Operation Brandy
januar
«– Destroy enemy shipping in the Florø anchorage and shipping lanes!»
Badet på Sjukehuset På grunn av mangel på brensel ser ein seg nøydd til å stenge badet på sjukehuset frå og med 10. januar. Sjukehusstyret
❖
Året er 1943. Det myldrar av tyske soldatar. Wehrmacht er i ferd med å omvandle Florelandet til ein stor festning. Etter mange flyangrep og bombardement frå britiske destroyarar skjerpa tyskarane forsvaret. Heile Havreneset er stengt av. Tyskarane kallar det for Stutzpunkt Cesar og her er eit større kystbatteri under bygging. Våren 1943 er batteriet langt frå ferdig. Berre nokre få bunkarar er klar. Først utpå hausten 1943 kjem alle dei seks 155mm kanonene på plass i permanente stillingar, men «Shetlandsavdelingen» har ikkje tenkt å vente til tyskarane får kanonene sine på plass.
Brenselsituasjonen er vanskeleg over heile landet. Det er rekna med at vi har kol fram til 10. februar. Veddirektør Wisth seier det går mot reine katastrofa dersom ikkje vedhogginga kjem skikkeleg i gong snart. Til all lukke har det vore uvanleg mildt så langt i år. Det hjelper også at Amerika skal eksportere to millionar tonn no i januar, men mesteparten går til Frankrik og Italia. Noreg får 78 500 tonn.
❖
Det er lyst for stuert Ramon Muniz og butikkdame Aagot Pors, Florø.
❖
To MTB’ar på veg ut i Nordsjøen, utlånt av Marinemuseet i Horten.
Fiskarfagskule På framlegget til statsbudsjett har Fiskeridepartementet tek med kr. 100.000 til fiskarfagskule i Sogn og Fjordane. Planen er å få i gang skulen til hausten, med plass til 30–33 elevar.
Den 12. mars 1943 kl. 12.10 går ein styrke beståande av MTB 619 og MTB 631 ut frå Lerwick på Shetland. Det er vestleg bris med lett dønning. Kl 2330 styrer den inn mellom Batalden og Litle Batalden og treng inn i skjærgarden sørvest av Langøy. Det er overskya måne med hyppige snøbyger, tett mørke
og svært vanskeleg å leite seg frem i det trange og ureine sundet. Begge MTB-ane tar grunn i sundet sør av Langøy, men får ikkje nemneverdig skade. Planen er å kamuflere i Skitnehola innerst i Djupevåg, men kjentmennene klarer ikkje å finne opninga. Herlofson, skipssjef på MTB 619 vel derfor ein alterna-

januar
Florø fattigstyre har valt Einar Knapstad til formann og Håkon Sunde til varaformann.
❖
Kamuflering av MTB’er, frå filmen om den norske MTB innsatsen under den andre verdskrigen (Imperial War Museum).
No kjem storsilda! I dag, 27. januar, er silda koma nordafor Stad. Snurpedamparen «Norholmen» har fått 1500 hektoliter nordvest av Svinøy, og vi kan rekne med fleire fangstar framover dagen. 30. januar: Det går no føre seg eit stort sildefiske. Silda er koma sørover, og det er observert sild vest for Sendingane og Batalden.
❖
MTB 619 og 631 under kamuflasje søndag 14.mars 1943 (Marinemuseet i Horten).
tiv fortøyningsplass. Halvanna time etter midnatt kviler besetningen ut langs berget på det nordvestre hjørnet av Skorpa. Ved daggry neste morgen blir båtane kamuflert.
og Matland rekognoserer innover øya og finn eit punkt med fin utsikt over ankerplassen i Botnavågen ved Florø. Eit par handelsskip med eskorte passerer i løpet av dagen, og litt flyaktivitet blir observert.
Dei to skipssjefane Herlofson
Søndag 14. mars blir observatø-
Bryggeria ser mørkt på situasjonen. Det vert korkje bokkøl eller påskebrygg i år, for her er for lite korn, og dei vurderer å redusere arbeidsstokken. So er det kanskje von om å få dei over i nyttig arbeid?
❖
På ein juletrefest på Årebrot vart det utluta ein veven løpar. Pengane kr. 40,- vart gjeve til Sunnfjord vanføreheim og er komen kasseraren Erika Nærvik i hende. Hjarteleg takk.
På utkikkspost, frå filmen om den norske MTB innsatsen under andre verdenskrig (Imperial War Museum).



Tysk Messerschmitt BF 110 eskorterer tysk konvoi i Frøysjøen 1943. (Flora Krigshistorielag bildesamling.)
februar
Rinnan skoten Dødsdommen over Henry Rinnan vart fullbyrda laurdag morgon. Dødsdomen over Holger Tou (Stavanger) er stad- fest av Høgsterett. Høgsterett har ogso stadfest dødsdommen over torturisten Finn Kaas. To av dommarane røysta for livs- varig fengsel.
