2012-03 - Grethe Stavø - Kjende florafolk – Ruth Lise

Kjende florafolk – Ruth Liset

KJENDE FLORAFOLK

april

RUTH LISET

Vest Radio Vi har vitja Vest Radiofabrikk i Florø. Olav Sande tok til med forretning i radio, foto, elektr. utstyr og kontormaskiner på Sandane i 1931, og eit par år før krigen gjekk han i gang med fabrikasjon av radioapparat. I oktober i fjor flytte han til Florø, og radiofabrikken held førebels til i kjellaren i det halvferdige bilverkstadbygget. Det er no tilsett 45 arbeidarar og funksjonærar, medrekna foto- og kontor- avdelinga, av dei tre høgskuleutdanna. Den nye Effektsuperen som skal setjast i fabrikasjon om kort tid, skal verta endå betre enn den førre serien, med ei særs god fiskeribylgje, i tillegg til dei vanlege bylgjelengder. Av standardapparat vert det laga tre i timen ved fabrikken. Dei har no 1000 i fabrikasjon.

Silver Blue-paring Mine Silver Blue hanner er no i god kondisjon og vert leigd bort til dei som hev store, gode hoer. Waldemar Drageset, Loen

I serien «Kjende Flora-folk» har vi i år valt å presentere Ruth Liset. Ho var lærar i Flora i nærare 40 år, og i tillegg ein aktiv bidagsytar ved ulike hendingar i byen like lenge. For innsatsen sin på dette området fekk ho i 1985 Flora kommune sin kulturpris. Ruth Liset blei fødd 20. oktober 1902 på Leka prestegård i NordTrøndelag, og vaks opp som nummer fire i ein søskenflokk på åtte. Då Ruth var fire år gammal, flytte familien til Evanger ved Voss der faren hadde fått nytt presteembete. Som skikken var, hadde barna til presten skule i prestegarden med eiga guvernante. Det var alle ungane i same rom, uansett alder. Pensum, klassetrinn eller måloppnåing var framandord i denne skulen. I 1916 flytte familien til Jæren og Hå prestegard, og seinare blei Ruth konfirmert i Nærbø kyrkje. Heilt aleine sto ho til overhøyring i ei tettpakka kyrkje for å svare på det faren hadde lært henne, ikkje akkurat i tråd med dagens pedagogikk. Faren ville vise dei andre konfirmantane korleis ein konfirmasjon gjekk føre seg, og ville bruke Ruth som mønster. Ho fortel seinare at sidan det var eitt spørsmål (av mange i ein lang eksaminasjon) ho ikkje kunne svare på, kjende ho seg ikkje skikkeleg konfirmert. 16

år gammal reise ho deretter til Kongsvinger for å ta middelskulen. Der kunne ho bu hos ei tante. Tre år seinare reiste ho til Stord og begynte på lærarskulen der, ho var då 19 år gammal. Der traff ho Nils Liset som ho seinare gifta seg med. Nils var eit år eldre, og ferdig utdanna lærar eit år før henne. Han blei tilsett som lærar ved Florø Folkeskole, og dei var begge opptekne av at Ruth skulle få arbeid nær han, slik at dei kunne gifte seg. Han fekk vite at Ruth kunne få stilling på Kinn-skulen og skreiv til Ruth og fortalde dette. Ruth fann øya Kinn på kartet, og trudde naturleg nok at skulen låg der. Pågangsmot mangla ho ikkje, og skreiv til Nils at dette skulle gå greitt, ho kunne då ro mellom Florø og Kinn. Vi får tru at gleda var stor då ho fekk vite at skulen ikkje låg på Kinn, men i (dåverande) Kinn

april

Kinn herad Posten som sekretær i arbeidsløysenemnda er fal. Løna er f.t. kr. 50,- pr. md. + reg. till. Søknaden må vere komen til formannskapet, adr. Rognaldsvåg, innan 10. mai Ordføraren

Krigsmedaljer Det er kome melding om fleire krigsmedaljer post mortem. Det gjeld m.a. desse sjøfolka: Arvid Steinhovden, Florø. Medalja er levert til faren, Ole Steinhovden. Alexander Eikevoll, Florø. Medalja er levert til faren, G. Eikevoll.

