2011-07 - Bjarte Sindre - Krigshelten Dagfinn Ulriksen

Krigshelten Dagfinn Ulriksen

Dagfinn Ulriksen var fødd den 18.03. 1915 i Florø. Han voks opp i ein familie saman med ni søsken. Han viste seg tideleg som ein sterk og aktiv gut. Han var med på fiskebåten til faren, og dreiv med ulike idrettar. Han vert rekna som ein av dei beste målvaktene byen har hatt, og han fekk kallenamnet «Finbecken» etter teikneseriefiguren.

Turken har gjort stor skade på mest all avling, og landbruksselskapet søkjer om skadebot.

Som son i ein familie som dreiv med fiske, var det klart at han måtte gå same vegen. Difor tok han kystskippareksamen. Då krigen kom, stilte han seg som alle her i distriktet negativ til okkupantane. Tanken kom tidleg opp om at han ville til England og halde fram motstandskampen derfrå. Han var ikkje aleine om å gjere seg slike tankar. Byungdomar samtalte varsamt seg imellom, og vart samde om at ein flukt måtte prøvast, same kor farleg det var. Den 29. april 1941 drog 8 av garde med SF 5 F – M/B «Notbas» – Dagfinn var sjølvsagt skipper om bord. Dei andre var Bjarne Vadseth, Leif Fjellestad, Odvin Knapstad, Audun Nesheim, Atle Svardal, Gerhard Edvardsen og Astrid Louise Wilman.

Turke og flaum har herja i Texas. 100 000 farmar- huslydar er utan mat. Det er ein kollosal varme i heile USA no. Dei trur at 3–5 millionar menneske lir økonomisk naud av dette. Nesten 4500 menneske har sett livet til av hiteslag.

Overfarten kunne ikkje ha gått betre, og Dagfinn navigerte dei rett fram til Shetland og Lerwick. Her vart dei intervjua av engelske offiserar som vurderte kva dei skulle nyttast til. Ulriksen og Svardal vart uttekne til å lære telegrafi. Dei skulle bli dei første agentane i det okkuperte Noreg.

Allereie same hausten blei dei

sende tilbake til Noreg, og kom utan større problem fram til målet, garden Solberg. Her fekk dei sett i gang stasjonen sin på Gåsøya, den siste staden tyskarane ville tru agentar kunne halde stad. Dei budde i eit sauefjøs. På land hadde dei Sigrunn Solberg som kontakt. 1941/42 var ein spinnkald vinter, og måten dei to heldt varmen på, var å slåst med kvarandre. Ein vakker vinterdag tok dei sjansen på ein rekognoseringstur. Dei rodde søretter forbi Havreneset og til Gunhildvågen. Det var aukande aktivitet av tyskarane i området. Dei to gjorde sine nedteikningar, og den vesle robåten vekte ingen mistankar. Viktige opplysningar vart sende tilbake til England. Ja, i den perioden dei var på denne stasjonen, som vart kalla ERIC, var det knapt eit tysk skip dei ikkje gav melding om. Om våren vart dei oppdaga av ei jente, og fann det best å dra tilbake til England. Det gjekk fråsegn om den imponerande innsatsen til dei to agentane på stasjonen ERIC, og då dei kom tilbake til Shetland, fekk dei melding om at Kong

Trioen som møtte til audiens hos kong Haakon i Palace Green i februar 1942. Bjarne Thorsen er flankert av Dagfinn Ulriksen og Atle Svardal. Dei møtte på kongens ønskje som dei gjekk og sto. Bildet er tatt etter at dei hadde vaska og flidd seg.

Uheldig igjen Gisken Jacobsen er uheldig som flygar. Det er ikkje lenge sidan ho datt ned i Sognefjorden og fekk flyet sitt øydelagt. Igår datt ho ned i Olden og maskina, som var heilt ny, vart full- stendig øydelagt. Det var ein av passasjerane, Wilheim Yri, som berga Gisken ut då flyet kom på ryggen. Det ser ut til at flyet har treft tvo kassar med gamal ost som flaut så tungt i sjøen i at føraren ikkje såg dei. Samstundes med at flyet vart slege i tvo delar, vart ostekassane fullstendig smadra.