❖
Storfiske Laurdag. 3. februar, var det storfiske vest av Batalden. I dag er det venta godt fiske mellom Bulandet og Holmengrå. På heile fiskefeltet er fiska 300.000 hl. sidan natt til laurdag. Til Florø kom det laurdag 54 snurparar og 52 drivarar med til- saman vel 56.000 hl.
❖
rane merksame på ein jagar og ein forpostbåt som kjem nordfra mot Florø. Jagaren fortøyer ved kai i Florø kl. 15.15, og ein halv time seinere ankrar ein nordgåande konvoi i Botnavågen. Konvoien består av tre handelsskip på fra 3000 til 10.000 tonn eskortert av ein forpostbåt. Seinere går også eit sørgåande handelsskip til ankers for natta. Jagaren og forpostbåten forlet kort etter Florø og forsvinn sørover. Skipssjefane Herolfson og Matland noterer seg omhyggeleg dei ankerliggande sine posisjonar og bestemmer seg for å gå til angrep så snart det blir mørkt. Vervarselet for kvelden er gunstig, men neste dag er ei forverring venta. Kamuflasjen blir rigga ned, og alle mann går til klart skip. Kl. 21.15 navigerer styrken seg gjennom det trange farvannet mellom Skorpa og Vadsø lykt, over Hellefjorden til sydspissen av Nærøyane, derfra på skrå over skipsleia mot Årebrot lykt idet minelasta går i sjøen. Begge lyktene er tent, til stor hjelp i navigasjonen, for det set inn med hyppige sluddbyger, og månen er skjult. Ein time seinare er minesperringa etablert med 76 miner i fire rader. For lyddempa motorar fortset styrken mot ankerplassen, styrer nord av Risøy og Risøyskjær, aust av
Naustholmen, over Breivik og inn sundet like ved målet. Idet MTB 619 runder neset, får Herlofson plutseleg sjå eiit oppankra handelsskip som ikkje hadde vore synleg frå utkikksposten på Skorpa. Avstanden er bare 500 meter, torpedomannskapet står klar. Herlofson lar MTB 619 gli enda nærmare målet nokre minutt, kl 2250 lar han begge torpedoane gå. Det hadde vore vist film på Florø Kino (Fram Huset) om kvelden 14 mars, og det er samla folk der. Brått høyrer ein drønn i natta. Tyskarane som er på staden trekk litt på skuldrane og rorar folk med at – Es war nichts – det var ikkje noko. Dette er stort sett tyske hær- og marinesoldater, som på sett og vis veit lite om kva som foregår. Dei er å rekne som harmlause i forhold til tyskarane i Gestapo som om ikkje lenge skal nytte Florø Kino. Drønna er MTB 619 sin torpdedering av tyske D/S Optima. To kraftige eksplosjonar, ein midtskips og ein i akterskipet, to vannsøyler skyt til vers og dynkar begge MTB-ane idet dei fell saman. Dei tyske sjøfolka om bord i Optima roper om hjelp, mens dei kavar for å komme seg i sikkerhet frå det synkande skipet. Hafenkapitan Florø melder straks vidare til Admiral Westkuste

februar
nødsignalet akterut – det blir gjentatt – Herlofson svarer. Han tørnar øyeblikkelag rundt og ligg i løpet av minutt ved havaristen og får slepar gjort fast. To gonger forsøker han å slepe MTB 631 av, men utan hell.
All transport med lastebil blir omgående utført ved å melde oppdraget til Fylkessentralen, Florø
❖
I Florø tek dei måndag til å betale ut barnetrygda for fyrste kvartal. Det er søkt om trygd for 166 born. I Kinn er det komne søknader for ca. 420 born. Trygdenemnda skal gå gjennom søknadane i morgon.
❖
Ombord i MTB 631 er det travel aktivitet Alle hemmelege papir blir øydelagt, safen med konfidensielle bøker går overbord, og heile båten blir dynka med bensin. MTB 619 ligg med baugen inntil, klar til å ta imot Matland og folka hans med det same vraket tar fyr. Flere sporlys skot blir avfyrt ned i tankrommet akter, men flybensinen blir ikkje antent. Etter ti minutt finn Herlofson det høgst påkreva å komme seg vekk fortast mogeleg. Det er full alarm på ankerplassen etter torpederingane, og eit fartøy frå Florø er undervegs for å undersøke. Herlofson beordrar alle mann ombord til seg. Telegrafisten om bord i 631 finn eit siste dokument liggende igjen, i forkavinga stappar han det i munnen og svelgjer det.
