Reksten kursted – Kinnesund
Hans Edvard Andersen som var fødd den 5. april 1862 i Salten, flytte til Reksta i 1905 og dreiv ei tid helseheim der. I tillegg var han gardbrukar, lærar på Reksta og klokkar i Kinnakyrkja.
Ruteflyet «Havørn» datt ned ved Lifjorden i dag. Det var skodda som var årsaka. Flyet var i rute frå Bergen kl. 1/2 7 og etter vel ein halvtime hende ulukka. Dei støytte i fjellet Lihesten og alle dei 7 som var med sette livet til. Det er svært ulendt det flyet støytte, og dei har streva med å kome opp i fjellet der restane av flyet og liki ligg. Dei måtte heisa seg seg opp etter boltar som dei slo inn i fjellet. Det var nifst å sjå på. Bernt Balchen reiser til Tyskland fredag for å henta heim eit nytt fly som skal setjast inn i ruta mellom Bergen og Tromsø. ❖
Salamon B. Steinhovden frå Holmesund har teke teologisk embetseksamen ved menighetsfakultetet. ❖
Då Andersen kom til klokkargarden på Reksta, var han neppe klar over at han hadde fått ein «kirkesangerpost» som truleg går attende til 1300-talet. Kinnakyrkja åtte før reformasjonen mange gardsbruk, også eitt på Reksta. Visitasmelding frå 1659 viser at kirkesangeren no bur på Reksta. I 1868 vart Kinnakyrkja seld til kommunen. Trass i at det i skøytet står at jordegodset ikkje skulle følgje med, var klokkargarden likevel i ei
særstilling. Eigarforholda etter dette kyrkjesalet har vore innfløkt. Var det Kinnakyrkja (og dermed kommunen) som åtte garden, eller var det Opplysningsvesenets fond, som elles åtte alt kyrkjegods? Denne diskusjonen gjorde at det var vanskeleg å selje, bygsle eller vedlikehalde klokkargarden. Først i 1971, etter ein dom i Høgsterett i ei tilsvarande sak, blei det stadfesta at garden tilhøyrde Kinnakyrkja, og no har Kinn sokneråd selt garden. I Kinn kommunes møtebok (1864–1895) finn ein at kommunestyret oppnemnde byggenemnd for nye hus på garden. Klokkaren vart å sjå på som leiglending, og han skulle halde husa ved like. I 1905, då Andersen flytta hit, var husa i bra stand. Våningshuset var godt og varmt, men ikkje særleg stort for ein stor familie. Det hadde to stover, kjøkken og spiskammer nede og tre soverom oppe. Fotoet til høgre viser også ein god driftsbygning. Andersen var ikkje frisk då han kom til Reksta. Sjølv fortel han i eit intervju med Firda Folkeblad at han hadde vore sjuk i 15 år. Den siste legen han hadde vore hos, hadde jamvel rådd han til å slutte med alt arbeid. For det var ikkje råd å kunne bli frisk. Men klokkar Andersen ville ikkje gje opp og tok til å studere det vi i dag kallar alternativ medisin. Han vart fenga av teoria-

Namnerot No er folk vortne so i villreie om namne- formi etter all dansepiningi at dei hev teke til å skrive Rekstad for Reksta og Florøy for Flora – og trur det er rett. ❖ Prestane tapar i fotbfall over alt. I Bergen vart dei slegne av lækjarane, og no har dei tapt i Drammen og Oslo ogso. Dei geistlege treng leggja seg i selen dersom dei ikkje heilt skal verta slegne av marki. ❖
ne til pastor Sebastian Kneipp i Bayern som tok i bruk lys, luft og vatn heilt systematisk for å kurere sjukdommar. Det var særleg kurane i kaldt vatn som verka så godt, og dei gjorde dr Kneipp og kur- staden hans berømt. I Noreg finn vi alt i 1880-åra ein direkte avleggar i Grefsen Vandkuranstalt ved Oslo, og overlege Vetlesens skrifter vart interessant lesnad for Andersen. Dr Kneipp hadde også sine teoriar om stoffa i klesplagg, om urtebehandling og særleg gjorde han seg til talsmann for rett kosthald og ernæring. Kneippbrødet har namnet sitt frå han. «Et almindelig kneippbrød ser jeg som et stolt mindesmerke over en ærverdig og genial pastor som saa den naturlige ernærings fordele længe før lægene hadde begynt med vitaminforskning».
