Furesundet gjestgjevar- og handelsstad
Furesundet gjestgjevar- og handelstad
Furesundet handels- og gjestgjevarstad ligg på Furøya like sørvest av Gunhildvågen. Foto: Ukjend, ca. 1910.
I gammal tid var det sjøen som batt saman, landet skilde. Dei som reiste leia langs kysten nord eller sør, trengde plassar der dei kunne overnatte, få mat eller skifte skyss. Slike gjestgjevarstader var det fleire av i vårt distrikt. Vi finn dei både i Furesund, Smørhamn, Hellevik og i Kinnasundet. Utover på 1700-talet var Furesundet den mest besøkte av desse.
Italia bur seg på krig. Landet hev 48 divisjonar på krigsfot. I heile verdskrigen var det meste 51 divisjonar.
❖
Den første gjestgjevaren i Furesundet var Nils Andersen Foss. Han var på plass i Furesund i 1679 og var nemnt som gjestgjevar i 1687. På denne tida var det også halde ting i Furesund. Det var sommarting i 1690 og haustting i 1691. Dei første åra etter var det ofte ting i Furesund, seinare var tinga haldne i Hellevik. I dei første åra var det ikkje særleg feitt å drive som gjestgjevar
i Furesund. I 1716 seier futen at «Gastgiebestædet er icke andet end en omfløt Holme, hvorpå det verken Saaes eller Høstes». Ein måte å spe på økonomien var å drive handel, og dette blei også gjort i Furesundet, i alle fall når ein kjem ut på 1700-talet. Dette var rett nok ulovleg, for Bergen hadde privilegium på all handel på Vestlandet. Det såg likevel ikkje ut til at fut eller lensmann brydde seg om

Furesundet slik det såg ut før brannen. Foto: Firdaposten.
Bilane betaler no 60% av vegbudsjetta.
❖
denne «ulovlege» handelen. An- tageleg såg dei det som ein fordel at folk slapp å reise til Bergen for å handle. Det var etterkvart eit allsidig vareutval. I skiftet etter Hans P. Diche i 1756 er det lista opp både fransk og spansk salt, rug og bygg, brennevin, humle og tobakk, samt vanlege varer til hushaldninga som såpe og gryn, rosiner, malt og erter. Grunnen til det gode vareutvalet var nok at det i desse åra hadde det vore godt vårsildfiske –, ein del av fiskarane var nok kundar.
Statskupp i Spania? Socialistane tykkjest no – etter deira eigne aviser å døma – å verta ottefulle for den framgongen facistane i Spania har havt. Dei er redde for at dei tenkjer på statskupp.
❖
Borgarkrig i Kina Det driv mot borgarkrig i Kina. All freistnad på å skapa ro er nyttelaust.
Svigerson til Nils Foss, Bernt Bjørnson Lam tok over i 1712. Han døydde allereie i 1720, og då dreiv enka Johanne gjestgjevarstaden vidare i nokre år. I 1723 fekk Didrik Fester retten til å drive staden, og dette året blei Furesundet for første gong skyldsett, – for 6 mark fisk til Kinnakyrkja. Ein måtte betale ein halv riksdalar årleg i grunnleige til Kinnakyrkja.
❖
Trulova Frk. Liv Sunde, Florø, og Arthur Waage, Vågsvåg.
❖
No følgde ei uroleg tid for handelsstaden, med stadig skifte av gjestgjevarar og strid om kven som skulle ha retten til å drive. Mange var bergensarar eller hadde tilknytning til Bergen. Mellom dei var Claus de Lampe som dreiv fram til 1739, han må ha vore ein vrang kar.
I 1738 skreiv futen Nagel: «Lampe er et meget opsætsig og vrangvis Mannisk, saa Gud bevare meg fra saadanne Gjestgivere i Fogderiet». Retten til å drive blei tatt frå han, og han etterlet seg gjestgjevar- staden i dårleg stand. Den som overtok i Furesundet no, var Jens Bloch som hadde vore gjestgjevar i Vesterålen, og familien hans blei sitjande med eigedommen fram til 1756. Jens Bloch var gift med Kirsten Egede, søster til Hans Egede. Kirsten hadde vore gift før, og hadde blant anna dattera Gidsken Kristine Søblad frå eit tidlegare ektesskap. Gidsken gifte seg med Hans Peter Diche, og han fekk gjestgjevarbrev i 1748. Også han dreiv staden godt. Mellom anna fekk han i 1751 tingvitning på at folk fekk godt øl, både i hans og i Bloch si tid. Dertil godt mål og vekt, samt «husværelse og logemente» Etter at Hans døydde, dreiv Gidsken staden vidare til det kom nye folk. Det hadde tidlegare gått sladder om Gidsken. Jan på Nekkøyna kunne fortelje at at Lorens, son hans som tente i Furesundet, hadde sett henne ein morgon i senga i nystova med ein hollandsk

