2011-10 - Kim Gunnar Jensen - Senk tyske skip i Florø

Senk tyske skip i Florø!

7. januar 1942 klokka 00.37: «Florø treng assistanse! Er under eld frå artilleri eller flybomber.» Leutnant Zur See Walz, Hafenkapitän Florø.

«Fattigmannsskatt» I 1933 skreiv Arbeiderbladet um umsetningsskatten at den var: «En fattigmannsskatt, En kynisk, tåpelig og umoralsk beskatningsform, Et bedrageri overfor folket, En falitter- klæring for den sittende regjering, En byrde for landets småkårsfolk, En skatt som øker arbeids- ledigheten». No må dei forsvara denne skatten. Det er ikkje lett ... ❖

England blir ført med fly og ubåtar som til slutt vil kneble britane sine forsyningslinjer til det punkt at kapitulasjon er uunngåeleg. Den tyske hæren vil difor berre ha ei oppgåve; å knuse Sovjets Røde Hær.» Det som vart tidenes største katastrofe for Russland og Sovjetsamveldet, vart eit sårt tiltrengt pusterom for Storbritannia. Det ville gå nokre år før britiske styrkar kunne være i stand til å slå tilbake for fullt, men dei hadde framleis sin mektige flåte, The Royal Navy. Sjølv om RAF hadde fått seg ein kraftig knekk i kampen mot Luftwaffe, kunne dei no puste letta ut. Dei hadde kjempa hardt og vunne. Tyskarane klarte ikkje å skaffe seg luftherredømme over Den engelske kanal, dermed vart Operasjon Sjøløve – invasjonen av England, utsett på ubestemt tid. Angrepet i aust kravde storparten av det tyske flyvåpenet.

Indian motorsykkel med sidevogn billig til salgs, eller i bytte med sølvrev. Skriv til K. Dalsbotten, Bremanger. ❖

Lihesten er vorten turistattrraksjon etter «Havørn»- ulukka. 2000–3000 menneske har vore der i sumar. ❖

Allierte styrkar slår tilbake Britane nytta difor ei kvar anledning til å slå tilbake mot Wehrmacht. På same måte som Tyskland med fly, marinefartøy og ubåtar prøvde å kutte Storbritannias forsyningslinjer, gjorde britane det same til dømes i Noreg. Strekninga Askvoll – Stad var særleg utsett.

Blitzkrieg i Europa Våren og sommaren 1940 har det tyske Wehrmacht tordna fram gjennom Europa med sin lynkrig, Blitzkrieg. Tysklands erkefiende Frankrike har kapitulert, det same har Polen, Nederland, Belgia, Danmark og Noreg. Storbritannia kjempar hardt mot tyske fly og ubåtar for å unngå å bli totalt isolert og for å berge sin eigen eksistens. Heldigvis for britane klarar ikkje det tyske Luftwaffe å gjere det heilt av med The Royal Airforce (RAF), som ei tid er den einaste barrieren som står att for å hindre tyskarane i å invadere England via Den engelske kanal. Hitler tør nemleg ikkje sende den tyske hæren over kanalen utan at hans Luftwaffe har totalt herredømme. I staden vender han blikket mot Sovjetunionen, som han ser på som eit pillråte hus; «Det er berre å sparke inn døra så rasar heile ruklet saman.» Sommaren 1941 står Wehrmacht med 3,7 millionar mann klare til å angripe Sovjet. Austfronten er eit faktum. England var enno ikkje slått, og Sovjet hadde til då vore ein av Tysklands allierte. Sjølv om Hitler eigentleg var livredd for en tofrontskrig, hadde han innleia nettopp det, men slik vurderte ikkje han situasjonen. «England har ingen sjanse til å slå tilbake, krigen vidare mot

Krev kjøtkontroll O. Skaflestad med studnad av M.M. Myklebust, har sendt uppmoding til Florø formannskap um å få istand ei ordning med kjøtkontroll og kontrollveging.

Tyttebær ankommet i dag. Ludv. Bjerck Frukt ogTobaksforretning, Florø, tlf. 161.

Aalesund faar fiskarfagskulen dersom den departementale nemndi si tilråding vert vedteken.