vindskeive treplater skorne med kniv. Tavla var malingslitt, Eit lite bilde på dei trange tidene er den vesle skuleguten som hadde vore på do (det var utedo litt oppe i bakken) og kom gledesstrålande tilbake til klasserommmet med ei ubrukt fyrstikk i handa. «Eg fann ei brukande fyrstikk på do,» strålte han. Det var ingen eigen skuleplass, i friminutta leika ungane i Kinnvegen. Mellom Likjevatnet og Storevatnet rann det ein bekk i ei lita renne, og ungane hadde streng beskjed om ikkje å «slabbe» i renna. Ein dag kom ein gut inn og sladra: «Han Per har slabba i renna» Då Per kom inn, såg Ruth strengt på han: «Har du slabba i renna?» Ja, han måtte vedgå det. «Kven skal du lyde her på skulen?,» Ruth blei strengare. «Gud» kom det med tynn stemme. «Og så?» «Jesus», kom det, enno tynnare. «Og så?» «Den hellige ånd..» Her måtte bare fru Liset gje seg… Elevane kunne i alle fall bibelhistoria si.

kommune, i kommunehuset ved Storevatnet. I 1923 gifta Ruth og Nils seg, og etter at dei hadde budd til leige nokre år, kjøpte dei i 1936 huset i Firdavegen, som blei heimen deira. Det var opprinneleg flytta dit frå Botnane, som bryllupspresang til ei Florø-jente frå foreldra hennar. Jenta var imidlertid oppvaksen i sentrum, og ho kunne ikkje tenke seg å bu «på landet». (Firdavegen var ikkje bygd då, og gamlevegen gjekk innover sør for det som no er Florø Barneskole.) Dette seier litt om kor lite Florø sentrum var på den tida. Huset blei difor lagt ut for sal, og Ruth og Nils kjøpte det. På skulen ved Storevatnet var ho lærar frå 1923 fram til kommunesamanslåinga i 1964, då ho flytte over til Florø folkeskole. Småskulen, der ho arbeidde, låg i 1. etasje, med Kinn sparebank på andre sida av gangen. I andre etasje var storskulen. I byrjinga var det fattige tider. Skuleungane sat ved tremannspultar, som var umalte og tilkrota,

Det var mykje lus blant elevane.

Kinn kommunehus, reist på slutten av 1800-talet, like utanfor bygrensa til Florø by. Kinn sparebank heldt til der, det samme gjorde Havrenes-skulen. Foto: J. Stephansen 1913.

mai

Ruth Liset blant kollegaer på Florø folkeskole. Framme frå venstre: Ruth Liset, Kristine Müller, Olav Kolle, Anna Li, Ragna Andenes og Marianne Sætre. Andre rekke frå venstre: Sigurd Vederhus, Svanhild Hegranes, Gerd Austrheim, Lilleba Nybø, fru Myhre, Gunvor Færøyvik, Erna Aalen, Ruth Giil, Lovisa Takle og Josef Flølo. Bakerst frå venstre: Kjartan Lauvsnes, Olav Solheim, Olav Magnus Røyrvik, Trygve Igelkjøn, Odd Nybø, Kjell Wevling, H. Engja, Johan Slettevold.

Samtidig var ho noko litt utanom det vanlege. Ho var alltid fint pynta og sminka, med leppestift og raude negler. Det var ein aura av kunstnar og verdensdame rundt henne. Å la elevane opptre la ho vekt på, og skulle ein opptre med noko utanfor skulen, var det heim til henne for å øve. Samtidig hadde ho sin religiøse forankring med seg i klasserommet. Ho lærte elevane religiøse sangar, og Fadervår blei bedt kvar morgon. Bibelhistoria måtte ein kunne utanboks.

