart tre, busk og kratt som våre eigne bukselommer. Kort sagt: Heimevernet var på fiendtleg territorium, for på Lindmarka var det vi som rådde, og HV måtte betraktast som ei uvennlegsinna okkupasjonsmakt. Vi tilbrakte menge timar med å rekognosere og sniklytte på HVfolka, som ikkje tok hemmelegstemplinga altfor alvorleg. Derfor visste vi godt at øvinga skulle begynne klokka 20, då måløyveringane skulle iverksetje eit angrep ute i Stranda som Hv-soldatane på Høgskuleheimen skulle slå tilbake. Vi hadde så avgjort tenkt å vere med i krigen, for Lindmarka var vårt territorium og skulle forsvarast. Vi hadde alt vi trengde for eit vellukka geriljaangrep; tyske stålhjelmar, tregevær, knallrevolvarar. Likt og ulike av unifromeffektar og framfor alt: Ammunisjonsskrinet til Wehrmacht med to dusin fenghetter oppi. Det burde vere meir enn nok til å vinne forsvarskrigen om Lindmarka, rekna vi ut.

Vi førebudde slaget godt, og la

stor vekt på kamuflasjeteknikken. Vi hadde sett korleis John Wayne gjorde det på kino, hadde mørke klede, sota oss i trynet og festa strå og greiner til hjelmen. Fenghettene hadde vi allereie gravd ned langs gjerdet på Høgskuleheimen, mens HV-soldatane trudde vi reiv og leikte i graset utanfor. Då det tok til å skumre, gjekk gerilaflokken i dekning i bringebærbuskene som vaks vilt og villeg utanfor Høgskuleheimen, mena Svein’en, som skulle leie angrepet, klatra opp i kastanjetreet inne i hagen. Taktikken var enkel og grei: Når han sprengde den første fenghetta, skulle vi sprenge våre, og deretter karre oss ut i skogholtet på Lindmarka. Vi hadde for lengst gravd ei høveleg dekningsgrav, stor nok til fem små gerilasoldatar, og oppå den hadde vi lagt døra frå kaggedassen til Gundersen, godt kamuflerte med gras og kvist. Vi skulle ikkje bli lette å finne. For å avleie HV-folka skulle Svein’en hoppe ned frå treet fyre av ei fenghette i andre enden av Høgskuleheimhagen og lokke dei etter seg, medan vi i hovudstyrken gjekk i dekning på Lindmarka. Då det mørkna, sneik vi oss bort til gjerdet og la oss til å vente. Inne i hagen var det fredeleg nok. Eit par HV-karar gjekk rundt og røykte og preika skit medan dei venta på krigsutbrot, elles var det roleg. Men freden varte ikkje lenge. Klokka var knapt sju då vi høyrde eit brak inne frå hagen: Svein’en hadde fyrt av den første fenghetta, og no hadde vi det travelt. Vi tende den eine fenghetta føre og hi etter, og det vart eit himla leven. Overraskinga var total, og folk kom veltande ut gjennom bakdøra i høgst militær uorden, det var ei himla gauling og roping innimellom braka frå fenghettene. Vi huka oss saman

juli

og sprong tvekrøkne inn i skogholtet vårt, stupte inn under kaggedassdøra til Gundersen og dekka til opninga med kvist og kvast. Så la vi oss til å vente. Svein’en hadde gjort ein god jobb. Han sette i eit skrik, geipa til eit par HV-soldatar og kylte ei fenghette bortover plena i det han sprang som eit olja lyn ut bakporten til Høgskuleheimen.

Frifinningsdom Ved kapitulasjonen i Vest-Noreg i mai 1940 låg torpedojagaren «Troll», torpedobåten «Snøgg» og u-båten B-6 i Florø. Det vart mykje harme over at båtane ikkje stakk over til England, men i staden la seg til her for å venta på tyskarane. Saka har vore for krigsrett på Austlandet, og nokre vitne vart innkalla frå Florø. Det er no sagt frifinningddom over skipssjefane.