Her kunne både fly, ubåtar og overflatefartøy komme frå ope hav rett inn i skipsleia og angripe for deretter å forsvinne ut i ope hav igjen. Den kronglete skjergarden gjorde det også mogleg for at mindre fartøy som MTB’ar kunne legge seg i skjul tett på leia og vente på angrepsmål. Dei første krigsåra var tyngdepunktet av den tyske militære aktiviteten i Sogn og Fjordane i dei indre delane av fylket. Den tyske vernemakta innsåg etter-kvart at dette måtte endrast. Frå 1942 vart storparten av styrkane lagt til kysten, noko som ein merka godt i Florø. I dei to første krigsåra var berre små avdelingar frå den tyske hæren forlagte i Florø, samt kontroll- og sambandsstasjonar tilhøyrande Kriegsmarine og Luft-waffe. Florø vart difor eit ynda angrepsmål for britane, både med tanke på å angripe forsyningslinjer og å gjennomføre raid. I tillegg til svak tysk beskyttelse, gunstig geografisk plassering og skjergard, var der også mange i Florø og distriktet rundt som var villig til å hjelpe sine allierte. Det vere seg med informasjon om tyskarane, mat, eller ein skjulestad. Dette var livsfarleg, ikkje berre for hjelparane sjølve, men også for familiane rundt. Kanskje vart dei oppdaga av tyskarane, sette i fengsel eller fangeleirar, torturerte, eller kanskje til og med avretta. Følte ein at ein var nær på å bli oppdaga av tyskarane, valde difor mange å flykte til England framfor å risikere ein uviss lagnad i tysk fangenskap.

Ein mann i austre Aker er dømd til 24 dagar i fengsel for brutalitet i heimen. Ei natt kom han heim med ei gategjente, drog kona ut av senga og truga henne til å koka kaffi til gate- jenta. Då kona protesterte, kasta han kniv etter henne.

Luftvernartilleri til Florø Året er 1941. I Florø er det ein liten garnison frå den tyske hæren, samt kontroll- og sambandssta- sjonar frå marinen og luftvåpenet. Garnisonen har sin hovudleir –

infanteristøttepunkt – i Storåsen, der har også luftvåpenet ein flymeldepost. På Fugleskjærskaia har marinen ein sambandsstasjon og ein kontrollstasjon under kommando av ein tysk hamnekaptein. I lag med ein signalstasjon ute på Færøykavlen kontrollerer denne all skipstrafikk i Florø-området. Sjølv om Florø vert brukt som samlingsplass for tyske forsyningskonvoiar, er hamna dårleg beskytta mot angrep. For utanom tyske marinefartøy som er innom er der verken antiluftskyts eller kyst- artilleri. Fleire skip inne på hamna blir angripne og skada av britiske fly før Admiral Der Norwegische Westküste, Otto Schrader, den 3. november sender opp ein luftverntropp til Florø. Med seg har dei tre 2 cm luftvernkanoner av typen Flak 30 og ein 60 cm lyskastar. Troppen vart innkvartert i Høgskuleheimen som var rekvirert av den tyske marinen. Dei tre kanonane vart alle sett opp i hamneområdet. Dette var luftvernkanoner som eigentleg høyrde til i Bergen, men som hadde blitt demonterte og skipa til Florø for å beskytte den utsette hamna. Kanonane høyrde til Marine Flak Batterie Fantoft og hadde stått i stillingar på Hellenes og Nordnes, lyskastaren vart henta frå Fløyen. I Florø vart kanonane sette i stillingar i Hesteneset og på Fugleskjærkaia, lyskastaren og den siste kanonen vart sett opp ute i Stranda. Tidlig på morgonen den 4. november melder troppen at den er stridsklar med følgjande oppsetting: Tre 2 cm Flak 30 luftvernkanoner. Ein 60 cm lyskastar. Ammunisjon: 9984 sprenggranatpatroner med sporlys. 500 pansergranatpatroner.

Tysk 2 cm Flak30 luftvernkanon i provisorisk stilling ute i Stranda vinteren 1941. Bilde utlånt av Jens Korneliussen.

Personell: Ein offiser, ein underoffiser, 25 mann = 27 mann, derav 1 kokk og 2 sanitetssoldatar.

1000 nye skatte- oppkrevjarar Vinstre har vore klandra for at det har auka talet på statsfunksjonærar her i landet, men det er ingenting mot det arbeidarpartiet driv med. På eitt år har dei skaffa oss 1000 nye skatteinnkrevjarar. Held det fram på denne måten vert folket snart delt i tri klassar: Statsfunksjonærar, statsunderstøtta og dei som betaler. ❖

SEPTEMBER 1936 Trotsky er internert. Huset på Hønefoss der han bur, er vakta av statspolitiet.