i Bergen: 22:50 Ein overnattande konvoi på tre skip er under angrep i Botnavåg ved Florø, sender vaktbåten «Stør» til staden. Herlofson slår akterover for å la MTB 631 passere – det er for trangt til å snu. MTB 631 glir forbi vidare inn mot ankerplassen. Matland får eit 3000 tonns handelsskip i torpedosiktet og lar begge torpedoane gå i ein avstand av ca. 800 meter. Idet han gir babord ror for å komme rundt og ut igjen, går den eine torpedoen i land med et brak. Men no har skipssjefen meir enn nok med å konsentrere seg om retretten. Matland styrer tilbake gjennom det trange sundet og får auge på skuggen av MTB 619. Herlofson held på å snu, Matland slår stopp og ventar, så set han farten opp for å komme på plass i leiarbåten sitt kjølvatn. Då skjer det. MTB 631 køyrer seg hardt opp på skjæret sør av Naustholmen, får bunnen slått inn og krenga til babord. Matland gir full fart akterover, men båten rikkar seg ikkje. MTB 619 forsvinn i mørket, men Herlofson held utkikk akterover for å vere sikker på at MTB 631 følger etter. Brått blinker
619 bakkar ut, vender og lar 20
Sildefisket held seg framleis bra, men det tek til å verte vanskar med avsetnaden.
❖
Radiotelefoni i Florø Distriktsjef Albretsen ved Telegrafverket opplyser til Morgenavisen at det no skal reisast ein større radio- telefonistasjon (for skipsferdsla) i Florø. Arbeidet tek til i vår.
❖
Hafenkapitan Florø sin «Fjordboot». Her på ei tenestereise i mars 1943. (Flora Krigshistorielag bildesamling.)

Forhør på Shetland
februar
Lite nye bilar Det vert lite med nye bilar i år. Innførsleprogrammet for 1947 er sterkt nedskore. Av amerikanskje bilar som kan nyttast til drosje- og leigebilar kjem det berre 700 til heile landet. Fylkesstransportsjef Sunde opplyser at det ikkje er teke noko avgjerd om kven som skal få driva yrkeskøyring med bil (utafor rute) i Sogn og Fjordane.
Den 17. mars blir ein granskingskommisjon sett i Lerwick med påfølgjande forhøyr av mannskap frå MTB 631 og 619. Erling Matland, Gundulf Sønsteby, Charles McBride, Kjell Stub Møvik, Peter Siira og Nils Johnson fra MTB 631 er først ut. Deretter Charles Herlofson fra MTB 619. Kommisjonen har ingenting å utsetje på mannskapet si handtering av situasjonen, og innstillinga lyder som følger: «Mannskapet har handla etter beste evne«. Likevel blir det reist stor bekymring over at safen med kodebøker er dumpa over bord på grunt vann, og dermed lett kan falle på tyske hender.
❖
Tyskerne set i gang søkeaksjon Ut på morgonen kimer det i telefonen på Inselkommandantens kontor i Florø Folkeskole. 70. armekorps som har ansvaret for landforsvaret av Vest-Noreg, gir ordre til ein leiteaksjon etter mannskapet på den kapra MTB’en. Florø, Nor- dalsfjord, Eikefjord, Bremangerlandet, Svelgen, Kinn og Reksta blir gjennomsøkt. Klokka 1030 starta
Rasjonering Det er vorte kaldt, og skralt med både vatn og kraft no. Ytre Fjordane Kraftlag går til nye innskrenkingar. Svelgen sluttar snart med leveringa, og Stongfjorden har berre vatn for 10–12 dagars drift. Kraftlaget har difor gått til det steget å kople ut straumen deler av dagen.
❖
mm kanonen gjennomhole MTB 631 fra for til akter. Men vraket vil ikkje ta fyr. Tyskarane i vaktbåten oppfattar dette som at dei sjølv er under angrep. Kl. 00.50 Seerobbe og M467 blir beordra til Florø av Admiral Westkuste. For full fart forsvinn MTB 619 opp Hellefjorden, har Batalden tvers ved midnatt og stikk baugen ut i grovt hav ein halv time seinare. Båten er fylt til trengsel, det er 68 personar ombord. Nordsjøen blir hard, med aukande vindstyrke frå sørvest. MTB 619 kjempar seg vestover gjennom sjørokk og skavlesjø, mange langsskipsspant knekk og huda blir trykket inn flere plassar. Besetningen arbeider for livet med improviserte reparasjoner, men då ein etter bestikket skulle vere oppunder Shetland om formiddagen den 15. mars, er skroget så svakt at Herlofson ikkje vågar å halde den opprinnelege kursen. Shetland skulle vore i sikte kl. 11.00, men tre timar seinere er det ingen tegn til land. Samtidig blir sjøen så svær at Herlofson meiner at Shetland er passert og at det uendelege Atlanterhav ligger forut. Kurs blir forandra til søraust med såvidt styrefart på en motor. Kl. 21.00 blir drivanker med oljepose sett, og slik ligg MTB 619 på veret heile natta i full storm. Tirsdag 16. mars løyer vinden hurtig frå morgenen av. Ny kurs blir sett sørover for sakte fart på to motorar. To timar seinare blir MTB 619 observert av to Spitfirefly som gjer rett kurs. Kl. 11.00 får dei ny kurs av eit Ansonfly. Kl. 12.00 dukkar MTB 618 opp for å assistere om nødvendig, men MTB 619 klarer å nå Lerwick for eiga maskin der folka blir sett i land.