– Helvetes skitungar! skreik ein HV-soldat, og dermed sette ein halv bataljon etter Svein’en. Men vaksne kjenner ikkje smutthola, og Svein’en som var både smidig og rask til beins, hadde få vanskar med å unnsleppe frå dei opphissa okkupasjonssodatane frå HV. Ein god halvtime seinare tromma han det avtalte signalet på kaggedassdøra til Gundersen, og kom snikande inn i dekningsgrava.

styrkane var slått tilbake, og vi var ganske nøgde med oss sjølve der vi sto og klaska kvarandre på skuldrane og jubla over sigeren i felttoget. Fullt så kjepphøge var vi ikkje då historia om fenghettene kom ut. Vi hadde frykta livstidsdom, vatn og brød og straffearbeid. Så gjekk det ikkje, men kommuneingeniøren, som nok hadde hatt ein mistanke om kvar fenghettene hans hadde tatt vegen, men hadde mangla fellande bevis, samla gerijlakrigarane og geleida oss ut til politiet. Der fekk vi ei overhøvling av det krasse slaget av sjølvaste politimeisteren, ein elles mild og roleg mann. Så låste dei oss inne på ei celle i kjellaren, der vi måtte sitje til fedrene våre henta oss etter det dei meinte var ei passeleg tid, og deretter var det meir kjeft å få. Det vart ikkje ført meir krig på Lindmarka den hausten, og ammunisjonsskrinet til Wehrmacht vart beslaglagt. Men trass i kjeften og ulike straffereaksjonar som følgde av felttoget, var vi ganske stolte av det vi hadde utretta. Vi forsto derfor godt kva han meinte, skulestyrar Lauvsnes då han talte til elevane på folkeskulen om betydninga av 8. mai. «Den dagen vart vi herre i eige land,» sa han.

– Full panikk! kunne han stolt meddele. Vi vart liggjande under kaggedassdøra lenge før vi torde å snike oss ut. På Høgskuleheimen var alt stille, men vi kunne høyre HV krige ute i Stranda. Måløyværingane hadde gått til angrep, og hadde ettersom vi forsto, få problem med å nedkjempe garnisonane frå Høgskuleheimen, som enno ikkje hadde rukke å reorganisere seg etter det uventa geriljaangrepet. På Lindmarka var det ikkje lenger ein kjeft å sjå. Okkupasjon-

«På Lindmarka òg,» sa Svein’en.

Oslobladi har ei «sensasjonell» melding om ein tannlækjarstudent – fru Anne Sofiek Qvale – som gjekk opp til munnleg eksamen med ein fem veker gamal baby som måtte gjevast mat kvar tredje time. Men det er mange bondekoner som eit par veker etter ein fødsel lyt stelle både hus og fjøs, og folk og kreatur – kanskje hjelpa til ute på marki og. Men dette er ikkje dette noko sjeldsynt, og kjem heller ikkje i bladi med namns nemning, skriv «Sunnhordland».

Hus som er borte:

HØGSKULEHEIMEN

juli

Høgskuleheimen fotografert i gråvêr, truleg ein gong på 1960-talet. Dette huset har ei mangslungen historie som vi ikkje skal gå detaljert inn på her. Hovuddelen var ein særs fin tømmerbygning skal vere tilflytt frå Namdalen ein stand, og reist som bustad for distriktslege Ude J. Høst i 1876. Fløyane mot nord vart bygt ein gong på 1920-talet då bygningen hyste fylkesskulen for fiskerifag. Nokre år kring 1900 dreiv Anne Bolette Helmers hotell i bygningen. Etter siste verdskrigen har Høgskuleheimen hovudsakleg fungert som kafe og pensjonat til den vart riven midt på 1970-talet for å gje plass til rutebilstasjonen til Firda Billag.

Kongen 75 år Sundag 3. august er Kongen vår 75 år. Atter ein gong – og kanskje sterkare en nokon sinne – vil det syna seg at han fortener det tilnamnet han etter kvart har fått: Den folkekjære.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2012.