Plant frukttre Ein nordmøring som har gått rundt Storåsen, vil gjerne ha sagt dette: Eg la merke til at det var sydvegger på uthus og andre huset der plassen ikkje var nytta. Når ein reiser på Nordmøre, legg ein jamt merke til kor dei nyttar veggene til å frukttre, og dei får bra frukt til eige bruk og til sal. Folk vil gjerne seie det er så vêrhardt her vest. Er det så sikkert? Er det så stor skilnad på veret i Florø og utanfor? Det som går på friland inne i byen, må då kunne trivast inn til ein sørvend vegg i Havreneset, seier han m.a.

Der dette blei oppdaga, blei ungane nådelaust barbert på hovudet, både gutar og jenter. Luer inne var derfor ikkje eit uvanleg syn, sjølv det var strengt forbode elles. Fru Liset var ein myndig lærar, og hadde orden på slike ting. Etterkvar steig elevtalet, og fleire lærarar blei tilsette. Skulen måtte då leige rom i andre hus. Nokre fekk klasserom i Heimevernshuset (det Klubbhuset ligg no) eller i Yttri sin villa. Ved kommunesamanslåinga i 1964 blei «Havrenesskulen» lagt ned. Ruth Liset flytta over til Florø Folkeskole, etter 35 år ved Havrenesskulen. Her blei ho verande til ho gjekk av med pensjon. Både på Havrenesskulen og på Florø Folkeskole var Ruth Liset ein respektert og omtykt lærar. Ho hadde orden og system og var kjent for å vere ein myndig lærar.

Kreative evner Skape noko gjorde ho alltid, ho såg seg nytte i alt. Ungane blei for eksempel sett til å samle øl- og bruskorkar til henne, som ho laga flotte bilde av. Ei plate blei kledd med gips, og korkane blei limt på til eit naturtro motiv. Kreativiteten

Ruth Liset med ein av klassene sine på Florø folkeskole.

mai

Fiskarfagskulen er i hamn. Sjøfarts- og fiskenemnda på Stortinget sluttar seg til proposisjonen om at Staten tek imot tilbodet frå Sogn og Fjordane og går i gang med med fiskarfagskule på «Havflytt» i Florø.

9. Jostein Aukland 10. Stein Hammerseth 11. Margret Bjørnsen 12. Torill Gjertsen 13. Trond Gåsøy 14. Bjørn Hammerseth 15. Torunn Klakegg

1. Rune Hammerseth 2. Ingrid Bareksten 3. Inger Eide 4. Irene Jacobsen 5. Solveig Myhre 6. Else Ellingsund 7. Stein Magne Hegranes 8. Jon-Henrik Brandsøy

hennar fekk elles utløp på så mange område. I barneselskapa i til ungane Sølve, Siv og Bjørn Faste for eksempel. Her kledde ho seg ut, spelte skodespel og hadde show. Heller sjeldan, også på den tida,

der foreldra oftast hadde meir enn nok med å lage mat og så sende ungane ut for å leike. Då ungane hennar blei eldre, inviterte ho gjerne venene deira heim og arrangerte selskapsleikar.

17. mai-nemnda i Florø er supplert med desse medlemene: Fru Ruth Liset, frk. Kjellaug Helland, frk. Ragna Sundal, frk. Mosken Halvorsen, frk. Magnhild Holmen, Olav Kolle, Per Svardal, Håkon Sunde, Kåre Berg, Kåre Myklebust, Einar Knapstad og Kr. Rosenlund. Til formann vart vald Kåre Berg.

Framsyningane i Florø dramatiske selskap gjekk føre seg her i forsamlingshuset Fram. Foto: Frode Klokkernes.

mai

bla i desse bøkene er ei fascinerande reise i byen vår si nære historie.

Ruth var også veldig flink med hendene, og ho var med i det lokale husflidslaget. Ho sydde, strikka og laga åkle der ho hadde komponerte motivet sjøl. Fleire ganger blei bilda hennar premierte. Borddekking var eit anna område der kreativiteten hennar fekk utløp. Til barnebursdagane var borda alltid forseggjort dekka. Ein gang fekk ho Nils til å skjære ut små bordtre i finer, og på desse hang ho bananer, eple og pærer til pynt. Dette bordet blei avbilda og sendt inn til ein borddekkingskonkurranse, der ho fekk 1. premie. Ruth Liset var levande interessert i lokalsamfunnet og kva som skjedde der, også der på sitt eige, kreative vis. Heile sitt vaksne liv laga ho scrapbøker der store og små hendingar i lokalsamfunnnet blei klipt ut frå avisene og limt inn. Å

