2011-02 - Bjarte Sindre - Restaureringa av Kinnakyrkja 1911–12

Restaureringa av Kinnakyrkja 1911–12

Kinnakyrkja før restaureringa i 1911/12. Vi legg særskilt merke til våpenhuset i tre.

Kring år 1840 gjekk der ei nasjonal vekkingsrørsle over Noreg. Folket vart klar over at vi hadde eit eige språk og ein eigen kultur. Historiegranskarane kunne klårgjere at vi hadde ei ærerik fortid. I landet hadde vi ei rekke med svært gamle kyrkjebygg, og ein del av desse vart vist særskilt interesse, mellom dei Kinnakyrkja. Ho hadde vore omtalt allereie av biskop Pontoppidan og seinare Neumann. Historikaren Storm drog fram Sunnivalegenden, og denne vart nøye omtalt av P.A.Munchs banebrytande «Det norske folks historie» som byrja kome i 1852.

«Negeren» død August Richardson, Bergen er død, 62 år gamal. Richardsen var neger og var avisseljar på torget. Alle kjende «negeren».

Arkitekt Carl Berner.

Sogneprest vil ha dødsstraff Den gamle sokne- presten Peder Christensen skriv (etter mordet i Valdres) at dødsstraff må innførast att her i landet. Han vil ikkje gjere det med elektrisk stol, henging, halshogging, men med morfin eller anna døvingsmiddel. Vi gjev att det han skriv, men tek avstand frå det.

Det hadde vore lita interesse for kyrkjebygningane våre fram til denne tid. Mange av dei mangla totalt til vedlikehald, og stod til nedfalls. Særleg galdt dette kyrkjene langs kysten. Dei var hardt utsette for vinterstormane. Kunstmålaren J.C. Dahl prøvde å reise ein folkeaksjon for å redde stavkyrkjene, stort sett til inga nytte. Han tok da initiativet til å få skipa Fortidsminneforeininga i 1844. Foreininga fekk ei viktig oppgåve med å arbeide for ettersyn, restaurering og vedlikehald av kulturskattane våre, og Kinnakyrkja vart etter kvart høgt prioritert. Den kjende arkitekten Schirmer drog landet rundt i 1899 for å kartlegge, og merka seg straks Kinnakyrkja. Begeistra konkluderte han med at Kinn kyrkje var frå same perioden som kyrkjene på Moster, Lade og klosteret på Selje. Etter alle funn han har gjort, seier han at «Kinn kirke skulde hermed være den fjerde paaviste kirke fra Olav Trygvessøns tid.» (995–1000).

Alle rustar I alle store land i Europa, ja, småe med, rustar dei opp og førebur den neste stor- krigen som sume trur kjem alt i 1937. I England greier ikkje dei gamle fabrikkane på langt nær all den ammunisjonen riksstyret tingar, og dei byggjer nye, store fabrikkar. I Frankrike er panikken like stor, um ikkje større. Det er Tyskland dei er redde.

1. januar 1902 sende Kinn kyrkjetilsyn søknad om at «der maa blive udarbeidet tegninger og overslag til en paatænkt restaurasjon af Kinns kapell. Da en restaurasjon av dette gamle byggverk ogsaa maa betragtes som en landssag, andrages ligeledes om, at der maa blive ydet bidrag dertil af offentlige midler, saa at restaurasjonen ikke skal blive altfor tarvelig.» Fortidsminneforeninga sende straks arkitekt Carl Berner til Kinn for å gjere eit nøyaktig registreringsarbeid, og kome med framlegg om kva som måtte gjerast. Han var landets fremste spesialist på byggverk frå mellomalderen. Berner var rysta over det han fekk sjå på Kinn. Der hadde vore ein større «reparasjon» av kyrkja i 1868. Den var for rein vandalisme å

rekne. Her hasta det med å få gjort noko. Med grunnlag i granskingane sine, utarbeidde Berner eit framlegg til restaurering av Kinnakyrkja. Det var eit omfattande dokument, nøye gjennomtenkt. Han hadde sett opp 7 hovudgrupper med 34 underpunkt. Gruppene var mellom anna grunnarbeid, ryddingsarbeid, murarbeid, tømrar- og snikkararbeid, dører og vindauge. Han hadde dessutan til slutt tatt med ny kyrkjestove og ny klokkestøpul. Størst kostnader var det naturleg nok med tømrar- og snikkararbeidet. Deler av tak og golv var rote, og måtte skiftast. Berner sitt første framlegg til restaurering blei handsama i Fortidsminneforeninga i juni 1904. Dei hadde ei rekke merknader til framlegget. Før endeleg avgjerd kunne takast i detaljspørsmål, var det to store saker som måtte avklarast. Lektoriet sin opprinnelege utsjånad og oppstilling, og korleis skulle ein få tilfredsstillande oppvarming av kyrkja. Berner drog tilbake til Kinn i 1905 og gjorde nye granskingar kring dei innvendingane og spørsmåla som hadde kome. Lektoriet fann Berner måtta ha stått over