Til Florø bystyre Det er prisverdig at man efter evner pynter på byen, men en ting bør der før jo heller skaffes tilveie, og det er de mange gange omtalte såkaldte grønne hus. Vi må få et ved Moloen, et ved Rådhuset og et på almenningen ved Fylkeskaien, – mener en Florø-borger.

Haakon ville møte dei slik som dei stod og gjekk. Etter å ha levd i eit sauefjøs i over eit halvt år, og utan å ha fått stelt seg, såg dei to karane ille ut, og lukta endå verre. Men kongens ord var lov. Dei sette seg på flyet som skulle transportere dei til London. I audiensromet på Palace Green helste kongen på dei, heldt seg for nasa og sa: «Fy for fæen!». Svardal og Ulriksen skilde no lag. Dagfinn var med i MTB 623 på den dramatiske åtaket på Askvoll hamn den 27.11.42. Det var ein vellukka operasjon, der båten Dagfinn var om bord, senka det digre lasteskipet Hertha på 6000 tonn Den 22. august 1943 var Dagfinn Ulriksen tilbake på nytt oppdrag, denne gongen saman med Ivar Møller frå Mandal. Dei skulle settast i land nær Alden, men MTBen hadde store vanskar med å finne landingsplassen. Dei gjekk i robåten, og alle saker vart lessa om bord. Det lysnar tidleg i august, og torpedobåten måtte straks dra av garde før det vart så lyst at han

kunne verte sett av tyske observasjonspostar. Dei to agentane vart overlatne til seg sjølve, og i den tunge sjøen gjekk dei seg opp på ei flu, og båten kantra. Mykje av utstyret gjekk på sjøen. Dei fekk redda opp det meste. Då dei kom seg på land, synte det seg at radioen ikkje verka, og kodeboka var borte. Landsettinga hadde enda med katastrofe, og dei måtte straks tilbake til Shetland. Ulriksen var godt kjend på Skorpa og i Batalden. Derfor sette dei seg i robåten og la i veg. Våte var dei, og det blei ein svært strevsam rotur i den tunge sjøen med motvind. Men dei var veltrente karar, og Dagfinn ein røynd roar. Dei fekk kontakt med Karl Skorpen som førte dei vidare til Saron Karstensen. Han ringde til Klaus og Audun Skorpa, og bad om at dei måtte møte ved Båsundet for viktig samtale. Det var ein heil flokk som møttest der. Ulriksen og Møller, Karl Skorpa Saron Karstensen og sonen Oddleif. Etter forhandlingar vart

Revolusjon Ei militær revolusjon er broten ut i Spania. Det er blodige upprør over store deler av landet. General Fanco har kommandoen over upprørarane. Det ser førebels ut til at regjeringa har overtaket. Den britiske middelhavsflåten samlar seg no um Spania.

Fotballkampen onsdagskvelden millom Florø-Varg og 1-tonnslaget av Old Boys skaffa publikumsrekord og dertil 135 kroner til arrangøren, Florø bys Vel. Publikum hadde ei morosam stund; særleg storlo dei når ein kraftig spelar på 1-tonnslaget tok tak i ein liten Varg-spelar og kasta han vekk frå ballen. Slike episodar var det mange. Og hornmusikken spelte. Domaren, ordførar Lauvsnes, var betre enn vi hadde tenkt – slett ikkje dårleg.