Ramsdalsheia som utferdsstad Blant mange av de goder veiforbindelsen Florø–Førde har ført med seg, er at Florøs invånere med letthet kan arrangere fjell- turer. Sist søndag hadde jeg gleden av å være med på en billigtur
Utsnitt fra kartskisse over søket som blei gitt ordre til etter MTB angrepet.

februar
MTB 631 på skjæret ved Rota 15. mars 1943. (Flora Krigshistorielag bildesamling.)
Berging av MTB’en
Admiral der norwegische Weskuste, Otto Schrader sender fleire tyske marinefartøy til Florø for å sikre MTB’en. Sjølv går han om bord i minesveiparen M1 som set kursen frå Bergen til Florø kl. 09.45 om formiddagen den 15. mars 1943. M1 kjem til Florø kl. 15.15 og går straks ut til havaristen for å prøve å slepe den av skjæret. Det skal vise seg å ikkje bli så lett. Etter to forsøk der slepetrossa slitnar blir operasjonen avbroten og M1 legg seg til anker ved Nøstholmen.
Etter nærare undersøking viser
som Florø Sportsklubb arrangerte til Ramsdalsheia. La det vere sagt med en gang: Turen gav mersmak! For de som ikke har kjørt innover denne veien, er jo bare bilturen litt av en opp- levelse. Etter 1 1/2 times kjøring var den første delen av målet, «Trollstova», nådd. Denne er nylig oppført, og ennå ikke helt ferdig. Når den blir ferdig etter planen vil eierne, hr. og fru Kristensen ha en fjellrestaurant som de reisende ennå mer enn nå vil får stor glede og nytte av. Ho «Lola» skal ha all honnør for den ide som her er realisert! Med «Trollstova» som utgangspunkt kan de som er ute for å prøve skiene foreta fine turer. Etter det jeg får opplyst fra Florø Sportsklubb kommer de til å arrangere lignende turer hver søndag fremover når verforholdene tillater det. ...Når jeg skriver dette minnes jeg skoleturene til Grytadalen som ble arrangert da jeg gikk på middelskolen. Hvorfor ikke lage skoleturer innover til Ramsdalsheia?
❖
aksjonen under leiing av Inselkommandanten og flåtesjefen i Florø. Alle tyske styrkar i Florø, Berle og på Aspeneset er med, samt dei tyske marinefartøya M467, M5309, S10 og S15 (S-Schnellboot). Alle vegar som gjekk innover i landet blir sperra av infanteritropper. 70.armekorps gir og ordre om ein leiteaksjon i Førde og Vevring med infanteritroppar, samtidig som det tyske flyvåpenet i Bergen set inn fly i søk etter den andre MTB’en. Tyskerne mistenker at mannskapet frå MTB 631 gøymer seg blant lokalbefolkningen i Florø, og kjem difor med strenge truslar mot befolkningen dersom dette skulle vise seg å vere tilfelle. Kl. 20.00 er det blitt mørkt, og leiteaksjonen blir avslutta uten resultat. Dagen etterpå gjenopptar dei tyske styrkane søket men det ender likedan, og aksjonen blir avslutta når det mørkna samme kveld. Eit tysk sjøfly av typen Arado Ar 196 rekognoserer området rundt Florø utan resultat. Etter kvart snappa tysk etterretning opp frå britisk radiokommunikasjon at MTB 631 besetningen hadde gått over i MTB 619 etter torpederingen av Optima og 37 timer etterpå ankom Lervik i Shetland.
Admiral Der Norwegische Westkuste, Otto Schrader. (Brennpunkt Westkuste.)


M1 ankommer Florø, Vorpostboot Seeotter ligger til kai. (Flora Krigshistorielag bildesamling.)
Bading Folkebadet blir førebels ope, for damer kvar fredag frå kl. 16 til 19, for herrar kvar laurdag kl. 16–19. F.T.&I.F.
❖
M1 ute ved MTB 631 (Flora Krigshistorielag bildesamling.)