Våningshuset brann ned til grunnen i september 2010. Foto: Frank Tangen.
Ei gjente van med gardsarbeid får plass straks. Vitnemål og lønskrav til Alfred Klokkernes, adr. Rognalsvåg. ❖
For mykje skule? Ein mann spør kva førekunnskapar som krevst for å kome inn i tolletaten. Svaret er; milliomskuleeksamen. Olav Gullvåg skriv i «Varden» at me stend i fåre for å verta eit utlevt og tiltakslaust folk med alle denne yverskuleringi. Det beste av ungdomsåri gjeng med til å sitja på skulebenken. For mange gjeng hug og evne til praktisk arbeid i fløyten med det same, og dermed trongen til å skapa noko, skriv han. ❖
skipper. Lorens fekk 1 ort for å teie, men Bloch stemnde Jan for «ærespillende ord» og Jan måtta ta i seg skuldinga og blei dømt til gapestokk og bot. Mons Gryta (Grytten) kjøpte Furesundet av Gidsken. Han fekk løyve til å brygge øl, men vilkåret var at det ikkje måtte bli «Fylderie og Livsspilde». Han gifta seg med Massi Kaspardotter. Ho blei enke tre gonger og dreiv Furesundet saman med sine tre ektemenn. Den siste var Jens Helmers, søskenbarnet hennar. Då Massi døydde, dreiv han gjestgjevarstaden vidare til han selde den til Jens Lind frå Bergen i 1789. Jens Lind budde med familien sin berre tidvis i Furesund, og dreiv staden med leigefolk. Rundt 1840 blei det sett i gang postførande dampskipsruter langs kysten, og denne ruta fekk stopp i Furesund, som einaste stoppe- staden i amtet dei første åra. Dampskipet «Nordcap» blei borda sør for sundet, og ferdafolk, post og varer blei tatt i land i Furesund for deretter å bli ført vidare med båtskyss til Førde, Eikefjord, Svanøy, Kinn osv. Trafikken var ikkje så
stor, mellom seks og ti årlege anløp. Frå slutten av 1850-åra blei stoppestaden flytt til Florø. Den neste gjestgjevaren i Furesund, H.M. Dahl, fekk oppleve dei rike sildeåra rundt 1850–1860, og desse åra var den beste tida for gjestgjevarstaden. Det var nok handelen som var det viktigaste no. Når tusenvis av fiskarar kom på ein gang, førte det til at den auka betrakteleg. Rett nok hadde mange med proviant, og Furesundet låg i tillegg noko utanfor sjølve sildefeltet. Men etterspurnaden etter varer var stor, og det kunne bli knapt om varer hos handelsmennene i Kinnasundet og i Rognaldsvågen. Dette førte til at Dahl tente godt på handel. Ja, så god inntekt hadde han at skattelikninga for 1865 viste at han var den tredje største skattytaren i kommunen, nest etter proprietærane på Svanøy. Frå 1868 og ti år framover hadde Dahl ei årleg innntekt på 700 spesidalar. Til samanlikning hadde ein skulelærar 130 spesiedalar. Det var i Dahl si tid at det blei slutt på brennevinshandelen i Furesundet. Han var særs religiøs, ein av leiarene i Indremisjonen og

Foto: Firdaposten.
elles ein aktiv mann på mange måtar. Han hadde ei mengd kommunale verv, var ordførar i nokre år midt på 1860-talet og medlem av forliksrådet i nesten 40 år. Han var nok ein respektert mann, men det gjekk ord om at han ikkje alltid var like lageleg med dei han hadde i sitt brød. Skarpe tunger sa at initialane HM sto for Hans Majestet... For eksempel hadde kona til Benjamin på Perholmen så godt som blitt nekta kreditt, endå mannen hennar var med Dahl si jakt til Nordland. Sonen Mentz var meir lageleg slik, han stakk ofte varer til folk utan at faren visste av det. Mentz kutta elles all kontakt med familien etter at han ikkje fekk gifte seg med den jenta han ville ha. Ryktet sa at jenta var av husmannsfolk og ikkje god nok. Etter at silda blei borte blei det trange tider, og på slutten av 1880-
talet slutta Dahl med handelen i Furesund og selde garden i 1890. Det var ikkje lenger grunnlag for ein handel-/gjestgjevarstad i Furesund. Byen Florø var blitt grunnlagt. Der hadde rutebåten anløp, der var det handelsmenn og der var dei offentlege kontora. Det hadde då vore gjestgjevar- og handelsstad i Furesund i 200 år. Det var Andreas Rotenes som kjøpte garden av Dahl. Han og kona Maren (f. Høidal) dreiv gards- og fiskebruk. Seinare overtok dattera Alisa garden. Ho gifte seg med Oluf Færøyvik som kom frå Solund, og dei busette seg på Færøyna. Seinare flytte dei til Furesundet. Eit av barna deira var Arne Færøyvik, og han overtok Furesundet og budde der til han døydde i 1996. Etter den tid er det slektningar av han som har overteke. Natt til 9. september 2010 brann våningshuset i Furesundet ned til grunnen, og eit viktig kulturminne i fylket gjekk tapt.
Ein god kveld M.M. Myklebust sitt foredrag med lysbilete i «Fram» onsdag kveld om reisa si gjennom Europa til Palestilna vart ei hugnadsstund. Myklebust kan reisa, og han kan fortelja livande og friskt. Bileta var vakre og interessante, særleg dei frå Egypt og Palestina. ❖ Socialistane syng stadig kamp- songen sin, «Internasjonalen». No under arbeidarpartistyret i Noreg har tredje verset vorte særs aktuelt. Det tek nemleg til soleis: «Imot oss statens lover bøies, av skatter blir vi tynget ned». Desse linone er det fleire som treng syngja no, diverre. ❖
Skriftlege kjelde: Arne Færøyvik: Furesund som gjestgjevar og handelsstad. Semesteroppgåve 1990 – 1991 i lokalhistorie Digital kjelde: Norsk kulturråd. Digitalt fortalt Munnleg kjelde: Gunvor Grøvlen.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2011.