7 månader i fengsel fekk ein bergensar for å ha stole ein eplekasse veslejolaftan. Han har stole fleire gonger før. ❖

Kupp i Japan Meldingar fortel at det er militærkupp i Japan. Dei fremste politikarane skal vere drepne, millom dei statsministeren og chefen for krigsskulen.

Berner si teikning av den viktige korbogen. Vi ser lett at han var ein framifrå teiknar med ei stødig hand.

Dei frys ihel I Amerika har det vore svær kulde i vinter. No er det 50 personar att som har frose ihel.

Kyraslaktet gjekk litt upp på kjøtmarknaden i Bergen siste veka.

Stor arbeidsløyse I Storbritannia er det no 2.160.000 arbeidslause.

H. Fuglesang er faren til Oslo for å vera med på eit studiekurs der som varer til kring 10. mars. Tollbetjent Olaf Gundersen, Måløy, styrer tollkontoret her imedan.

den katastrofale reparasjonen i 1868 blitt sett opp eit galleri. Berner fann dette svært skjemmande for den vakre kyrkja, og vi siterer: «Det nuværende Galleri ved Skibets vestre Gavl foreslaar jeg under alle omstændigheder sløifet, da det virker i høi Grad skjæmmende. Desuden – kommer man til Klarhed over Lektoriets oprindelige Udseende, maa jo dette opstilles paa sin gamle Plads – i Skibet foran Chorbuen. Og 2 Gallerier kan man ikke have. Ved at fjærne det nuværende Galleri, mister man en Del Siddepladse. For at afhjælpe dette Savn, foreslaar jeg samtlige nuværende Benke paa Gulvet forlænget – hver med 1 Plads. Midgangen indskrænkes herved til 1,75 m, der imidlertid er fuldt ud tilstrækkelige, og vil svare med Hovedindgangens Bredde.» Styret i Fortidsforeininga hadde gått inn for å halde på galleriet, og montere ein takryttar for klokkene over vestre gavl. Berner ville ikkje ha noko av dette, og skriv:

korbogen på austveggen i skipet. Han strevde veldig med å finne ut av historia til dette verdfulle kunstverket, men måtte gje opp. Det var eineståande i Noreg, og heller ikkje i Danmark eller Sverige hadde dei bevart noko liknande. I samband med ei reise han hadde til England, fann han heller ikkje haldepunkt. Når det galdt oppvarming, kom han fram til etter nøye gransking at vedomnar var det rette. Når desse to sakene var klarlagt, var det lettare å ta avgjerder i dei mindre sakene. Her fekk han viktige innspel av spesialistar på gamle steinkyrkjer i England. Han utarbeidde deretter eit revidert framlegg som stort sett fekk tilslutning i Fortidsminneforeininga, og han sende det over til departementet i 1907. Han gjev her gode grunnar for kvifor han har gjort dei ulike val. Han nemner to alternativ for oppvarming av kyrkja, sentralvarme eller omnar. Han syner klart at omnar vil vere det billigaste og beste. To ting brukte han ein del plass på i framlegget sitt. På vestveggen i skipet hadde det under

«En saadan Anordning vil for-

Berner si teikning av Kinnakyrkja sett frå sør før restaureriinga. Vi legg merke til dei stilbrytande vindauga, og korleis dei har skada muren.

Ei geit og eit kje fundne og kan hentast hjå Oleanne Svardal, Høudalsfjord. – Geiti er merkt: Avskore høgre øyre og kløyve i same. Kjeet er umerkt.

Albert Joleik talar i kringkastingi imorgon kl. 11.00 (skuletimen) frå Bergen. Han fortel frå Kongo.

Olympiaden Dei 44de olympiske vinterleikane vart opna i GarmischPartenkirchen igår. 28 landslag marsjerte inn på stadion der det var 50–60 000 som såg på. Hitler heldt opningstalen.