Linoljemaling Da det blir vanskelig med linoljemaling til våren, bes de som har maling tilgode på anvisning, hente denne snarest! Søknad om oljeholdige malervarer til fiske- og fraktefartøyer skal være innsendt innen 1. mars. K. Haarklau’s Fargehandel Florø tlf. 173
det seg at babord side av MTB’en er oppriven. Hafenkapitan Stavanger, Kapitanleutnant Schubert som har erfaring med berging blir sendt til Florø for å leie bergingsarbeidet. Etter enda eit bomforsøk der trossa slit klarer endeleg M1 å dra MTB 631 av skjæret kl. 09.45 den 18. mars. Slepebåten Traust tar så over og fører det ulykksalege krigs- fartøyet til Sindreslippen i Florø for midlertidig reparasjon.
Medan MTB’en står på Sindre-
slippen vart den saumfart av tyskerane. Heile båten blir grundig gjennomsøkt, det blir utarbeida skisser og tatt bilde av kvar einaste krinkelkrok. Dessverre har ikkje mannskapet klart å kvitte seg med alt sensitivt materiale når dei i hui og hast måtte forlate båten om natta. Særleg vil eit brev frå Jens Buarøy til eine sonen i England få tragiske konsekvensar. Admiral von Schrader rapporterte: «Den norske besetning på den til 30. MTB flotilje tilhøyrande MTB 631 synes å ha forlatt båten hals over hovud etter strandinga. Vi har fått verdfulle opplysningar om hemmelege ting, kart, bøker, våpen og utrustning. Dette blir av største verdi i den vidare kamp mot dei fiendtlege MTB’ar.» Den 25. mars 1943 blir MTB 631 slept til Bergen mekaniske verksted, eller Kriegsmarine Werft
❖
mars februar
Tomme medisinglass må medbringes ved kjøp av ny medisin. Når medisin er sendt i posten må tomme glass sendes tilbake ved første leilighet. Florø Apotek
M1 forsøker å dra MTB 631 av skjæret med trosse over baugen. (Marinemuseet i Horten.)



mars
Fredlysing Alle bruk under garden Bareksten nr. 4 i Kinn med tilhøyrande øyar, holmar og skjer, såleis også Gåsøy, er fredlyste som egg- og dunvær. Det er difor forbode innan ein avstand av 1 1/2 km på sjøen utfrå desse eigedommane å løysa skot eller drive jakt i tida 1. april til 15. august. Fjordane Politikammer Mikael Klaveness Stavnum
Slepebåten Traust og MTB 631 på Florevika 18.mars 1943. (Flora Krigshistorielag bildesamling.)
❖
Bergen som tyskarane kalla det. Her blir den reparert til sjødyktig stand og deretter sett i tysk teneste som S631 (Schnellboot 631).
Razzia og arrestasjoner i Batalden. Skulen på Fanøy får uventa besøk av tyske soldatar. Tyskarane undersøker heile biblioteket, riv ned bøker, drar fram papir og alt dei kan finne av dokument og granska alt nøye. Bøker merka «Batalden folkeboksamling» er grunnen til ransakinga. Bøkene var blitt levert til mannskapet om bord
Tyske soldater held vakt ombord i MTB 631 på Sindreslippen i Florø. (Foto: Flora Krigshistorielag bildesamling via Atle Wilmar.)
Til månen om 50 år Om 50 eller 60 år vert det mogeleg å ta seg ein tur til månen, seier den kjende britiske professoren A.M. Low. Turistane må vere utstyrde med særskilde klede som vernar mot intens varme og stor kulde, og dei må ha med seg surstoff. Professoren hevdar at fyrste ferda til månen vi skje i store rakettfly.
❖
Rekordutfart Sundag var det rekordutfart til Ramsdalsheia. Vel 200 menneske hadde teke turen. Frå Florø var det om lag 130 av- garde, dei fleste andre var frå Naustdal.
MTB 631 på Sindreslippen i Florø. (Bilde utlånt av Jørund Trovik.)



mars
får han bruk for alle sine eigen- kapar på dette feltet. Han skaper seg heilt tosken, og svarer i hytt og i pine på det tyskarane spør om. Etter fire dagar i arrest og med gjentekne avhøyr, har ikkje tyskarane fått noko fornuftig ut av Kalle. Dei sette han difor fri, og han kan reise heim.
Evig liv Sekretær Ulland taler i Breidablik onsdag kl. 8,15 over emnet: Evig liv, evig fortapelse. Hvor og hvorledes blir de ugudelige straffet? Hvor er «helvete»? Hva menes med den «uslokkelige ild» og «evig» pine? Synd og syndens endelige utslettelse og et rent univers.
❖
Tysk soldat i ferd med å saumfare MTB 631 på Sindreslippen i Florø. (Foto: Flora Krigshistorielag bildesamling via Atle Wilmar.)