Sette livet til Det er ei trist melding som kom fredag ettermiddag: Karl Gundersen hadde sykla seg ut for vegen inne på Solheim og slege seg i hel. Gundersen hadde dagleg landpostruta i Havrenes til Brandsøy. Han var på heimveg då ulukka hende. I sin ungdom var Karl Gundersen ein ihuga turnar og musikar. Han byrja som skomakar hos far sin, Rasmus Gundersen, og drog deretter til sjøss ei tid. For kring 30 år sidan vart han tilsett i Postverket der han sidan har vore. Han ville gått av for aldersgrensa til hausten, om han hadde fått oppleve det.

Kulturperson Om Ruth Liset var ein respektert og omtykt lærar, har ho ikkje sett mindre spor etter seg som kulturperson. Tidleg blei ho aktiv bidragsytar på arrangement i Fram, byen si kulturelle storstove. Det begynte med opplesingar og song saman med mellom andre Marie Hopen og Sigrid Olsen, men seinare blei det sketsjar og skodespel, ofte saman med mannen. I Fram blei det også vist stumfilm, og då var det Nils som spelte piano til. Florø dramatiske klubb var blitt stifta i 1921, og i regi av denne blei det mykje amatørteater. Då Ruth hadde budd i Florø i to år, hadde stykket «Teaterjenta» premiere i Fram, med Jonlea Nordal i tittlerolla. Både Ruth og Nils hadde roller i stykket, som dei året etter reiste til Holmedal på turne med. Desse to blei etterkvart drivkrefter i klubben. Ved Ibsen-jubileet i 1928 spilte Ruth Hjørdis i «Hærmennene på Helgeland» og i 1932 hadde ho hovudrolla i «Bjørnefjell» av Olav Hoprekstad. I mindre stykke og sketsjar spelte ho i hopetal.

Ruth Liset var ei kreativ vertinne.

mai

Gården Søndervåg i Kinn er til salgs for overtagelse straks. Før 3 kyr, en del smalebeist. Gode hus. Bra beite. Brendsel til husbruk. Henv. o.r.sakf. Hodnefjeld

Etterat Florø kommunale kino blei etablert i 1928, blei aktiviteten i Florø Dramatiske Klubb mindre. Det var tilstelningar til utpå 30-talet, men desse ebba gradvis ut. Då krigen kom ble det blei slutt på underhaldningskveldane. Krigen brakte og med seg politiske motsetningar i ekteskapet mellom Ruth og Nils. Dei blei skilde, og Nils flytta til Bergen.

mangt et barnesinn. Ja, for selv for de voksne blev det en tale som vil huskes.» Seinare var ho brukt som 17. mai-talar i Florø fleire ganger. Ruth reiste elles mykje rundt i fylket og las opp og deklamerte. Dette ryktast, og ho fekk spørsmål frå Den Nationale Scene i Bergen om ho ville prøvespele. Det sa ho ja til, og fekk etter dette tilbod om stilling som skodespelar ved teatret, men måtte takke nei. Med tre små barn var ikkje dette så enkelt. Men evnene og talentet hadde ho. I 1936 fekk Ruth permisjon frå skulen og reiste rundt i Sunnfjord med eit opplesningsprogram, 22 bygdelag blei besøkt.

Brød eller likkister Fleire hundre tusen arbeidarar i hamburg og Hannover har laga demonstrasjona. Dei bar plakatar der det m.a. stod: Gjev oss brød eller likkister. «Ein av talarane sa: «Det er grense for kva mennesket kan lide, og denne grensa er nådd». Dei som hadde sagt det til dei under krigen!