øvrigt medføre mange Ulemper, særlig Slitage og Reparationer af Tagværket foranlediget ved stadige rystelser af Taarnet. Stedet ligger jo overmaade Veirhaardt, og alle unødige Opbygninger maa derfor undgaaes. Dessuden vil Klokkerne, selv fra Taarn eller Tagrytter ikke kunde høres i Bygden. Det var netop af den grund jeg i mit første Forslag foreslaar opført en Støpul paa et sted, hvorfra Lyden kan naa frem til Folk.» Under synfaringa i 1905 gjorde Berner eit viktig funn. Dei fire vindauga i skipet var ikkje originale, men laga i 1868. For å skaffe meir lys til kyrkja, hadde dei brote opp veggene, og laga fire store vindauge som heilt braut med stilen i kyrkja. Ved å hakke bort pussen, klarte Berner å finne restane av dei originale vindauga. Det var heilt turvande at desse vart tilbakeført til si rette form. Dette er eit enkelt arbeid, skriv han. Sikkert for at det skulle få tilslutning. Det hadde kome innvendingar mot framlegget om ei kyrkjestove. Avslutningsvis skriv Berner:

Ligeledes fastholder jeg det i min første Restaurationsplan fremsatte Forslag om Opførelse af en Kirkestue med Revir for Præst og Kirkesøgende. En saadan Bygning vil afhjælpe et stort Savn paa Øen. I det første framlegget sitt meinte han ei slik stove ikkje ville bli særleg dyr. Det ville visseleg bli materialar til overs frå arbeidet med kyrkja, og desse måtte kunne nyttast til stove. Av ting Berner hadde retta opp etter innspel av styret i Fortidsforeininga, nemner vi dørene. Berner hadde gjort framlegg om delte dører. Dette endra han i det endelege framlegget til heile dører. Berner kalkulerte kostnadene til i underkant av kr. 12.000. I 1908 kom restaureringa av Kinnakyrkja opp i Stortinget. Innstillinga seier «at det af hensyn til den usedvanlig store interesse der knytter seg til Kinn kapell som fortidsminde, maa ansees i høi grad ønskelig at kapellet bliver undergivet en omfattende restauration.» Det blei foreslått å løyve kr. 7.000 under føresetnad av at sok-

Skattar nok Statsbudsjettet i år er på 491 millionar kroner. Det er 72 millionar meir enn siste statsbudsjettet frå Vinstre. Statsskuldi auka med 18,7 mil- lionar. Arbeidarpartiregjeringi krev oss for 55 millionar meir i skattar og avgifter enn vinstreregjeringi gjorde. No skulde me vel hava skattar nok!

60 år Snikkarmeister Jakob Høivik, Flora, var 60 år igår. Jakob Pedersen Høyvik er frå Høyvik i Høydalsfjorden. Han vart utlærd til møbelsnikkar i Bergen og slo seg ned her på Flora i 1899. Her har han bygt eige og stort hus i Markegata og i det heile drive bra forretning. Høyvik har vore 3 år i Amerika.

Pålitelig pike ønskes til hjelp for Gammel Dame, Sars Gate 6, Florø.

Skihopp på 92,5 m! Hilmar Myhra hoppa hin dagen 92,5 meter i ein skibakke på Kongsberg. Det er lengste skihoppet som er gjort her i landet.

net løyver same summen. Soknestyret hadde uttalt at dei ikkje hadde råd til meir enn dei avsette kr. 3.000. Til dette merker departementet at kyrkja kvart år har ei fisketiendgodtgjersle på kr. 800, og at kommunen har ei lånegjeld på berre kr. 3,43 pr. innbyggar. Departementet visste nok ikkje at Kinn Sparebank hadde løyvt kr. 2.000. For soknet skulle dei resterande kr. 2.000 ikkje vere uoverkomeleg. Dei gav tilsagn om å garantere for restsummen Den 10. april 1909 var departementet ferdig med handsaminga, og sender eit omfattande skriv på 12 hovudpunkt til Fortidsminneforeininga. Her går det tydeleg fram at byråkratiet ville ha full kontroll med arbeidet. Det viktige var likevel at det har «i skrivelse til Bergens stiftsdirektion av i dag meddelt tilladelse til at Kinn kapell restaureres i det væsentlige efter arkitekt Berners plan.» Berner sitt framlegg om eit nytt vindauget i vestgavlen av skipet for å få meir lys inn i, vil dei gjerne han skal konferere nærmare med foreninga om. Kyrkjestova som Berner hadde kjempa hardt for, dreg dei ut av planen. Her skriv dei: «Den projekterede folkestue (kirkestue) blir at holde utenfor saken (sognestyret har frafalt kravet paa en saadan bygning). Blir der imidlertid nogen træmaterialer til overs efter restaurationsarbeidet, er der fra departementets side intet til hinder for at kommunen disponerer derover, enten til en opførelse av en folkestue eller i andet øiemed.» Berner sitt endelege framlegg vart såleis for det aller meste godkjent av departementet, og styret i Fortidsminneforeninga sende kalkylen over til arkitekt Schak-Bull i Bergen for kvalitetssikring. Han

