Logg Inn

Aktuelt

Stor aktivitet i Flora Historielag også i 2016
Sjølv om dei sakene historielaget jobbar med gjennom året, ikkje alle er så synlege ute mellom medlemmene og i lokalmiljøet elles, så kan styret i laget også i år sjå attende på stor aktivitet. Ei

Les Meir...

HISTORIA OM FLORA Bind 2
HISTORIA OM FLORA Bind 2
Boka vart lansert på bokslepp i Flora samfunnshus 20. oktober, og skal igjen presenterast på Kystmuseet under haustmøtet torsdag 17. november, der både forleggar og forfattar blir til

Les Meir...

Aktuelt som kjem!

Gå til Floraminne 2013

Artikkel av Kolbjørn Nesje Nybø om restaureringa av Horneeigendommen. Dette prjosjektet fekk Flora kommune sin byggjepris i 2013. To jubileum er markerte med eigne artiklar. Kyrkja i Eikefjord er 200 år, og det er i år 200 år sidan Ivar Aasen blei fødd. I den anledning er 2013 makert som ei nasjonalt språkår.Kven var dei første som kjempa for det nye skriftspråket i vår kommune? I artikkelen "Føregangsmenn i Flora" får du vite meir om dette. Andre meir uoffisielle jubileum blir og markerte. I år er det 100 år sidan Gjøringebø si smie blei etablert, og Bertil Gjøringebø er derfor årets namn i serien "Kjende Flora-folk". Bertil sitt liv er byhistorie i seg sjølv, med ein barndom i dei harde 30-åra, i det han opplevde som ein klassedelt by. Året før, i 1912, starta Frelssarmeen med jamleg møteverksemd i Florø, og i 1913 skaut aktiviteten fart. Eit slags jubilem det òg. Dette kan vi lese meir om i Bjarte Sindre sin interessante artikkel. Lokal krigshistorie blir vi nærare kjent med gjennom fleire tekstar. Kim Gunnar Jensen skriv om flyangrepet på Flore hamn i 1944. I artikkelen "43 månader i krigsfangenskap" får vi høyre om Aage Sandvik sin krigsinnsats og prisen han måtte ut med for denne som tysk krigsfange. Innvandrarar har Florø hatt mange av gjennom åra. Kanskje var det spanjolane som kom med den spanske borgarkrigen, den første gruppa innvandrarar som slo seg ned i Florø. I artikkelen "Spania, mitt Spania" skriv Merete H. Høidal om desse. Rammetekstane er i år frå 1956, det store sildeåret. Korleid dette prega byen og kommunen, er ei oppleving å lese om. Heldige er dei som fekk oppleve dette, og for dei vil rammetekstane vekke mange minne. Andre kan i årets Floraminne lese om dette eventyret som gjekk føre seg i Florø og på fiskefelta rundt. Dette er berre smakebitar frå årets Floraminne, vi trur mange vil finne noko av interesse.
Vi takker dei som har teke del med artiklar og bilde.

Har du bilde eller tips til stoff vi kan ha med, ta kontakt med ein i skriftstyret, eller på epost: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Floraminne 2016
Floraminne 2016
På nytt kjem Flora Historielag ut med eit relativt omfangsrikt "Floraminne". Dette er det 16. i rekkja frå starten i 2001, og med 112 sider, det største. 14 skribentar står bak 33 artiklar i dette

Les Meir...

Floraminne 2015
Floraminne 2015
Den 15. årgangen av Floraminne følgjer opp tradisjonen med variert og interessant lokalhistorisk stoff. Dette årsskriftet speglar hendingar frå vårt distrikt, hovudsakleg frå førre hundreåret, og

Les Meir...

Floraminne 2014
Floraminne 2014
På nytt har Flora Historielag presentert eit innhaldsrikt årsskrift, det 14. i rekka. Tre jubileum er markert med eigne ariklar. Gaute Losnegård skriv om korleis valet til riksforsamlinga på

Les Meir...

Floraminne 2012
Floraminne 2012
Den 12. utgåva av Floraminnet er blitt eit rikhaldig historisk dokument om livet i Flora i forrige hundreåret. Heftet inneheld heile 16 artiklar med forteljingar og historiske glimt frå først på

Les Meir...

Floraminne 2011
Floraminne 2011
Det store jubileumsåret 2010 (byen 150 år), skapte stor interesse for lokalhistoria til kommunen. Å få kjennskap til røtene våre var i vinden som aldri før, det viser mellom anna den veksande

Les Meir...

Floraminne 2010
Floraminne 2010
Dette er det 10. året Flora historielag har gjeve ut Floraminne. Sidan 2001 har omlag 80 artiklar med mykje interessant lokalhistorisk stoff blitt publisert. Det meste er originalartiklar skrivne

Les Meir...

Floraminne 2009
Floraminne 2009
Dette året kom den 9. utgåva av historielaget sitt årsskrift, igjen med eit unikt og variert innhald. Spennvidda er heilt frå dei rike sildeåra på 1860-talet til nyare tid, og Kinnaspelet sitt

Les Meir...

Floraminne 2008
Floraminne 2008
Heftet inneheld åtte ulike artiklar med stor spennvidde, frå fattigdom i gamle Florø i andre halvdel av 1800-talet, til sunnfjordingen Louis Foss (Lars M. Nyttingnes) som vart senator i USA og fekk

Les Meir...

Floraminne 2007
Floraminne 2007
"Historiske byvandringar fell i smak. Først ut var ei vandring gjennom "Utiby`n" frå gamle bygrensa til "Bankhola" ein råkald ettermiddag for tre-fire år sidan. Denne samla nærare 70 menneske. Den

Les Meir...

Floraminne 2006
Floraminne 2006
Denne utgåva er prega av Anders Moen sitt storarbeid med å finne fram kven som budde i Florø då byen var fem år gamal i 1865. Det var 346 personar, og alle er kartlagde med foreldre, eventuelle

Les Meir...

Floraminne 2005
Floraminne 2005
    “Kinn, Florø og unionsoppløysinga 1905” av Bjørn Fjellheim“Då straumen kom til øyane i Kinn” av Turid Absalonsen Fimland “Tønneproduksjonen i Eikefjord” av Audun Hovland i samarbeid med Jostein

Les Meir...

Floraminne 2004
Floraminne 2004
“Fram gjennom byhistoria” av Alf Jansen og Kari-Ann Søreide“Illegalt arbeid under krigen” av Bjørn Faste Bjartmann“Den gløymde Florøavisa Søndfjord Avis” av Bjarte Sindre“Einar Hoidal” av Eli

Les Meir...

Floraminne 2003
Floraminne 2003
Dette er 3. årgang av Floraminne, utgjeve av Flora Historielag. Nok ein gong greidde det relativt nystarta historielaget å samle mykje spennande og interessant lokalhistorisk stoff mellom dei to

Les Meir...

Floraminne 2002
Floraminne 2002
"Gode lesar" av Harald J. Stavang"Flora Historielag" av Harald J. Stavang"Posten i eldre dagar" av Steinar Ytreland"Då dei skaut den siste bjørnen her i markane, – slik ho besta fortalde det"av

Les Meir...

Floraminne 2001
Floraminne 2001
    "Gode lesar" av Harald J. Stavang. "Flora Historielag" av Harald J. Stavang. "Då bjørnen herja" av Jostein Midbø. “Litt om far” av Einar Seim og broeren Harald, og om eigne barne- og ungdomsår

Les Meir...