Andersen studerte også skriftene til Vincents Priessnitz i Preussen. Han var kjend for sine gode resultat med vassbehandling. Legane Finsen i København og Rollier i Sveits brukte lys som kurmiddel. Rollier hadde starta planmessig solbehandling i Leysin i Alpane. Leysin har svært mange soldagar for året, og i dette strøket vaks det opp mange sanatorium medan Andersen var på Reksta. Særleg hudsjukdommar og spesielt svullar i nakken vart fortare kurerte med solbad. I USA vart Kellogg svært kjend for sitt arbeid for sunn ernæring, og hans namn er i dag knytta til eit gigantfirma innan næringsmiddelindustrien. Ei sak er å lese, ei anna er å møte og snakke med folk som har røynsle med alternativ medisin. Sjukdommen hans hadde skapt
Bildet er frå ca 1909. Huset i midten var sjukeheim som Hans Edvard Andersen dreiv til han gjekk av med pensjon i 1923. Då flytte han denne sjukeheimen inn til Krokane. Foto: Steinkopf Wold.

Ytre Fjordane Kraftlag som skal avløysa Aalfotselskapet, held styremøte her i dag. ❖
Den 1. juni kunde Ludvik Løkkebø halda 30-årsjubileum som postførar i Lykkebødalen. Elles er han mykje kjend for skattesaki han vann mot Eikefjord herad. Han greidde saki sjølv utan sakførar. ❖
Ambra På Færøyane har dei fanga ein kval som hadde ein stor klump i hovudet. Det synte seg å vere ambra, og dei reknar verdet til 300 000 kroner. ❖
interesse for fysikalske kurmiddel og eit sunnare levesett. Naturlege Ole Olvig som saman med legen Hans Haavik hadde starta opp Furuly helseheim på Stord, var kjend for å kunne gi mange menneske god hjelp. Her fekk Andersen både vidare opplæring og behandling. «Jeg prøvde forskjellige midler på meg selv, og det lykkes saa godt at jeg efter en tid ble helt frisk». Ole Olvig blei Andersens læremeister og rådgjevar, og hans teoriar la grunnlaget for alt arbeid Andersen gjorde seinare. Etter opphaldet på Furuly tok Andersen mot pasientar på Reksta. I førstninga og seinare når han hadde mange pasientar, var desse innkvarterte hos private. I 1908 sette han seg i sving med å få lån til å bygge helseheim. Han hadde aldri problem med å få lån, men det var nok hardt å få helseheimen til å bere seg økonomisk. Fotoet til Steinkopf-Wold viser klokkar- garden med den nye helseheimen i midten. Han var i ei og ei halv høgd og hadde to arker. Nede var det fyrrom og fleire baderom. Sove-
romma var oppe på loftet. Oppe under fjellet bak driftsbygningen bygde han ein soleplass for pasientane sine. Det var høgt plankegjerde rundt, men folk i grenda tykte det var ille at folk sola seg nakne hos klokkaren. I fjellhammaren ovanfor våningshuset ligg Trollhola. Ho er ca 10 m djup og inneheld godt, friskt vatn. Vatn var eit problem for helseheimen. Forbruket var stort, og den vesle brønnen på garden trongst til det private hushaldet og fjøset. Andersen la vassleidning opp i Trollhola og pumpa ut vatn, men tilsiget var så lite at denne vasskjelda også blei for lita. Difor måtte han legge ein ca. 2 km lang leidning til «Likkjevatnet» oppe på fjellet. Leidningen av jernrøyr låg oppe på jorda og var så utsett for frostskader om vinteren at han var til stadig bekymring. Brensel til oppvarming av fyrkjelen som skaffa dampen til badestampane, fekk han frå innkjøpt kol og koks, dessutan frå torv som vart produsert på garden. Han leigde folk i grenda til torvspainga. Borna tok seg av utbe-
Torvhenting. Torv var ofte lagra i store «såter», stakkar, nær torvholene.

Mange ganger arbeide pasientane på garden som betaling for opphaldet.