Regjeringi vil ha umsetningsskatten permanent! Den skal dekkja 20 millionar i utlogor til alderstrygdi.

det til at dei tre sønene til Henrik Skorpa, Olav, Klaus og Audun, skulle frakte dei over til Shetland. Dei hadde ein solid båt, som nettopp hadde fått ny motor, M/K «Rolf». Kravet frå dei tre var at dei måtte få dra tilbake til Noreg etter opp- draget. Dagfinn Ulriksen lova dei dette. Vart dei borte, ville sikkert tyskarane sette inn represaliar mot familien. Båten vart klargjord, og avtalen var at dei to agentane skulle vere i Skorpevågen klokka 3 om natta. Dei møtte presis, og båten la i veg på ferda til Shetland. Det er ei utruleg soge, som fortener eit eige stykke, og vi får kome tilbake til denne ved seinare høve. Agentane kom seg vel fram til Shetland, og den 22. september kom dei tilbake til Skorpa med ubåtjagaren «Hessa». Båten la til heilt nord på Reksta, og karar og utstyr vart landsette. Det gjekk greitt, og etter ein time kunne ubåtjagaren vende tilbake, sikker på at alt stod vel til. Ulriksen og Møller fann seg ei skor oppe i bergsida der det var greitt å mure opp ein gøymestad, og slik at den ikkje kunne sjåast på fråstand. Her skulle den nye heimen deira vere så lenge stasjon CYGNUS var i drift. Det vart ein ulysteleg stad å bu når vindar frå nordvest iskaldt slo inn over Skorpa. Når det ikkje var til å halde ut, kunne dei heldigvis søke bort til Karstensen sine. Der var dei alltid velkomne. Kunne varme seg, få ta seg eit bad i stampen når dette var naudsynt, og ikkje minst få smake vedunderleg mat laga av husmor Petra Karstensen. Julaftan kom Saron Karstensen roande over til dei, og bad dei til julefest. Han godtok ikkje eit nei, og jamvel om dette var meir enn farleg slo dei følgje. Det vart ei

ugløymeleg feiring både for agentane og Karstensen sine. Gøymestaden var det ingen som fann, og meldingar til England vart sende dagstøtt. Trafikken over Frøysjøen, som dei hadde direkte utsyn til, var stor. Difor fann dei tyske peileskutene ut at det måtte vere agentar i området. Razziaer vart stadig vanlegare, og særleg interesse viste tyskarane for huset til Karstensen sine. Var det uvedkomande som hadde sett noko? Likevel vågde Ivar Møller å dra inn til Florø med Karstensen sine. Det var ingen som kjende han. Han var oppe hos familien Ulriksen for å sjå etter korleis det stod til med dei. Han sa som sant var at han var ein god ven av Dagfinn. Nede ved rådhuset stansa han opp for å sjå på kinoplakaten. Brått var det ein flokk på 6–7 tyske soldatar som stilte seg opp ikring han. Møller fekk mest hjartestopp, og steig varsamt bort. Heldigvis var det berre filmen dei skulle orientere seg om. Han tok ikkje fleire turar inn til byen, men hadde fått greie på kvar antiluftskyts og kanoner i sjølve byen var plasserte, og dette vart sendt over til London. Ut over våren vart tyskarane stadig meir nærgåande. Det viste seg at familien Karstensen var mykje meir engasjert i motstandsarbeid enn dei to agentane først visste om. Sjølv var dei sikre på at tyske peileskuter hadde fått eit klårt bilete av kvar dei heldt stad, og at dei måtte kome seg over til England, og deretter opprette ein stasjon på ny stad. Men kva med familien Karstensen? Ulriksen var heilt klår. Dei måtte vere med tilbake til England. Ved neste razzia kunne dei bli avslørte. Saron Karstensen forstod også faren, og det vart avtalt at eit krigsskip skulle hente dei alle.

Thor Solberg heime Atlanterhavsflygaren Thor Solberg kom heim til Noreg for ei tid sidan. Han har no vore i Oslo og henta flygemaskina si, og laurdag landa han på hamna i Florø.Sundag var han i Bremanger. ❖ Dødsfall Ei kjende kvinne her i byen døydde onsdag. Det var frk. Elise Olsvik. Ho er frå Ålesund og kom hertil for 40 år sidan som styrarinne ved telegrafstasjonen her. Ei syster og ein bror av Elise Olsvik bur her i Florø. Broren er den kjende Holberg-granskaren Viljam Olsvik. ❖