gjekk nøye gjennom Berner sine overslag, og var også på Kinn for å sjå på praktisk gjennomføring. Han kom til at arbeidet ville bli nokre hundre kroner høgre enn det Berner hadde kome fram til. Kr. 12.740 mot kr. 11.746. Men då hadde Schak-Bull rekna inn sitt eige honorar. Men han skriv «Jeg har derhos gaat ut fra som en nødvendig betingelse for, at endog mit overslag skal kunne holde stikk, at man under det eventuelle restaurationsarbeide gaar frem med den største økonomi og resignation.» Schak-Bull seier at kjem det ting ein ikkje har rekna med, ville der bli overskridingar. Det vart no valt byggenemnd med Nils Seim, Karsten Sunde og Elias Skorpen som medlemer. Nils Seim bad seg etter kort tid friteken for skuld høg alder og dårleg helse. Suppleanten Magnus Seim kom då inn i nemnda, og vart valt til formann. Han vart også rekneskapsførar for restaureringa. I tillegg sekretær når ikkje Berner var til stades. Dette vart eit lukkeleg val, for Seim hadde ein veldig arbeidskapasitet, og godt kjennskap til handverksarbeid. Dessutan kjende han mange leverandørar, og visste kvar ein kunne gjere billege kjøp. Berner hadde gjort eit framifrå førearbeid. Visste nøyaktig kva som skulle gjerast, kva slags materialar som måtte tingast og kor mykje. Han hadde også framlegg om kva som trongst av arbeidsfolk. Byggenemnda fekk no eit tidkrevjande arbeid med å sende ut anbodsmateriale. Klebersteinen var ein stor kostnad, men allereie professor Schirmer hadde på si reise til Kinn fått lovnad av Thorleif Svanøe at dei skulle få stein frå han. Då nemnda ville høyre kor mykje han skulle ha, fekk dei til svar at det kunne dei kome tilbake

Til Firda (Førde) Dei forvrengde, usanne og «slibrige» referati og stykki i Firda frå siste heradsstyremøtet i Gaular, skal fyrebels få vera. Firda kan kanskje få høve til å vaska seg reine sjølve, om dei so ynskjer. (Dei skal få høve til å moka fjøset sitt reint, men eg mokar ikkje til dei). M. Raaheim

Gardbrukarane i Sundal, Midtbø og Solheim hev sendt ein søknad um å få etterrøkt og kostnadsrekna ein sambandsveg frå Nordalsfjord til den påemna vegen Flora–Eikefjord–Førde. Eikefjord heradsstyre har samrøystes vedteke å stydja søknaden på det beste.

Bystyret i einaste byen i fylket hev tri gonger vedteke at namnet skal vere Flora. Då må ein rekna det klårlagt at dette er det gamle namnet med ubroten tradisjon i talemålet.

til når rekneskapen skulle gjerast opp. Svanøe hadde vel ein mistanke om at det ville verte overskridingar, og han gav gjerne steinen gratis. Den 13. februar 1910 har byggekomiteen møte. Der var kome inn mange søknader til stillinga som arbeidsformann. Her valte nemnda Mons N. Skare frå Alversund. Han skulle ha kr. 6 pr. arbeidsdag. Høgste tilbodet låg på 10 kr. Skare skulle sjølv ha med seg ein tømrar og ein murar. Taksteinen hadde Berner bestemt skulle vere kvadratisk med sider på 24’’. Den skulle ikkje vere heilt einsfarga. Han hadde tenkt seg Vossastein, men fann etter samtalar med Seim at transporten vart for lang. Ei stund vurderte dei stein frå Askvoll, men enda opp med Vilnes og Sætre. Byggenemnda sette strenge krav til leverandøren: «– – kun 1ste sort sten leveres. Forekommer der i partiet mindre bra sten – udskydes disse.» Byggenemnda bestemmer seg for å lyse ut til sal på tilbod den gamle taksteinen. Litt inntekter ville kome godt med i rekneskapen. Etter framlegg frå Berner skulle firmaet L.P. Johannessen i Bergen levere trematerialane. Dette gjekk svært tregt, og det vart sendt fleire purringar til firmaet. Meininga var at restaureringsarbeidet skulle ha kome i gang våren 1910. På byggemøtet den 4. juni dette året er framleis ikkje materialane komne, og Berner reiser spørsmålet om det er forsvarleg å sette i gang arbeidet dette året. Nemnda svarer samrøystes nei. Men ein må sikre seg at alle materialar, og elles alt som trengst, er på plass neste vår når arbeidet startar opp. Det var alvorleg å utsetje restaureringsarbeidet, og dei fann at både departementet og Fortidsminneforeininga måtte få kopi av møte-