Kan få sukker Noreg har fått melding om ein munaleg auke i importkvoten for sukker (10 prosent), melder Forsynings- departementet. Men så kjem ei anna melding som fortel at vi ikkje har råd til å kjøpe dette tillegget.
i MTB 631 som låg skjult i Batalden ei tid før. Karl Langøy blir kalla inn til avhøyr. Okkupasjonsmakta har ikkje nokon grunn til å mistenke Kalle for illegal aktivitet, men sidan han bur på Langøya, nær både MTB’ane sine skjulestader og Nautøya, er han aktuell kandidat. Kalle er kjend for å vere litt av ein skodespelar, og no
Skjebnesvangert brev Slik går det dessverre ikkje for Jens Buarøy frå Nautøya. Han er gift med Klara Amanda Skorpeide og dei har heile 12 born. Dei fleste borna er vaksne og var reist ut då krigen tok til. Sonen Jonvald var i utanriksfart og hadde kontaktadresse i England. Jens var ombord i MTB 631 med eit brev til Jonvald. I brevet skriv Jens om familien, mellom anna om Hilmar Hansen og dottera Selma som skal gifte seg. I åra med okkupasjon har tyskarane i rikeleg monn informert det norske folk om at omgang med fienden vart straffa med døden. For tyskarar er fienden dei allierte og nordmenn som kjempa frå utlandet. Denne føresegna kom til å verte gjeldande for Jens Buarøy og
❖
Det vert ringt til oss med oppmoding om å påtale at det ligg is og snø på trappene utanfor Fram, so folk ramlar overende når dei kjem ut i myrkret. Ei dame har såleis ramla og brote armen, vert det opplyst.
❖
Det tyske marinefartøyet «Zick» på Fanøyvågen i 1943. (Eks norske KNM Trygg.) Flora Krigshistorielag bildesamling.


Utklipp frå forhør med Erling Matland, MTB 631 17.mars 1943 på Lerwick i Shetland. (National Archives)
mars
har fortalt nokon ting, det syner også ryggen min». Alf er berre ungdom, og under avhøyra i Florø gjer han seg til for tyskerane og spelar evneveik. Likevel held tyskarane Alf i arrest vel ein månad. Ein del av denne tida må han arbeide som kokk om bord i Gestaposkøyta. Etter arrestasjonen og mishandlinga av Jens, er familien på Nautøya redde kvar gong dei ser Gestaposkøyta nærma seg. Frå huset kan dei sjå skøyta på langt hald. Sjølv om Alf får sleppe fri frå tysk fangenskap, er tyskarane seinare innom øya og spør etter han ved fleire høve. Alf greier å gøyme seg vekk kvar gong, og dei andre i familien seier at dei ikkje veit kvar han er. Ein gong truga tyskarane med å ta med seg mora Klara. Ho sig saman på trappa og tek til å gråte,. Tyskarane seier då at ho skal få fred. I slutten av august sender ok-
Nazismen lever Nazismen lever enno i Noreg, sa biskop Arne Fjellbu under ei foredragsferd i Sverike nyleg. Eg får no og då anonyme brev frå nazistiske organisa- sjonar som held fram arbeidet i løynd. Vi er ikkje ferdige med nazismen om 75 000 har fått straffa si, sa biskopen. Han la til at oppgjeret i Noreg er turvande. Vi kan ikkje berree sletta over og gå vidare, brotsverka er for store. Derimot meiner eg at dødsstraff burde av- skaffast, det høyrer ikkje med i den nordiske rettsopp- fatninga, sa biskopen til slutt.
❖
Hekla i utbrot Vulkanen hekla på Island har no det fyrste utbrotet på 100 år. Eldsøyler står 700–800 meter til vers.
❖
Hilmar Hansen. Tyskarane kjem ut til Nautøya med Gestaposkøyta. Jens (55) og familien sit og et middag då væpna soldatar med eitt kjem inn i huset. Dei søker gjennom husværet, tar Jens og sonen Alf (15) med til Florø. I Framhuset der Florø Kino held til må Jens gjennom harde avhøyr i samband med brevet, og gestapistane vil ha mest mogeleg ut av han om kva som går føre seg av alliert og illegal aktivitet i Batalden. Dei slår og mishandlar Jens, særleg over ryggen, og til slutt kan han ikkje stå på føtene. Alf er med som gissel og må delvis sjå mishandlinga av faren. Tyskarane har truleg ein plan om at Alf skal fortelje det han veit for å la faren sleppe vidare tortur. Etter avhøyra og mishandlinga, får ei kvinne som skal gje Jens mat sjå tilstanden hans. Ho krev straks at overlege Johan Yttri må tilkallast. Tyskarane gjev etter, og legen kjem til for å undersøkje fangen. Først nekta tyskarane å ta av Jens på overkroppen, men då Yttri likevel får dei til å gjere det, kjem det til syne ein sundslått rygg, hoven og full av sår og merke. Jens er klar over at heile Batalden-samfunnet kan verte ramma om han fortel alt han veit. Trass i mishandling og tortur held han tett. Etter nokre dagar med forvaring i Florø, transporterer okkupantane Jens vidare til fangeleiren Grini Jens forstår at folk i Batalden lurer på om han har fortalt tyskarane om våpenlaster og anna illegal aktivitet, og ein fange som sit saman med han fortel at Jens ein gong sa: «Du kan helse folket der heime at eg ikkje
Jens Buarøy. (Bildet utlånt av Trond Strømgren.)