Natta mellom 28. og 29. mai vart dei henta vest av Store Batalden. Det var tett tåke, og dei måtte ta sjansen på å rope. Etter ei stund fann dei kvarandre, og agentane og alle flyktningane vart tatt om bord. Reisa tilbake til Shetland gjekk som ein draum. Det var havblikk, og dei fekk servert ein framifrå middag, og vart alle handsama som kongelege. Det var vel fortent. Stasjonen CYGNUS hadde send 300 meldingar om tyske skip, i tillegg til andre viktige meldingar. Mellom anna ordna med transport for motstandsfolk som måtte flykte til England. Dagfinn fekk no ein etterlengta ferie, og han kunne vitje broren Erling som arbeidde som faktor i fridomsavisa «Norsk Tidend» i London. Men det var som å kome frå aske til eld. På slutten av krigen vart det dramatisk i London. Tusenvis av tyske V2-rakettar hagla ned over verdsbyen, og Erling budde i eit område som var særleg utsett. Folk

i grannelaget flykta nordetter, og til slutt budde han åleine i huset. Mange hus i grannelaget var jamna med jorda, og huset der han budde var både skeivt og skakt av alle rystingane. Ei helg Dagfinn var der, vakna dei om natta av ein fælsleg eksplosjon. Om morgonen såg dei at grannehuset var sprengt bort av ein tysk V2-rakett. Dagfinn sa litt ironisk at det helst var tryggare å vere alliert agent i det okkuperte Noreg enn å bu i London. Det vart ikkje lange ferien for Dagfinn. Allereie den 24. august var han og Møller tilbake i Noreg, denne gongen på Staveneset. Chester Saltskår åtte garden her. Han var aktiv i motstandsrørsla, og hadde for lengst måtte røme til England. No var han om bord i ein MTB. Søster hans, Oddny, vart beden av slekta om å ta seg av garden. Dette gjorde ho med hjelp av kjærasten sin, Anton Hollevik. Desse to vart kontaktane til Ulriksen og Møller, og skulle gjere ein fantastisk innsats for dei.

Utsikt frå Trollhola mot Staveneset. Her låg agentane og følgde skipstrafikken.

Ulriksenfamilien. Framme mora Petra kransa av Haralda og Borghild. Ståande: Hans, Signe, Petter, Johan, Knut, Erling, Solveig og Dagfinn.

Omsetningsavgiften Avgiften for 2. kvartal 1936 forfaller til betaling 20. juli f.k. med 8 løpedager. Avgiften betales til de samme tjenestemenn som Statsskatten. Skjemaene fås utlevert hos ligningsvesenet. Direktøren for Skattevesenet

Opp forbi garden ligg der ei enorm ur, med steinar store som hus, Trollura. Inne i denne ura fann dei seg ein lun gøymestad, og laga hovudkvarteret sitt. Det er framleis spor etter dei langt der inne. Dei hadde framifrå utsyn over leia, og sende meldingar til England om kvar einaste båt som passerte. Dei var så fjernt frå tyskarane at dei tok sjansen på i lange tider å bu i huset til Oddny Saltskår. Tyskarane hadde etter kvart blitt klår over at agentar opererte langs norske- kysten. Dei såg det som eit trugsmål mot den tyske aktiviteten, og trudde at dei førebudde ein alliert invasjon i Noreg. Difor sette dei etter kvart inn store ressursar for å ta knekken på agentane. Mellom

anna la dei ned mykje arbeid i å utvikle nytt peileutstyr, og kom fram til svært gode løysingar. Dei allierte visste ikkje noko om dei tyske framstega på dette feltet. I skiftet 44/45 sende tyskarane to peileskip; «Hooge» og «Ruden» til Noreg. Dei hadde om bord det mest moderne peileutstyr, og dei kunne operere på lang fråstand, slik at agentane ikkje ante noko om faren dei var i. Desse to skipa klarte å slå fast ganske nøyaktig kvar stasjonen GAUPE heldt til. På same viset hadde dei funne ut kvar stasjonen ROSKA med Svardal og Persen gøymde seg. Ei tropp med commandosoldatar, Marine Einsatz Kommando 35, skulle setjast inn mot agentane.