boka. Den inneheld oppsett i 8 punkt over kva for materialar som må skaffast. Punkt 9 og 10 er som følgjer: 9. Klokkestøpulen besluttedes opsat paa den lille haug vestenfor Magnus Seims hus. 10. Arkitekt Berner paatager sig anskaffelsen af ovnene, medens den øvrige materialanskaffelse i allefald foreløpig blev overdraget byggekomiteen. Den 7. februar 1911 er det nytt møte i nemnda. Her tilset dei trearbeidarane Karl J. Mulen frå Ervik, Sjur Hofland frå Grytøyra og Albert Nesbø frå Kjelkenes. Verre var det med steinarbeidarar. Her var det framleis ingen som hadde meldt seg, og dei to som hadde vore interessert i å legge taksteinen, var for dyre. Dei skulle begge ha kr. 1,50 pr. kvadratfavn. Trearbeidarane fekk kr. 3,50 pr. dag. Seim får i oppdrag å skrive til aktuelle. Dei fastset oppstarten til 3. påskedag, og då trematerialane enno ikkje er komne vedtek dei at «Johannessen, Bergen – udbetales ikke før at bestilt material er kommen.» For å sikre seg vedtek dei at arbeidsformannen får møte opp hos Johannessen og syte for at skikkeleg vare blir teken ut og levert. Ei inntekt kan dei bokføre. «Bud paa 1 av de gamle kirkeovne – kr. 40 er givet av Rognaldsvaags bedehusbestyrelse. Budet antages.» Når Berner ikkje var på Kinn, var der stadig kontakt mellom han og Seim. Det var tusen ting som måtte passast på. Det var viktig t.d. å la trelastfirmaet ordne med så mykje som mogleg av profilar m.m. Det dei kom fram til, gav Berner vidare til firmaet Johannessen. Etter kvart byrja det som trongst kome på plass på Kinn. Frå arbeidsfolket kom der førespurnad om ein ikkje kunne utsetje

Pengane vart straks overførte!

Kinn og Flora har skipa Bondeung- domslag. Josef Flølo er vald til formann. Skipingsmsøtet var i Breidablik fredagskvelden, og det vart innmeldt 41 medlemer.

byggestarten to dagar til 20. april. Departementet måtte ha irritert seg over dette, for dei sender brev til Seim og trugar med at resten av løyvingane ikkje vil bli overførte før dei har fått klår melding om at arbeidet har starta opp. Svarbrevet fra Seim fortener å siterast. «Restaureringsarbeidet med Kinn Kyrkje er av Byggenemndi fastsett skal takast til med straks yver Paaske. Først var nemnt 18de April (3de dag Paaske), men daa det har sine vanskar for Arkitekt, Arbeidsformann og arbeidarar aa reisa i Paaskehelgi – er arbeidet utsett til den 20de d.m. – altsaa to dagar seinare. Naar Deptm. segjer at resti av statstilskotet til arbeidet ikkje kan faast før det kjem bevitnelse um at arbeidet er teke til med, so skal eg hermed som formand i Byggjenemndi og Rekneskapsførar for arbeidet segja, at nokon annan «bevitnelse» end denne her – vert ikkje sent herfraa.»