Skodespelar og talar Ruth sitt kunstnarlege talent var allsidig. Etterkvart blei ho meir aktiv som opplesar og talar. I 1929 heldt ho 17. mai-talen i Florø, som den første kvinneleg 17. mai-talar i Sogn og Fjordane. Nordre Bergenhus Amtidende omtalte talen slik: «Talen for barna ble holdt av lærerinne fru Ruth Liset. Hun holdt en glimrende oppbygget tale. Dyptenkt, og samtidig formet slik at barnene kunne følge med og forstå. Meget av hennes tale blev nok hengede igjen i eringringen i

Tea and talk Under krigen var det mange unge menn frå Flora som tok seg over til Storbritannia og fleire av dei kom att med britisk kone. Det var så mange av dei at dei skipa ein British Club i Florø, og hadde det dei kalla «Tea and talk». Dette var

Ruth Liset held prolog 16. mai 1985 ved Florø by sitt 125 års-jubileum. Ho fekk ved same høvet Flora kommune sin kulturpris. Foto: Firdaposten.

«Tea and talk». Det var mange unge menn frå Flora som rømde til Storbritannia under krigen. Fleire av dei kom att med britisk kone. Det var så mange av dei at dei skipa ein British Club i Florø. Nokre av medlemmane. Frå v. Olive Sundal, Ragnhild Espelid, Ruth Liset, Jenny Hovden, Evelyn Gjøringbø, Randi Stavnum, Irene Ulriksen, Winnie Seljeseth og Pamela Holt Sunde. Foto: Firdaposten.

mai

sosiale samankomstar der ein drakk te og berre snakke engelsk, Her var ikkje berre engelske med, men også florødamer som hadde lyst å lære engelsk, Ruth var ivrig med her.

Bystyret har samrøystes vedteke å oppmode Ytre Fjordane Kraftlag om å greie ut alt om ei utbygging av Nordalsvassdraget. Mot tre røyster har bystyret også vedteke å gå inn med 90.000 kroner i ny andelskapital i kraftlaget.

samfunnshus og heldt då sjølvsagt proglog. Seinare og ved og opninga av Samfunnshuset og ved feiringa av Florø sit 125 årsjubileum i 1985. Ved denne markeringa fekk ho og Flora kommune sin kulturpris, den andre som var blitt utdelt. Å nemne opp alt ho har skrive er uråd, det vil vere som ein presentasjon av Florø si kulturelle historie gjennom fleire ti-år. Men ein god del er samla mellom to permar, redigert av sonen hennar, Bjørn Faste Bjartmann. Som eit eksempel på noko av det ho har forfatta, tar eg med prologen som ho skreiv til Florø sitt 125 års-jubileum, 83 år gammal

Bryllup feires på Trollstova, Ramsdalsheia, pinseaften av Valborg Nordal og Normann Knutsen.

Prologar og taler Som opplesar og talar fortsette ho i åra etter krigen, særleg blei ho kjent for sine velskrivne prologar. Ved små og store kulturarrangement som skulle markerast med ein prolog eller tale, var ofte Ruth eit sjølvsagt val. Ei mengde taler og prologar, samt eit utal dikt blei resultatet. Eg nemner i fleng: Prolog då skulemusikken heldt sin første konsert, ved 50-årsjubileet til Florø Hornmusikk, 75-års jubileet til Blindeforbundet, då Florø Gymnas blei opna, fleire musikkstemne og songarstemne, ved 100-årsdagen til Florø kyrkje osv. Ho var med på å legge ned grunnsteinen til Flora

Til Norges vestligste by Florø, du er vårens fantastiske spedbarn, 16. mai ble du til som vår by. Vuggen var havet og vuggesang gave I dur og i moll ble den alltid ny.

mai

Teksten var ord fra en optimist: – sild skal du få både først som sist. Mat skal du få til ditt levebrød – Storsei og torsk og litt fisk som er rød. Hør måker og krykkjer som roper hurra Og spår lille Florø at alt skal gå bra Du skal bli stor De skriker i kor

Skjønt silda den lurte oss opp i stry Engang det duftet av det du ble til på Sildoljelukten bar vitne om det Olje fra dypet vi satser et spill på – havet gir løfter – og så få vi se. Vi takker for alt du brakte og bringer Og gratulerer så hjertene svinger Den klassiske duften av «melk og honning» Den ligger i luften, du Floras dronning

For her skal bli gater og hus og butikker, Skole og kirke hvis ingenting klikker Innover Marken kan kyr gå og gresse Vent, lille Florø, du vårens prinsesse

Alt det som gror er det alltid vest i, Dette var altså i atten-seksti

Potetmangel Storbyane vantar matpoteter, og i dei mindre byane er for- syningane knappe. Og når denne livsviktige vara vert borte frå hushaldet, er det ikkje langt unna panikken i det små. Godtemplarbladet skriv: «Men ein ting synest ingen å ville komme på: Potetmassene som gikk til brenneriene siste høst».