Mislukka raid mot Florø Det skulle ikkje gå lang tid før desse troppane vart ytterlegare forsterka. I England var kommandostyrkar i full opptrapping til å angripe både Florø og Måløy. «Operation Kitbag» var kode- namnet for raidet mot Florø og «Operation Archery» mot Måløy. Raidet mot Florø skulle settast i verk først. Sjølv om der var ein intern splid i Det Britiske Admiralitetet om det var lurt å sette i verk to aksjonar så geografisk tett på så kort tid, vart det avgjort at begge skulle gjennomførast. Primærmål for raidet mot Florø var å øydelegge tyske skip, forsvarsverk og den tyske garnisonen. Sekundærmål var å arrestere «Quislingar.» Angrepsstyrkane hadde ei liste med heile 60 person-

ar i Florø som var sett på som landssvikarar. Norsk industri som var til nytte for tyskarane skulle øydeleggast. Britane håpte også at mange nordmenn ville bli med tilbake til England for å slutte seg til dei allierte styrkane. Britane gjorde eit nøye forarbeid med å kartlegge dei tyske stillingane i Florø. Detaljerte skisser med angrepsplanar vart laga, samt store flyfoto over Florø frå alle kantar. Dette for at styrkane skulle kunne kjenne att måla dei vart sette til å angripe. Den 2. desember i Tail of the Bank går angrepsstyrkar frå 6th Commando i tillegg til norske styrkar om bord i kryssaren HMS Prince Charles, hovudfartøy for angrepet. Tail of the Bank var ein midlertidig flåtebase i Skottland. Royal Navy begynte å bruke denne etter at ein tysk ubåt klarte å snike seg inn i flåtebasen Scapa Flow og søkte slagskipet HMS Royal Oak.

gjort med ekkolodd. Den britiske leiinga vart bekymra for tryggleiken, å gå på grunn kunne føre til ei katastrofe både for skip og besetning. Etter fleire timars søk bestemte flåte-sjefen seg for å avbryte operasjonen. Klokka 02.05 sette styrken kursen vestover tilbake mot flåtebasen igjen. Det vart altså ikkje noko Florø-raid denne gongen.

Solberg fall ned Laurdagskvelden frettest det at Thor Solberg sin maskin «Leif Eriksson» hadde falle ned ved Eike i Hardanger. Det var 8 i flyet. Brorsonen, Sigurd Solberg, var ogso med. Ein mann er død, og fleire skal vere skadde. Dei trur flyet vart kasta av ein hard vindstøyt like før landingi. ❖

Italia har sendt krigsskip til Barcelona. Påskotet er at regjeringstroppane har drepe ein italiensk arbeidar. ❖

Regjeringi har avslege kravet frå Sovjet om utvising av Trotsky. ❖

Sop marxismen ut! Regjeringa Nygaardsvold er ei marxistregjering. Sop henne ut! E. E. ❖

Vinstre i Sogn og Fjordane har nominert Jakob Lothe, fylkesmann Seip, Karl Vadøy, A. J. Bøyum og Rognald Hestebeit på dei fem fyrste plassane til stortingsvalet. ❖

Styrken frå 6th Commando: 19 offiserar, 239 mann Norske styrkar: 6 offiserar, 24 mann I tillegg kom skipets besetning på 33 offiserar, 195 mann og 3 pressefolk som var med for å dokumentere. Dei neste dagane gjekk med til landgangsøvingar og andre føre- buingar. Mange frå 6th Commando vart sjøsjuke den første dagen. Litt av årsaka var nok tronge og kummerlege tilhøve om bord. HMS «Prince Charles» var berekna for 474 mann, men hadde for anledninga 519 mann innkvartert. Som om ein ikkje hadde nok å stri med sjøsjuka, skjedde det også ei tragisk ulukke om bord. Klokka 17.55 den 10. desember gjekk ein handgranat av blant troppane. 3 mann vart drepne, 10 mann vart hardt skadde og 15 fekk lettare skadar. To av dei drepne var norske korporalar. Det vart sett i gang full gransking av ulukka, og årsaka viste seg å vere at ein eller fleire armerte granatar ved ei feiltaking hadde hamna saman med uarmerte granatar. Til tross for den tragiske ulukka heldt førebuinga til raidet mot Florø fram. Torsdag 11. desember 1941 i full storm set ein flåtestyrke be- ståande av HMS «Inglefield», «Intrepid», «Offa», «Icarus» og «Prince of Wales» kursen mot Florø. Operation Kitbag er i gang. Allereie frå starten av har styrken problem med å navigere i det dårlige vêret. Klokka 00.50 den 12. desember fekk flåtestyrken eit stort fjell i sikte. Sjølv om dei norske losane kunne stadfeste at dette var Batalden, vart den britiske leiinga stadig meir usikker. Peilingane frå ubåten var unøyaktige og stemde ikkje overeins med djupnemålingar