20. april kom arbeidet i gong. Først måtte kyrkja ryddast for all roten material, og drensgrøfter lagast. Det enklaste trearbeidet vart også sett i gang med før Berner kom. Eir par ting beklagar han seg over. Ein ihuga steinarbeidar hadde slipt bort det meste av ei runeinnskrift på vestportalen. Det andre var at mellom to sperrer hadde det stått att ei murbrokke som tyda på at langveggene opphavleg var ført over svilla mellom dei ståande kne og det skrå bordtaket. Diverre var den fjerna, for ein slik konstruksjon var heilt ukjent i andre norske kyrkjer. Derimot var den vanleg i engelske mellomalderbygg. Allereie under vitjinga si på Kinn i 1902 hadde Berner funne at taket på kyrkja hadde vore mykje brattare då ho vart bygt. No skulle dette ordnast, og det var tidkrevjande. Likeeins var det med skorsteinane som vart bygt inn i ytter-

Utsnitt av brev frå Berner til Seim om korleis taket skulle leggast.

MARS 1936

Nygaardsvold har giktfeber Statsminister Johan Nygaardsvold ligg sjuk. Han har fått giktfeber. Utanriksminister Koht tenestegjer no som statsminister. Statsråd Hjelmtvedt ligg framleis sjuk med magesår. Statsråd Monsen er ogso sjuk, og det er uvisst når han vert god att. ❖

Trulova Frisørdame frk. Thea Svinnseth, Ålesund og Birger Gjertsen, Florø.

Sildefisket er på lag slutt på våre kantar. Over 350 000 hl. landnotsild er uppteke. Vel 35 000 hl. står at. Tyngdi av dette står på Vallestadvågen.

Ein sinnsjuk mann drap ein hest med øks i Bjørkedalen. Det var tilstades fleire vaksne karar, men han var so vill at ingen torde nærme seg. Dei måtte skræme mannen på sjøen med steinkast fyrr han sleppte øksi så dei fekk binde han.

kantane på vestveggen i skipet. Dessutan kom der sjølvsagt opp uventa ekstraarbeid. Då øydelagde golvbord vart fjerna, viste det seg at bjelkane under var rotne, og rotet hadde festa seg på undersida av mest alle borda. Dermed måtte heile golvet skiftast, og nytt bjelkelag leggast. Underlaga for bjelkane måtte også rettast opp. Litt uhugeleg var det at mange menneske hadde blitt gravlagde under kyrkjegolvet. Alle beinrestane vart samla saman og lagt i ei fellesgrav utanfor kyrkja på nordsida av koret. Det vart sett opp ein minnestein som står der enno. Der oppstod eit alvorleg problem. Klebersteinen frå Svanøya viste seg ikkje å halde mål, og ny måtte skaffast. Etter ein del strev kunne dei tinge ny stein frå Framfjorden. Ei uventa overskriding og seinking av arbeidet, for steinarbeidet kunne ikkje kome i gang dette året. No kunne dei ikkje bli ferdig før i 1912. Berner fann også at der måtte lagast jarnrist framfor hovudinngangen for at ikkje drev skulle renne inn i kyrkja. Dette hadde nok øydelagt bjelkelaget som no vart fjerna. Då taksteinen blei tatt bort, synte det seg at all spiker var svært rustne. Det var eit under at ikkje steinen hadde ramla av taket. Her måtte ein nytte galvanisert spiker. Der måtte nyttast kopar over kjølen, for som Berner seier: «intet andet staar mod veiret». Av same grunn nytta han blysløiser. Alt dette førte til ekstrakostnader. Sommaren 1911 fekk dei gjort kyrkja tett, og lagt takhellene, men ein del arbeid måtte vente til sommaren 1912. Då var den nye klebersteinen komen på plass. Inne i kyrkja vart alt finarbeidet teke. Lektoriet hadde Seim og eit par hjelpesmenn fått opp på den rette

