Saltlageret
Det er vel ikkje alle som veit kor «Saltlageret» var her i Florø, men det var ei bu i Hesteneset. Bua var der kor Sogn og Fjordane Energi (tidlegare Ytre Fjordane Kraftlag) har administrasjonsbygg.
Eg veit ikkje kva tid bua vart bygt, eller kva den vart brukt til før krigen. Men eg veit at YFK flytta inn i bua like før krigen. Grunnen til at eg veit det, er at bestefar min, Anton Absalonsen, var lagerformann. Tidlegare hadde dei lager på Moloa, men før krigen kom, flytta dei. Det var ei stor sjøbu. Under krigen hadde YFK vel halve bua. Den var delt på langs med netting. Tyskarane hadde den andre delen. Her var alle linjearbeidarane på plass når dei ikkje arbeidde ute. Dei måtte lage verktøy og alt dei skulle ha med på arbeid på linjene. YFK hadde innreia eit lite rom som vart brukt til verkstad, «kontor» og «spiserom». Rett innafor døra stod ein stor, elektrisk varmeomn. Oppå omnen var det lagt to mursteinar og ei fjøl. Der gjekk det an å sette seg på omnen og få litt varme i kroppen. Bakanfor dette rommet var det lager av transformatorar. Dei vart reparerte der. Absalonsen hadde lært seg å reparere transformatorane, og det kom vel med. Han var den einaste som kunne gjere den jobben. Så var det ein bratt stige opp til loftet. Der var det også lager. Men det som gjorde at eg kom meg opp den bratte stigen, var at vi hadde røykesild til tørk der oppe. Røykesild var vel det som redda oss under krigen. Tyskarane sin del av bua vart nytta til stall. Der var det hestane fekk vere og fekk mat. Det var store dungar med høy som var stabla opp. Han som ordna med dette var «Håfard». Han var ein «tyskar» som vi ungane likte. Vi fekk ofte drops av han. Gule, avlange drops. Men... vi skulle jo helst ikkje ta imot drops av tyskarane. Ikkje om nokon såg det i alle fall. Det var ei stor glede då vi fekk
høyra at han var frå Østerrike. Då såg vi tinga i eit anna lys! Han viste bilete frå heimlandet og familien sin, prata med oss, og det syns vi var kjekt. På kaia var der ofte russiske krigsfangar. Dei kom i rekke og rad og hadde med tyskarar som vakter. Bestefar ordna ofte med sild til fangane, og merkeleg nok var det ingen av tyskarane som nekta det. Vi ungane gav dei litt mat av og til, og fekk ringar og trefuglar som takk. Av og til låg der tyske båtar ved kaia. Eg minnest ein ung «gut» som kom frå båten og inn på YFK sitt lager. Han var blåfrosen og fekk komme inn i «herligheten» og sette seg på varmeomnen. Eg var innom då og prøvde å snakke litt med han. Eg har ikkje gløymt han sa namnet sitt: «Detmer Røydi» oppfatta eg det som. (Det namnet har eg aldri gløymt, men det var nok ikkje slik eg oppfatta det eller som dei skriv det.) Vi ungane i Hesteneset var mykje ned på kolkaia. Der fiska vi mort, men... det beste vi fekk med oss, var når rekebåtane kom innom kaia. Rekefiskarane sorterte rekene, og «for små reker» fekk vi ungane. Det var fint å spise reker. Reine festmåltidet. I vegen ovafor bua var det stor plass. Det kalla vi «Plena». Der leika vi; spelte ball, parentes og fangefri. No har eg fortalt litt om Saltlageret og «rundt ikring» slik som eg kjem på det. Kva som var der før mi tid, veit eg ikkje noko om. I 1961 brann Saltlageret ned. Det vart reist et stort administrasjonsbygg for YFK på tomta. I 1963 stod bygget ferdig, og også YFK sine kontor i Standalbygget flytta dit. Ja, slik var livet «før i verden». Godt mykje har endra seg til det betre.
Saltlageret gjekk opp i logar i den dramatiske brannen i 1961. Folk stimla til for å sjå.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2011.