Florø under Måløyraidet I mellomtida var britiske og norske kommandostyrkar i full gang med å sette i verk Operation Archery, for oss kjent som Måløyraidet, som vart gjennomført tredje juledag 1941. Sjølv om dette angrepet var retta mot Måløy, vart det stort oppstyr også i Florø. Tyskarane sette styrkane sine i alarmberedskap og førebudde seg på ein alliert invasjon. Det vart innført unntakstilstand i byen, og folk vart jaga i hus. Florøfolk som kunne «komme fienden til nytte» vart ført opp i Storåsen og sette i arrest. Her er slik Gisle Dyvik jr. minnast denne episoden: «Ved enden av Likkjevatnet møtte det meg eit underleg syn: Ei rekkje av ærverdige Florøborgarar med politimeisteren i spissen kom marsjerande i gåsegang gjennom snøen, vakta av tyske soldatar med geværa i beredskap. Brått stoppa dei opp – openbert på signal frå dei tyske soldatane – og politimeisteren vende seg til meg. Han ba meg gå heim til familien hans og varsle at dei alle vart ført opp til det tyske kommandosenteret på toppen av Storåsen som gislar. «Aber Schnell», brølte ein av tyskarane. Og eg som var 13 år, og enno ikkje hadde hatt ein einaste time med tyskundervisning i mitt unge liv – eg fekk berre nervøst stamma fram at «Snill?» Ja, eg er jo snill!

observasjonar til luftverntroppane i Florø samt vidare til ein flymeldesentral i Bergen. Tyskarane rekna med at flymeldeposten som hadde god utsikt over skipsleia, også ville varsle om eventuelle fiendtlege skip. Det skulle snart bli sett på prøve.

Ulukka i Loen er den største naturkatastrofe i landet. Eit ras frå Ramnefjellet laga flodbylgje som krov 74 menneskeliv og sopte vekk to grender. Det var sundag 13. september kl. 5 om morgonen at ei stykke av Ramnefjellet losna. Ulukka er større enn den i 1905 og mykje større enn Tafjord-ulukka i 1934. Ein av dei som vart berga var Kristoffer Brandsø frå Brandsøy ved Flora. Han var tenestedreng der inne, og fortel det var forferdeleg både å sjå og høyre. Ingen kan tenkja seg korleis det såg ut. Bødal og Nesdal vart so godt som utsletta. Berre nokre få berga livet. ❖

Hitler har halde ein stor tale og lagt fram ein 4-årsplan. ❖

OKTOBER 1936 Bondeungdomslaget hadde fyrste møtet sitt etter sumarferien onsdag. Møtet vart halde i Breidablik. Kst. sokneprst Riisøen tala over emnet: «Omvendelse, overgivelse, forvandling». Etterpå heldt for- mannen, Flølo, ein stutt tale.

Dermed sette eg av garde så fort eg kunne på ski gjennom Florø sine aude gater fram til politi- meisteren sitt hus og overleverte den dystre beskjeden eg var blitt tiltrudd. Heldigvis for desse uskuldige og fredelege norske borgar- ane kom det ikkje nokon alliert invasjon, og dei fekk etterkvart sleppe tilbake igjen til familiane sine.» Frå Bergen vart det sendt marinefartøy med forsterkningar til Florø og Måløy. Klokka 15.40 den 27. desember set den tyske minesveiparen «M2» kursen nordover med forsterkningar på 157 mann. Av tyngre våpen har dei med seg tre 2 cm luftvernkanoner og 13 MG34. På veg nordover får styrken beskjed om at angrepet i Måløy er over og at britane har trekt seg tilbake. Like før midnatt legg «M2» til i Florø og set av ein tropp på 39 mann, alle dei tre luftvernkanonane og to MG34. Dei blir innkvarterte i Høgskuleheimen og Kinnhuset, og går straks i gang med å sette opp luftvernkanonane i hamna. Klokka 03.00 er dei stridsklare. M2 går til Måløy med resten av styrkane for så å returnere med hardt skadde soldatar til Florø sjukehus. Ekstra medisinske forsyningar vart sende med Vorpostbåt «Seelöwe» frå Bergen. Det har gått hardt ut over dei tyske styrkane. Angrepet på Måløy har vist kor sårbart Noreg er for slike raids. Den tyske hæren avgjorde raskt at der måtte stasjonerast eit heilt infanterikompani i Florø, men inntil vidare lyt ein klare seg med forsterkningstroppane frå Bergen. Det vert laga til stillingar for nærforsvar og antiluftskyts i hamneområdet og i Storåsen. På toppen av Storåsen låg ein flymeldepost, den rapporterte fly-