plassen sin før arbeidet starta opp igjen våren 1912. Då vart den nye klebersteinen tilhoggen, og dei fire store vindauga i skipet ført tilbake til si rette form. For å få betre lys i kyrkja vart det hengt opp to store lysekroner. Desse var teikna av Berner, inspirert av ornamentikken i lektoriet. Likeeins teikna han dørene og alle beslaga. Han ville gjerne ha ført benkene i skipet tilbake til opphaveleg form, men der var så lite tilbake seier han, at det lét seg ikkje gjere. Berner teikna då nye benker. Støpulen skulle ha blitt reist på ein haug ved huset til Magnus Seim. Då ville ein kunne ha høyrt kyrkjeklokkene i Rognaldsvåg og på Skorpa. Men etter samråd med soknerådet og sokneprest Evensen fann ein at det ville vere ein umogeleg situasjon ikkje å ha klokker ved kyrkja. Berner teikna då det klokkehuset med kvelvinga vi finn her i dag. Vi må seie det var ei lukkeleg løysing. Arkitekt Christie hadde vore i Kinnakyrkja i 1860. Han hadde gjort nokre svært interessante skisser av utskorne bjelkehovud i koret sin takstol. Desse blei saga av og kasta i 1868. Ragnvald Einebu frå Lesja kom til Kinn, og han skar ut alle dyrebastardandleta på bjelkane i skipet. No vart det klårt at ein hadde store overskridingar i arbeidet, og det vart ikkje skore ut andlet på bjelkane i koret. Heller ikkje hadde ein pengar til å legge kvelving i taket i koret, eller restaurere det siste vindauget her. Alt ekstraarbeid som uventa hadde dukka opp, førte til store overskridingar, og arbeidslønene hadde auka i perioden. Då Seim avslutta rekneskapen, var der brukt kr. 8.000 meir enn rekna med. Etter vedtak skulle eigentleg dette dekkast av soknestyret. Dei kunne

Ramlar alt? Det er spaning i Geneve no. Sveits trugar med å gå ut av Folkesambandet dersom Italia gjer det. Ialia seier dei går om oljesanksjonane vert sett i verk. Ungarn har nemnt at det kanskje går. 27 italienske fly bomba i går ein etiopisk by. Mussolini tala i Roma og banna allverdi for framlegg om sanksjonar.

Gjøringbøfjellet Statsgeolog Arne Bugge vil vitja Vevring til våren for å røkja etter um der er fåre for fjellras i Gjøringbøfjellet, og andre liknande fjellknausar.

Brev frå Seim til Steffen Dale med betaling for kleberstein og arbeid med denne. Vi legg merke til at vi no er komne til 27.06.1912. Problema med klebersteinen var nok ein av grunnane til at det drygde ut med å verte ferdig med restaureringarbeidet.

Fåre for krig? 60 000 tyske soldatar har rykt inn i Rhinlandsonen som etter Versaillestraktaten skulle vere nøytral. Dette har vekt den største åtgaum over heile verda. Frankrik klagar til Folksambandet, og får støtte av Englandsom har fått ny krigsminister. Hitler har tala i Rhin. Han vil ikkje krig, berre arbeida i ro, segjer han.

ikkje klare ein slik sum, og sende søknad om ekstraløyving. Departementet var negativ. No sette Berner og Seim seg i sving. Berner sende eit lengre skriv til Fortidsminneforeninga. Her forklarer han i detalj kvifor det hadde blitt overskridingar, og ber innstendig foreininga om å støtte søknaden frå soknerådet, noko dei gjorde. Seim drog

til Kristiania og Stortinget for å få hjelp der. Underleg nok er det Sognerepresentanten Trædal som trer støttande til. Etter møte og forhandlingar, klarer dei å ordne med ei ekstraløyving på kr. 4.000. Både arkitekt Berner og byggenemnda med Seim i brodden kunne verkeleg vere stolte over arbeidet dei hadde gjort. Særleg

Andr. Hodnefjeld er vald til formann i Florø hamnestyre. Fuglesang har bede seg fri.

normannisk stil, som tidligst bør dateres til slutten av 11th aarh. Koret derimot med de egenartede vinduer, den for skibet avvikende byggemaate, korportal og korbue, maa derimot efter min opfatning føres lenger tilbake i tiden, spørsmaalet blir bare hvor langt.»

Fårlege grunnar Ole A. Nærøy har i skriv til Kinn kommune bede om at leida ved Nærøyane vert uppstaka. Her er fleire fårlege skjer og grunnar.

Brønlund-Iversen som eige sildolje- fabfrikken på Aarebrot, har søkt staten um økonomisk studnad til å få i gong fabrikken.

hadde det vore tunge tak for Magnus Seim, som må ha hatt mest fulltids jobb med kyrkja i denne tida, og det utan løn. Utruleg nok byrja det no å gå rykte om at Seim nok måtte ha skodd seg kraftig på kyrkjebygginga. Han kunne då umogleg ha gjort alt dette arbeidet gratis. Dessutan var han vel skuld i at det hadde tatt lang tid. Dette må ha gått sterkt inn på Seim, og han forfatta eit langt forsvarsskrift. Han syner til at han tvert imot har spart soknet for store summar. Han listar opp ei heil rekke punkt. Vi nemner berre to. Han har ikkje tatt seg betalt for lagerplass på eigen grunn eller i sjøhus. All stein teken frå eigedomen hans til murarbeid, hadde han gjeve gratis. Då Berner fekk høre om desse rykta vart han rasande. Han skriv om tidsbruken: «Ansvaret har jeg alene, og det skal jeg nok ta, og naar leilighet kommer skal jeg ogsaa faa sagt, hvor uegennyttig De har ofret Dem for dette arbeidet, langt mer end De var forpliktet til og langt mer end de andre i byggekomiteen. Det gjør meg ondt at lese Deres brev, for det gav indtryk av at De forsvarte Dem, hva De sandelig ikke behøver.»