Rom ble ikke bygget på bare en dag, Slik også med Florø – det samme om lag Før lå et Fugleskjær «in natura» Men der ble det molo av kampestein mura. Hender tok i, for å gi oss en bolig, Her var det tomter og her var det rolig – Inntil grøsset fra verdenskrig en Og verdenskrig to brakte skader og men.

Høgtidsdag i Bulandet Tysdag var det ein høgtidsdag i Melvær i Bulandet. Det vart avduka ein minnestein over Asbjørn og Vemund Melvær som fall i krigen. Steinen er reist på garden hjå Magnus Melvær.

Men freden blei feiret med flagg og med fane Og brakte all livslyst i høyere bane: Endelig kunne pressen i ord Få si det den ville om himmel og jord Vår ungdom fikk skoler til livsens krav, Til hånd og til ånd, ja til støttestav.

Etter at dei tre barna var blitt vaksne, begynte Ruth å dyrke det som skulle blei ei av hennar store interesser: Å reise. Før kvar reise prøvde ho alltid å lære seg litt av språket, og då ho reiste til Hellas lærte ho seg for eksempel det greske alfabetet. Fast suvenir å ta med heim var ein bibel frå landet ho besøkte. Ho var svært oppteken av å lære seg språk, og då gymnaset kom, tok ho fag der (ho var då blitt pensjonist). Etter at Ruth blei pensjonist, tok ho fram staffeli og pensel og utvikla si andre store interesse; målarkunst. Ho meldte seg inn i Florø maleklubb, skolerte seg og deltok på utstillingar. Men mest av alt var dette noko som gav henne personleg glede og utløp for kreative evner. Ruth Liset døydde i mai i 1991, 88 år gammal. Eit gåverikt menneske og ein kulturbærar i Flora gjennom eit langt liv.

Kjelder Skriftlege kjelder: Harald Stavang: Omtale i FP i ved 80-årsdagen 1982 Bjørn Faste Bjartmann: «Ruth Liset» – Prestedatteren fra Leka

Veger må til, for de tjeners oss best Både i luft og på land Flyplass gav vinger med fart og med fest, Og farefullt fjell satt i stand *Kaier på dypt vann det gjaldt å få gjort Før byen ble litt av en innfallsport. Alt gikk så fort, vi fikk tidsnødstøkken I hus og i heim og på Ankerløkken

«Oterjakt» i Havreneset. Fredagskvelden vart ein mann i Havreneset merksam på eit dyr han tok for å vera ein oter. Han sende straks bod etter skytevåpen og då det kom på plass, avslutta han jakta med eit velretta skot. Det synte seg seinare at oteren var – eit pinnsvin.

Munnlege kjelder: Siv Liset Arild Melvær Bjørg Herbertson

Florø i Flora, du hedres med klem For nå er du hundre og tjuefem Allsidig er du som heim og som by

Hus som er borte:

HATLØY-HUSET

mai

Radiostasjonen på Flora vert bygt i ytste Havreneset. Arbeidet har vore i gang ei tid, og dei er no teke til å reisa radiomasta.

Hatløy-huset i Hesteneset vart rive for nokre år sidan. Føremålet var vel å lette innkøyringa og få endå meir parkeringsplass nord for Amfisenteret. Huset fekk namnet etter byggmeister Leif Hatløy som kjøpte det på 1930-talet til bustad for seg og familien. Den siste som budde der var kona, Margit Haltøy (f. Hellesen) til først på 1990-talet. I bakgrunnen til venstre ser vi den såkalla Raudebua som vart reist av Jens Severin Bloch Helmers på slutten av 1800-talet. På biletet som kan vere frå tida kring 1910, er det Gustav Stavøstrand som har denne eigedommen. Vi legg elles merke til at Hestenesfjøra går heilt inn i hagen til Hatløyhuset, som i dag ville lege 50–60–70 meter inne på land.