«Anti-shipping raid» mot Florø Sjølv om den eigentlege Operation Kitbag var mislukka hadde britane langt ifrå gitt opp planane om å angripe Florø, men dei var blitt meir skeptiske. Britisk etterretning rapporterte om tyske kystbatteri under bygging på Færøykavlen og Nordre-Nekkøy. Dersom dette stemte, ville det være svært risikabelt å sende landgangstroppar for å angripe Florø. Britane frykta at tyskarane hadde sett opp kanoner av typen 8,8 cm Flak. Dette var eigentleg ein luftvernkanon, men viste seg å være ein av krigens mest effektive kanonar mot både panservogner, skip og fly på grunn av hurtig målretting, høg eldkraft og høg skottakt. I realiteten var etterretningsrapportane sterkt overdrivne. Den tyske byggeaktiviteten dreia seg ikkje om kystartilleri, men ein signalstasjon på Færøykavlen – «Marine Signalstelle Florø.» Saman med kontrollstasjonen på Fugleskjærkaia kontrollerte den skipstrafikken i leia og i Florø hamn. På toppen av Færøykavlen var det bygd en observasjonsbunker, og nede ved skipsleia var ein liten dekningsbunker. Dette var derimot nok til at britane vart usikre og dermed skrinla eit angrep med landgangstroppar. Operation Kitbag skulle gjennomførast, men berre som eit «antishipping raid.» Hovudmålet var å senke tyske skip i konvoihamna Florø, dernest å

Gunnery Control Officer Gilbert Gordon (til venstre) om bord i HMS «Inglefield». Foto utlånt av Adam Gordon.

70 000 soldatar er komne over Gibraltar frå Marokko. Upprørstroppene er no ei mil frå jarnvegslina millom Madrid og Valencia. Mange kjem med tyske og italienske fly. Ringen rundt hovudstaden i Spania vert trongare for kvar dag. Det er sett i gong rasjonering av matvaror og dei sender vekk så mange born som dei kan frå byen.

øydelegge hermetikkfabrikken, fryselageret og den tyske kontrollstasjonen på Fugleskjærkaia. Dermed var det duka for The Royal Navy som nok ein gang sette kursen mot Florø. Gilbert Gordon som var «Gunnery Control Officer» om bord i HMS «Inglefield», fortel: Eg skreiv til mi trulova Isabel den 4. januar og fortalte at eg ikkje hadde sett mine bein på land på 42 dagar. Eg nemnde det hadde vore to raid mot Noreg dei to siste vekene, men sa ingenting om at det om to dagar ville bli eit tredje raid. Eg skreiv til ho igjen den 8. for å seie at vi, «Inglefield» og «Intrepid», hadde vore ved Florø, og at raidet vart kalla «Operation Kitbag.» Klokka 04.00 den 6. januar 1942 forlet destroyerane HMS «Inglefield» og HMS «Intrepid»

basen i Scapa Flow på Orknøyane. Med 20 knops fart ber det over Nordsjøen. To kampfly av typen Blenheim eskorterer flåtestyrken frå det lysna fram til klokka fem om ettermiddagen. Klokka 20.25 fekk flåtestyrken kontakt med den hollandske ubåten O14, som låg i posisjon 15 nautiske mil vest av Kvanhovden. Den sende ut peilesignal som destroyerane kunne navigere etter og rapporterte at der ikkje var observert fiendtleg aktivitet i området. Om bord i HMS «Inglefield» var spenninga til å ta og føle på blant mannskapet. Særskilt var dei redde for at dei skulle bli oppdaga og tatt under eld av dei antatte tyske kystbatteria. Det gjekk rykte om at norske motstandsfolk hadde klart å forgifte matforsyningane til den tyske

Destroyeren HMS «Inglefield». Foto utlånt av Adam Gordon.

Politisk foredrag i Breidablik i kveld kl. 19. Tale på grammofon av: stats- minister h.v. Mowinkel, skule- direktør Markhus og statsråd h.v. Meling, og song av Erling Krogh. Høve til ordskifte.

Johan Slettevold er tilsett i hjelpelærarposten i Barekstad.

Likkistor svøyp, – sløyfor er alltid på lager til særs rimelege prisar. Sender dei fraktfritt. Mottek bestilling på gravmonument M. Takle, Flora

batteribesetninga, slik at dei ville være neddopa og for sløve til å opne eld. Klokka 22.20 set destroyerane kursen mot Kvanhovden. Klokka 23.00 kjem Batalden til syne, like etterpå Hovden. Med 20 knops fart står dei inn Hellefjorden. Alle lykter i den indre leia er tende, så dei kan enkelt navigere seg gjennom skjergarden mot Florø. Det var to norske losar om bord i «Inglefield»; Madsen og Leif Larsen frå Kinn. Det er natt til onsdag 7. januar 1942, klokka nærmar seg halv eitt. Vêret er overskya, disig med vekslande snøbyer og regn. Det bles ein søraustleg laber bris. I hamna ligg ein tysk konvoi beståande av Vorpostenboot «Orkan» og «Lachs», samt dei to frakteskipa «Hedwigshütte» og «Eisblink». Det er ei stille og roleg natt, men ute på Hellefjorden er det to store, grå skuggar som har kurs mot Florø. Vakta i den tyske flymeldeposten oppe i Storåsen har vanlegvis god kontroll med kva som skjer på Hellefjorden, men denne kvelden er det dårleg sikt...