Florø-Varg emner på å byggja seg hytte og set i desse dagar igong arbeid for å få midlar til dette. Teikningane er utstelte hjå Edvardsen.

Kokkekurs for gutar på Fylkesfiskarskulen frå 30. mars til 30. april. Oplysning og innmelding til N. Engja, Flora.

Vi hugsa at arkitekt Schirmer hadde datert Kinnakyrkja til Olav Trygvasons tid (om lag år 1000). Berner var svært oppteken av å få ei rett tidfesting av kor gammal kyrkja var. Han fann raskt ut at ho var bygt i to ulike periodar. Om skipet seier han: Skibets utviklede byggeteknik, gjennomførte stenstørrelse, ensformede portaler og vinduer i forbindelse med den forskjel i takkonstruksjen som tidligere er paavist – tyder avgjort paa en mer utviklet

Etter å ha diskutert dette nøye, og vist til lærde verk konkluderer han med at koret er tidleg normannisk stil, «og derfor ikkje ældre enn 1040 for at fiksere et bestemt tal.» Vi får minne om at Berner var ein framragande spesialist på mellomalderkyrkjer, og tok neppe mykje feil. Seier vi 1050 for koret og 1160 for skipet skal vi vere ganske nær det korrekte. Det er difor uforståeleg kvifor mest alle oppslagsverk opererer med året 1250 for heile kyrkja. Søndag den 22. september 1912 var det festgudsteneste i Kinnakyrkja for å feire at no var restaureringa av den ærverdige kyrkja avslutta. Merkeleg nok står det ikkje eit ord i dei to Florøavisene om denne gudstenesta, heller ikkje eit ord om restaureringa. Det einaste eg har funne er eit klipp frå Tidens Tegn i Nordre Bergenhus Amtstidende den 27. juli. 1912. E. Reksten fortel her litt om arbeidet med kyrkja. Reksten er kritisk til at ein ikkje hadde prøvd å tilbakeføre benkene til dei opphavlege, og han klager over at ein ikkje har restaurert eine vindauget i koret, og at der ikkje er laga himling. Han meiner dette må vere ei offentleg oppgåve å løyve pengar til dette, noko vi må seie oss samde i. Ser vi bort frå at einskilde ting ikkje vart utført for skuld pengemangel, var restaureringsarbeidet 1911–1912 på alle måtar vellukka,

Kinnakyrkja etter restaureringa. Her er komme opp ein klokkestøpul, og takvinkelen er attendeført til den originale.

og det meste av arbeidet er like godt som då det vart fullført i 1912. Berre festa for taksteinen sviktar. Jamvel galvanisert spikar klarer ikkje 100 år her ute med storhavet som næraste granne. Heller ikkje pussen på ytterveggene er upåverka av naturkreftene. Her må ein jamleg reparere. Benkene er greie å sitte i, og vel ikkje særleg stort stilbrot. Men endestykka mot midtgangen ragar

høgt, og hindrar utsyn frametter. Dette kan vere ei plage når det er t.d. konsertar. Det ein kan vone på er at det vert gjeve ei ny løyving slik at ein kan få gjort det som vart ståande att i 1912. Ein har vel også funne så mykje restar etter dei opphavlege benkene, at også desse kan få si rette form. Og taket hastar det med å sikre. Det må vere på sin plass med ny framstøyt til riksantikvar og departement.

Rodde frå Bergen Ein mann, som høyrer heime i Vanylven, kom igår til Hovden i ein liten robåt. Han hadde rodd frå Bergen. Mannen har ei tid vore sjukleg, og av den grunn vart han etter ordre pågripen av lensmannen og vil verta send heim. ❖

Lesekurs ved Sunnfjord Ungdomsskule i mai og juni, særskilt for ungdomar som tenkjer seg til lærarskulen. ❖

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2011.