Yverrettsakførar Einar Stavang Kontor i Strandgata nr. 58 Håves hus) – Florø – ❖

Kortspeling Det skal vera nokre her på staden - både vaksne og born ilag - som sit og spelar kort um pengar ute i det fri. Politiet har varsla at det må verta slutt med dette, og bed oss segja frå, elles vil det verta påtala. Det vert ikkje gjeve fleire åtvaringar.

AUGUST 1936

Kaare Rognaldsen har søkt om 110 kroner som lån av jorddyrkingsfondet til å støypa land- og gjødselkumme.

Engelskmennene hadde brote den tyske koden, og alle tyske operasjonar måtte godkjennast sentralt. Difor vart planane sende via radio til Tyskland, og godkjenninga kom i retur. I det engelske kodesenteret kunne dei såleis lese at no ville tyskarane sette i verk aksjon mot ROSKA og GAUPE. Ulriksen og Møller avtalte straks ein snarleg retur til England. Avreisedagen vart sett til den 14. mars, men båten og agentane fann ikkje kvarandre. Først neste natt fekk dei kontakt, og kunne dra. Dei gledde seg, men gleda vart til sorg då dei fekk høyre at Atle Svardal var fallen i striden for fridomen. Dagen etter slo MEK 35 til mot Staveneset. Huset vart omringa og Oddny og Anton arresterte. Dei måtte gjennom harde avhøyr. Heldigvis hadde dei straks Ulriksen og Møller var farne, kvitta seg med alle gjenstandar som kunne knytast til motstandsarbeid. Men tyskarane visste at dei hadde arbeidd i motstandsrørsla. Dei vart ført til Høyanger der dei vart ille torturete av den frykta gestapoleiaren Helmuth Kløtzer. Vidare gjekk vegen til Gestapofengse-

let i Veiten i Bergen. Dei sprakk ikkje, men likevel hadde tyskarane greie på det meste. Visste jamvel at det var Ulriksen som hadde operert på Staveneset. Resten av krigen sat dei i fangeleiren på Espeland. For innsatsen sin under krigen fekk Dagfinn Ulriksen ei rekke høge utmerkingar både av England og Noreg. Han vart rekna for ein svært dugande agent, og vart beden om å halde fram i etterretningstenesta etter krigen, noko han gjorde. Innsatsen hans kan ikkje verdsettast høgt nok. Dei allierte fekk viktig informasjon frå han i kampen mot tyskarane, og han hjelpte motstandsfolk til å kome seg i tryggleik i England. Ikkje minst fekk agentane sitt arbeid Hitler til å tru at den allierte invasjonen ville kome i Noreg. Såleis lét han svære troppestyrkar bli verande i landet vårt til det siste. Dette gjorde at sigeren over Hitler-Tyskland kom mykje raskare enn han elles ville ha gjort. Dagfinn Ulriksen døydde så altfor tidleg den 17.03. 1955, og det var stor og oppriktig sorg byen og områda ikring. Ikkje berre var han krigshelt, men han var ein svært likandes kar, og omtykt av alle.

Thor Solberg var i Førde og dreiv passasjerflyging med helgi. Han kom attende hit igårmorgon. ❖

Kjelder: Samtalar med: Ulriksenfamilien

Kanalen Florø formannskap har havt fyre opp- moding frå Bru um å få Kanalen uppreinska. Dei sende saki vidare til hamnestyret. ❖

Sigrunn Solberg Audun Skorpa Olaf Saltskår Avisartiklar: Lokalavisene og andre Bøker: Rørholt: «Usynlige soldater» Haga: «Natt på norskekysten» Haga: «Kystens partisaner». Ulstein: «Etterretningstjenesten i Norge 1940–1945. Møller: «Falsk fisker kaller London» Sperbund: «Brennpunkt «Westküste».

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2011.