00.25: «Intrepid»: Opnar eld med to salver mot fryselageret på Fugleskjærkaia. Siktar på ei blinkande lykt på kaia. Skyt lysgranatar for å verifisere at riktig mål blir angripe. Driftar sakte framover slik at den tredje salva treff enden av Guldholmen. Det dundrar laust. Granatar kvin gjennom lufta etterfølgt av tunge detonasjonar og kanondrønn. Dei tyske soldatane som bemannar luftvernkanonane på Fugleskjærkaia hiv seg i dekning bakom muren på moloen, medan troppssjefen deira spring over kaia og bort til hamnevaktposten og får signalisert: A L A R M ! 00.35: «Inglefield»: Opnar eld mot eit antatt tysk skip inne på Florø hamn. 00.35: Flymeldeposten i Storåsen: Florø under eld frå sektor 5 og 6. Florevika står i fullt lys etter at destroyerane har skote fleire lysgranatar for å identifisere måla. «Inglefield» tek dei tyske skipa på hamna under eld medan «Intrepid» bombarderar kjølelageret på Fugleskjærkaia, like ved den tyske vaktstasjonen.

Florø bystyre hadde møte i går kveld og vedtok å setja skatteprocenten ned til 17. Ordførar Lauvsnes si dobbeltrøyst gjorde utslaget. ❖

02.45: Florø melder: Destroyerane har sett kursen vestover. 03.30: Marine Signalstelle Florø melder over flymeldeposten i Storåsen: Hemmelege dokument er øydelagde. 03.35: Florø melder: «Hedwigshütte» er treft, Vorpostbåt «Orkan» er strandsett. Ein soldat og to av skipsbesetninga skadde.

Dei nordiske landi er snart den einaste trygge plass på jordi, sa Knut Markhus i foredraget sitt i Breidablik. ❖ Ny diktator Europa har fått ein ny diktator. Forbundskanslar von Schussnig i Austerrike har oppløyst heime- vernet og late alle regjeringsmedlemene sverja seg truskap. ❖

Doktor Nybø – Florø – Kontortid 10–1 og 4–6. Lørdag bare formiddag. Kontor og bolig i Rådhuset.

Til den tyske marinens hovudkvarter i Bergen hagla det inn meldingar frå Florø. Admiral Der Norwegischer Westküste, Otto Schrader, prøver febrilsk å få oversikt over situasjonen. Flåtesjef Captain Percy Todd om bord i HMS «Inglefield» er rimeleg sikker på at styrken hans totalt har overrumpla tyskarane. 00.37: Hafenkapitän Florø: Florø treng assistanse! Er under eld frå artilleri eller flybomber. Verken signalstasjonen eller Hafenkapitän Florø er å nå på telefon, men meldingar tikkar inn til admiralen i Bergen via sambandsstasjonen til flymeldeposten i Storåsen og marineradiostasjonen i hamna. Kystbatteriet i Berle (Bremanger) melder at dei kan høyre skytinga i Florø, men ikkje sjå noko. 00.40: Siste melding frå marineradiostasjonen: Marine Funkstelle Florø stenger ned. Personellet inntek kampposisjonar. 00.45: Hafenkapitän Florø melder: Blir beskotne frå sektor 10. Fiendtleg angrep på Florø, middels store krigsskip. 00.50: «Inglefield»: Rettar no kanonane mot eit anna antatt skip på hamna. Det viser seg å være hermetikkfabrikken. Innstiller elden etter tre salver då nedslaga ikkje kan observerast. 00.58: «Intrepid»: Skyt 3» lysgranatar. 01.03: «Intrepid»: Opnar eld mot to frakteskip ved kai. Rettar elden mot eit anna skip ute på hamna.

Thor Solberg ligg framleis på Haukeland Sjukehus etter flyulukka i Hardanger, men er noko betre no. Dei trur han skal koma frå ulukka utan varige mein. ❖

01.07: «Intrepid»: Innstiller elden. 01.17: Flymeldeposten i Storåsen melder: Det ligg eit krigsskip ved Florø hamn. 01.32: Flymeldeposten i Storåsen melder: Det ligg nok eit krigsskip eit stykke frå Florø.