april
Enno er det lite av mange ting, men moderne lysutstyr hev vi. Reidulv Melvær Innstallasjonsforretning Florø
❖
Hilmar mildare handsaming enn Jens Buarøy. Grunnen er truleg at vekeblad med namnet hans påskrive og omtale i Jens sitt brev, ikkje er eintydige prov på kontakt med fienden. I Florø blir Hilmar først innkvartert på Victoria hotell i påvente av vidare avklaring. Han veit truleg ikkje kva som er i vente, for i så fall ville han nok prøvd å rømme frå hotellet. Lensmannen overleverer Hilmar vidare til tyskarane ombord i Gestapo-skøyta, og dei tek han med til Bergen og fangeleiren Ulven, deretter til Grini. Til sist går ferda til Tyskland saman med Jens Buarøy og andre fangar,
Alf Buarøy. (Bildet utlånt av Trond Strømgren.)
Norddalvassdraget I går kom formannskapa i Askvoll, Vevring, Bru, Kinn, Eikefjord, Bremanger og Florø saman til møte her i byen. Møtet munna ut i ei oppmoding om å ta opp spørsmålet om utbygging av Norddalsvassdraget med YFK. «Vassdraget har venteleg meir enn nok kraft til å stette alle rimeleg krav i Ytre Fjordane», heiter det m.a.
❖
Hilmar Hansen. (Bildet utlånt av Trond Strømgren.)
Henry Ford død Bilkongen Henry Ford døydde natt til tysdag, 8. april. Han vart ein av verdast rikaste menn, og han var ein føregongsmann som sette i verk ei rekkje sosiale tiltak som skaffa arbeidarane betre kår.
mellom anna Kristian Ottesen. Etter opphald i konsentrasjonsleirane Natzweiler, Dachau, Ottobrunn og Dautmergen, enda Hilmar Hansen til slutt i leiren Vaihingen ved Stuttgart i Tyskland. Der døyr han den 21. november 1944.
❖
kupantane Jens vidare til den berykta konsentrasjonsleiren Natzweller i Tyskland. Der sit han i fangenskap i om lag eitt år, til han døyr den 5. august 1944. Klara sit att som enkje, og tek tapet av ektemannen svært tungt. Jens Buarøy sin tilkomande svigerson, Hilmar Hansen (33), blir arrestert få dagar etter Jens. Han kjem frå den vesle plassen Uføre på sørsida av Nordalsfjorden. Den skjebnesvangre dagen er han i Fanevik og held på med skjering av tømmer på saga der. Det er dårleg ver med sønnakuling, og Georg Fanevik, Arthur Andersen og Hilmar Hansen arbeider inne . Det er mykje lyd og bråk, og med eitt oppdaga karane at det ligg ein framand båt ved kaia framfor saghuset. Før dei veit ordet av det står lensmannen i døra. Han har fått arrestordre frå Gestapo, og tek med seg Hilmar ut for samtale. Arthur får beskjed om å hente Hilmar sine eignedelar oppe i huset, og deretter set skyssbåten kursen utover mot Florø med fangen om bord. Etter arrestasjonen får
D/S Optima Tre mann blei med Optima ned etter torpederinga. Ein av dei var menig Ernst Paulsen, han ble grav-


april
Kløtzer slapp dødsstraff Lagretten sa i går ettermidag dom mot gestapistane frå Høyanger. Gløtzer, Groth og tolken Arnzen fekk tvangs- arbeid på livstid.
den på ein holme i nærleiken for å hente den seinare, samstundes undersøker han staden der båten forliste nøye. På botnen ser han eit metallskap. Han fiska opp skapet, og det synte seg å innehalde kodebøker og anna konfidensielle dokument. Dokumenta sytte han for å uskadeliggjere. Skapet og jolla tok han derimot med heim, begge delar finst framleis i familien sitt eige.
❖
Dykkerbilde frå Optima som var lasta med Vin, ost og køyrety. (Foto: Vidar Tansøy.)
Motor til salgs. Grundet innsetting av større motor er brukt 5 HK Hein i god stand til salgs. Martin Holmen, Florø
❖
Det tyske lasteskipet D/S Optima. (Skovheim.org.)
FAKTA: «Shetlandsavdelingen» Hausten 1942 blir 30. MTBflotilje etablert. Den har stasjon i Lerwick på Shetland. Flotiljen sitt oppdrag er å angripe tyskkontrollert skipstrafikk på norskekysten. Flotiljen overtar åtte MTB-ar av ein større, sjøgåande type, «Fairmile type D». Toppfarten er over 30 knop. Norge disponerer totalt 21 båtar av denne typen i løpet av krigen.