FLORØ DRAMATISKE KLUBB

mai

Frå oppsetninga av «Hos kapteinen». Vi ser Dagfinn Apneseth, Astrid Sunde, Lars Nordal, Bjarne Sunde og Ole Rye.

Flora Indremisjon held årsmøte sundag kveld. Olav Liabø sa frå seg attval som formann, og til ny formann vart vald A.M. Lauvsnes. Av styret elles stod Lyder Sundal og Andrea Kjær på val. Dei andre i styret er Ruth Liset og Albert Terøy.

Florø dramatiske klubb blei danna i 1921, som ein ein avleggar av Florø turn- og idrettsforening. Florø dramatiske var en ein teaterklubb som arrangerte matinéar og teaterframsyningar i Fram, byen si storstove. Dei som opptrådte var byens unge kvinner og menn, og godt vaksne Florø-folk vil hugse namn som Andreas Hodnefjeld, Trygve,

Gullen, Asbjørn og Erling Saxeide, Sigrid Hjørnevik, Ågot Pors Muniz, Karl Amandus og Bjarne Sunde. Enno fleire var med. Ruth og Nils Liset var også aktivt med som drivkrefter. Alle som opptrådte gjorde dette utan nokon form for honorar, og inntektene gjekk til institusjonar i byen. Det kunne vere til saniteten,

Frå oppsetninga «Lars-Anders og Jan-Anders». Sigrid Hjørnevik, Karl Amandus, Lydia Bjørvik, Saxeide, Odd Nybø, Livia Krokenes, Bjarne Sunde, Asta Stavøstrand, Aksel Klokkernes, Lucie Ellingsen Høivik, Konrad Høvik og Bjarne Olsen med trekkspel.

mai

Når stykka blei sett opp, var det fulle hus, og inngangspengar var (etter den tids kroneverdi) kr. 2,- i salen og kr 1,50 på galleriet. Saman med åresal og kake-auksjonar gav dette gode inntekter til dei institusjonane som fekk nyte godt av pengegåvene. I 1928 blei Florø kommune kino etablert og den stetta til ein viss grad behovet for undehaldning hos Florø-folk, med kino kvar søndag. I byrjinga var det stumfilm, og Nils Liset spelte piano til. Sjølv om Florø Dramatiske arrangerte tilstelningar til utpå 30-talet, ebba etter kvart aktiviteten meir og meir av.

til oppussing av Florø kirke, Redningen, Florø turn osv, Ofte var det slik at dersom ein av desse instituasjonane var i pengenød, tok dei kontakt med Florø dramatiske med spørsmål om økonomisk støtte. Som oftast gjekk det i sketsjar og ein-aktarar. Sketsjar som «Sursniken» og «Kjærleik i lykteland» framført av gode Florø-borgarar vakte stor jubel. Men dei sette og opp større stykke, som «Hærmennene på Helgeland» i forbindelse med Ibsen-jubileet i 1928. Bjørnson-jubileet i 1932 blei markert med oppsetting av ei scene frå «En falitt», med Nils Liset og Karl Amandus i hovudrollene.

Halvsålingsmerke Fra og med 19. mai 1947 gjelder merkene 21 MT, 21 KT, 21 GT, 21 PT samd 21 BT på bekledningsmerket for 3. kortutdeling for halvsåling med lær av ett par skotøy Merkene gjelder videre for kjøp og salg av 1/3 kg bunnlærsmaterialer, unntatt merke 21 BT som bare gjelder for 1/5 bunnlærs- materialer. – Tidligere frigitte halvsålingsmerke gjelder forsatt. Forsynings- og Gjenreisingsdepartementet.

Kjelde: «Florø dramatiske klubb, hva var nå det for noe» av Ruth Liset (1981)

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2012.