Bokmelding: "Frå min barndom - SJØLVOPPLEVD. Helsing Knut"

er tittelen på ei ny Florø-bok som som vart lansert 14. november. Knut Magnussen , utdanna lærar, og mangeårig journalist i avisa Firda, fortel frå sin barndom og oppvekst i småbyen Florø først på 1960-talet. Det er blitt 26 levande historier, sett gjennom auga til ein svært så aktiv og kreativ gut, og fortalt til lesaren med ein godt vaksen mann sin ettertanke. Det er historier frå kvardagsliv, arbeidsliv, høgtid og fest, fortalt på ein direkte og livsnær måte, med ein god snert av humor og mild ironi. Her vil både smilet og låtten sitte laust hos lesaren.

Forteljingane i boka har stått på trykk i avisa Firda for  15 - 16 år sidan, og Knut Magnussen er godt kjent som ein fengande god forteljar både munnleg og i avisspaltane. Men desse forteljingane fortener ein  lang meir verneverdig lagnad enn ei avisside som gjerne hamnar i papirdunken  dagen etter. Dette er beint fram også god kulturhistorie frå småbyen Florø på 1960-talet, fortalt gjennom opplevingane til ein gut som inn i mellom tøyer grensene litt ekstra, for å finne si rolle i dette tette og aktive oppvekstmiljøet. Lesaren får ei kjensle av at dette må vere ekte vare. Sjølv om det av og til går litt hardt for seg i den lokale barneverda, så er det likevel slik det var, enkelt og greitt. Kanskje det også er ein del uoppklara fantestrekar som kjem for ein dag, for dei som hugsar langt nok attende.

Den gongen var det ikkje så mykje anna underhaldning og moro enn det ein fann på sjølv.  I dag blir dei som veks opp bombardert med inntrykk og informasjon frå heile verda, og kan delta i eit hav av organiserte fritidstilbod - dei får knapt tid til å utforske sitt eige nærmiljø, skriv Knut i føreordet til boka. Dei treng ikkje lage sine eigne aktivitetar, og meistrar i altfor liten grad kunsten å finne på noko sjølv når dei kjedar seg. Sjølv hadde han sine tidlege barneår før fjernsynsskjermane flimra i alle stover, og då privatbilane knapt var synlege i gatebilde.

Boka er blitt ei unik samling knakande morosame historier, sette inn i ein kontekst med tydeleg moral, utan å moralisere. Dei karrikerande og viltre illustrasjonane av Arnstein Mygland understrekar boka sin uhøgtidlege og humoristiske stil. Vi finn og nokre tidsriktige svart/kvitt foto som viser korleis byen og gatebildet var rundt 1960. Dette vil nok bli ei bok til å legg under mange juletre, både i Florø og Førde - og der utflyttarar har slått seg ned elles i verda.                                                                                                                                                                                                                                                                                                                    Oddvar Isene

 

Knut Magnussen:

"Frå min barndom

SJØLVOPPLEVD. Helsing Knut"

Utgjeve i samarbeid med Flora Historielag, 2015

Grafisk produksjon og trykk: E. Natvik Prenteverk A/S, Florø

120 sider

Kr 298