Sydame absolut dyktig i Kjole-, Kåpe- og draktsøm ansettes i min forretning. Signe Hatlem Mørkhøi, Florø ❖
Det er lyst for Fiskar Ulrik A. Igland og hmv. Amanda Igland, både Bremanger. ❖
ring, krakking, såting og heimkøyring eller stakking av torvet. Folk frå Rognaldsvåg og andre stader der det ikkje var torvmyrar, fekk lov å spa torv på Klokkargarden, og desse betalte oftast for det med torv til helseheimen. Vedfyring var uaktuelt på Reksta, der alle tre blei lauva til fôr. All rekved vart nytta, men den heldt nok berre til opptenningsved. Kona Margrethe tok hand om det daglege hushaldet. Ho laga aldri mat til helseheimen eller blanda seg opp i noko der. Eldste dotter deira, Gudrun, var ein god vikar som organist i Kinnakyrkja og lærar. Ho hadde gått Stabæk Lærerindeskole i Husstell og vart tilsett som kokke og husmor på helseheimen. Elles var det få tilsette. Det var vanleg at dei pasientane som var friske nok, tok del i både matlaging, vasking og anna førefallande arbeid.
Endå ei avgift I siste statsråd er det vedteke at frå l. juli 1936 til 30. juni 1937 skal krevjast inn ei avgift av 25 øre for kvart saueslakt eller deler av slikt slakt. ❖
Andersen sjølv tok alt kontor-
arbeid og nesten all behandling av pasientane. Han var oppofrande, blid og fornøgd og svært interessert i korleis det gjekk med dei. Pasientane trivdes og mange blei friske. Ein av pasientane skriv om han: «Han er den gemytlige mann som forstaar at være menneske blandt mennesker, og som ikke absolutt maa ha det siste ord i samtaler, som aldrig møter dig med skjev kaldflir, men bestandig med forstaaelse og sympati. Han er optimisten som har evnen til at lokke frem de lyse sider selv i de tristeste tilskikkelser og i det mest trøstesløse arbeide. Han er den interesserte læge – sjelelæge, om du vil – som alltid har tid til at opsøke patientene for at trøste og opmuntre. Sine patienters klager kan han høre paa med taalmodighet og overbærenhet, uten at miste sitt jevne humør og lune smil. Og vi faar erfare at det var nettop alle

Dette bildet av Indre Reksta er truleg tatt av son til Andersen i 1918.
Eit norsk vaskemiddel I desse dagar får kvar heim i Flora vitjing av 4 damor som går rundt og leverer og talar um eit norsk vaskemiddel – «Blenda». Blenda er norsk, og difor gjev vi dei fire damene litt tekstreklame. ❖
Professor Gjelsvik er komen ein tur til Flora. Han skal stogga her eit par dagar, so er det meiningi å ta ein tur til Kinn og i neste vike vil han so reisa heim til Kvammen. ❖
burde ha «henvist» til distriktslegen. Rettssaka kom opp i Bergen og vekte stor oppsikt i avisene. Særleg bergens- og osloavisene slo dette opp med store typar. Fleire frå Reksta blei innkalla til Bergen som vitne. Andersen som no var flytta til Krokane der han bygde opp ein ny helseheim, var svært nervøs og nedfor før rettssaka. Mykje stod på spel! Vitna frå Reksta hadde berre lovord om Andersen som naturlege. Når det galt difteripasienten som døydde, kunne vitna fortelje at Andersen ville tilkalle distriktslegen. Fordi pasienten og familien hans ikkje hadde pengar til å betale, tok Andersen initiativet til ei pengeinnsamling i grenda for å dekke legehonoraret. Dessverre kom legen for seint, eller kanskje livet ikkje stod til å redde? Andersen blei i alle fall blankt frikjend. Han gav ei tid ut «Naturlegen», eit tidsskrift som Ole Olvig, hans
disse varme og kolde badene, som de sukket over, de varme kompressene og den kraftige massasjen som sammen med diett, rikelig sol og luft tilslutt gav dem hel- breden tilbage, naar de bare hadde taalmodighet nok til at vente». Dei han ikkje kunne hjelpe, viste han til andre legar. Folk i grenda gjekk alltid til han først om nokon var sjuke, for han undersøkte pasienten gratis. Naturlegvis kunne han komme i ein vanskeleg situasjon der han ikkje hadde lyst til å behandle ein pasient fordi han meinte sjukdommen burde behandlast av distriktslegen. Men kva skulle han gjere dersom pasienten ikkje hadde pengar til denne konsultasjonen? Andersen var redd for kritikk, men sa aldri nei. Han gjorde sitt beste og hjelpte mange medan han var på Reksta. Nokre år etter at han reiste, blei han likevel meld for å ha behandla ein difteripasient, ein sjukdom han etter tiltalen,

Hald kyrne vekke! Lensmannen bed oss segja frå gjennom bladet at dei som har kyrne sine gåande å vassa uppe i Likkjevatnet må halda dei vekke derifrå. Ein får koma ihug at det er drikkevatnet til folk.