Walter Vefring som budde i Hesteneset hugsar godt den natta: – Då skytinga tok til, kledde vi på oss og sprang bort i nabokjellaren. Det var den tryggaste plassen i nærleiken. Huset vårt hadde ikkje kjellar. Mange andre naboar søkte også dekning der, til saman var vi om lag 15 i kjellaren denne kvelden. Det var laga stiar bak husa gjennom hagane for å komme seg raskt til den trygge kjellaren. Stemninga var trykka der vi sat og høyrde drønn etter drønn. Brått small det like ved. Ein granat hadde treft Nilsen-huset. Det var nære på at minste guten der vart drepen. Han var berre spedbarn og låg og sov oppe på rommet sitt. Mora let han ligge i fred og sove, men då skytinga vart så intens, gjekk ho opp og henta han ned i kjellaren. Like etter small ein granat ned gjennom taket og inn på rommet til sonen. Då skytinga etter kvart stilna av utpå natta, gjekk Kjartan Madsen tilbake til leilegheita si i Kleivenhuset. Han var i Røde Kors og skulle hente utstyret han hadde heime og fare ut til byen for å sjå om der var noko han kunne hjelpe til med. Då han kom inn i gangen, såg han masse blod. Han følgde blodspora som leia inn på eit soverom i ei anna leilegheit. Der låg ein livredd tyskar som hadde tatt på seg ein av fru Bruvoll sine kjolar. Truleg hadde han hoppa på sjøen frå ein av dei tyske båtane som vart beskotne.

Uroi i Palestina har kosta mange menneskeliv. Frå 19. april til 9. oktober er det drepe 29 britar, 80 jødar og 200 arabarar. Mange hundre er såra.

Kjartan pleidde den såra tyskaren og tok han med bort i kjellaren kor vi framleis var. Der sat han ei stund før han vart tatt med tilbake til Kleivenhuset. Neste føremiddag kom der tyskarar og henta han. Kva som skjedde med han vidare veit eg ikkje, men det vart sagt at han hadde hoppa på sjøen frå den forpostbåten som kjørte inn i Lammetunbua. Det var eit grufullt syn å sjå skadane på Nilsenhuset.

dei brasar inn i Lammetunbua, som rasar saman når båten seinare blir trekt av. Etter å ha vore over to timar i norsk farvatn og der ikkje er ytterlegare tyske mål å ta under eld, avgjer den britiske flåtesjefen å trekke styrken tilbake til basen i Scapa Flow, og med det var nok eit raid mot dei tyske okkupasjonsstyrkane i Noreg over. Den tyske marinesignalstasjonen ute på Færøykavlen melder:

Vill panikk Frå Madrid melder dei i dag at upprørstroppen har nådd fram til Ovedeo. Regjeringstroppane har mist 2000 mann, og i Madrid er det vill panikk, fortel meldingi. ❖

03.45: Fienden er ute av sikt. Medan destroyerane var på veg tilbake til England, vart den tyske militærflyplassen på Sola utanfor Stavanger bomba for å villeie det tyske flyvåpenet. Mellom klokka 05.30 og 07.30 angreip fleire bølgjer av britiske bombefly. Flystripa og ein verkstad fekk fleire treff. Tyske jagarfly kom seg ikkje på vengene for å forsvare flyplassen.

Britane var klar over faren for å treffe sivile norske hus, og korrigerte difor raskt eldgjevinga når dei var usikker på nedslaga. Likevel blir fleire bygningar i hamneom- rådet råka. Nokre har fått direkte treff, andre har fått splintskadar. Dei tyske skipa har fått fleire treffarar, og «Orkan» er så sterkt skada at besetninga strandset skipet for at det ikkje skal søkke. Rettare sagt,

08.00: Hafenkapitän Florø mel-

15,5cm K416 (f) feltkanon blir sett på land i Florø våren 1942. Biletet er utlånt av Jens Korneliussen.

Kanon 1 står framleis i Havreneset. I dag er området tilrettelagt av Flora Krigshistorielag til krigshistorisk friluftsområde.

«Eikefjord» forlist M.b. «Eikefjord» har forlist i går natt sør for Korssund, på veg til Bergen med last. Folki vart berga.

Knut Hamsun er nett komen med ny bok i år. «Ringen sluttet» heiter den.

Røystesetlane Dei i Kinn som enno ikkje har fått Vinstre sine røystesetlar, kan få slike på kontoret til Firda Folkeblad.

der: Foreløpige tapstal: 1 død, 2 hardt skadde, 2 sakna. Den eine hardt skadde tyskaren døydde seinare (8. januar) av skadane. Då «Inglefield» og «Intrepid» omsider kom tilbake til Scapa Flow den 7. januar, fekk mannskapet vite at BBC hadde kunngjort: «Britiske sjøstridskrefter under kommando av Captain Todd har senka tyske skip og øydelagt fabrikkar i Florø». Den 8. januar døydde ein av dei hardt skadde tyskarane. Med dette forlet vi Florø si krigshistorie for denne gang, men vi tek oss tid til ei kort oppsummering av kva tankar den tyske vernemakta gjorde seg etter «Florøraidet»: Erfaringane tyskarane fekk med dette angrepet understreka be- hovet for tyngre artilleri på Florelandet. Skytset som pr. januar 1942

