2011-12 - Odd Standal - Gløymde graver?

Gløymde graver?

Lengst søraust i Flora kommune ligg matrikkelgardane Standal og Svortevik. Nedre Standal grensar i vest mot Stavik, om lag midtvegs mellom Stavang og Standal. Her ligg bruket Steinavåg, og den fråflytta husmannsplassen Skjeljevik. Svortevik grensar mot Horne, som høyrer til Naustdal kommune.

gravrøyser her i fylket, men få stader – om nokon – er det så mange på eit så lite område.

Blant fagfolk har det lenge vore kjent at det langs leia frå Horneneset i aust til Belgetòten i vest finst ei rekkje gravrøyser, truleg alle frå bronsealderen (1800–500 f. Kr.) To av dei tre røysene på Horne vart rydda og stelte i stand tidleg på 1990talet. Røysene i Svortevika og Steinavågen/Skjeljevika har knapt vore påakta sidan dei vart registrerte av Bergens Museum. Det finst mange slike

Felles for alle desse røysene er at dei vart bygde slik at dei skulle vere godt synlege frå sjøen, som var den vanlegaste ferdselsåra også i bronsealderen. På denne tida vart samfunnet meir organisert og lagdelt enn i steinalderen, ein høvdingklasse voks fram. Folk dyrka jorda og vart meir

Skriftteikn hadde dei ikkje i bronsealderen. Derimot uttrykte dei seg gjennom bilde som dei rissa i flate berg og steinar.

bufaste. Røysene ligg sørvendt mot fjorden. Det er såleis gode dyrkingsforhold på strekninga, og lett tilgang til fiske i sjøen. Den vanlege oppfatninga er at gravrøysene var symbol på status og makt, di høgare den døde hadde stått på rangstigen, di større røys måtte til! Truleg har også røysene vore familiegravstader, der den eine generasjonen etter den andre vart hauglagd. Posisjonen i samfunnet var gjerne knytt til ætta, slik vi kjenner det frå historisk tid. Kva språk dei talte i bronsealderen, veit vi ikkje sikkert, men truleg var det ein variant av urindoeuropeisk, som gjennom folkevandring og krokvegar kom til Norden frå det sørlege Europa, og som framleis kan sporast i moderne norsk.

Bronsealderskip.

Kjelder Fylkesarkivet, Sogn og Fjordane Førhistoriske minne på Vestlandet (Bergens Museum) Wikipedia

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2011.