❖
JULI 1936
Florø bys Vel S. Hammer er vald til formann i Florø bys Vel. I styret elles: Johan Angell Jacobsen, Sigrid Hjørnevik, Barbra Øen Olsen, og Johs. Moe. Varamenn: P. Magnussen, N. Liset og fru Wilmann.
❖
store læremeister og ideal, hadde starta. I dette tidsskriftet finn ein mange interessante artiklar om helsespørsmål. Han var motstandar av vaksinasjon og medisinar utvikla av dyr. Han skreiv mot bruken av levande dyr til vitskaplege forsøk, som etter hans meining var dyremishandling. Han tykte det var fint at det blei undervist i helselære i skulen, at kroppsøving vart obligatorisk, at skuletannlegane førte tilsyn med tennene til barna, at hygienen betra seg radikalt med bygging av betre hus, bad og vassklosett. Slikt førebyggande arbeid hindra epidemiar. Vi kan ikkje leve på kaloriar åleine, som folk flest trudde før, men på allsidig kost. Frukta har gått over frå å vere eit nytingsmiddel til å bli eit næringsmiddel. Han har stor beundring for legevitskapen og velutbygde sjukehus. Hans kritikk av dyreforsøk har fått stor støtte, og bruken av dyr i medisinsk forsking har gått ned. Dagens vaksinasjonsprogram har gitt menneska uvurderleg hjelp. Kanskje han ville ha revurdert sin store motstand mot vaksine? Naturlegar har lært ved prøving og feiling. Dei er i dag opptekne av akupunktur, fotsoneterapi, kinesiologi, spektralanalyse m.m. Mange er usamde med Olvig og Andersen m.a. når det gjeld behovet for ulike
mineral i kroppen, men sjølv fanatiske motstandarar av naturlegar vedgår at desse er flinke psykoterapeutar. Hovudgrunnen til gode behandlingsresultat er at det er eit godt tillitsforhold mellom pasient og behandlar. Styrken til naturlegane er nett dette, og at begge partar trur på behandlinga og er sikre på at ho vil lukkast. Har dei fleste sjukdommar «sin egentlige rot i en svekket eller sløvet livsvilje»? spør Andersen. Bruken av nytingsmiddel som tobakk og alkohol, er vond å venje seg av med. Viljen er for veik, og så får det gå som det vil med helsa! Slik er det med kroppspleie også. Andersen sukkar over at «den smule umak som ligger i at ta litt gymnastikk hver dag, er nok for meget for de fleste. Naar Mesteren faar hviske ind i samvittigheten: Jeg vil! Bliv ren! – da er der lægedom ogsaa for de dypeste sjælesaar likesaavelsom for legemets lidelser». I 1923 blei Hans Edvard Andersen pensjonist og flytta til Krokane der han bygde opp Solstrand helseheim. Han fekk sanneleg oppleve ei rivande utvikling innan legevitskap og helsestell i Noreg medan han levde. Den 12. juli 1955 kom «livets aftentime – hvor han ser frem til at faa se det som kommer efter dette liv».
Nye styrmenn Ved styrmannsskulen i Bergen har Leif Malkenes og Dagfinn Sæthre, Flora, teke eksamen iår.
❖
Forbod mot tråling Odelstinget har no vedteke lovi om forbod mot trålfiske. Snurrevad og reketrål vert ikkje rekna som trål.
❖
Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2011.