stod i og rundt hamna, bestod av 2 cm luftvernkanonar. Dei var ikkje til å rekne med i eit slik angrep. Rekkevidda ved bruk av «panzersprenggranat» var liten, samt at kaliberet var altfor puslete mot pansra krigsskip. Marineradiostasjonen låg for utsett til nede ved Fugleskjærkaia. Denne vart etterkvart flytta inn i eit solid fjellanlegg bak demninga oppe i Storåsen. Admiral Der Norwegischer Westküste, Otto Schrader, skriv følgjande melding til sine overordna: «På grunn av mangel av kystartilleri i området rundt Florø, er det særs utsett for allierte raids. Dersom der ikkje er artilleri tilgjengeleg for Florø-området innan rimeleg tid, bør ein vurdere å stenge av Rekstafjorden og Frøysjøen mot ope hav med miner.» Den 27. februar 1942 kom svaret frå Oberkommando der Kriegsmarine i

Berlin: «Til vern av Florø er det sett av eit 15,5 cm HKB.» (HKB = Heeres-KüstenBatterie – Hærkystbatteri). Allereie våren 1942 kjem eit kystbatteri med seks 15,5 cm feltkanoner til Florø. Dei to kanonane som står att i dag, samt bunkerar og tunnelanlegg ute i Havreneset, var ein del av dette kystbatteriet.

landgangsplanar, foto og etterretningsrapportar. Dette med meir vil vi gjerne syne fram, og har difor skipa eit prosjekt som heiter «Florø si krigshistorie». Målet er å lage informasjonstavler og eit hefte om Florø under andre verdskrig. For å kunne gjennomføre prosjektet treng vi økonomiske støttespelarar. Vi håpar difor at enkeltpersonar og føretak vil være med å støtte opp om dette. Informasjon om prosjektet finn du på www.flora-krigshistorielag.com

Ramnefjellshammaren i Lodalen kan sprengjast vekk litt etter kvart, seier ein fagmann. Men det må gjerast snart, for eit nytt ras kan koma alt i vinter. Dei hev no funne liket av Ingeborg Sætren som sette livet til ved ulukka i Lodalen, i ein haug med vraktimber i Loenelvi. ❖

Etterord Dette er berre eit lite utdrag av kva som finnast om den lokale krigshistoria. Meir dokumentasjon om angrepet den 7. januar 1942 er i skrivande stund på veg til Flora Krigshistorielag. Til denne hendinga har vi til dømes detaljerte skisser over angrepet, både tyske og engelske. Om den eigentlege Operation Kitbag har vi mengder av detaljerte

Sender også ei stor takk til alle støttemedlemer av Flora Krigshistorielag. Dykkar bidrag gjer det mogeleg for laget å drive fram kartleggingsarbeidet. Det går mykje ressursar til søk i utanlandske arkiv, men dette har gjeve oss mengder med førstehandsinformasjon om krigen i Florø

Kjelder Kjeldepersonar: Walter Vefring, Florø

Vinstre i Sogn og Fjordane har gått fram med nesten 3000 røyster og fått to mandat på Stortinget, Høgre, Bondepartiet og Arbeidarpartiet får ein representant kvar. I det nye Stortinget får Arb.p. 71 repr, Vinstre 23, Bondepartiet 18, Høgre 36 og Kristel. Fp. 2. ❖

Gisle Dyvik jr. Gilbert Gordon, England Norske arkiv: Krigsgraver, Kyrkjekontoret i Bergen. Tyske arkiv: Krigsdagbøker: Bundesarchiv Militar Abteilung, Freiburg: Admiral der Norwegische Westküste Kommandanten der Severteidigung Bergen 181.Infanterie Division Marine Flak Gruppen Kommando Bergen LXX Armekorps Engelske arkiv: The National Archives

Tobakksdyrkingi i Indre Sogn har auka. I Luster er 105 mål utlagde til tobakksdyrking. ❖

Utdrag frå skipsdagbøker; HMS «Inglefield», HMS «Intrepid», HMS «Prince Charles». Operasjonsordrar, etterretning og rapportar; Operation Kitbag. HMS «Inglefield» veterangruppe Utdrag frå «Camera In Convoy». TARA, Keil Etterretningsflyfoto. Andre som har bidratt: Halvor Sperbund

Harald Seim er i Florø og held på og måla bymotiv, og heilt framifrå har han skildra fjelli og byen vår. Han emnar på ei utstilling. ❖

Erling Skjold Kjell Ragnar Berge Jens Korneliussen Flora Krigshistorielag sine støttemedlemer Knut Øyvind Åsen (korrektur)

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2011.