Trulova Frk. Oline Solend og Arvid Stavang, Florø. Frk. Ragna Solbø, Kinn, og Harald Ophaug, Florø. Frk. Ida Bjerck, Florø, og Alf Kittang, Barekstadlandet.
Det tyske kystforsvaret i Florø I starten av 1942 var planen at fjordar og havområde ved Florø skulle forsvarast med eit kystbatteri og to halvbatteri frå den tyske hæren, såkalla Heeres Kusten
lagd i Florø. De to andre forblei sakna. Grava til Ernst blei flytta til Sandviken Krigskirkegård utanfor Bergen etter krigen. Dampskipet Optima var eit tysk forsyningsskip som var bygd i Tyskland i 1926, og hadde i åra under den andre verdskrigen mange turar langs norskekysten. Under si siste reise hadde Optima som oppgåve å forsyne den tyske overkommandoen i Nord-Norge. I dag kviler vraket av Optima rett utanfor kaia ved Ankerløkken i Florø Hamn.
Safen til MTB 631 på grunt vatn.
– We are, however, doubtful as to the depth of water into which the C.B Box was thrown and it may prove easily recoverable. Sitat frå granskingskommisjonen på Lerwick 17. mars 1943.
Heldigvis finn ikkje tyskarane safen. Ei tid etter grunnstøytinga finn John Vallestad fra Askrova jolla fra MTB 631 på rek. Han gøymer
Utsnitt frå tysk kart tilhøyrande 280. Infanteri Divisjon viser oppstillinga av artilleri i Florø; Seks 15,5 cm kanoner vest i Havreneset med rekkevidde 17 km, to 7,5 cm kanoner på Sørstrand med rekkevidde 7 km.


april
Tysk skisse: Etter erfaringene med MTB-angrepet sørget tyskerane for minesperringar inn til Florø hamn. (Flora Krigshistorielag bildesamling.)
Hushjelp gjerne litt eldre, får lett plass hos eldre herre. Postmester Hammerstad, Florø
❖
Straumrasjoneringa i Y.F.K. er slutt, og folk pustar letta ut. Driftsingteniør Hansen opplyser at vatnet har stige i Markevatn i det siste. – Dessutan er det leigd kraft i Stongfjorden og Svelgen.
❖
Bilde: Påført kvart enkelt bilde. Film: Imperial War Museum: 30.MTB Flotilje. Bøker: Kampen i skjærgården, Jon Rustung Hagland Batalden bind 3, Trond Strømgren Arkivrestar: Bundesarchiv Freiburg: KTB Admiral Der Norwegsice Westkuste KTB Seekommandant Bergen KTB Admiral Norwegen KTB 5.Kustensicherungsverband KTB 70.Armekorps KTB 280. Infanterie Division National Archives, London: ADM 1/16866 The loss of MTB 631 Flora Kommune fjærnarkiv: Kart «Inselgruppe Roten».
Ei stor takk til Trond Strømgren for bruk av kildemateriell frå boka om Batalden under andre verdskrigen. Takk også til alle støttemedlemmar i Flora Krigshistorielag. Dykkar bidrag gjer det økonomisk mogeleg å sikre oss bilde og film frå Flora under andre verdskrigen.
Løk i sikte Frå Oslo ver det meldt at 1500 tonn matløk kjem frå Egypt i nær framtid. Desutan får vi 500 tonn løk frå Italia litt seinare, og framunder jol får vi 1000 tonn frå Nederland. Dermed skulle vi ha fått det vi treng.
Batterie. Eit batteri i Havreneset med seks 155 mm kanoner skulle dekke hovedskipsleia og innsegling frå vest. To halvbatteri med to 75 mm kanoner kvar skulle dekke flankane til Havrenesbatteriet ved Nordnes og Sørstrand. Våren 1942 kom sekskanons batteriet til Florø og blei sett i provisoriske stillingar ved Nordnes, medan permanente stillingar var under bygging ute i Havreneset. Hausten 1942 kom det eine halvbatteriet til Florø og var meldt skyteklart hausten 1942 på Sørstrand. Halvbatteriet ved Nordnes skulle settast opp i to av dei provisoriske stillingane etter 155 mm kanonene, som stod tomme etter at dei kanonene var komme på plass ute på Flatneset og på haugen vest for Svartevatnet. Slik vart det ikkje. Det siste halvbatteriet vart istaden sendt til Askvoll og seinare Hyllestad. Dei einaste kanonene som kom opp på Nordnes var av tre, såkalla narrekanoner til å villeie fienden, men dei var til liten nytte mot fiendtlege fartøy som ville trenge seg inn i farvatnet nord for Florø.
❖
Kjelder

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2012.