Slide background
Slide background
Slide background
Slide background
Slide background
Slide background
Slide background
Slide background
Slide background

Vedtekter for Flora Historielag

§ 4. Medlemskap

Alle medlemer som har betalt kontingent inneverande år, får tilsendt årsskriftet "Floraminne". Ektefeller/sambuarar betalar ein og ein halv kontingent, og får tilsendt eit eksemlar av årsskriftet. Medlemmer i historielaget har førsterett til å ta del i dei tiltaka laget står bak.

§ 5. Styre

Flora Historielag vert leia av eit styre på 5 medlemer. På årsmøtet står 2 styremedlemer på val kvart år, og blir valde for 2 år. Leiar vert vald særskilt for eitt år om gongen. Styret konstituerar seg sjølv ved val av kasserar og sekretær.

Styret har 2 varamedlemmer i nummerorden.

Styret vert kalla saman av leiaren og kan ta avgjerd når minst 3 medlemer er ti1 stades. Ved eventuelt likt røystetal, med 4 medlemmer til stades, tel leiaren si røyst dobbelt.

Styret kan setja ned nemnder til å ta seg av særlege arbeidsoppgåver. Leiarar i slike nemnder har møterett i styret.

§ 6. Årsmøte

Høgste avgjerdsmakta i Flora Historielag ligg til årsmøtet, som vert halde kvart år i tida februar til april. Årsmøtet vert kalla inn av styret med ein innkallingsfrist på  3 veker. Innmeldte saker til årsmøtet, må vere styret i hende minst 14 dagar før møtet.

Årsmøtet handsamar:
  • Val av møteleiar og referent, og 2 som skriv under møteprotokollen
  • Styret si årsmelding
  • Revidert rekneskap
  • Innkomne framlegg og framlegg frå styret.
  • Budsjett, med fastsetjing av kontingent.
Val av:
  • Leiar, vald for eit år
  • 2 styremedlemmer, valde for 2 år.
  • 1 varamedlem til styret, vald for 2 år
  • Revisor, med 1 vararepresentant
  • Valkomité, med leiar og 2 medlemmer
Stemmereglar:

Årsmøtet er vedtaksført med det tal enkeltmedlemmer som møter. Røysterett har medlemmer som møter på årsmøtet, og har betalt kontingent. Vedtak vert fatta ved fleirtal, bortsett frå vedtektsendring, jfr. § 8. Dersom nokon krev det, skal det haldast skriftleg røysting.

§ 7. Ekstraordinært årsmøte

Ekstraordinært årsmøte vert halde når styret gjer vedtak om det, eller når 1/3 av medlemene skriftleg gjer krav om det. For saker og val gjeld same krav som til vanleg årsmøte.

§ 8. Endring av vedtektene

Endring av desse vedtektene kan berre gjerast av årsmøtet med 2/3 fleirtal mellom dei frammøtte. Endringsframlegg må vere framsett skriftleg seianst 2 veker før møtet.

§ 8. Oppløysing

Oppløysing av laget kan berre gjerast på to etterfølgiande årsmøte.
Ved ei oppløysing av laget, der arbeidet ikkje vert ført vidare med same formål i ein annan organisasjon, skal aktiva overførast til Flora kommune og nyttast til formål som samsvarar med § 1 i desse vedtektene.

 

(Vedtekne på årsmøtet 27.02-2014)