Logg Inn

Aktuelt

Stor aktivitet i Flora Historielag også i 2016
Sjølv om dei sakene historielaget jobbar med gjennom året, ikkje alle er så synlege ute mellom medlemmene og i lokalmiljøet elles, så kan styret i laget også i år sjå attende på stor aktivitet. Ei

Les Meir...

HISTORIA OM FLORA Bind 2
HISTORIA OM FLORA Bind 2
Boka vart lansert på bokslepp i Flora samfunnshus 20. oktober, og skal igjen presenterast på Kystmuseet under haustmøtet torsdag 17. november, der både forleggar og forfattar blir til

Les Meir...

Aktuelt som kjem!

fm 2010

Dette er det 10. året Flora historielag har gjeve ut Floraminne. Sidan 2001 har omlag 80 artiklar med mykje interessant lokalhistorisk stoff blitt publisert. Det meste er originalartiklar skrivne berre for Floraminne. Tidsskriftet er derfor alt blitt eit samleobjekt. 

Floraminne 2010 ber også preg av at byen Florø hadde 150 års jubileum dette året. Byen og sentrum i Flora kommune har fått stor plass. Harald J. Stavang let oss bli kjende med Jens Helmers, mannen som gav grunn til byen, og tomter til dei som kom og ville busetje seg her. Kolbjørn Nybø skriv om Florø by og den første byplanen, og fortel om det praktiske arbeidet med å planlegge byen. Byplanleggar Birger Hielm måtte bestemme grunnforma på den nye byen. Kva for utfordringar sto han ovanfor då han skulle måle opp, legge kvartal og bestemme hushøgder? Kvifor let han Strandgata få ein knekk ved Trovikkvartalet?  Eit stykke interessant Florahistorie. Edvin helgheim fortel i tekst og bilde om sjølve jubileumsfeiringa, mellom anna der 1300 ungar var samla i den nye storhallen ved Idrettssenteret og Vidaregåande skule. På dei andre 96 sidene finn du mange glimt frå kvardagsliv og fest gjennom byen si 150 årige historie. 

Årsskriftet avsluttar med minneord om fiskarbonden, trubaduren og forfattaren Malvin Toft som døydde på seinsommaren dette året. 5 - 6 bøker hadde han gjeve ut på sine gamle dagar, etter at helsa skranta tidleg på 80-talet. Nokre av bøkene var han åleine om, andre var saman med andre forfattarar. Han vart 76 år. Minneordet er skrive av Harald J. Stavang. 

Omslagsbilde dette året er eit måleri av Amadeus Nielsen som laga ein god del skisser frå tida kring byetableringa. Motivet er utsikt vestover frå Helmersgarden. Vi ser bygningar langs stranda kring 1860. Nederst til høgre taket på Helmers si sjøbu, som i dag er Stenseth-bua.

Floraminne 2016
Floraminne 2016
På nytt kjem Flora Historielag ut med eit relativt omfangsrikt "Floraminne". Dette er det 16. i rekkja frå starten i 2001, og med 112 sider, det største. 14 skribentar står bak 33 artiklar i dette

Les Meir...

Floraminne 2015
Floraminne 2015
Den 15. årgangen av Floraminne følgjer opp tradisjonen med variert og interessant lokalhistorisk stoff. Dette årsskriftet speglar hendingar frå vårt distrikt, hovudsakleg frå førre hundreåret, og

Les Meir...

Floraminne 2014
Floraminne 2014
På nytt har Flora Historielag presentert eit innhaldsrikt årsskrift, det 14. i rekka. Tre jubileum er markert med eigne ariklar. Gaute Losnegård skriv om korleis valet til riksforsamlinga på

Les Meir...

Floraminne 2013
Floraminne 2013
Artikkel av Kolbjørn Nesje Nybø om restaureringa av Horneeigendommen. Dette prjosjektet fekk Flora kommune sin byggjepris i 2013. To jubileum er markerte med eigne artiklar. Kyrkja i Eikefjord er

Les Meir...

Floraminne 2012
Floraminne 2012
Den 12. utgåva av Floraminnet er blitt eit rikhaldig historisk dokument om livet i Flora i forrige hundreåret. Heftet inneheld heile 16 artiklar med forteljingar og historiske glimt frå først på

Les Meir...

Floraminne 2011
Floraminne 2011
Det store jubileumsåret 2010 (byen 150 år), skapte stor interesse for lokalhistoria til kommunen. Å få kjennskap til røtene våre var i vinden som aldri før, det viser mellom anna den veksande

Les Meir...

Floraminne 2009
Floraminne 2009
Dette året kom den 9. utgåva av historielaget sitt årsskrift, igjen med eit unikt og variert innhald. Spennvidda er heilt frå dei rike sildeåra på 1860-talet til nyare tid, og Kinnaspelet sitt

Les Meir...

Floraminne 2008
Floraminne 2008
Heftet inneheld åtte ulike artiklar med stor spennvidde, frå fattigdom i gamle Florø i andre halvdel av 1800-talet, til sunnfjordingen Louis Foss (Lars M. Nyttingnes) som vart senator i USA og fekk

Les Meir...

Floraminne 2007
Floraminne 2007
"Historiske byvandringar fell i smak. Først ut var ei vandring gjennom "Utiby`n" frå gamle bygrensa til "Bankhola" ein råkald ettermiddag for tre-fire år sidan. Denne samla nærare 70 menneske. Den

Les Meir...

Floraminne 2006
Floraminne 2006
Denne utgåva er prega av Anders Moen sitt storarbeid med å finne fram kven som budde i Florø då byen var fem år gamal i 1865. Det var 346 personar, og alle er kartlagde med foreldre, eventuelle

Les Meir...

Floraminne 2005
Floraminne 2005
    “Kinn, Florø og unionsoppløysinga 1905” av Bjørn Fjellheim“Då straumen kom til øyane i Kinn” av Turid Absalonsen Fimland “Tønneproduksjonen i Eikefjord” av Audun Hovland i samarbeid med Jostein

Les Meir...

Floraminne 2004
Floraminne 2004
“Fram gjennom byhistoria” av Alf Jansen og Kari-Ann Søreide“Illegalt arbeid under krigen” av Bjørn Faste Bjartmann“Den gløymde Florøavisa Søndfjord Avis” av Bjarte Sindre“Einar Hoidal” av Eli

Les Meir...

Floraminne 2003
Floraminne 2003
Dette er 3. årgang av Floraminne, utgjeve av Flora Historielag. Nok ein gong greidde det relativt nystarta historielaget å samle mykje spennande og interessant lokalhistorisk stoff mellom dei to

Les Meir...

Floraminne 2002
Floraminne 2002
"Gode lesar" av Harald J. Stavang"Flora Historielag" av Harald J. Stavang"Posten i eldre dagar" av Steinar Ytreland"Då dei skaut den siste bjørnen her i markane, – slik ho besta fortalde det"av

Les Meir...

Floraminne 2001
Floraminne 2001
    "Gode lesar" av Harald J. Stavang. "Flora Historielag" av Harald J. Stavang. "Då bjørnen herja" av Jostein Midbø. “Litt om far” av Einar Seim og broeren Harald, og om eigne barne- og ungdomsår

Les Meir...